Fanitullen

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Fanitullen av Jørgen Moe, umsett til norsk av Idar Handagard (1948).

I gamla harde dagar
med øldrykk og kiv
sat ofte laust i sliri
hallingdøls kniv.
Og kona bar med seg
i gjestebods lag
likskjorta som mannen
kunde turva ein dag.

Det stod eit blodigt brudlaup
på ein Hemsedals-gard;
all dans og leik var tagna,
i ring stod kar ved kar.
For midt på stovetilet
i den tette manna-ring
stend tvo med dregne knivar
og eit belte spennt i kring.

Og som utskorne styttor
i kvilande ro
stend enndå fire karar
i krinsen um dei tvo.
Dei lyfter tyriloga
mot det sotsvarte tak,
og røyken stig i veret
og legg seg der i mak.

Tvo kvende skrik og freistar
med magt å brjota seg
igjenom manna-ringen
sim stengjer deira veg.
Vreidt vert dei slengd’ attende
av sìnesterke kar;
åt kjellartroppi felar’n
gjeng lognt som inkje var.

No vil han ned og tappa
for den sigrande mann
tarv sagta fylla ådri
med drykk frå bollerand.
Dei som vil spenna belte,
fær alltid spilla blod,
og so lyt ølet kveikja
når blodtapet gjer mod.

Men då han stod i kjellar’n, —
men eingong vert han vâr:
i blåljos burtpå tunna
det sit ein løgjen kar.
Ei fela hend han av-vendt
tett innåt bringa si,
han stiller og han klunkar
og stryk so um ei tid.

Det var eit spel som dugde:
det lét som vreid manns ord,
som hogg av stålsett bila
og som neveslag i bord.
Det log og gret og hauka
i den dimme kjellarhall
då slåtten bråkufst slutta
med eit dundrande manna-fall.

Spelmannen lydde tagall
med’ tonane draus.
Det tulla so han gruste;
han hitna og han fraus.
Så spurde han den andre:
«Kvar lærde du den slått?»
Hin svara: «D’er det same,
men berre hugs han godt!»

No spelmannen lutte seg,
vil taka tappen or, —
då såg han hestehoven
i takt mot tunna fôr.
Han gløymde reint å tappa,
han upp i stova rann, —
der lyfte dei frå golvet
den ihelstungne mann.

Fanitullen heiter
som fyrr den ville slått,
og dølene dei spelar han,
og spelar han godt.
Men læt dei harde tonar
til øldrykk og kiv, —
sit atter laust i sliri
hallingdøls kniv.

Sjå òg

Lekkjer