Namnord
Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.
Namnordi vert inndelte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter inndelte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.
Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i grammatiske fall (kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er: eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).
Bøygjingsformer
Yversyn
kyn | stomn | eintal | mangtal | eigefall | sidefall | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ubd. | bd. | ubd. | bd. | eintal | mangtal | eintal | mangtal | |||||||
linnt hannkyn | (an-st.) | bakke | bakken | bakkar | bakkane | -e (-a) | -ens | -a | -anne | -e (-a) | -am | -om | ||
sterkt hannkyn | (a-st.) | hest | hesten | hestar | hestane | -s | -sens | -e | -em | |||||
(i/u-st.) | kvist | kvisten | kvister | kvistene | ||||||||||
sterkt hokyn | sol | soli | soler | solene | -ar | -anne | - | -enne | ||||||
(ō-st.) | elv | elvi | elvar | elvane | ||||||||||
(1-st.) | bok | boki | bøker | bøkene | ||||||||||
linnt hokyn | (ōn-st.) | visa | visa | visor | visone | -e (-o) | -onne | -e (-o) | -onne | |||||
sterkt inkjekyn | (a-st.) | land | landet | land | landi | -s | -sens | -e | -in | |||||
stykke | stykket | stykke | stykki | -es | -(e)sens | -ja | -janne | -jom | ||||||
linnt inkjekyn | (an-st.) | auga | augat | augo | augo | -e (-a) | -ans | -na | -nanne | -a | -an | -om |
Dei einskilde formene
Nemnefall
-en er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: [en], [ən], [ṇ], med eller utan linn uttala av k, g fyre. Au [ñ]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: [1hɛst] – [1hɛstṇ], [2bakə] – [2bakən] (eller [2bacçe] – [2bacçen]).
-ar er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi (a-stomnar og an-stomnar) og ei rad sterke hokynsord (ō-stomnar). Uttala: [ar] med tvostavings tonelag. Einstaka ord hev ei avvikande form -jar.