Namnord
Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.
Namnordi vert inndelte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter inndelte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.
Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i grammatiske fall (kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er: eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).
Bøygjingsformer
Yversyn
yver dei vanlegaste formene i høgnorsk.
kyn | stomn | eintal | mangtal | eigefall | sidefall | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ubd. | bd. | ubd. | bd. | eintal | mangtal | eintal | mangtal | |||||||
linnt hannkyn | (an-st.) | bakke | bakken | bakkar | bakkane | -e (-a) | -ens | -a | -anne | -e (-a) | -am | -om | ||
sterkt hannkyn | (a-st.) | hest | hesten | hestar | hestane | -s | -sens | -e | -em | |||||
(i/u-st.) | kvist | kvisten | kvister | kvistene | ||||||||||
sterkt hokyn | sol | soli | soler | solene | -ar | -anne | - | -enne | ||||||
(ō-st.) | elv | elvi | elvar | elvane | ||||||||||
(1-st.) | bok | boki | bøker | bøkene | ||||||||||
linnt hokyn | (ōn-st.) | visa | visa | visor | visone | -e (-o) | -onne | -e (-o) | -onne | |||||
sterkt inkjekyn | (a-st.) | land | landet | land | landi | -s | -sens | -e | -in | |||||
stykke | stykket | stykke | stykki | -es | -(e)sens | -ja | -janne | -jom | ||||||
linnt inkjekyn | (an-st.) | auga | augat | augo | augo | -e (-a) | -ans | -na | -nanne | -a | -an | -om |
Dei einskilde formene
Her vert formverket skildra i um lag den fylgdi formene kjem i yversynstavla ovan. Avbrigde vert skildra i grønt.
Nemnefall
-en er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: [en], [ən], [ṇ], med eller utan linn uttala av k, g fyre. Au [ñ] for [n]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hest [1hɛst] – [1hɛstṇ], bakke [2bakə] – [2bakən] (eller [2bacçe] – [2bacçen]).
-ar er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi (a-stomnar og an-stomnar) og ei rad sterke hokynsord (ō-stomnar). Uttala: [ar] med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form -jar.
-ane er bundi form av -ar (sjå ovan). Uttala: [anə] med tvostavingstone.
-er (A) er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av dei sterke hokynsordi og ei rad sterke hannkynsord (alle i/u-stomnar). Uttala: [er] med tvostavingstone; med eller utan linn uttala av k, g fyre. Etter midlandsnormalen er denne endingi -ir.
-ene (A) er bundi form av -er (A; sjå ovan). Uttala: [enə] med tvostavingstone. Mid.: -ine.
-er (B) er endingi i ubundi form mangtal av sume sterke hokyns- og hannkynsord (einstavings-stomnar). Uttala: [er], [ər], [ær] med einstavingstone; aldri linn uttala av k, g fyre. Etter den klassiske midlandsnormalen er denne endingi -ar.
-ene (B) er bundi form av -er (B; sjå ovan). Uttala: [enə], [ənə], [ænə] med einstavingstone. Klassisk mid.: -ane.
-i er endingi i bundi form eintal av sterke hokynsord og i bundi form mangtal av sterke inkjekynsord. Uttala: [i], med eller utan linn uttala av k, g fyre – vanleg ved inkjekyn. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: bok [1bu:k] – [1bu:ki] (eller [1bu:çi]), hus [1hʉ:s] – [1hʉ:si], merke [2mɛrçe] – [2mɛrçi]. Denne endingi kann au hava formi -a, med same reglar for linn uttala. I inkjekyn mangtal vert ho då gjerne skrivi -ja.
-a er endingi i bundi og ubundi form eintal av linne hokynsord. Ubundi form kann au vera -e, og -a vert då berre bundi form. Uttala: [a] med tvostavingstone.