Aslaug Vaa

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Aslaug Vaa (1889–1965) fødd i Vinje, uppvaksi i Kviteseid i Telemark. Lærar, bladskrivar, diktar og umsetjar. Gav ut 11 bøker, 7 diktsamlingar og 4 skodespel. Hadde i mange år andsvaret for utanrikssakene i målbladet Den 17de Mai. Hev sett um ei rad romanar til norsk, mest frå engelsk. Gift med filologen og psykoanalytikaren Ola Raknes 1911–38 (hjonskapen uppløyst). Gav ut fyrste diktsamlingi si Nord i leite i 1934. Hev skrive spelstykki Steinguden (1938), Tjugendagen (1947) og Honningfuglen og leoparden (1965). Målet og stilen hennar hev dåm av telemålet, tonen hev klang frå folkevisa.