Ōn-stomn

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

ōn-stomnar er namnet på linne hokynsord med endingi -or i mangtal,

Nemningi kjem seg av at desse ordi ende på -ōn i frumnorderlendsk.

Døme: vika – vika – vikor – vikone.

Sume av desse hokynsordi høyrde upphavleg til īn-stomnar. Døme: gn. gleði – gleðin. Sume leivningar av dette finst att (Aasen, Gram. § 169 Anm.).

Målsoga

fn. */vikoːn/ → gno. /vika/ → nn. /²vɪːka/

I frumnorderlendsk skipar ein ōn-stomnar i reine ōn-, ijōn-, jōn- og wōn-stomnar. I norrønt kallar ein alle desse ur-klassa etter endingi -ur i akkusativ mangtal. ōn- og ijōn-stomnar fekk i norrønt same bøygjing, medan jōn- og wōn-stomnar fekk j- og v-innskot.