Parverb

Frå Mållekken
Versjonen frå 14. mars 2012 kl. 08:48 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Parverb er par av segnord der eine verbet vert bøygt lint og tek objekt (er transitivt), medan andre verbet er sterkt og ikkje tek objekt (er intransitivt). Det linne parverbet er kausativ av det sterke, med tydingi ‘få til å …’.

Sterkt – lint

brenna (brann) – brenna (-de)

falla (fall) – fella (-de, -te)

fljuga (flaug) – fløygja (-de)

hanga (hekk) – hengja (-de)

kvekka (kvakk) – kvekkja (-te)

kveppa (kvapp) – kveppa (-te)

liggja (låg) – leggja (lagde)

sitja (sat) – setja (-te)

skrella (skrall) – skrella (-de, -te)

slenga (slong) – slengja (-de)

sleppa (slapp) – sleppa (-(pp)te)

smella (small) – smella (-de, -te)

springa (sprang) – sprengja (-de)

strekka (strakk) – strekkja (-te)

søkka (sokk) – søkkja (-kkte)

trenga (trong) – trengja (-de)