Mål og vanmæle 4 Varsam landsmålsumbot i 1910

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Varsam landsmålsumbot i 1910

Fyrespelet

1907-rettskrivingi hadde ingenting med det norske skriftmålet å gjera. Det var ei umbot berre for norskdansken, ei umbot som hadde vore venta og påkravd lenge. Utpå 1800-talet kom det ørsmå rettskrivingsbrigde inn i norskdansken ved at nyutgåvor av rettskrivingslæra til J. Aars gjorde små vridnader på ein og annan bokstaven, soleis i 1870, 1877 og 1885. Bokstaven x vart t.d. utskrift med ks, og fleirtalsbøygningi av gjerningsord vart burtteki. I 1892 kom det ei litt større umbot i skulemålet med Nordahi Rolfsens lesebok, noko som førde til ein viss liten målsieg valfridom for elevane. Ein viss valfridom hev det vore her i landet sidan, allvisst i namnet - i båe skriftmål. Og soleis som norsk målstoda hev tett seg på 1900-talet, rykkjest det uråd å tenkja seg at valfridom skulde verta uturvande i nokor synleg framtid.

Kanskje hadde den nasjonalt vonfulle unionsuppløysingi i 1905 samanheng med rettskrivingsbrigdi i norskdansk i 1907, som alle var små steg i uppnorskande leid. I 1906 vart Noregs Mållag skipa. I 1909 fylka dei seg på hi sida i Riksmålsforbundet; rettskrivingsumboti i 1907 vekte motkrefter. Frå 1904 til 1910 gjekk kring 600-700 skulekrinsar yver til norsk, og ymse krefter drog nok her saman: dei nasjonale straumdragi kring unionsbrotet, framtaksviljen millom målfolk og den nye norskdanske rettskrivingi som i røyndi styrkte trui i båe læger på framtidi for det norske målet.

Med stortingsvedtaket um sidemålsstilen i 1907 kom nynorsken for ålvor inn i den høgre skulen. Sidan 1896 hadde elevar i den høgre skulen som ynskte det, havt formelt høve til å skriva uppgåvor på norsk, men i 1907 vart denne retten utvida til obligatorisk skriftleg prøve i båe mål. Striden mot den sokalla sidemålsstilen, i røyndi ein strid mot norsk mål, tok til samstundes med stortingsvedtaket og hev, i bylgjegang, vara ved sidan. Eit attervendande stridsinnkast er at det norske målet skal hjelpast fram, med - i motsetnad til alle andre fag - å støytast ut or skriftleg upplæring. På Elverum var det eit målskeid for lærarar i 1908, der dei tok fyre seg skuletilhøvi. Professor Marius Hægstad leidde dette skeidet. Dei som var med, sa seg i ei fråsegn leide for den tilkvesste målstriden, dei ynskte eit visst samarbeid millom dei tvo skriftmåli.

Målumboti 1910

Tankane på Elverum-samlingi fekk sumt å segja. Alt same året, i 1908, sette departementet ned ei nemnd som skulde freista tiljamna skilnader i skrivemåtar for dei tvo måli der ordtilfanget var sams. Den norskdanske skriftmålsgreini hadde med tvo mann i nemndi, skulemannen Hans Eitrem (1871-1937) og målføregranskaren Amund B. Larsen (1849-1928). Den nynorske greini hadde berre ein nemndmann, Steinar Schjøtt, som kom ut med Dansk-norsk Ordbog i 1910, med Norsk Ordbog i 1914, og som gjorde seg serleg kjend tidlegare med di han fylgde Fjørtoft i striden mot Aasen-målet.

Sekretærane i denne nemndi var studentar den gongen. Seinare vart dei båe professorar, med ulikt målsyn. Det var Sigurd Kolsrud og Didrik A. Seip.

Nemndi kom 20. februar 1909 med ei utgreiding som vedrørde skrivemåtar i båe mål, og i seinare tiders offentlege målbrigde vart synsmåtane til nemndi sette i verk. Men fyrebels fekk det meste kvila. Sidan norskdansken so nyleg hadde havt ei rettskrivingsumbot (1907), vart ingenting gjort med dette skriftmålet no. For det norskrotte skriftmålet kom det derimot ein kongeleg resolusjon den 10. juni 1910 som, med bakgrunn i utgreidingi, godkjende nokre skriftmålsumbrigde som skulde sleppa til i skulen, men ikkje i lærebøkene.

Desse tillatne umbrigdi var:

i. Ending -e kunde nyttast jamsides -a i ubundi form av linne hok.ord eintal: ei vise, gjente, gate jamsides visa, gjenta, gata. (Den upphavlege formi på -a vart heilt forbodi i 1938, men i 1983 godkjende Norsk språkråd atter den ubundne endingi -a til sideform i offentleg mål).

2. Låneord av type -era (studera) vart valfrie er-gjerningsord, mot tidlegare berre a-bøygning. (Etter 1938 hev a-bøygningi vore forbodi i offentleg skriftmål).

3. I den bundne fleirtalsbøygningi for namnord hok. og hank. kunde r utelatast: kvinnone/kvinnore, karane/kararne (mot tidlegare berre kvinnorne, kararne).

4. Ei rekkja ord med jo/ju-former fekk alternativ skrivemåte med y/ø: brjota/bryta, Ijuga/lyga, rjome/røme o.a. Noko uppstyr vart det ikkje etter denne varsame umboti der ingen gamle skrivemåtar vart forbodne, og ingen nye påbodne. Men millom målfolk var nok meniningane sprikjande. På eit møte i Oslo Maallag i 1912 vilde Olav Midtrun at sideformene frå 1910 skulde verta hovudformer, og Halvdan Koht tala for a-mål og vilde kasta ut daude medljodar. Andre målfolk såg onnorleis på det, og nokor ny umbot kom ikkje no.

Etterspel

Umboti i 1910 førde berre med seg at den skriftlege valfridomen vart utvida. Det var ei liti umbot, den minste og mest finhendte i den sernorske målbrigdingssoga, og når me ofrar nokre ord umframt på denne umboti, er det nett fordi umbot og fylgjor er so yversynlege. Dei fleste medvitne målfolk tykte nok at dei nytilsleppte skrivemåtane i 1910 hadde gode grunnar for seg, at dei gjorde skriftmålet lettare og mindre alderdomsleg og knytte det nærare til talemålet. Um sideformene frå 1910 ikkje skulde vera lærebokformer, hadde Lars Eskeland alt i 1913 teke i bruk sumt frå denne umboti (bunde fleirtal hank. og hok. utan r - karane/kvinnone).

Me skal fylgja kvart brigde for seg:

-Det er alt umtala at den ubundne endingi -a i eintal av linne hok.ord (ei visa, gjenta, gata) vart heilt forbodi i 1938, men korn inn att i 1983, då på sideformsplass. Ein treng ikkje tvila på at umbøtarane i 1983 hadde uppdaga at endings-a stod mykje sterkare i rnålføri, m.a. i NordNoreg, enn tidlegare var tenkt.

-Låneord på -era (studera) vart valfrie -er-gjerningsord i 1910 jamsides a-bøygning. Sidan 1938 hev den upphavlege a-bøygningi vore forbodi, men a-bøygningi er framleis å sjå i skrift, og sume krev henne inn att i målet.

-Umbøtarane i 1910 trudde nok jo/ju-formene var på veg ut. Seinare kom det målbrigdarar som synte mindre måtehald enn i 1910; dei sette forbod mot sume jo/ju-ord. Og eit og anna slikt ord tykkjest uvanleg, kanskje, fram mot år 2000 (som skrjona). Men sume andre jo/ju-ord hev halde seg uventa sterkt, som hjupa, ljos, Ijuga, rjome, rjupa, stjorn, stjorna.

Me skal sjå litt nøgnare på noko so avhendes som bunden fleirtals-r i hok.ord og hank.ord. (kvinnorne, kararne). I norskdansk opna dei for r-frie former i 1907, og i 1917 vart r-frie former einerådande i båe mål. Det hev aldri reist seg noko ynskje um å få inn att r-en som stort sétt var ute or talemålet lenge fyre dette hundradåret. Alt midlandsnormalen hadde r-frie former, og Lars Eskeland tok r-frie former i bruk i mållæra si, slik me hev sétt, fyrr formene i grunnen skulde brukast i lærebøker. Gustav Indrebø, ein mann med ans for historisk samanheng, klaga heller ikkje på r-en. R-burtkastet hev vore rekna for ei rimeleg og rettkomi umbot som, truleg, gjorde skriftmålet lettare og naturlegare for dei fleste. Og for å hindra mistyding: denne bokskrivaren ynskjer ikkje å slå noko slag for r-en.

Men ein mann som Eigil Lehhmann hev heile tidi bruka r i dei umrødde fleirtalsformene, endå ikkje Lehmann heller hev gjort meir for r-en enn nett å bruka han sjølv. Um det soleis knapt er grunn til å setja upp denne r-en på ei ynskjelista for framtidsskriftmålet er det like lite eintydeleg innlysande at det var rettast å kasta ut r-en so lenge han høyrde til folks skriftvanar. R-en hev vore med frå gamalnorsken av. Og r-fri skrivemåte bryt med systematikken i målet, etter di i nokre umljodsord trengst i vedvarande, m.a. i klo/klørne, krå/krærne, rå/rærne, tå/tærne. Burtkastet av r bryt dessutan samanhengen i fleirtalsbøygningi, for i ubundi form er det bruk for r, same um han i mange målføre slett ikkje er høyrande her heller. Den r-frie skrivemåten i bunde fleirtal er sameleis eit brot med fleirtalsbøygningi i alle andre norderlendske mål - svensk, dansk, islendsk, færøysk.

Nemndmennene som skreiv under utgreidingi si den 20. februar 1909, var visst nok tvisynte når det galdt den r-frie bundne fleirtalsformi. Det helter at «der maaske kan være tvil» um kor god formi er.

Dette fær vera nok um burtkastet av bunden fleirtals-r. Ei umbot som kalla på tvil i 1910, som vart obligatorisk knappe 10 år etterpå, og som hev vorte framimot samtonande godteki i ettertid. I eit høve som dette hev brukarane av båe måli vore hjartans samde, er det likt til, og so fær me kanskje kosta på oss litt sjølvironi og hengja dei r-frie bundne fleirtalsformene på flaggstongi til sernorske skriftmålsmerke.