A-stomn
a-stomnar er namnet på sterke inkjekynsord utan ending i mangtal, Sume merkjer mangtal ved u-ljodbrigde, som barn – born, og eldre vatn – votn, land – lond.
Døme: land (rein a-stomn) – landet – land – landi; døme ('ija-stomn) – dømet – døme – dømi.
Målsoga
I frumnorrønt skipar ein a-stomnar i reine a-stomnar og ija-stomnar. I norrønt er a-stomnar kalla nullklassa av di bøygjingsending vantar i akkusativ mangtal. Reine a-stomnar er kalla rein nullklassa og ija-stomnar nullklassa med j-innskot.