Skilnad mellom versjonar av «Namnord»
s (→Nemnefall) |
s (→Nemnefall) |
||
Line 54: | Line 54: | ||
'''''-e''''' (A) er endingi i ubundi form eintal av linne hannkynsord. [[Uttala]]: {{IPA|[e]}}, {{IPA|[ə]}} med tvostavings[[tone]], med eller utan linn uttala av ''k'', ''g'' fyre – ofte linn uttala i [[vestnorsk]], hard i [[austnorsk]]. | '''''-e''''' (A) er endingi i ubundi form eintal av linne hannkynsord. [[Uttala]]: {{IPA|[e]}}, {{IPA|[ə]}} med tvostavings[[tone]], med eller utan linn uttala av ''k'', ''g'' fyre – ofte linn uttala i [[vestnorsk]], hard i [[austnorsk]]. | ||
'''''-en''''' er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: {{IPA|[en]}}, {{IPA|[ən]}}, {{IPA|[ṇ]}}, med eller utan linn uttala av ''k'', ''g'' fyre. Au {{IPA|[ɲ]}} («ñ») for {{IPA|[n]}}. [[Tonelag]]et fylgjer grunnformi, soleis: ''hest'' {{IPA|[¹hɛst]}} – {{IPA|[¹hɛstṇ]}}, ''bakke'' {{IPA|[²baçːə]}} – {{IPA|[²baçːən]}} (eller | '''''-en''''' er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: {{IPA|[en]}}, {{IPA|[ən]}}, {{IPA|[ṇ]}}, med eller utan linn uttala av ''k'', ''g'' fyre. Au {{IPA|[ɲ]}} («ñ») for {{IPA|[n]}}. [[Tonelag]]et fylgjer grunnformi, soleis: ''hest'' {{IPA|[¹hɛst]}} – {{IPA|[¹hɛstṇ]}}, ''bakke'' {{IPA|[²baçːə]}} – {{IPA|[²baçːən]}} (eller {{IPA|[²bakːə]}} – {{IPA|[²bakːən]}}). | ||
'''''-ar''''' er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi ([[a-stomn]]ar og [[an-stomn]]ar) og ei rad sterke hokynsord ([[ō-stomn]]ar). Uttala: {{IPA|[ar]}} med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form '''''-jar'''''. | '''''-ar''''' er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi ([[a-stomn]]ar og [[an-stomn]]ar) og ei rad sterke hokynsord ([[ō-stomn]]ar). Uttala: {{IPA|[ar]}} med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form '''''-jar'''''. |
Siste versjonen frå 9. mars 2022 kl. 06:26
Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.
Namnordi vert skifte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter skifte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.
Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i grammatiske fall (kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).
Bøygjingsformer
Yversyn
yver dei vanlegaste formene i høgnorsk.
kyn | stomn | eintal | mangtal | eigefall | sidefall | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ubd. | bd. | ubd. | bd. | eintal | mangtal | eintal | mangtal | |||||||
linnt hannkyn | (an-st.) | bakke | bakken | bakkar | bakkane | -e (-a) | -ens | -a | -anne | -e (-a) | -am | -om | ||
sterkt hannkyn | (a-st.) | hest | hesten | hestar | hestane | -s | -sens | -e | -em | |||||
(i/u-st.) | kvist | kvisten | kvister | kvistene | ||||||||||
sterkt hokyn | sol | soli | soler | solene | -ar | -anne | - | -enne | ||||||
(ō-st.) | elv | elvi | elvar | elvane | ||||||||||
(1-st.) | bok | boki | bøker | bøkene | ||||||||||
linnt hokyn | (ōn-st.) | visa | visa | visor | visone | -e (-o) | -onne | -e (-o) | -onne | |||||
sterkt inkjekyn | (a-st.) | land | landet | land | landi | -s | -sens | -e | -in | |||||
stykke | stykket | stykke | stykki | -es | -(e)sens | -ja | -janne | -jom | ||||||
linnt inkjekyn | (an-st.) | auga | augat | augo | augo | -e (-a) | -ans | -na | -nanne | -a | -an | -om |
Dei einskilde formene
Her vert formverket skildra i um lag den fylgdi formene kjem i yversynstavla ovan. Avbrigde vert skildra i grønt.
Nemnefall
-e (A) er endingi i ubundi form eintal av linne hannkynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, med eller utan linn uttala av k, g fyre – ofte linn uttala i vestnorsk, hard i austnorsk.
-en er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: [en], [ən], [ṇ], med eller utan linn uttala av k, g fyre. Au [ɲ] («ñ») for [n]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hest [¹hɛst] – [¹hɛstṇ], bakke [²baçːə] – [²baçːən] (eller [²bakːə] – [²bakːən]).
-ar er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi (a-stomnar og an-stomnar) og ei rad sterke hokynsord (ō-stomnar). Uttala: [ar] med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form -jar.
-ane er bundi form av -ar (sjå ovan). Uttala: [anə] med tvostavingstone.
-er (A) er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av dei sterke hokynsordi og ei rad sterke hannkynsord (alle i/u-stomnar). Uttala: [er] med tvostavingstone; med eller utan linn uttala av k, g fyre. Etter midlandsnormalen er denne endingi -ir [ir].
-ene (A) er bundi form av -er (A; sjå ovan). Uttala: [enə] med tvostavingstone. Mid.: -ine [inə].
-er (B) er endingi i ubundi form mangtal av sume sterke hokyns- og hannkynsord (einstavings-stomnar). Uttala: [er], [ər], [ær] med einstavingstone; aldri linn uttala av k, g fyre. Etter den klassiske midlandsnormalen er denne endingi -ar.
-ene (B) er bundi form av -er (B; sjå ovan). Uttala: [enə], [ənə], [ænə] med einstavingstone. Klassisk mid.: -ane.
-i er endingi i bundi form eintal av sterke hokynsord og i bundi form mangtal av sterke inkjekynsord. Uttala: [i], med eller utan linn uttala av k, g fyre – vanleg ved inkjekyn. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: bok [¹bʷuːkʰ] – [¹bʷuːçi] (eller [¹bʷuːki]), hus [¹hʷʉːs] – [¹hʷʉːsi], merke [²mɛrçe] – [²mɛrçi]. Denne endingi kann au hava formi -a, med same reglar for linn uttala. I inkjekyn mangtal vert ho då gjerne skrivi -ja.
-a er endingi i bundi og ubundi form eintal av linne hokynsord. Ubundi form kann au vera -e, og -a vert då berre bundi form. Uttala: [a] med tvostavingstone. Etter midlandsnormalen hev jamvektsord ubundi form -u [ʉ], [u] og bundi form -o [u], [ũ].
-a er au endingi i ubundi form eintal av linne inkjekynsord.
-or er endingi i ubundi form eintal av linne hokynsord. Uttala: [ur], [or] med tvostavingstone. Mid.: -ur [ʉr].
-one er bundi form av -or (sjå ovan). Uttala: [unə], [onə] med tvostavingstone. Mid.: -une [ʉnə].
-et er endingi i bundi form eintal av sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hus [¹hʷʉːs] – [¹hʷʉːse], merke [²mɛrçe] – [²mɛrçe].
-at er endingi i bundi form eintal av linne inkjekynsord. Uttala: [a] med tvostavingstone. Vert au skrive -a.
-o er endingi i bundi og ubundi form mangtal av linne inkjekynsord. Uttala: [u] med tvostavingstone.
-e (B) er endingi i ubundi form eintal og mangtal av sume sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, jamt yver med linn uttala av k, g fyre.