Ō-stomn
(Umleidd frå ÅŒ-stomn)
ō-stomnar er namnet på hokynsord med endingi -ar i mangtal.
Nemningi kjem av at desse ordi ende på -ō i germansk (ieur. -ā).
Døme: øy – øyi – øyar – øyane.
Målsoga
(ieur. *akʷiā- > ) germ. *agʷjō- > *awjō- > frumn. *awju > norr. ey > nn. øy.
I frumnorderlendsk skipar ein ō-stomnar i reine ō-, ijō-, jō- og wō-stomnar. I norrønt er reine ō-stomnar kalla ar₁-klassa etter endingi -ar i akkusativ mangtal. ijō-stomnar er kalla ar₂-klassa. wō-stomnar er underskipa ar₁-klassa med v-innskot, medan jō-stomnar hamnar i både klassone med j-innskot.