Skilnad mellom versjonar av «Parverb»
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 34: | Line 34: | ||
trenga (trong) – trengja (-de) | trenga (trong) – trengja (-de) | ||
og fleire |
Siste versjonen frå 14. mars 2012 kl. 08:52
Parverb er par av segnord der eine verbet vert bøygt lint og tek objekt (er transitivt), medan andre verbet er sterkt og ikkje tek objekt (er intransitivt). Det linne parverbet er kausativ av det sterke, med tydingi ‘få til å …’.
Sterkt – lint
brenna (brann) – brenna (-de)
falla (fall) – fella (-de, -te)
fljuga (flaug) – fløygja (-de)
hanga (hekk) – hengja (-de)
kvekka (kvakk) – kvekkja (-te)
kveppa (kvapp) – kveppa (-te)
liggja (låg) – leggja (lagde)
sitja (sat) – setja (-te)
skrella (skrall) – skrella (-de, -te)
slenga (slong) – slengja (-de)
sleppa (slapp) – sleppa (-(pp)te)
smella (small) – smella (-de, -te)
springa (sprang) – sprengja (-de)
strekka (strakk) – strekkja (-te)
søkka (sokk) – søkkja (-kkte)
trenga (trong) – trengja (-de)
og fleire