Byssam byssam barnet

Frå Mållekken
Versjonen frå 20. mars 2024 kl. 11:06 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Byssam, byssam, barnet.
Gryta heng i jarnet.
Kokar full av rjomegraut
åt det vesle barnet.

Byssam byssam barnet

Frå Anders Austlid – Lesebok for folkeskulen (1902):

Byssam byssam barnet!
Gryta heng i jarnet,
far saar fagert korn,
syster sit og saumar gull,
bror gjeng i fjellet med geitom.

Barnerim

Frå Nordahl Rolfsen – Lesebok for folkeskulen (1907):

Bissam bissam barnet:
Gryta heng i jarnet,
kokar full av rjomegraut
aat det vesle barnet.
Far han sit og harpar korn,
mor ho blæs i vakkert horn,
syster ho sit og spinner gull,
broren gjeng i skogen,
jagar alle ville dyr.
Er han kvit,
so køyr han hit;
er han graa,
so lat han gaa;
er han brun i bogen,
so lat han gaa i skogen.

Sjå òg