Senjamål

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Senjamål er målføri på Senja og landet kring og er det nørdste "heilnorske" målet å reikna. Det gjeng nord mot Malangen og sud til grensa med Nordland, men stundom vert måli i Sud-Trums (sør for Ipstad) reikna som eigi målgrein. Nord for Malangen er måli som oftast ei blanding av senjamål og norskdansk med nokre drag frå samisk. Senjamålet er nogo atterhaldsamt i formverket jamført med andre nordnorske mål og hev mindre halvhogging. Målmerke som gjeld for heile landsluten er -e i nemneform av segnord, lægjing i opne sjølvljodar og j-fengjing av gamalnorsk n, l, t, d. Eldre mål hev spor av innskotssjølvljod i grunnform av lagord og notid av segnord, t.d. han dreg'e ein fin'e båt ut på stranda.

J-fengjing

Senjamål hev regelbundi j-fengjing av n og l etter fylgjande mynster frå gamalnorsk. Dette systemet er meir regelrett enn elles i mange norske målføre med same målmerket. Undantak finst i varaord (hann, ikkje hannj) og nokre få andre ord.

Tabelloverskrift
Gamalnorsk Utkomst Døme
n [n] von [vɔn]
nn [ɲ] mann [maɲ]
nd [ɲ] med lengd sjølvljod hand [ha:ɲ]
l [l] kol [kɔl]
ll [ʎ] voll [vɔʎ]
ld [ʎ] med lengd sjølvljod sild [si:ʎ]

Utgjevne bøker um Senjamålet

Det hev kome ikkje få bøker som skildrar Senjamålet. Fyrst kom Senjen-maalet : lydverket i hoveddrag av Ragnvald Iversen i 1913. Helge Stangnes skreiv eit stykke (Senjamålet : Ein nordnorsk dialekt mellom tre regionssentra) i 2000. Seinare hev Senjamållaget gjeve ut både Ikkje so galle?, ei ordlista med nokre uttydingar, og Senjamålgrammatikken : språklæra for senjamålet.

Sjå òg