Ōn-stomn

Frå Mållekken
Versjonen frå 27. mars 2018 kl. 13:11 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Eiliv moved page ÅŒn-stomn to Ōn-stomn)
Hopp til navigering Hopp til søk

ōn-stomnar er namnet på linne hokynsord med endingi -or i mangtal,

Nemningi kjem seg av at desse ordi ende på -ōn i frumnorderlendsk.

Døme: vika – vika – vikor – vikone.

Sume av desse hokynsordi høyrde upphavleg til īn-stomnar. Døme: gn. gleði – gleðin. Sume leivningar av dette finst att (Aasen, Gram. § 169 Anm.).

Målsoga

fn. */viko:n/ > gno. /vika/ > nn. vìka

I frumnorderlendsk skipar ein ōn-stomnar i reine ōn-, ijōn-, jōn- og wōn-stomnar. I norrønt kallar ein alle desse ur-klassa etter endingi -ur i akkusativ mangtal. ōn- og ijōn-stomnar fekk i norrønt same bøygjing, medan jōn- og wōn-stomnar fekk j- og v-innskot.