Liti Kjersti
Liti Kjersti, norsk millomalderballade.
Liti Kjerti ho var seg so lite eit viv,
brun folen løyper lett,
ho kunde ’kje råda sitt unge liv.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Bergekongen kom seg ridand’ i gård
– Brunfolen løyper lett –
Pål gullsmed ute for honom står.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Velkommen, bergekongen, heim til min,
– Brunfolen løyper lett –
No hev eg bryggja og blanda vin.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Eg er ’kje um anten brygg ell’ bland,
– Brunfolen løyper lett –
Eg er meir um liti Kjerti, det liljevand.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Liti Kjersti ho er berre barnet endå,
– Brunfolen løyper lett –
Ho kann ikkje vera si moder ifrå.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Liti Kjerti ho seg inn um døri steig,
– Brunfolen løyper lett –
Bergekongen tykte at soli skein.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Bergekongen klappa på høyendi blå:
– Brunfolen løyper lett –
"Kom her, liti Kjersti, og set deg på!
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Eg vil ikkje sitja, eg kann vel stå,
– Brunfolen løyper lett –
Seg meg ditt ærend, so vil eg gå.«
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Å kjære mi sotter, du tala ’kje so,
– Brunfolen løyper lett –
Det er no den festarmann du skal få.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Her er so mang ein kristen mann,
– Brunfolen løyper lett –
Du tarv meg 'kje gjeva eit troll uti hand.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Må eg deg ikkje med godom få,
– Brunfolen løyper lett –
So vil eg lata elden gjenom farsgarden gå.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Fyrr elden skal gjenom farsgarden gå,
– Brunfolen løyper lett –
Fyrr lyt du no meg med godom få.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Bergekongen ha’ seg ein gangare spak,
– Brunfolen løyper lett –
Han sette liti Kjersti på hans bak.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
So reid dei seg gjeom djupe dal,
– Brunfolen løyper lett –
Liti Kjersti ho gret og bergekongen kvad.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
So reid dei berget tri gonger ikring,
– Brunfolen løyper lett –
Og berget det opnast so dei kom der inn.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Dei sette liti Kjersti på sylvarstol,
– Brunfolen løyper lett –
Dei gav henne drikke sylvarskål.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Den fyste drykken liti KJersti ho drakk,
– Brunfolen løyper lett –
Dei kristne landi ho endå gat.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Kvar er du fødd, og kvar er du bori?
– Brunfolen løyper lett –
Og kvar er dine jomfruklæde skorne?»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«I Noreg er eg fødd, og der er eg bori,
– Brunfolen løyper lett –
Og der er mine jomfruklæde skorne.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Den andre drykken liti Kjersti ho drakk,
– Brunfolen løyper lett –
Dei kristne landi ho endå gat.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Di gav henne drikke av raude gullhorn,
– Brunfolen løyper lett –
Dei slepte der nedi tri villarkorn.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Den tridje drykken liti Kjersti ho drakk,
– Brunfolen løyper lett –
Dei kristne landi ho aldri mer gat.
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«Kvar er du fødd, og kvar er du bori?
– Brunfolen løyper lett –
Og kvar er dine jomfruklæde skorne?»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
«I berget er eg fødd, og der er eg bori,
– Brunfolen løyper lett –
Og der er mine jomfruklæde skorne.»
Med det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
I berget vil eg leva, og der vil eg døy.
– Brunfolen løyper lett –
«Og der er eg kongens festarmøy.»
Hu! det regner og det blæs.
For langt nord i fjellom Djupt under hellom, Der leikar det.