Skilnad mellom versjonar av «Mål og vanmæle Fyreord»
(Created page with "== Fyreord == Ikkje sjeldan hev eg sakna eit samanhengande utsyn yver dei påtvinga brigdi i den offentlege utgåva av skriftmålet vårt - det skriftmålet som hev grunnlag i I...") |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 1: | Line 1: | ||
<div class="center" style="width: auto; margin-left: auto; margin-right: auto;">[[Mål og vanmæle Fyreord|Fyreord]] [[Mål og vanmæle 1 Språkleg utprøving på 1800-talet|1]] [[Mål og vanmæle 2 Norsk mål i skulen fyre hundradårsskiftet|2]] [[Mål og vanmæle 3 Fyrste statsinngrepet|3]] [[Mål og vanmæle 4 Varsam landsmålsumbot i 1910|4]] [[Mål og vanmæle 5 Mot umboti i 1917|5]] [[Mål og vanmæle 6 Målstriden løyst denne ættleden|6]] [[Mål og vanmæle 7 Tilhøvi 1938-1945|7]] [[Mål og vanmæle 8 Etterkrigstid og målblanding|8]] [[Mål og vanmæle 9 Offentleg mål etter 1959|9]] [[Mål og vanmæle 10 Målreisingskrav|10]] </div> | |||
---- | |||
== Fyreord == | == Fyreord == | ||
Versjonen frå 2. juni 2013 kl. 21:55
Fyreord
Ikkje sjeldan hev eg sakna eit samanhengande utsyn yver dei påtvinga brigdi i den offentlege utgåva av skriftmålet vårt - det skriftmålet som hev grunnlag i Ivar Aasens verk. Eg skulde tru andre hev merka same saknet.
Detter er eine grunnen til at eg skreiv denne boki, som i hovudsak held seg til det norskrøtte skriftmålet og berre serhøves kjem inn på hitt. Sogeskildringi er kanskje essayistisk farga. Den andre grunnen er at endå um mange hev skrive bøker um sumt som hev med skriftmålsbrigdi å gjera, brukar bokskrivarane gjerne andre mæleband enn den fleirtalsflokken av målfolk og målsakkunna som var sterkt imot dei påtvinga brigdi, men likevel laut bøygja seg for statsdiktat. Slikt skin igjenom, kanskje uviljande, same um sogeskildringi i namnet er objektiv og nøytral.
Dette er ikkje meint kritisk. Det er berre ei listeføring av kjensgjerningar. Denne boki er heller ikkje nøytral. Slett ikkje. Eg tvilar endåtil på um objektivitet er ynskjeleg og uppnåeleg i umstridde og kjenslemerkte emne; den påhengde objektiviteten vert lett ei maska, eit skalkeskyle.
I den mun eg fortel soga um det norskrøtte offentlege skriftmålet, slik er tanken er, so er det sogeskildringi til den parten som statsmaktene hev halde nede storluten av dette hundradåret, men som atter reiser seg. Slik er boki eit utspel.