Mål og vanmæle 1 Språkleg utprøving på 1800-talet

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk


Ålment

Offentleg regulering av norsk skriftmal kunde det fyrst verta tale um etter skriftmålet var godkjent til offentleg bruk, i skule og styringsverk. Dette kom med det stortingsvedtaket i 1885 som sidan hev vorte kalla jamstellingsvedtaket. Men um offentleg godkjenning av målet var eit naudturveleg vilkår for offentleg målregulering, so var offentlege inngrep i sjølve skriftmålet slett ikkje nokor naudturveleg fylgd av godkjenningi. Tvert um er det i andre land sers vanleg at styremaktene anten held seg ifrå slik gjerning, eller dei er mykje måtehaldne.

Norsk skriftmål braut seg inn i skulen med serleg stor fart frå kring 100-årsskiftet. Dette skal me koma attende til. Men fyrr jamstellingsvedtaket kom i 1885, fyrr skriftmålet i nemnande mun hadde nått fram til skuleportane, so prøvde dei målskrivande seg fram, dei freista seg med ymse og ulike stavemåtar og bøygningsformer, på leiting etter det dei venta og vona skulde verta ei nokolunde samlande skriftleg hovudnorm. Freistnadene var stundom sprikjande, del drog til kvar sin kant, med ulike skrivemåtar i bruk samstundes. No etterpå tykkjer vel del fleste at det var både rimeleg og naturleg med ei slik språkleg utprøvingstid, ho var gagnleg og påkravd. Ja, det er snaudt grunn til å tvila på at utprøvingi av målet trongst, so lenge ho gjekk fyre seg i fridom; utprøvingi var eit vokstervilkår. Ulukka kom, meiner me, då styringsverket seinare trudde seg tiletla målskapargåvor og med maktbod vilde stengja ute det som til då hadde vore hovudstraumen i norsk målreising. Dette er ein grunnsynsmåte bak det som her vert skrive.

Endå fyrr Ivar Aasen kom med vitskapsverki sine, vart det gjort freistnader på å skriva norsk. For det meste var det berre tale um norske innslag i dansken. Men som me veit prøvde Henrik Wergeland(1808-1845) seg med Langleiken på eit slag dølamål; M. B. Landstad(1802-1880) samla folkevisor i Telemark tidelg i 1840-åri, og eit utval kom i 1849; Peter Andreas Munch (1810-1863) fekk m.a. prenta Ásgarðreiðin på telemålføre. Fleire kunde nemnast, men me let det vera sidan det lite høver heime i vår samanheng.

Med kvart vart skriftmålsutprøvingi mykje knytt til Ivar Aasen. Hans norskmålsinnsyn og norskmålsevnor var utan make, hans ord og autoritet kunde ingen truga. I tillegg til at Aasen var ein mykje mållærd mann, ålment, ein vitskapleg systematikar med uvanlege kunnskapar i norske målføre, gamalnorsk og målsoga, og dessutan inne i m.a. andre germanske mål, so var han heile livet fastknytt til den grasroti han var runnen av både sosialt og i målarbeid; han hadde eit sers jordnært gangsyn samstundes som han var diktar med auga for dei vide himmelleite; han kunde bruka målet kunstnarleg og i sakskriving.

Ivar Aasen (5/8-1813 - 23/9-1896)

Ivar Aasen kom til Kristiania i 1845, same året som P. A. Munch skreiv tri artiklar i Den Constitutionelle, som hev vorte mykje kjende, der Munch på historisk-etymologisk grunn søkte etter eit «virkeligt nationalt Skriftsprog», nærknytt til gamalnorsk (etymologi: læra um ords upphav, grunntyding og utleiding). Året fyrr hadde professor C. R. Unger sett fram nærskylde tankar, han tala for å bruka stungen d og ljodstrek yver sjølvljodane (vokalane).

Mållæra til Ivar Aasen kom i 1848. Tittelen var Det norske Folkesprogs Grammatik. Mållæra kom i ny og umarbeidd utgåva i 1864. Då var tittelen Norsk Grammatik.

Eit liknande tittelbrigde gjer Aasen med ordboki. Den fyrste utgåva av ordboki i 1850 heitte Ordbok over det norske Folkesprog. Den umarbeidde utgåva som kom i 1873 heitte Norsk Ordbog og hadde undertittel med dansk Forklaring.

Her er det tale um skifte av meir en titlar. Ålmugemålet vert fyrst til det norske folkemålet, deretter vert det til det norske målet. Namneyvergangen var ikkje fullt så lett og leikande som sume i dag kanskje vil tru. Det kom knurring frå dei som Aasen i 1936 (i Om vort Skriftsprog) kalla «den velklædte Uvidenhed». I brev 24.1.1874 skriv Aasen til professor Rudolf Hildebrand (1824-1894) i Leipzig m.a.:

«Deres Brev, som jeg modtog på samme Tid som de ovennævnte Bøger, var mig til stor Glæde og Opmuntring, saa meget mere som jeg her hjemme ikke kunde vente at møde nogen særdeles stor Interesse for mine Arbeider, da man er mest tilbøielig til at anse Folkesproget som en Curiositet, som ikke kan have nogen besyndeleg Betydning for Fremtiden. Og her er da ogsaa mange, som allerede finde sig stødte ved en saadan Titel som «Norsk Ordbog», da de ikke kunde opgive den Forestilling, at den danske Skriftform her er den almengyldige og altsaa den eneste rette norske. Derfor hersker her da ogsaa en vis Frygt for, at vi let kunde vise dette FOlkesprog for meget Opmærksomhed og derved forsømme noget som er mere nødvendigt. Imidlertid pleie dog vore Sprogdommere at faae visse Betænkeligheder, naar de høre en Yttring fra Udlandet om, at vi just her have et Sprog, som fortjente en større Opmærksomhed; og derfor har jeg da ogsaa ofte ønsket, at en eller anden af de tydske Sprogmænd vilde foretage sig at at betragte vore nordiske Sprogforholde og yttre sin Mening derom. Dersom en saadan udenforstaaende Sprogkjender vilde sige et godt Ord om vort gamle Landssprog, vilde dette her gjøre en bedre Virkning, end alt hva vu Indfødte kunde sige.»

Det landsfemnande vengjefanget som Ivar Aasen gav målreisingi, kom ikkje til på vegen. Dei vide synsrendene var der sers tidleg, og Aasen hadde dei alltid for augo. I 1849 heiter det i Om et norsk Skriftsprog (Brev og dagbøker, bd. II side 286):

«En Sammenstilling av vore Dialekter under en bestemt Sprogform bliver det eneste Sprog som kan kalders norsk og nationalt. Det maa ansees som en Forklaring af vore Dialekter, en samling af alt deres gode Stof og tillige en Forbedring af det mindre gode eller en Rettesnor for Dialekternes fremtidige Udvikling. Kun derved kan vor Nationalitet skildres og Folkets tanke udtales.
Dette Sprog er en Arv fra vore Fædre og bør derfor holdes i Agt og Ære. Ville vi virkelig ansee de gamle norske Helte som vore Forfædre, da gjøre vi vel i at vende tilbage fra dette Udenlandsvæsen som vi havde været saa forgabede i, og søge at redde det Arvegods der ved vor egen Skjødesløshed nær (var) at gaae tabt for evig.
Et saadant Sprog vilde med Tiden blive en stor Vinding for vort folk. Det vilde ei alene blive meget lettere at forstaae, men det vilde ogsaa have et særeget Hygge derved at Folkets Tanker og Følelser kom tilbage til Folket i sin egen velbekjendte Form uden at have undergaaet en Oversættelse, hvorved den oprindelige Friskhed og Kvikhed var forsvunden.
Folkesproget indeholder et saa fortrinligt Stof til (et) Skriftsprog, som nogen kan ønske sig. Ved varsom Fremfærd kunde et reent udmærket Sprog dannes deraf. Meget af dette Stof kommer nu til efterhaanden at forfalde hvis ikke et Skriftsprog kommer til Hjælp. Men vi have dog sandelig for meget at miste; der var da ogsaa baade Skam og Skade hvis vi skulde miste det uden et Forsøg paa Redning.»

Men alt lenge tidlegare såg Aasen, uvanleg klårt, både livskallet og den ålmenne spennviddi. I 20-årsalderen tok han ei djupgripande avgjerd som er skildra i den sjølvbiografien han gav biskop Neumann:

«Den Tanke svævede for mig at forsøge hvorvidt man kunde bringe det i Kundskab uden at have studeret, at man desmere kunde virke til Almuens Oplysning, jo nærmer man stod den samme, og at man med Dannelse over sin Stand vilde være æret og anseet, men i det modsatte Tilfælde ikke. Overalt var det min Beslutning, at den Aandsdannelse, jeg kunde bekomme, skulde på bedste Maade som muligt anvendes til Fordeel for den Stand, som jeg tilhørte.»

Tankeinnhaldet i dei nett attgjevne setningane legg Aasen til tidi då han var hjå prost Thoresen i Herøy (1833-1835). Eit par år seinare finn me Aasen hjå kaptein Daae på Solnør i Skodje, og då er alt mykje klårare. Då skriv Aasen dei velkjende ordi som so ofte vert hermde (i sjølvbiografien):

«– hvorfor, tænkte jeg, blive ikke di norske Dialekter behandlede ligesom andre Sprog? Hvorfor seer man ikke grammatikalske Undersøgelser, eller Ordbøger, hvori Ordenes Former, Kjøn, Konjugation o.s.v. er anmærket? Ere ikke vore Dialekter, eller det gamle og ægte norske Sprog, værdige en grundigere Behandling?» «Et saadant Arbeide», tænkte jeg, «kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes hytter. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide.»

I desse endeframme, klåre og endå so stolte ordi, møter me eit heilt livsprogram. Og det er tydeleg at både i Herøy og på Solnør såg Aasen godt både det sosiale og det nasjonale innhaldet i målreisingi. Han sveik aldri dei grunnleggjande tankane. Samhaldet med ålmugen var like utsliteleg som sansen for samanheng og folkeleg heilskap.

I 1836 heiter det i Om vort Skriftsprog:

«Medens Tid og Omstændigheder, som før er sagt, gjorde den Kjøbenhavnske Dialekt herskende hos os, opbevaredes og dyrkede dog vort Nationalsprog i Bondens Hytter og i vore Dale og paa vore Strande; lad end være, at dette ikke er Tilfældet med alle Distrikter i lige Grad. At Tiden ogsaa har havt sin virkning paa Almuesproget, er naturligt; men naar man betænker, hvor vide vort Lands Befolkning er adspredt, hvor lang tid Sproget ikke blev skriftligen dyrket, samt flere, forhen berørte Omstændigheter; – saa maa man ansee det for noget Stort, at denne National-Eiendom endnu i saapass Stand kan overleveres os. Dersom Norge gjennom disse Sekler havde hævdet sin politiske Selvstændighed, da skulde vort Hovedsprog ogsaa været Almuens, det skilde været Sammenligningen af landets Dialekter, Middelpunktet, hvorom de dreiede sig.»

Aasen-lina var heilt frå fyrst av målsleg rotveltande. Ho var revolusjonær. Men det var ein fridomsleg målrevolusjon Ivar Aasen tenkte seg. Sluttordi i den nett nemnde utgreidingi Om vort Skriftsprog lyder:

Denne nye Sprogform skulde dog aldeles ikke paabydes eller paanødes; man skulde opmuntre til dens Brug, men ellers lade Enhver bruge det Nye eller gamle efter eget Godtbefindende.

Ivar Aasens målnorm

I hovuddragi kom Ivar Aasen fram til grunnreglane for det norske skriftmålet tidleg. Mælebandet som måtte brukast på alle målføre, var gamalnorsken, og på sakleg plan kunde ingen her hevda seg mot Aasen. Sant nok var det lett å gjera skrik um at sumt i eit eller anna målføre ikkje fekk plass i det skriftlege standardmålet – seinare og av sume kalla høgmålet – for i røyndi var det ikkje noko målføre som fekk plass til alt. Aasen avviste alt i utgangsstoda at det norske skriftmålet einast skulde byggja på noko serskilt utvalt målføre. Det skulde vera ein skriftleg samnemnar for alle dei norske målføri. Ein generalnemnar. Sidan gamalnorsken var rettesnori – og den einaste tenkjelege rettesnori – gjev det seg sjølv at dei målføri fann seg minst att som var mest uppblanda med det innførde danske målet.

Dei målførereisingar,, eller kanskje bør me snarare tala um talemålsreisingar, som spratt upp på Aasens tid – og ikkje mindre i tidi etterpå – kunde godt i avgrensa samanheng segjast å vera både gagnlege og rettkomne dei, slik sétt, var, er det vanskeleg å sjå at desse velmeinte freistnadene i større mun hadde to i seg til å skapa ein landsfemnande skriftleg samnemnar, eit norsk standardmål eller høgmål. Talemålsfaneberarane hadde – og hev – eit visst lag til å skjera av den målslege næringsstrengen til alle singe eigne historiske røter. Dei vilde på ein måte riva ned alt som var tillært um og av skriftmål, nørast byrja frå grunnen av ved det absolutte nullpunkt i år 0. Målet dei prøvde seg med, sume, serleg Olaus Fjørtoft, var mykje godt ein freistnad på å skriva talemål utan ljodskrift. Det vart, tykkjer sume, eit knudrut og tungt tilgjengeleg skriftmål, lite fylgjerett, og knappast ei hårsbreidd lettare for lesarar flest enn vestmannamålet som Fjørtoft fann so mykje åt.

Eit anna og kanskje meir dekkjande ord enn målførereisingar/talemålsreisingar er truleg i sume høve det som mykje seinare hev vorte kalla sosiolektreisingar. Slike reisingar kann nok ofte ha djuptliggande årsaker i mange målsamfunn, det norske medrekna. Men slike djuptliggande årsaker kjem til å finnast i all yversynleg framtid. Ei sosiolektreising, sosialt og/eller geografisk avgrensa, vil vanskeleg kunna skapa eit nytt samlande skriftmål for eit heilt folk. Og um ei sosiolektreising ved t.d. tvang skulde vinna yvertak i folket, kjem ho ikkje dermed til å taka burt det sosiale, geografiske og andre gjæringsdelar i målet. Kansje kann gjæringsdelane koma til å skifta plass, noko som gjerne må vera både rettvist og ynskjeleg, men gjæringsdelane vert ikkje burte for det. Um det finst mål/målsamfunn utan slik indre gjæring, er ukjent for bokskrivaren. Bakgrunnen for ei sosiolektreising, so langt me kjenner stoda frå Noreg, er slett ikkje eintydeleg og fri for indre motsetnader. Når Olaus Fjørtoft vilde at målet til bryggesjauaren skulde vera normgjevande for skriftmålet, høyrdest det sers so greidt. Men kva for ein bryggesjauar? Bryggesjauarane i Viki, Hordaland, Sogn, Trøndelag og Finnmark talar ikkje likt.

Aasens stordom møter me millom anna, slik me hev vore inne på, i evna hans til å samla det nasjonale og sosiale innhaldet i vår målarv til eit folkeleg norsk skriftmål på historisk og etymologisk grunn.

Endå Aasen tidleg hadde gjort seg upp ei meining um hovuddragi i skriftmålet, var han meir uviss i sumt som hadde med uviktuge småting å gjera. Her prøvde han seg, som nemnt, fram til han kom høgt upp i åri. Den 21. mai 1869 skreiv Aasen eit brev til Olav Paulson (1822-1896), rekneskapsførar i Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab, tidlegare lensmann i Bjørnør og Jølster, upphavleg frå Moltumyr i Herøy, ihuga målmann som var med å skipa Vestmannalaget i 1868 (Brev og dagbøker, bd. II, side 82):

«Om Valget af Inhold til den paatænkte Læsebog har jeg ikke noget synderligt at anmærke; kun syntes jeg der er foreslaaet en altfor stor Mængde saa jeg frygtede for, at Bogen vilde blive for stor. Det nævnte Stykke «Eit Innstig» tror jeg ikke rigtig passer til Optagelse; det er noget tørt og fattigt, og saa er det ikke frit for at være inde paa dette uheldige Kulturstræv, som i saa lang Tid har skjæmt ud alle vare Folkeskrifter. Med hensyn til Skrivemaaden vilde det være godt, om alle Stykker havde samme Form, saa at det kunde være noget at rette sig efter for Folk som selv vilde forsøge at skrive. Men hen bliver der vel netop en stor Vanskelighed.
Der har været adskillig Vaklen i Skrivningen, og jeg har endog selv forandret min Skrivemaade i enkelte Smaating; saaledes skriver jeg nu i Ex. til Ordbogen stadig den og det; ofte ikkje for inkje som f. Ex. i Norske Ordsprog var altfor ofte brugt. Dernæst bruger jeg nu oftest «e» i Sammensætning (f.Ex. Stoveglas, Bondegard), ikke «o» og sjelden «a». Ellers er der nogle Forfattere som have forsøgt med flere Forandringer, som jeg ikke kan holde med; saaledes i «Lauvduskar», hvor der staar: talad, svarad, kastad m.m. som dog ialfald burde ende med «e». Jeg synes det vilde være ønskeligt om vi snart kunde slippe for flere Forandringer.»

Den språklege utprøvingi førde med seg cit visst umskifte av sume skrivemåtar hjå Aasen. Nedanfor er det uppført nokre døme (for ein part henta frå Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling):


Linne inkjek.ord fleirt.
Fyre 1853 hadde linne inkjek.ord. endingi -a i eint., -ur i fleirt.: Auga/ Augur, Hjarta/Hjartur. Sidan heldt Aasen alltid på Auga/Augo, Hjarta/Hjarto.


Hok.ord.
Fyre 1853 vert sterke hok.ord. bøygde: Bygd, Bygdi, Bygder, Bygdene. Linne hok.ord: Visa, Visa, Visur, Visune.


Millom 1853 og 1858 endar lint hok.bunde eint. ofte på -o (Viso). i bunde fleirt. heiter det Visor, Visorna.


Fleirtalsbøygning for gjerningsord (verb)
Etter 1853 bruka Aasen jamt fleirtalsbøygning i notid for gjerningsord: Guten kjem - gutarne koma; guten spring - gutarne springa. Sjeldnare bruka Aasen fleirtalsbøygning i fortid: dei komo; dei sprungo.


Eigenskapsord (adjektiv)
I ein bolk millom 1853 og 1875 prøvde Aasen med a-ending for eigenskapsord i hok.fleirt.: Stora Gaavor. Dette gjekk han ifrå (Store Gaavor).


Nemneform (infinitiv)
Ein bolk bruka Aasen stundom nemneformsmerket te, te aa. Millom 1859 og 1869 bruka han i sume høve at, til at. Sidan heldt han på aa.


Dan, dat dar/den, det, der
For desse småordi som er mykje bruka og viser sterkt att i skrift, skreiv Aasen dan, dat, dar i ein bolk fyre 1958. Sidan skreiv han den, det, der.


Ikkje/inkje
Nektingsordet inkje vart i aukande mun utskift med ikkje (jamfør brevet 12/5-1869 til Olav Paulson, den attgjevne bolken lenger framme).

jo, ju
Fram til 1856 finst sjø, snø. Sidan sjo, snjo. Sameleis vert blyg, dryg til bljug, drjug.


Daud d (gamal stungen d)
I ein tidleg bolk prøvde Aasen med t.d. or, mæ (for ord, med). Dette var truleg snarare tenkt til talemålsprøvor enn til skriftmålsnorm. Han gjenomførde skrivemåtar med d i ord der d hev historisk grunnlag, i nokre tilfelle i ord der d-en snart fall burt etter bans tid (1901): Ludr (=lur), Skidgard, Slidra, sidst, (U)vedr, stadna, Grodr, soleides.
Aasen heldt sameleis alltid på desse skrivemåtane for bøygning av a-gjerningsord: kasta, kastar, kastade, (hev) kastat - ho/han er kastad, det er kastat, dei er kastade.


kj-gj framfor sjølvijod/tviljod
Aasen prøvde seg fram her. I ein tidleg bolk freista han med kjøirer, skjøiter, gjøima. Ein bolk i 1850-åri m.a. i Myntmeisteren og Eit Innstig skreiv han t.d. gera, kenna, skera, gøda.
Sidan skreiv Aasen k og g utan j – men med j-merkt lesemåte – framfor i, ei, øy, y: gild, keiveleg, køyra, kyrkja, skein, skøyta.
I framljod kom Aasen til å halda på j framfor e, æ, ø: gjera, kjenna, gjøda, klepp, kjøt, skjera.
I 1853 i Prøver af Landsmaalet hev Aasen former som Sakjer, Bekkjerne, Bjørkjerna. Sidan kom han til å utelata j framfor e og i på trykklett stad, men ikkje i alle høve; Aasen heldt på j i t.d. ikkje, inkje, korkje, fylgjer, tenkjer, tenkjng o.fl.

-t i utljod
Aasen skreiv utljods-t i ord som kvat, nokot, annat o.fl. Sameleis skreiv Aasen utljods-t i adjektiviske og verbale former: kastat, sprunget, litet, opet osb.

Aasen og det norske skriftmålet

Ivar Aasen nemner etter måten ofte i brev at han ikkje i eitt og alt var heilt viss på kva som var beste og nyttelegaste formene i eit landsumfemnande norsk skriftmål. Sterkast kjem dette fram, naturleg nok, fyrr fyrsteutgåvone av grammatikken og ordboki kom ut. No let det seg gjera å draga Aasens tvil lenger enn rimeleg er, for ikkje alt Aasen skreiv, var tenkt til rettesnor for det norskrøtte riksmålet, høgmålet. Aasen sette upp talemålsprovor, og han skreiv sumt på målføre, som t.d. visone på kvardagsleg sunnmørsmål. Men med desse atterhaldi i minne lyt det segjast at jamvel etter Ivar Aasen var komen høgt til års, stadfeste han ope at det var grunn til tvil um sume språklege småting. Me tek upp att og strekar under denne ordleggjingi som er Aasen si eigi - språklege småting.

Nokre få utdrag or Aasen-brev, skrivne i ulike livsbolkar, fortel litt urn hans eigi meining (jamfør dertil brevet attgjeve her framanfor 21. mai 1869 til Olav Paulson):

1848

I brev til Magnus Brostrup Landstad 3.10.1848 heiter det (Brev og dagbøker), bd. i, s. 170):

«Da jeg nu har havt en saa sjelden Anledning til at studere Folkesproget, kunde man vel vente, at jeg hadde mig en bestemt Plan for Behandlingen af saadanne Sager; men jeg maa dog tilstaae at min Plan ikke er saa ganske bestemt med Hensyn til et Normalsprog eller en Sprogform, som skulde staae over Dialekterne; jeg har nemlig mest tænkt paa Behandlingen af Dialektstykker, og har i denne henseende antaget, at man maatte søge at gjengive Talesproget, i sin tydeligste og fuldkomneste Form, eller give Dialektens former saa rigtigt og konsekvent som muligt uden at optage forældede og ubrugelige Former. Med hensyn til den omtalte høiere Sprogform er jeg endnu ikke kommen til nogen Bestemthed; jeg har rigtignok tænkt meget paa denne Sag, men ikke havt Tid eller Leilighed til at gjøre noget alvorligt Forsøg. Min Plan har nutil været at man ikke skulde indlade sig paa denne Sag, førend vort hele Sprogmateriale i sin virkelige forhaandenværende Form var ordnet og fremlagt for Almeenheden. Naar dette engang maatte blive fuldført, havde jeg tænkt at foretage en alvorlig Granskning af hvorledes Materialet skulde benyttes og hvilken Form det skulde faae for at kunde bruges i Skrift. Jeg havde da tænkt at fremlægge et udførligt og i alle Poster begrundet Forslag til en norsk Sprogform med Prøver og Exempler paa hvorledes samme vilde tage sig ud. Men hermed har det endnu lange udsigter. Det virkelig givne Stof er endnu ikke fremstillet for Almeenheden; ordbogen over Sprogets Dialekter vil endnu medtage ialfald eet Aars uafbrudt Arbeide, og naar denne er udkommen, vil det maaskee først blive nødvendigt at give endeel Dialektprøver, forend man kan indlade sig paa Dialekternes Sammenførelse under en fælles Form.»


1886

Ivar Aasen skreiv i brev til Marius Hægstad 17.3.1886 (Brev og dagbøker bd. II s. 243):

«Det glæder mig at høre, at De nu har leilighed til at give en ny Udgave af Deres lille Grammatik, Deres Maallære har jeg i sin Tid læst med Fornøielse, og især var jeg glad ved at see, at den holder sig fast til de gamle Former og ikke indlader sig på disse foregivne Lettelser, som man nu driver saa meget med, og som egentlig kun gaa ud paa at føie sig efter den mest magelige og slappe Hverdagstale, hvorved Sproget kommer til at see ud som et Bygdemaal eden Sammenhæng med noget ældre Land(s) sprog. Visstnok er der enkelte Punkter (f.Ex. visse Fleertals Endelser), hvor det kan være tvivlsomt, om man altid skulde holde sig strengt til den ældste Form; men det er da kun Smaating, som det ikke er synderlig Fare ved, hvor det ene kan være omtrent lige godt som det andet. Derimot vilde det være en farlig Ting at opstille den Grundsætning, at man kun skal holde sig til den mest bekjendte og almindelige Brug, om endog denne netop er den mest forvanskede.»

Sume hev lasta Aasen fordi han la skriftmålet for nær upp til gamalnorsk. Andre hev lasta han for det motsette. Jamfører me arbeidet til den færøyske målgranskaren og målreisaren V. U. Hammershaimb (1819-1909), vert det tydeleg at Aasen hev yore varsam med å taka upp historisk rettkomne former. Hammershaimb-målet er rekna for gamalvore, m.a. held det uppe stungen d, ljodstrek og gamalnorsk á (for å). Jakob Jakobsen (1864-1918) gjorde framlegg um ei meir talenær (ortofon) rettskriving, men det førde til uhorveleg målkjekl. Ei umbøtt rettskriving, bygd på både Hammershaimb og Jakobsen, fall og til jordi, og Jakobsen var sistpå åleine um å bruka henne. Hammershaimb-målet hev vunne Færøyane yvertydande og meir fullkomeleg enn det nyreiste norske skriftmålet til no hev vunne Noreg.

Dei etymologiserande freistnadene til Ivar Aasen nådde eit høgdepunkt i 1858 med umsetjingi av Fridtjofs Saga. Same året kom Jan Prahls Ny Hungrvekja hjå J. B. Beyer i Bergen, ei bok som gjekk eit stykke lenger attetter i målet enn Aasen. Prahls bok hev vorte kalla halvt gamalnorsk, med mange uvanlege ord og ei målføring som sume her og der fann stiv og kunstig, ja, lite leseleg for folk utan serskild målkunna. Tydingsvanskar syner seg alt i boktittelen, som ordlegg ynsket um ein ny folkeleg vekkjingshunger. No var boki heller ikkje etla til folkebok, sanna Jan Prahl seinare; ho var sers abstrakt skrivi til å syna at målet kunde brukast til abstrakt skriving.


Det hev vore gissa på at Ny Hungrvekja vart ei åtvaring for Aasen, so han akta seg for nye steg på den etymologiserande vegen mot gamalnorsk. Men det er slett ikkje noko stort umslag i målet til Aasen denne tidi. Og med Aasens sjølvstende i tankegang og dømekraft tykkjest det ikkje plent rimeleg at Aasen let seg skræma av nett Prahls bok. Rett nok sa Aasen seg noko usamd med målfreistsnaden i Ny Hungrvekja, varsamt i bokmeldingi i Dølen, tydelegare i brev 10.3.1859 til Siegwart Petersen (Brev og dagbøker bd. I s. 357):

«Men nu syntes jeg at finde adskillige Omstændigheder som betydelig svækkede Virkningen af dette Forsvar for Sagen. For det første var Forsvaret holdt i en saadan abstrakt Form, at det kostede megen Andstrængelse it følge tried og udfinde de overbevisende Grunde. Dernæst syntes Udtryksmaaten heelt igjennem at bære Præg af Studering eller at savne noget af dette nationale Grundlag, som Folk fra Landsbygderne have med sig fra Fødselen og Opdragelsen. Og endelig stødtes jeg nu allermest derved, at man her atter skulde finde en ny Sprogform, meget forskjellig fra min og alle Andres, og mere broget og vanskelig end nogen af dem, saa at Motstanderne her netop vilde atter faae en prægtig Leilighed til at fremstille det hele Sprogforsøg som en umulig Ting.»

Aasen hadde alt fyrr Fridtjofs Saga kom på prent sagt seg misnøgd med denne umsetjingi si, m.a. i brev til Ludvig L. Daae 20.05.1858 (Brev og dagbøker bd. Is. 327): «Jeg for min Deel synes, at en Oversættelse fra det gamle Sprog ikke tager sig saa godt ud som andre Oversættelser, da man her anseer sig altfor bunden til Originalen og helst vil beholde det gamle Udtryk, om det end ofte kunde gjengives bedre med andre Ord.»

I ein litt annan samanheng kjem Gustav Indrebø inn på bakgrunnen for korleis Ivar Aasen etter kvart stelte seg til etymologisering/ historisk grunngjevne skrivemåtar (Norsk Målsoga s. 452-457). Gustav Indrebo søkjer hovudgrunnane til Aasen-formene i umsynet til grannemåli og i dei lærdomane Aasen sistpå drog av sitt årelange arbeid med målfori og skriftmålet; eit norsk høgmål som skulde knyta i hop mange målføre laut i stor mun halda på etymologiske skrivemåtar. Dei endelege formene til Aasen er, etter Indrebø, fastlagde midt i 1870åri, med 2. utgåva av ordboki som kom i 1873, og med Heimsyn som kom i 1875.

I ordvalet var Ivar Aasen alltid purist, eller målreinsar som det stundom vert sagt på norsk. Serleg var Aasen på vakt mot tyske og halvtyske ord, av di desse ordi hadde eit lag til å tyna målsystemet og stengja ute ei råd norske ord. Latinske framandord kunde Aasen lettare godtaka.

Straumdrag på Aasens tid

Frå den norskmålslege gjæringi og straumgangen på 1800-talet kunde mange namn dragast fram. Her skal berre eit fåtal nemnast, og yversynet er langt ifrå fullnøgjande.


Peter Andreas Munch (1810-1863)

I norske lærdomskrinsar var Peter Andreas Munch mykje rekna for den store kapasiteten kring midten av 1800-talet. Han var sogegranskar, men fekk innverknad på andre kunnskapsgreiner, som målvitskap. Munch hadde i si tid lasta uppnorskingsfreistnadene til folk som Henrik Wergeland, og han var ikkje nøgd, reint, med dei grunnleggjande verki til Aasen. Munch heldt sterkt på etymologi og historisk samanheng, og han meinte eit atterreist norsk skriftmål måtte liggja nærare gamalnorsk. Tidlegare trudde heller mange at Aasen i for stor mun bøygde seg for Munch, men denne synsmåten er knapt vanleg lenger.


Um Munchs umdoming av Aasens arbeid hev Gustav Indrebø skrive dette (Norsk Målsoga s. 447):

«Det «gamalnorske» kravet åt Munch hev som tidast vorte mistydt, og kritikken hans mot Aasen hev vorte karakterisera som livsfjerr utopi. Ser me på dei røynlege kravi hans, so gjev dei ikkje grunn for nokon slik dom. Framlegget um aksentar og var fulla uklokt som me fyrr hev sagt (sida 415), men desse teikna gjorde ikkje sjølve målformi urimeleg. Sumt anna, som Munch ikkje tok upp i meldingane, men som visst framleides høyrde me til programmet hans (som hv i «hvitt»), var fulla lite verdt for norskt skriftmål. Men svært mykje av det han rådde til, stend fast våre dagar i norsk skrift - til bate for norsk, lyt me segja. Og alt var vel verd prøving, jfr. sida 414 fg. Når me tel godviljande kritikken til Munch i 1848-SC var både kunnig og vitsam.»


I Ásgarðreiðin er døme på Munch sine eigne målfreistnader (1846):

Sigurð han kasta leikoböllen,
han lystar ‘ki lengr át leike,
sá genger han til sin kæra móðr,
hans kinn deir vore bleike.
Deð var no han Sigurð svein,
opp axlað han sit skinn.
Sá genger han út i høge loft
fi’ kære móðer sin.


M. B. Landstad (1802-1880)

I uppskriftene av folkevisor gjekk Landstad i same leid som Munch. Domet her er frå 1849:

Liti Kjersti hon var seg sá litit eit viv,
brónfolen löyper lett,
hon kunnað ‘ki ráde sit unge liv.
Með deð regner og deð blæs!
fer norðan under fjöllo deir leika deir norðmenn.


Jan Prahl (1833-1921)

Jan Prahl var rikmannsson og høyrde til dei gamle bergensmålmennene. Då han var 27 år gamal, drog han til Nederland og søkte hjelp for ein augnesjukdom. I Nederland vakna sansen for lækjarvitskap, han gav seg i kast med lækjarstudiet, og han tok sistpå den medisinske doktorgraden. Han vart verande i Nederland livet ut, so nær som ein bolk millom 1870 og 1882 då han var heime att i Bergen, der det hadde gjenge ille med handelshuset etter far hans døydde. I mange år var han bylækjar i Amsterdam. Men målmann vart han verande heile livet, og han fylgde med i det som gjekk fyre seg i målordskiftet heime.

Jan Prahi var den einaste av dei gamle vestmennene som ikkje tok Aasen-formene gode nok. Han vilde ha eit skriftmål som låg nærare gamalnorsk. Prahl er nemnd lenger framme, og som det der vert påymta, er det lite rimeleg at boki hans, Ny Hungrvekja, drog Aasen-målet påviseleg i gamalnorsk leid. Heller tvert um. Når det vert skrive so vidt mykje um Jan Prahl her, er det helst fordi han er å rekna for eit ytstepunkt i grensebeltet millom nynorsk og gamalnorsk, so langt det er tale um gamalnorsk innverknad på dagnært skriftmål. Ein annan ting er at sidan norsk målreisings fyrste dagar hev det alltid funnest ein straum som hev fylgt liknande far som Jan Prahl, og denne straumen hev snaudt synt lag til å turka burt på slutten av 1900talet.

I den rum me veit noko um Prahl, er det tydeleg at han måtte vera ein samansett karakter, kanskje motsetnadsfylt, og i alle høve med stor sans for sogesamanheng. Kristoffer Janson hev skrive um dei gamle bergensmålmennene, med serleg tanke på Jan Prahl (Jan Prahl av Torleiv Hannaas, i Norsk Aarbok 1922):

«Mange av deim fann fyreloga til Aasen for simpel. Dei vilde byggja normalmaalet meir på gamalnorsken. Sjæli i denne freistnad var Jan Prahl, ein kunnskapsrik, andfull ung mann med sprakande vit, men og ein aandsaristokrat av reinaste vatn. Han hadde ein heilt sjukleg elsk til gamalnorsk og den gamle norske bokavl.»


Sumt av det Prahl skreiv i eit brev til ein handelsmann i Oslo i 1915, kann kanskje tolkast i åndsaristokratisk leid, endå um sjølve dette ordet i grunnen ikkje fortel stort. Prahl kjem inn på Ny Hungrvekja og avviser blankt at det finst danskehat i boki, noko Kristofer Janson hev kome i skade for å hevda. Derimot medgjev han at boki kann vera vanskeleg å fylgja, men då for tankevegen heller enn for målformi, og han sannar at boki ikkje er «ætlad til Folkebok». So kjem Prahl inn på korleis dei hev stelt med det norske skriftmålet etter Ivar Aasen fall burt:

«Ja – dat er visst, at nokre sjølvkloke, «indbildske» Stipendiatar og Maal-Pavar i Oslo hava lagat ei Maalform, som dei kyndugt og skamlaust bjoda alle Skrivarar aa bruka, og som ogso diverre onnugt verd brukat af lyduge eller uvitande Trælar (Gula Tid. og mange andre). – Vinje hever sagt: «Nordmennerne bera Trælamerket paa Tungo», og dette Trælamerkje kjem just tydelegt for Dagen i detta nya Stipendiat og Pavemaalet, som grin oss imøte utan Fagrleike og grammatikalsk Logik; medan dann Maalformi, som Ivar Aasen hever uppsett og som Henrik Krohn so meisterleg hever brukat, – ikkje at tala um Maalet i dat gamla Bokverket – viser oss eit Herramaal med djup Fagrleikskjennsla og grammatikalsk Logik.»


Ord som dei attgjevne kann lett brukast mot Prahl, til å styrkja mistanken um at han vantar sumt av den folkelege samhøyrsla og tilhøyrsla som elles gjerne er ein grunnkjerne bak alt målreisingsstrev. Men les me ordi hans med snev av velvilje, treng me snaudt leggja meir i nemningi Herramaal enn eit alternativ til den målformi som «Stipendiatar og Maal-Pavar i Oslo... skamlaust bjoda alle Skrivarar aa bruka». Slik sétt er Prahls Herramaal berre eit Herramaal takk vere innebygde målslege kvalitetar, med andre ord eit betre skriftmål enn Stipendiat og Pavemaalet. Eller um me vil, eit skriftmål godt nok for herrar.

Etter slike grunnlegg let det seg gjera å tolka Prahl.

I brevet frå 1915 fortel Prahl at då han var unggut lærde han bondemålet av «dei unge Menn, som aar etter aar tente hjaa mine Foreldrar, og af Bygslemenner, som eg tidt og ofte vitjade paa dei Gardarne, som me aatte paa ymse Stader i Midthordland. Sidan møtte eg til mi Undring detta Maalet i Ivar Aasens Skrifter, nett so som eg hadde lært dat af Bønderne fraa Oster, Voss, Sogn og Sund, og endaa større Undring tok meg, daa eg for fyrste Gong fann ei gomolnorrøn Bok - i eit myrkt Skaap i Gamle-Huset paa Nordnes - og las Sida upp og Sida nidr og skynade kvart Ord - dat var jau «Bondesproget».

Den tidi Jan Prahl heldt seg i Bergen, ein bolk millom 1870 og 1882, hende det at folk søkte hjelp hjå han for plagor og sjukdomar. God hjelp fekk dei stundom, serleg for augnesjukdomar. Men betaling tok Prahl aldri. Han var eldstesonen og skulde no få skikk på handelsdrifti. Men handelsverksemd hadde Prahl korkje hug eller hyr til. Då det gjekk reint ut med handelshuset, for han atter til Nederland «tausend Meilen ferne» som han skreiv til Henrik Krohn. Han dreiv lækjargjerning til ein høg alder, såg aldri Noreg att, men heldt vake auga med norsk målordskifte, las Gula Tidend og sende eit og anna påminningsbrevet til bladstyraren um målet, når han tykte det trongst.

Prahls tankar hev hittil synt lite og inkje att i utformingi av skriftmålet, serleg då det statsstempla skriftmålet, og slik sétt fær Prahl større plass i denne boki enn rolla skulde tilsegja. Men sidan det ikkje er uvanleg at Prahl vert uthengd til åtvaring og skræmsla, skal me taka med ein stubb frå Ny Hungrvekja - etter Hannaas som det meste anna her um Prahl:

„Norrønatiðin hevir vent og er ein bondatjod. I dessi tjodinne váru i fornoldinni nokhra ættir meir megandi enn adra; men dessa rnegtugari ættir vurdu hugada, alt som landit vard trælat, og deirra ættmenn vurdu som dei adri bendr og hva bland deim idag. Dal var dessi bondatjod og hennar frændr ut a øyarna, som ar sill kraltuga liv reisti hilt ovannevnda gullaldarbokverk; dat var og dessi bondatjod og dal, som hennar var, dal tjodhuga i Noregsiondum, som Danirni hugadi og vil huga. DiÇyni skulde embætti og haupshap verda seldr i hendr at utlendingar, Danir og Tydvenjar. Men Island og del adra øyarna váru fjerrlæga; dit var langt at sigla, og dan var ufjelgt at bu; utlendingarni rysist inni til dessi øydisker langt burt i havit. Noreg darimot var lettari at nå og befri at byggja; kaupskapin lonadi, embættin váru god; higgat sotti utlendingar,“ (s. 7).


Med tidi gjekk det slik at Prahl i hovudsak tok i bruk det gamle Aasen-målet - med dan(n), da(t), dar – slik Aasen prøvde seg med det fram til 1858. Dette målet er nytta både i det umtala brevet frå 1915 og i ei liti umsetjing frå hollandsk um Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin i 1665 som Prahl gav ut i 1907.

Meir enn hundrad år etter Jan Prahls dagar i Bjørgvin er sogesansen vedvarande vaken millom vestmennene, og ynski er sterke um auka samband vestetter, i målvegen og på onnor vis – serleg til dei norrønne folki og etterkomarane deira kring Norskehavet. Framleis lever synsmåtar som ikkje hadde vore reint framande for Jan Prahl.


Axel Arbo (1825-1906)

Axel Arbo var lækjar, men han dreiv visst lite med lækjaryrket. Han gjorde mange ferder kring i landet og skreiv ferdaskildringar. Sume stykke skreiv han på norsk, m.a. i Dølen. Han heldt på skriftformer som låg nærare gamalnorsk enn Aasen-formene, sume av dei. Soleis skreiv han mid (med), javnt, eftir, ekki, grasit, bekkin, stadir, augum og gamalnorsk ljodstrek (, klár).


Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Vinje hadde godhug for Ny Hungrvekja som han kalla «den merkelegaste Bok, som er prentad I Norigs land, og den vil standa som den fyrste i vor nye og eigen Bokavl (Literatur)».

Sameleis var Vinje uppglødd for målet til Axel Arbo: «Arbo er ein av dei norske etter min Hug og med so stor Maalkjennsla i Bygdarmaal, at her kanskje ikki er fleiri enn tvo tri i heile Landet, som ero betri».

Vinje var til tider inne på same lina som dei tvo nemnde, men han hadde lett for å snu og prøvde seg alltid fram. Han skreiv t.d. ikki.


Etymologi og talemålsromantikk

Sume skrivande målfolk vilde gjerne halda seg nærare gamalnorsk enn Aasen, soleis sume vestmenn. Men del lempa seg etter Aasenformene.

På bin kanten stod folk fram som hevda motsette meiningar. Dei gav seg lite um etymologi og historisk grunngjevne skriftformer, og i ramaste tilfelli er det truleg rett å tala um talemålsromantikk.


Olav J. Høyem (1830-1899)

Olav J. Høyem var frå Byneset i Sør-Trøndelag. Han var lærar og bankmann, ihuga målmann, og han gav ut mange skrifter. Katekismeumsetjingi si kalla Høyem Barn-lærddomen eller den litle katekismen hans Morten Luther. Ivar Aasen var lite uppglødd for målet. Aasen skreiv i brev til Høyem 10.12.1873: «Det retteste og bedste vilde nu være, at enhver som ikke kan komme til rette med en virkelig national Sprogform, skulde afholde sig fra videre Forsøg derpaa og derimod skrive Dansk nu som forhen; saa er man dog ialfald vis paa, at man gjorde mindre Skade.»

Høyem vilde ha a-endingar i sterke hok.ord (bygda, sola), d for t i inkjek.ord (hused, epled, komed), kløyvd nemneform (infinitiv), ordformer som sløheit, godtruenheit, daar (= dykkar) m.m. Høyem skreiv dativ (bornom, dagom), og han heldt på skrivemåtar med j etter g ot k i utljod: læsningja, danskingja, eigjed, rikje.

I brev 6.3.1880 skriv Aasen til Marius Hægstad: «Der har været et forfærdeligt Raab imod de «daue» Bogstaver, og især har Høyem været ivrig den; imidlertid ser det ud til at ogsaa han har seet sig nødt til at optage adskillige «daue» Bogstaver og mangt andet, som ikke netop er trondhjemsk; medens han derimod holder fast paa sin plan at indføre den Knudsenske Skrivemaade i Landsmaalet.»


Oscar Eng (1847-1921)

Oscar Eng kom frå Vadsø. Han hadde gjenge på skule i Bergen, der fekk han ans for målsaki. I Oslo kom han saman med Fram-krinsen. Eng vart lækjar og politikar. Han kom på Stortinget og vart sistpå distriktslækjar i Volda, der han gjorde mykje m.a. i ungdomslagsarbeidet.


Hans Jacob Horst (1848-1931)

Hans Jacob Horst var frå Hammerfest, han var uppvaksen i Tromsø og vart filolog. I Oslo kom han med i Fram-krinsen. Med tidi vart han rektor på Den høgre skulen i Tromsø, han kom på Stortinget, og heldt alltid fast på målreisingstankane. Han vilde binda den høgre skulen fastare til folkeskulen, og arbeidde for landsgymnas og fredssak.


Lars Holst (1848-1915)

Lars Hoist var fødd i Bergen. Han var jurist, vart med tidi bladmann og politikar. Lars Hoist var i Oslo med på nokre små bladtiltak som peika frametter mot Fram, bladet Svein Urædd (1868-1870) og Andvake (1871). Lars Hoist vart sjefsredaktør i Dagbladet, ein av leidarane for Vinstre, justissekretær i Kristiania byrett og dertil ein mykje påansa teaterkritikar og bladskrivar.


Olaus J. Fjørtoft (1848-1878)

Den mest namnspurde av talemålsmennene var Olaus J. Fjørtoft som kom frå Haram på Sunnmøre. Han tok studenteksamen på «Heltbergs studentfabrikk», hadde framifrå gode evnor ikkje minst i matematikk, vart bladmann og agitator, var ein streng og kanskje stundom noko einøygd logikar, men samstundes mjukkjensla og med godt hjartelag. Han gav burt meir enn han hadde råd til, er det sagt i Norsk Allkunnebok.

Våren 1871 var Fjørtoft hand og hovud i Tiraljøren, det handskrivne bladet for ein radikal studentflokk. Same året tok han til med bladet Fram som yverlevde til 1874. I lag med seg hadde Fjørtoft dei ovanfor nemnde Oscar Eng, Hans Jacob Horst og Lars Hoist.

Olaus J. Fjørtoft la seg ut med vestmennene, og han var ikkje den som for fram med varsemd eller hegda ordi sine. Han hadde eit godt lag til å vekkja slik motstandsvilje kring seg at han gjerne stod att åleine.

Til tider tykkjest det som Fjørtoft hadde lagt vestmennene for hat, skriv Reidar Djupedal (i Ei bok om Hans Mo, Ørsta 1986), og Djupedal held fram: «Fjørtofts dom (um vestmennene) er usakleg og urimeleg. Vestmennene var ein fargerik flokk, ulike i hått og hug. Dei kan ikkje rymmast i ein bås. Målføringa deira er aldri einsleta og tvinga inn i ei form. Det ser vi snøgt når vi les alt det dei skreiv.»

Um Fjørtoft aldri so mykje var rekna for ein fylgjestreng logikar, so var målformi hans slett ikkje fylgjestreng. Same ordet kunde stundom finnast på same lina med upptil tri ulike skrivemåtar. Nokre heller slumpesamt utvalde linor frå Fram gjev ein tokke um målet:

«Hev noken haurt Makjen te slike Ordelag som: «Og han lyfte høgt si Røyst og talad», og «han rely i Ljod», naar ein Skald ska te aa kvæ som skulde «han rive i ei Flaske øl»? Sjaa Sigmund Bresteson. (Bok av Kristofer Janson J. Kr.). Maale etc fyr oss, og inkje me fyr Maale, og vil de vera fri slike Menn som Ludvig Ludvigsen Daa, so fær de sanneleg dokke omvende.
Dæ e leitt, at me ska vera nøydd aa ligge og slaast mæ slike Menn som Kristofer Janson og Henrik Krohn og Grieg, som hev skrivi om Kakjisma, Folk som me veit vil so inderleg gjerne gjera vel og hev offra so mykje paa Maale; men naar me ser, at de legg dokke i Vegen fyre oss, og sjøle inkje e Kara te gaa fram og vittre dokke, so lyt me somenn slaa te; for de ska Maalsaka meir hell de gagne henne; ingen hev fyllt dokke so gjerne paa Vegen, som me, daa de for og selde Kramvare ut or Skreppa dokka, daa me va smaaguta; men dæ va og dengongen Kram, de kom mæ sunnate ifraa.

Mest av alt var vel Fjørtoft fridomslynd og antiautoritær. Fridomslynde og antiautoritært huglag var ikkje ukjent hjå vestmennene heller, og det var slett ikkje framandt for Jan Prahl. Fjørtoft og Prahl var soleis knappeleg utan åndeleg skyldskap. Dette hindrar ikkje at i målspursmål måtte dei høva i hop som fenghetta til dynamitten.

Ivar Aasen sa ikkje noko imot Fjørtoft offentleg, men privat tala han ende ut um «ymse Galningar som berre riva ned og inkje byggja upp». I brev til Helge Væringsaasen 14.4.1877 kallar Aasen Fram-målet for «ulæseligt Herkemaal». Mot Aasens faglege tyngd hadde Fjørtoft ingenting å setja upp, men han kunde vera ein brennande agitator, og då det i hundradåret etterpå stundom kom på mote å setja slagord høgre enn innsyn og ettertanke i offentleg målsamanheng, fekk sumt av Fjørtofts agitatoriske ordgods til tider ny glans. I spursmålet um munnleg målbruk i skulen stod Fjørtoft på meir jordfast grunn. Alt frå 1878 hev det vore eit prinsipp i norsk skule at upplæringi «saavidt muligt meddeles i Børnenes eget Talesprog». For skriftleg upplæring hev tankane til Fjørtoft fenge dagnært innhald so seint som i 1980-åri, med freistnader på å lata den fyrste skrivetilvenjingi gå for seg på borni sitt eige målføre.


Millom dei som i alle høve bolkevis lukta på liknande tankar um skriftmålet som Fjørtoft, var t.d. Rasmus Steinsvik (1863-1913), kjend bladmann og målreisar frå Dalsfjorden i Volda; Steinar Schjøtt (1844-1920), sogemann og ordbokskrivar frå Porsgrunn; Hans Ross (1833-1914), teolog og målføregranskar, fødd i Holum, gav ei tid ut bladet Lauvduskar, var medskipar av Det Norske Samlaget. Aasen var lite nøgd med at Ross i fortid av a-gjerningsord skreiv kastad, svarad, talad (for kastade, svarade, talade som Aasen heldt på av etymologiske grunnar).

No er det knapt rett å tala um tydelege og fastfrosne frontlinor. Ordbruken kunde vera frisk, men der det fanst røynleg meiningsskilnad, galdt det gjerne slike spursrnål som Aasen kalla for «småting». Ikkje eingong millom ytstepunkt som Fjørtoft og Prahi er det vel, sakleg sétt, nokon grunngripande og usemjeleg motsetnad. Dei vilde ha det same målet, men med kvar sin skriftleg ham.

Kor som er, eit kraftsenter for språkhistorisk grunngjevne synsmåtar var etterviseleg vestanfjells, med folk som Henrik Krohn (1826-1879), fyrste formann i Vestmannalaget (skipa 1868), diktar og styrar for bladet Ferdamannen (1865-1868) og Fraa By og Bygd (1870-1879); Marius Nygaard (1838-1912), skulemann og målgranskar; Georg Grieg (1826-1910), prentar, umsetjar og ihuga målmann; o.fl.


Arne Garborg (1851-1924)

Diktaren Arne Garborg må reknast for Aasen-mann god nok, men han fylgde ikkje strekbeint alle former som Aasen heldt på. I 1877 sette Garborg i gang Fedraheimen. Eit Vikeblad aat det norske Folket. Han styrde bladet til 1882. So stod Ivar Mortensson Egnund (1857-1924) for bladet til 1889, då Rasmus Steinsvik tok yver og heldt skuta flot til 1891.

Garborg ottast med rette målstrid på bladsidone, og redaksjonelt fylgde han ei måtehaldande line. Han veik av frå Aasen med di han utelét fleirtalsbøygning for gjerningsord og bruka -ad (motsett -adee) i fortidsbøygningi av a-gjerningsord. Arne Garborg bruka seinare i livet det som hev vorte kalla midlandsmål, og i Fedreheim-tidi kjem varsel um dette. I ein stutt bolk kring 1890 prøvde Garborg seg med a-mål, men gjekk snøgt attende til i-målet av di a-endingi «ikkje rett vilde høva i mitt mål».

Um bladet Fedraheimen skreiv Aasen i eit brev til Sander Røo, målvenleg bonde og lokalpolitikar i Hol, 13.11.1877: «Og no hava me just fenge eit nytt Vikeblad her i Byen; det er ein Student Garborg (fraa Jæderen), som stend fyre Bladet; og det er ein herleg gild og dugande Mann. Bladet er kallat «Fedraheimen» og byrjade no med fyrste Vika i Oktober Maanad; det teiknar seg tolleg godt.»