Nikolaus Gjelsvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nikolaus Gjelsvik (1866–1938) frå Vevring i Sunnfjord. Cand. jur. 1893, dr. jur. 1893. Professor ved Universitetet i Oslo 1906–1936. Hev skrive ei rad hovudverk i norsk rettsvitskap, Innleiding i rettsstudiet (1912) og Norsk tingsrett (1919). Sette um lover frå dansk til norsk frå fyre 1900. Framgangsvegen for norskt mål syner han i boki Von og veg (1938). Ei rad umbod i norskdomsrørsla, formann i Det Norske Samlaget 1903–19, formann i Norigs Ungdomslag 1906–15 og Norigs Mållag 1912–15. Var ein namngjeten stemnetalar.