Namnord

Frå Mållekken
(Umleidd frå Namnord2)
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.

Namnordi vert skifte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter skifte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.

Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i grammatiske fall (kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).

Bøygjingsformer

Yversyn

yver dei vanlegaste formene i høgnorsk.

kyn stomn eintal mangtal eigefall sidefall
ubd. bd. ubd. bd. eintal mangtal eintal mangtal
linnt hannkyn (an-st.) bakke bakken bakkar bakkane -e (-a) -ens -a -anne -e (-a) -am -om
sterkt hannkyn (a-st.) hest hesten hestar hestane -s -sens -e -em
(i/u-st.) kvist kvisten kvister kvistene
sterkt hokyn sol soli soler solene -ar -anne - -enne
(ō-st.) elv elvi elvar elvane
(1-st.) bok boki bøker bøkene
linnt hokyn (ōn-st.) visa visa visor visone -e (-o) -onne -e (-o) -onne
sterkt inkjekyn (a-st.) land landet land landi -s -sens -e -in
stykke stykket stykke stykki -es -(e)sens -ja -janne -jom
linnt inkjekyn (an-st.) auga augat augo augo -e (-a) -ans -na -nanne -a -an -om

Dei einskilde formene

Her vert formverket skildra i um lag den fylgdi formene kjem i yversynstavla ovan. Avbrigde vert skildra i grønt.

Nemnefall

-e (A) er endingi i ubundi form eintal av linne hannkynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, med eller utan linn uttala av k, g fyre – ofte linn uttala i vestnorsk, hard i austnorsk.

-en er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: [en], [ən], [ṇ], med eller utan linn uttala av k, g fyre. Au [ɲ] («ñ») for [n]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hest [¹hɛst][¹hɛstṇ], bakke [²baçːə][²baçːən] (eller [²bakːə][²bakːən]).

-ar er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi (a-stomnar og an-stomnar) og ei rad sterke hokynsord (ō-stomnar). Uttala: [ar] med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form -jar.

-ane er bundi form av -ar (sjå ovan). Uttala: [anə] med tvostavingstone.

-er (A) er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av dei sterke hokynsordi og ei rad sterke hannkynsord (alle i/u-stomnar). Uttala: [er] med tvostavingstone; med eller utan linn uttala av k, g fyre. Etter midlandsnormalen er denne endingi -ir [ir].

-ene (A) er bundi form av -er (A; sjå ovan). Uttala: [enə] med tvostavingstone. Mid.: -ine [inə].

-er (B) er endingi i ubundi form mangtal av sume sterke hokyns- og hannkynsord (einstavings-stomnar). Uttala: [er], [ər], [ær] med einstavingstone; aldri linn uttala av k, g fyre. Etter den klassiske midlandsnormalen er denne endingi -ar.

-ene (B) er bundi form av -er (B; sjå ovan). Uttala: [enə], [ənə], [ænə] med einstavingstone. Klassisk mid.: -ane.

-i er endingi i bundi form eintal av sterke hokynsord og i bundi form mangtal av sterke inkjekynsord. Uttala: [i], med eller utan linn uttala av k, g fyre – vanleg ved inkjekyn. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: bok [¹bʷuːkʰ][¹bʷuːçi] (eller [¹bʷuːki]), hus [¹hʷʉːs][¹hʷʉːsi], merke [²mɛrçe][²mɛrçi]. Denne endingi kann au hava formi -a, med same reglar for linn uttala. I inkjekyn mangtal vert ho då gjerne skrivi -ja.

-a er endingi i bundi og ubundi form eintal av linne hokynsord. Ubundi form kann au vera -e, og -a vert då berre bundi form. Uttala: [a] med tvostavingstone. Etter midlandsnormalen hev jamvektsord ubundi form -u [ʉ], [u] og bundi form -o [u], [ũ].
-a er au endingi i ubundi form eintal av linne inkjekynsord.

-or er endingi i ubundi form eintal av linne hokynsord. Uttala: [ur], [or] med tvostavingstone. Mid.: -ur [ʉr].

-one er bundi form av -or (sjå ovan). Uttala: [unə], [onə] med tvostavingstone. Mid.: -une [ʉnə].

-et er endingi i bundi form eintal av sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hus [¹hʷʉːs][¹hʷʉːse], merke [²mɛrçe][²mɛrçe].

-at er endingi i bundi form eintal av linne inkjekynsord. Uttala: [a] med tvostavingstone. Vert au skrive -a.

-o er endingi i bundi og ubundi form mangtal av linne inkjekynsord. Uttala: [u] med tvostavingstone.

-e (B) er endingi i ubundi form eintal og mangtal av sume sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, jamt yver med linn uttala av k, g fyre.

Eigefall

Sidefall