Ljod

Frå Mållekken
Versjonen frå 19. mai 2022 kl. 06:49 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (→‎Norvegia)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit ljod er namnet på minste byggjeeiningi i tala. Saman med tyngd og tone lagar ljodi ord.

Ljodskrift

Når me skriv ljod, nyttar me teikn som kann skilja seg frå bokstavane me vanleg knyter til ljodi. Me skriv denne ljodskrifti i hyrneklomber.

Døme: uttala av ordet soli skriv me [¹sʷuːli], eller [¹sʷuːɽi] med vanleg austnorsk uttala, der det vesle eitt-talet uppe, [¹], syner at det er einstavingstone, [u] er ljodskrift for det ljodet me vanleg kallar bokstaven o, [ː] syner at sjølvljodet er langt, og [ɽ] er det serlege austnorske ljodet mange kallar tjukk l.

Andre serteikn: bunad [²bʷʉːˌnɑˑ] der [²] er tvostavingstone, [ˌ] syner ettertyngd; vissa [²ʋis.sɑ] der [.] er stavingsgrensa; vit /vɪˑt/ der /ˑ/ syner at det underliggjande ljodet kann berast fram anten langt [ʋɪːtʰ] eller stutt [ʋɪtʰ].

IPA

Det internasjonale fonetiske alfabetet, eller IPA, er det vanlegaste teiknsetet til ljodskrift i dag. Det er til for å skildra alle mål på same visi.

[mɪl.lu̞m ²bɐ̞k.kɐ̞r o̞ ˈbɛ̝rɡ ʉːt.mɛ̝ ˈhɐ̞ː.ʋə
ˌhɛ̝ː.ʋə ˈnʷu̞r.mɐ̞nː.ən ²fɛ̝ɲ.ʝə sɪn ˈhɛ̝ɪm
dɛ̝r (h)ɐ̞n ˈsjœlʋ ²hɛ̝ː.ʋə ²tʷʊft.ə(r).nɐ̞ ²ɡrɐ̞.ʋə
o̞ sɛtː ˈsjœlʋ siːnə ˈhʷʉːs ʊpːo̞ ˈdɛ̝ɪm]

Norvegia

Hovudteig: Norvegia

Norvegia er eit teiknset som vart laga av Johan Storm i 1884 for å skildra norske målljod. Det er lite nytta i dag.

mıl´lom bak`kar å bęrɡ ūtmę hā´və
hę̄`və nor´mannən fęᶇ`jə sın hęım
dęr (h)an sjölv hę̄`və tůft`ə(r)na ɡrā`və
å sętt sjölv sī`nə hūs ůp`på dęım

Norvegia vantar noko studnad i Unicode; t.d. finst ikkje kj-teikni. I staden kann ein skriva ᶄj og ƫᶄj: [²bɪçːɑ]bıᶄ`ᶄja, [²bɪc͡çːɑ]bıƫᶄ`ᶄja

Sjå au