Mål og vanmæle 6 Målstriden løyst denne ættleden
VI Målstriden løyst denne ættleden pedagogikk, partipolitikk og målteknokrati
Dei kreftene som tykte at skriftmåli I 1917 hadde gjort for lite av si atsemjing til kvarandre - det vil segja at det hadde vorte for lite målblanding- desse kreftene heldt utetter i millomkrigstidi fram med ein ideologisk agitasjon som stundom kunde vera både stikkande, støytande og ikkje lite personleg. Samstundes la dei minor under det skriftgrunnlaget som kom i 1917. I dette siste hadde dei stundom fleirtalet av målfolket med seg, rett nok på ulikt grunnlag; sume ynskte å få burt dei mest grinande sideformene.
Dei nednorskingskreftene som me her talar um, målreformistane, fekk, noko grovmoska sagt, tilsig frå skulefolk i den høgre skulen, partipolitikarar, byråkratar og det me fær kalla målteknokratar. Denne sameiningi av partipolitikk, pedagogikk, byråkrati og språkteknokrati skulde land og folk verta vél kjende med seinare. Mor Noreg fekk seg istappa den trui, venteleg einsleg millom verdsens land, at eit lite fåment og offentleg utpeika mannskap serleg av filologar kunde kallast til å laga eit nytt skriftmål, um ikkje kvart år, so ikkje langt ifrå. Kjernen i denne trui, ikkje å segja merkelege grilla, måtte vera at filologar skulde vera fagfolk på mållaging. Dette er, som filologar flest visseleg veit, ei mistyding. Utvilsleg finst det filologar som er store målskaparar, men målskapingsevnor er ingi naturgjevi fylgd av innpugga kunnskap i lingvistikk. Skriftmålsreisarar er i det store og heile mykje sjeldsynte fuglar, og ingen skriftmålsreisar i vår nære grannekrins hev vore fagfilolog - ikkje Ivar Aasen, ikkje Martin Luther, ikkje Michael Agricola, ikkje Bende Bendsen, ikkje V. U. Hammershaimb. Dermed er ingenting gale sagt um filologien.
Atter hev me kome utanum fylgd og tidfylgd. Maktkreftene i millomkrigstidi var, som alle veit og slik me hev vore inne på, dei som med eigen ordbruk kalla seg talemålsfolk, folkemålsfolk, sosiale målfolk, samnorskfolk osb. Namnelappen på flaska fortel lite um innhaldet. Slett ikkje ordet samnorsk er eintydeieg, same um den eine flokken, målreformistane, til sjuande og sist greidde å lurva ordet so til at det i synleg framtid knapt vert brukande i nokon samanheng.
På den norskdanske sida er dei mest namnspurde forfedrane til samnorskideologien slike folk som Knud Knudsen, Moltke Moe og Didrik Arup Seip. På den nynorske sida er Halvdan Koht den mest ruvande, med versonen Sigmund Skard og Alf Hellevik til arvtakarar. Medan Seip synte teikn til ettertanke og kursjusteringsvilje då frukti av samnorskstrevet tok til å mognast, hev ikkje det same vorte sagt av nokon på hin kanten. Det skal endå segjast at dei alle visseleg hev vore velmeinande nok.
Ett mål i Norge - Målstriden avgjort denne generasjonen? skreiv Didrid A. Seip i 1917. Seinare kom andre med nærskylde tankar - på målsida. I 1920 skreiv Koht etter uppmoding frå Centralkomiteen i Arbeidarpartiet eit hefte um målrørsla og arbeidarrørsla, Arbeidarreising og målspørsmål. Dansk var yverklassemålet i Noreg; striden for det norske folkemålet høyrde med til klassereisingi, skreiv Koht. Han vilde sameina dei nasjonale og sosiale drivkreftene: «Aller mest var det om å gjera å få Arbeidarpartiet for målreisinga. Eg torer vel seia at arbeidet mitt for dette sette merke etter seg i heile tenkemåten innanfor Arbeidarpartiet, så det ikkje lenger berre støyrte frå seg den borgarlege nasjonalismen, men sjølv eigna til seg dei nasjonale tankane», skreiv Koht i 1951 (artgjeve etter Einar Haugen).
Hans Vogt, seinare professor i romanske mål og universitetsrektor, skreiv eit hefte i 1932, Målstrid og klassekamp, der han synte til Stalin og rosa bolsjevikane sitt arbeid for nasjonalmåli i det stalinistiske Sovjetsamveldet. Det skal heller ikkje løynast at Koht såg tvilsame luftspeglingar av godsidone i det stalinistiske riket. Ja, ja. Som me veit kom både ein og hin seinare til andre resultat. Men det fær leggjast til at i vårt store austlege granneland fekk dei mange nasjonalmåli i alle høve i namnet friare og betre tilhøve under Stalin enn dei hadde under tsaren. I heftet Arbeidarreising og målreising av Harald Kolltveit og Olav Rytter (3. uppl. Oslo 1939) lyder dei manande sluttordi: Målstriden kyst denne ættleden. Fram til eitt norsk mål!
Sermerkjande for dei kreftene som me her hev kalla målreformistane, er det at dei per definisjon rekna seg for radikale, progressive, framstegvenlege og meir slikt. Synsmåtane deira var gjerne, umedvite eller meir og mindre medvite, ispedde nokre dropar av eit slag marxisme, i vinden den gongen, ei avart av historiskmaterialistisk filosofi som meinte seg ha uppdaga ein flik av dei ævelege sanningar um verdsens upphav og endemål, og som soleis i si blygsemd gjorde krav på å kunna uttyda alle tenkjelege og utenkjelege løyndomar ved tungemålet. Målet var ein sosial reiskap, sa dei. Og dermed var alt sagt. Trudde dei. Med tidi fekk dette ei litt onnor form. Målet er eit kommunikasjonsmiddei, var slagordet. Lenge. Eit slagord som ikkje var beint usant, men som i beste fall berre drog fram ein tått av sanningi um målet, slik talemåtar um klassegrunnlaget for målstriden berre drog fram ein rått av det samla grunnlaget for målstriden. Det kunde vera freistande å gå dei nemnde slagordi nøgnare etter både i saumane og i djupni, men me let det vera her. Slagordi var flate, men knapt flatare enn sumt som vart frambore frå hin kanten, riksmålskanten, som osa av sosialt ovmod og språkleg snobbeskap av plattaste slag då, og kanskje endå sterkare i etterkrigstidi. Folkemålsgjørme, grautmål, fjøsmål var karakteristikkar på sjølve målet frå slike eleverte krinsar, som samstundes i like urbane og høgt eleverte ordeiag gjorde narr av dei gruppone som bruka målet, av di dei t.d. var fødde under ein skinnfeld med a i enden. Gruppehets, gruppemobbing og språkleg sjikanering er ord som ligg nær å bruka um dette.
Det sosiale tilsvaret frå dei som vart krossfararar for samnorsk, var i røyndi både skynleg og naturleg. Ja, for målrørsla var det framimot eit livsvilkår å gjeva eit klårt sosialt tilsvar. Men dette var ikkje nytt; slik hadde det alltid vore; alt frå ungdomen av hadde det gjort Aasen vondt når «velklædt Uvidenhed» krenkte og gjorde narr av det norske folkemålet. Med tidi vart det lagnadstungt, skulde det syna seg, at dei samnorsktruande i si sosiale grunngjeving um ikkje avnekta, so mismætte og usynleggjorde det nasjonale draget i målstriden. Det vart noko nær brot på hovisk framferd, for sume, å leggja hovudvekti på det som i alle høve var minst halve krafti i målstrevet, truleg mykje meir enn halve krafti - den historiske samanhengen og uppreisingi av det norske nasjonalmålet. På reint sosialt grunnlag kunde og kann den norske målreisingi knapt verta anna enn ei målførereising (dialektreising), med dei avgrensa siktemål som ei målførereising lyt ha. Dei som derimot kjendest ved det nasjonale underlaget for norsk målreising, godtok samstundes dei sosiale drivkreftene. For dei var det tale um tvo sidor av same sak.
Dette fær vera nok her, med spreidde tankar um drivkrefter og ordbruk i ein tilkvesst målstrid. Tankar som ligg i utkanten av emnet vårt, og som venteleg er so usystematisk framsette at dei ikkje syner rettvise til nokon kant. Men det svarar seg å hugsa at heile målstriden norsk mot dansk, folk mot herrevelde - er eit naturleg utslag av den lange norske soga. Når det hev vorte sagt at målstrevet hev sitt grunnlag i bondereisingi på 1800-talet, so kann me nok tyggja tja og ja til dette. Men bondereisingi på 1800-talet gjev knapt serleg levande framkraft kring år 2000, og det spørst um ikkje sume heller vil segja at målreisingi hev sin fyresetnad i den nasjonale frigjeringi i 1814. Bondereisingar hev det vore i mange land, men dei hev ikkje allstad løyst ut nasjonal målstrid.
Kor som er, dei som tala mest um det sosiale grunnlaget for målstriden, fekk etter kvart meir og meir kolsvidartru på at riksmaktene gjenom ei handfull utplukka rettskrivarar skulde få råda og rikja med skriftmålet nærast etter eige godtykkje. Til yverstelt siktemål hadde dei målblanding. Det var slett ikkje folket som fekk slik språkleg allmakt. Dei utvalde hev kome frå dei velståande lagi som rett nok i vårt hundradår hev fenge aukande tilsig frå arbeidarkrinsar og bondestand, men utan at dette tilsiget alltid hev synt slik att i målvegen som ventande kanskje kunde vera. Dei tok ikkje alltid målet med seg. Det er atter verdt å koma i hug Ivar Aasen som med utruleg framsyn sa nei både til ei formell embetsutdaning og til å skilja seg frå det samfunnslaget han kom ifrå. Klassesvikar var eit ord som kom noko i bruk ut på 1900-talet, men det ordet med fekk stundom ein partipolitisk vridnad som til tider mykje godt gjorde ordet til ei flagrande og innhaldslaus tomagne, løyst frå royndomenn. Aasen såg kvar det kunde enda.
Arbeidarpartiet hev vore nemnt, men det tyder slett ikkje at det partiet hadde eineandsvar for den målpolitikken som sistpå ikkje berre vart prøvd, men førd til sin beiske slutt, samnorskpolitikken. Millompartii studde stort sétt same politikken som Arbeidarpartiet, men med avvikande røyster båe stader. Høgre gjekk oftast imot, stundom med ei avvikande røyst, men det er vanskeleg å ettervisa at umsynet til norsk mål vog avgjerande tungt.
Dei som vilde halda det norske skriftmålet nokolunde i same faret som det til no hadde fylgt i heller stor fridom, var i yverveldande fleirtal både i målrørsla og millom nynorske målvitskapsfolk. Dei bygde på det tankeunderlaget - den ideologien - som målstrevet i røyndi alltid hadde bygt på, endåtil Fjørtoft - ei nasjonal målreising på folkeleg grunn. Eller som Gustav Indrebø skreiv det i Idé-grunnlaget for målreisingi (1934):
«Kva er då den berande djupast aktive idéen i målreisingi? Det er den nasjonale reisings- og sjølvhevdingstanken. Og truskapstanken. Det er ein ting me ikkje kan få med norskdansken, men berre kan få gjenom nynorsken: Det er eit norsk mål. Der er nynorsken eit uettergjevande, naudsynlegt vilkår.»
Dei såg fårane som nærma seg, og difor skipa dei, nokre, Norsk Måldyrkingslag i 1928, eit norsk akademi til motvekt mot dei kreftene som skulde verta eit verre trugsmål mot norsk mål enn riksmålsstrevet hadde vore. Måldyrkingslagsmennene som sette namni sine underskriftet «Skal me reisa det norske målet... » I 1936, var Lars Eskeland, Severin Eskeland, Nikolaus Gjelsvik, Anders Hovden og Inge Krokan. Ein kjend målvitskapsmann på same sida var Sigurd Kolsrud attåt Gustav Indrebo.
«Genialt klårsyn»
Det er fortalt lenger framme at i åri nærast etter 1917 gjekk 440 nye skulekrinsar yver til å bruka norsk skriftmål. Fyrst frå 1930 finst skulemålsstatistikk, og i 1930 hadde 19,5% av folkeskuleelevane dette skriftmålet i skulen. I 1935 var målprosenten 19,9%. I 1938 22%. Framgangen i millomkrigsåri var soleis ikkje serleg sterk, men jamn etter statistikken kom.
I 1929 fekk skriftmåli nye offisielle namn - nynorsk og bokmål. Tidlegare var det ikkje uvanleg å bruka namni landsmål og riksmål. Det fortel litt um målskynet den gongen at i Stortinget vart dei nye namni vedtekne i sterk tevling med norsk og norskdansk.
Korleis var tilhovet i norskmålskrinsane millom i-mål og a-mål?
Samla yversyn for heile landet er ikkje tilgjengeleg, men det ligg lyre yversyn for Bjørgvin bispedøme for 1929 (Vaagland 1982). Mest heile Hordaland hadde i-mål: 48 herad i-mål, 2 herad a-mål, 2 herad hadde nokre krinsar med i-mål og nokre krinsar med a-mål.
Storparten av Sogn og Fjordane hadde i-mål: 27 herad i-mål, 6 herad a-mål, 4 herad hadde nokre krinsar med i-mål, nokre med a-mål.
Ein stor part av Sunnmøre hadde i-mål: 8 herad i-mål, 12 herad amål, 4 herad hadde nokre krinsar med i-mål, nokre med a-mål.
Stoda i dei andre landslutane kann me berre gissa oss til. Men det er rimeleg å rekna med at i-målet stod sterkt i målbygdene i Rogaland, Agder-fylki, Telemark og Oppland.
Me ser soleis at i-målet heldt seg sers godt imot eit aukande press frå sume skulefolk i den høgre skulen, truleg heller fåtalde, og frå eit pågåande mindretal millom mållagsfolket. I pressa var det sume av desse som gjorde det til ei livsuppgåva å stikka etter i-mål og i -målsfolk, ei gjerd som på den kanten skulde reknast til god folkeskikk i lange tider, visst nok av umsut for sams sak. «Me held ikkje ut dette gnaget lenger,» sa Gustav Indrebø på umframtårsmotet i Noregs Mållag i 1938, og han kom nærare inn på spursmålet: «Tenk um me no eingong kunde gå fram jamsides i god fred, i målsmenn og a-målsmenn. Og unna kvarandre framgangen me kann få, kvar på vår kant. Ja, meir enn det: Gledast for framgangen åt kvarandre! Eg tenkjer det då skulde lata seg gjera å finna måtar for samlivet millom i-mål og a-mål! Det er ikkje den ting i og for seg at der er tvo former, med i og a, som valdar vanskar. Det er utolsemdi millom målfolket, den ymsesiduge irritasjonen som dei driv og el upp, han valdar vanskane. Eg sagde det her for tvo år sidan, eg vil få lov å segja det i dag, for eg hev arbeidt for det heile tidi: Me skal tola kvarandre!»
Til døme på stikkingi og det gnaget som Indrebo talar um, nemner me ei melding som Kåre Fostervoll hadde i Arbeiderbladet 16. februar 1932 um artikkelsamlingi Nynorsk og bokmål av Gustav Indrebo. Um provføringi til Indrebo helter det i artikkelen at ho var lærd og lang, men utan interesse. Indrebø synte i røyndi - som andre hev synt - at imål fanst att i ord som skåla, sak, saga i mange norske målføre. J-en kjem fram i dativ, skålinje, sakjine, sagjine, og i bundi form etter g og k, sakja (sakje), sagja (sagje). Etter Fostervoll smaka dette «so mykje av filologisk ordkløyving, at vanlege folk rekna det for tullsnakk.»
Kåre Fostervoll var filolog og skyna meir enn han let med. Han freista vinna billege poeng med usakleg skriving mot betre vitande. Mot villeidande skriving som lettvint ynskjer å dylja sanningi eller gjera sanningi til lått, nyttar det lite å leggja fram saklege grunnar. Ein annan riddar for same sak synte seg i bladet Den l7de Mai t.d. i ein artikkel um Olav Dunn, skriven av Arne Falk:
«Med genialt klårsyn har han (Duun) vist vegen vi har å gå, og på den vegen blir det vi ein dag vinn fram. Det blir ein 7. junidag som kjem tilå samle heile folket - undanteke nokre få som heller vilde havt ein i eller eit ben eller ein sten.»
Denne «stikkingi etter arbeidsbrør», som Indrebø sa, vara til langt upp i etterkrigstidi. No er det ikkje meiningi her å segja noko gale um Olav Duun eller målet hans; Duun var ein stor diktar og ein stor stilist som skreiv på sitt trøndske målgrunnlag. Det er heller ikkje meiningi å segja serleg gale um Kåre Fostervoll og Arne Falk og deira ferd; i den munbokskrivaren kjenner noko til dei, var dei å rekna for gjæve folk.
Men Arne Falks «geniale klårsyn» kann det vera rimeleg grunn til å tenkja litt på, serleg sidan dette «klårsynet» vart leidestjerna for den «utviklingi» som skulde samla heile folket i målvegen. Med «utvikling» er her meint den tvangsumforming av skriftmålet som riksmaktene sette i verk og som Falk trudde skulde føra til ein so jubelrik 7. junidag.
Gustav Indrebø, Nikolaus Gjeisvik, Sigurd Kolsrud og andre analyserte stoda på onnor vis. Dei spådde det motsette; dei varsla på fyrehand kva som måtte koma. Og som me longe veit, gjekk deira spådom i uppfylling; deira analyse var rett, og den lova 7. junidagen kom aldri. So kann me spyrja kven som hadde ein slump av det Falk kalla «genialt klårsyn».
Den departementale rettskrivingsnemndi
Det er tidlegare påymta at sume krinsar i skulen var med på å klekkja ut tankane um ei ny rettskriving i millomkrigstidi. Me strekar under tume krinsar. Frå lærarstemna på Austlandet kom det I 1928 ei utsegn som ynskte ny rettskriving i båe måli, med meir rom for austlandsformer.
Ei slik utsegn kann synast rimeleg nok, serskilt for seg, og ho er berre ein drope. Men slike utsegner er gjerne fyrehandstinga av einkvan, eller dei er brikkor i eit spel. Vert dropane mange nok, vert dei til eit fløde som strøymer sine eigne vegar, ubundne av upphavsmennene. Hendingane kann koma til å fylgja sin eigen innebygde logikk. Austlandsformer kann verta tolka til bokmålsformer.
I 1933 vedtok Stortinget at sidemålsstilen til artium kunde vera av lett resonnerande slag, noko som fyresette større krav enn tidlegare til målkunnskap. I tilrådingi frå kyrkjekomiteen sa fleirtalet at strengare målkrav kunde rydja veg for eit sams skriftmål i Noreg, og dei bad departementet peika ut ei fåment departemental nemnd som skulde sjå på rettskrivingi. Dei som stod bak var Lars Moen (A), Olav Steinnes (A), Thy. Svendsen (B). Tanken var at dei tvo skriftmåli for skule og styringsverk skulde tilnærmast og dei tillatne sideformene skjerast ned.
Framlegget vart vraka i valåret 1933. Arbeidarpartiet vann ein stor valsiger, og året etter la kyrkje- og skuleriksråden Knut Liestøl (V) fram proposisjon um rettskrivingsnemnd. Nemnd; skulde ha dette hovudmantatet:
1. Tilnærming på norsk folkemåls grunn millom dei tvo måli i rettskriving, ordformer og bøyningsformer.
2. Ei avgrensing av den store mengdi dobbelformer (obligatoriske - valfrie) som no finst i båe mål.
Mandatet vart nøgnare utdjupa:
Tilnærmingi millom dei tvo måli bør, sovidt råd er, skje i samband med avgrensingi av valfridomen. Ordformer og bøygningsendingar som hev eit breidt folkemålsgrunnlag (fleirtalsformer) vert gjenomforde som dei einaste i båe måli so langt dei høver med vedkomande måls indre samanheng og struktur, og der tradisjonelle umsyn ikkje legg altfor store hindringar i vegen.
Den departementale rettskrivingsnemndi hadde desse med: Professor Ragnvald Iversen (formann), lektor og politikar Gustav Natvig Pedersen, forfattaren Johan Bojer, professor Halvdan Koht (historikar), folkehøgskulestyrar Martin Birkeland, dosent (seinare professor) Arne Bergsgård. Dei tri sistnemnde skulde vera talsmenn for nynorsk.
Dei fremste innan den norske målsakkunna den gongen, Gustav Indrebø og Sigurd Kolsrud, var medvite haldne utanfor nemndi. Seinare hev det vorte sagt at dei sjølve ikkje vilde vera med, men det er utan grunnlag. Gustav Indrebø vilde venta med å seg ja noko til han vart spurd. Men spurd vart han aldri. Kolsrud hadde rett nok ingen hug til å vera med, men han vilde heller ikkje draga seg undan og slett ikkje til finsiktingi av nemndframlegget - det skreiv Koisrud i brev til Indrebo I 1938 (sjå bladet Vestmannen nr. 9/1987).
At dei målsakkunnige laut setjast utanfor av di det var kjent fyreåt at dei var «usamde i mandatet», er eit påskot, høveleg til målpolitisk røykleggjing, som Knut Liestol bruka i innlegg i Studentmållaget i Oslo den 22. februar 1936. Sidan hev andre bruka det. For det fyrste fanst det ingen presedens for at nemndmedlemer skulde vera fullt ut samde i nemndmandatet. Tvert um. Marius Hægstad var med i 1917-nemndi, men han skreiv sjølv at han var usamd i mandatet. Og mandatet i 1934 var kløyvt, sprikjande til kvar sin kant. Det er tvilsamt um målmennene utpeika til nemndi var samde i meir enn den eine mandathalvparten - den halvparten som vilde ha tilnærming. Den andre halvparten var både Indrebo og Kolsrud samde i - um å skjera ned på dobbelformene. Det var elles mykje godt naturgjeve at nemndmedlemene, kvar for seg, vanskeleg kunde vera samde i meir enn den eine mandathalvparten, slik mandatet lydde, for i grunnen var dei tvo mandathelvtene innbyrdes motstridande. Dette stadfeste nemndmennene sjølve med arbeidet sitt, i minsto målmennene; dei tok umsyn berre til fyrste bolken i mandatet, som rimeleg kann vera, sidan det var nett dét dei sat der for.
Den som i ettertid veit kva langvarande og lagnadstung innverknad dei tri nemndmennene gjenom statlege maktråder fekk på det offisielle skriftmålet, kan berre falla i undring yver den sernorske medferdi av landsens eige mål. Det var ingen norskfilolog millom dei tri. No meiner ikkje denne bokskrivaren at norskfilologi kvalifiserer til offentleg mållaging. Men kvalifiserte mållagarar var ingen i nemndi, og i eit slikt høve skulde vel ikkje norskfilologi vera beinveges diskvalifiserande heller. Som det no vart, fekk tvo historikarar og ein folkehøgskulestyrar nærast avgjerande makt yver det norske skriftmålet.
På det nemnde møtet i Studentmållaget kom Knut Liestøl med eit verjemål for nemndi. Han kningsiglar kritikken av nemndi med å visa til formannen, professor Ragnvald Iversen, som er «professor i norsk og forfattar av lærebøker både i grammatikk og i stil». Men det var den nynorske luten av nemndi kritikken galdt. Um dei nynorske nemndmennene sa Liestøl: «Koht og Bergsgård hev båe eit stort forfattarskap i nynorsk attum seg, og hev gjenom lang tid vore aktivt med i dryftingi av målformi. Birkeland hev vore lærar i nynorsk på ein folkehøgskule i Hordaland, og hev havt å gjera med ungdom frå heile Vestlandet. Bergsgård som er austlending, var i fleire år lærar i norsk på ein lærarskule på Vestlandet.»
Dei handplukka nynorske nemndmennene hadde berre eit lite mindretal av målfolket bak seg. Arne Bergsgård som var med i Noregs Mållag, hadde det store fleirtalet imot seg der. Martin Birkeland var med i Vestlandske Mållag, men synsmåtane hans var stikk i strid med grunnsynet til laget. Halvdan Koht var medlem i Norsk Måldyrkingslag, men der hadde synet hans ingen studnad.
Gustav Indrebo ordla seg hardt, til han å vera, um nemndsamansetjingi: Nemndi hadde målpolitisk slagsida, og i-målfolket var utestengde. Det var eit spel i strid med elementære demokratiske prinsipp.
Ved desse tider møter me for fyrste gong sume namn som skulde gå att i samnorskøsingi etter krigen: Sigmund Skard, Helge Sivertsen, Alf Hellevik.
Tilråding og revisjon
Tilrådingi frå den departementale rettskrivingsnemndi vart kunngjord den 8. januar 1936. Stormkasti tok straks til å piska mot tilrådingi, og dei kom, som ventande var, sterkast frå målfolket som hadde størst grunn til misnøgje. Målbrigdi skjekte mykje meir på nynorsken enn på bokmålet, ja, det hev vorte sagt upptil dobbelt so mykje. Jamvel Knut Liestøl kom med ei heller hard umdoming av nemndarbeidet.
Noregs Mållag sette ned ei nemnd som skulde saumfara tilrådingi, og i denne nemndi finn me: Sigurd Kolsrud, Einar Breidsvoll, Halvor Floden, Leiv Heggstad, Gustav Indrebø, Olav Midttun, Sven Moren, Martin Sivertsen, Hans Svean, Lars Søreide.
Vestlandske Mållag sette ned eit aksjonsutval der desse var med: Fink Hirth, Olav Hoprekstad og Gustav Indrebø.
Norsk Måldyrkingslag hadde og ei nemnd, som er umtala lenger framme.
Alle desse lagi avviste det meste av det som galdt nynorske målbrigde i den departementale nemndtilrådingi. I Vestlandske Mållag vilde ein ikkje ha so store målbrigde at lærebokbyte trongst, ein vilde halda uppe jamstellingi millom i-mål og a-mål, og ein vilde ha jamstelt slike former som hadde fast tradisjon i målet, som gjenge/gått,fenge/fått, hev/har, han/honom, me/vi; derimot ynskte ein kasta ut dei mest uhepne valfrie formene (øst, strøm, høre, kastes ol.).
Leiv Heggstad skreiv Skal storverket til Ivar Aasen øydeieggjast? Gustav Indrebø sa m.a. dette i Um målbrigdet: «Me fær køyra med tvo mål i tevling framleides ei god stund. Og me fær gjeva nynorsken ein ærleg sjanse i norsk riksliv, det hev han til denne dag ikkje fenge. Det kostar å køyra med tvo mål! segjer dei. Ja, det kostar for eit folk som hev fenge eit slikt brot i sin historiske vokster som vårt, å få bøtt det. Den kostnaden fær me taka, - både politikarane og folket! Me kjem ikkje til nokor god løysing på listige snarvegar.»
Det var i minsto eitt lite mållag som studde det departementale rettskrivingsframlegget. Det var Studentmållaget i Oslo - Der sette dei ned ei nemnd som strådde sand på det meste i den offentlege tilrådingi av di dei la «stor vekt på det reint praktiske: at nynorsk skal bli lett å læra - ogso for dei som ikkje har ein sokalla god dialekt.» Det er freistande å leggja til med ein viss etterpåklokskap at med det nedbrotne indre målsystemet hev ordlistenynorsken etter 1938 i alle høve ikkje vorte lettare å læra enn det gamle målet var. Men millom dei som var med i nemndi finn me Helge Sivertsen og Alf Hellevik.
Etter den knusande kritikken kom den departementale nemndi med ei tilleggstilråding ut på året. For nynorsk jenka denne tilleggstilrådingi på sumt, ma. vart me (vi) og i-målet som frå fyrst av var heilt stroke, no uppført med sideformsstatus. For bokmålet førde tilleggstilr' ingi upp nokre fleire hok.ord med a-ending i bundi form.
I Stortinget gjekk saki igjenom med den fyresetnad at ei revisjonsnemnd skulde saumfara rettskrivingstilrådingi. Det kom framlegg um utsetjing, men framlegget vart nedrøysta. Heile Arbeidarpartigruppa røysta imot, heile høgregruppa for. 11 frå Vinstre og 7 frå Bondepartiet gjekk saman med Arbeidarpartiet; 11 pluss 11 frå dei same partii vilde ha utsetjing. I den endelege røystingi um sjølve nemndtilrådingi vart denne vedteki med 112 mot 37 røyster. Mindretalet var 35 frå Høgre, 1 frå Bondepartiet og 1 frå Samfundspartiet. Ein høgremann røysta saman med fleirtalet.
Det er verdt å leggja merke til at i revisjonsnemndi kom der tvo bokmålsmenn og ein nynorskmann. Medlemene var Ragnvald Iversen (frå den gamle nemndi), Torgeir Krogsrud og Knut Liestøl.
Det hadde i millomtidi kome ny kyrkje- og skulestatsråd, Nils Hjelmtveit, og Liestøl hadde vendt attende til folkeminni. Kor rimeleg det var at Liestøl no skulde revidera arbeidet til den nemndi han hadde vore med å peika ut, kann vera eit spursmål. Sume hev nemnt det. Visst er det at same um meiningi til Liestøl var den beste, fekk han eit stort andsvar for den ulukka som målbrigdet i 1938 førde til for det nynorske skriftmålet. Jamvel lenge etter Liestøl hev samnorske talsmenn vanskeleg uppdaga dei grunnleggjande motsetnadene i den samnorske agitasjonen: dei tala um demokratisering og mangfelde, men arbeidde i røyndi for å knusa målsleg avbrigderikdom; dei vilde ikkje laga noko kunstmål, sa dei, men det var nett det dei prøvde på; dei tala um kor verdfulle målføri var, men den samnorske utflatingi kunde på ingen måte vera til framhjelp for målføri; dei vilde lite høyra tale um målnasjonalitet, norsk og dansk, men samstundes søkte dei å høvla burt nett dei sernorske måldragi.
Desse inkonsekvensane vart sers mykje tydelegare ut i etterkrigstidi. Men sume som på nynorskhald hev stade i brodden for eit samnorskstrev som hev enda i rein avnorsking, synest framleis dauve for dei skjerande motsetnadene i eigen lokkesong. Severin Eskeland (1880-1964) skreiv i ein artikkel som stend i soga um Vestlandske Mållag 1904-1954, utkomi til 50-årshøgtida i 1954:
«Det som eg vil streka under, det er at det er inkje «vestmennene» som krir for sitt, og vil stengja dei andre ute frå innverknad på målet. Det er stikk motsett. Uniformitet gjev sakta det norske målet ein fyremun utetter, i tevlingi med norskdansken. Men den indre styrken gjev meir, i lengdi. Og den veks best når formverket er so fjerre romslegt at kvar landslut i størst mogleg mun kan få leggja sin tone inn i det store nasjonale samspel. Trui på fri vokster, innanfor rimelege grensor, trur eg ein kan kalla ein arv frå deim som fyrst tok upp målsaki her på Vestlandet.»
I revisjonsnemndi freista Liestøl å retta på det han tykte var verste veilone i det nynorske målbrigdeframlegget. Indrebø gav han mykje ros for dette arbeidet; Indrebø hadde då som elles stor evne og stor vilje til å finna gode sidor på det personlege plan hjå sine medmenneske, og i høve der den saklege meiningsskilnaden måtte vera sterk, hadde han lag til å finna fram til dei rosverdige eigenskapane. I revisjonsnemndi hadde ikkje Liestøl det lett. Revideringsmennene var usamde, Liestøl stod åleine mot dei tvo norskdanske talsmennene, og partane kom med kvar sitt framlegg til departementet. Og ikkje nok med det. Tett fyre årsskiftet 1937/1938 sende professor Iversen og rektor Krogsrud (Den som bruka i-mål bøygde eigenskapsord av typen open etter i -målsreglane: ein open båt, ei opi kran, eit ope hus). Supinums-i og samhøyrande adjektivitiske i-system for inkjek. bøygning var det Knut Liestøl som fekk inn. Han vilde ha denne bøygningi til eineform, for i grunnen stend formi sterkt i talemålet, serleg på Austlandet. No vart den tradisjonelle e-formi tillati likevel (eit fullvakse tre, det er skrive, lese, bunde), og i dette høvet synte det seg uråd å halda klammerformi ute. I 1959 var -e og -i jamstelt.
I 1938 vart endingi -ent godkjend til sideform for eigenskapsord (kristent, opent). Derimot vart det forbode å bruka t-ending i inkjek. I ord på -leg, -ig, -ug (eit fælsleg syn, eit rettferdig ord). Valfridom til å bruka t hadde kanskje vore ei meir gjenomtenkt umbot. Mest unaturleg kjennest t-forbodet etter -ug: tolug mod!
I talordi kom forbod mot tvo, trettan, fjortan osb. tjuge, hundrad, tusund og fjore. Eineformer vart to, tjue, hundre, tusen, fjerde, tretten, fjorten osb. Talordet tri vart nedsett til klammerform. I det minste braut dette ein naturleg samanheng i skriftmålet millom tvo/tvi, fjorde/fjordung, tjuge/tjug, tretten/trettande, fjortan/fjortande osb. Sameleis stengde brigdet for tusund/tusunde, hundrad/hundrade. (Gode tjuge år seinare, i 1951, gjorde kontorius og papyrius ordi er lånte frå Arnulf Overland - sitt største varp i si syrgjelege soga, med di språkteknokratiet til framhjelp for norsk folkemål dikterte den nye teljemåten og dei nye brøknemningane som ikkje den ringaste heimstadrett åtte i nett norsk folkemål. Teljemåten treng me ikkje koma inn på, men i broken kunde ein heretter bruka grunntal både i teljar og nemnar - fem sekspartar eller fem sjettepartar. Sidan diktati ikkje hev vunne fullt og eintydeleg gjenomslag kring 1990, er det tvilsamt um dei gjer det, for alt hev si tid, som me veit, og nådetidi hev sine grensor).
Av varaord (pronomen) vart me, hennes, deires, annen tillatne sideformer. Hennes og annen vart jamstelte i 1959, men atter nedstøytte til klammerformer i 1985. Ordet me vart jarnstelt att i 1983 etter 45 års utlegd. Deires er framleis klammerform. Noen, noa, noe, noen kom inn i nynorsk skriftmål i 1938 med ein sideformstatus som denne formi framleis hev. Det same gjorde hokken (kva for ein). Ordi kem og ka vart tillatne i 1938, men vart burttekne i 1959 av di ingen bruka dei i skrift.
Einfelt//tvifelt konsonant: Formene med tvifelt medjod vart styrkte i 1938. Fattig, tømmer, kjønn, suppe, tinn vart eineformer. Andre vegen gjekk det derimot når dette høvde betre med bokmålet, t.d. kom det forbod mot den mållogisk og målsystematisk rette formi kann (notid av kunna), som upphavleg var einerådande i det norske nyreiste skriftmålet og som var jamstelt i tidi 1917-1938.
o til u: Ei rad ord med innarbeidd skrivemåte med u skulde heretter ha o av umsyn til bokmål. Me tek med nokre ord med stor brukfrekvens, som gav sterkt umskifte i måltonen: bort, krone (konge-), mon, om, omme, opp, oppe, trone (tidligare burt, krune, mun, um, umme, upp, uppe, trune - nokre av desse ordi hadde sideformer med o frå 1917).
y til ø: 1938-rettskrivingi førde med seg meir yvergang, usystematisk og rotut, av skrivemåte med y til ø i ei mengd ord. 1917-målet hadde i ein viss mun opna for dette, men helst varsamt og med hjelp av sideformer. Lista her er ikkje fullstendig: drøfta, før, føre, kjønn, krøpling, mørk, mørje, pølse, skjøna, spørja, spørsmål, sølgje (-y-), sølv (-y-). (Tradisjonelle skrivemåtar: dryfta, fyrre, fyre kyn, krypling, myrk, mytje, pylse, skyna, spyrja, spursmål, sylgje, sylv). I 1959 gjekk dei lenger på same vegen. Dei jamstelte formene sylgje, sylv vart klammerformer, og det same vart andre y-former, t.d. bylgja, fylgja.
Andre sjølvljodsskifte (vokalskifte): Ei lang rekkja ord med innarbeidde skrivemåtar skifte vokal, utan språkleg samanheng, etter fyrebilete frå bokmål. Yver vart no forbode, over vart eineform; ordi hadde tidlegare vore jamstelte; forbodne vart sameleis onnorleis, annarleis, ålmuge, ålvor, fåre, fårleg, brudlaup (men derimot trongst og trengst enno brud og brudgom!), sputta, vitnesburd studnad o.m. fl. Open i-ljod fekk i mange høve skrivemåte med e, ei umleggjing som tok til i 1917 (bil vart til bel, vike til veke mm.) Det grenselause rotet syner seg t.d. i at skjærtorsdag var hovudform, men derimot heitte det skirseld, endå fyrelekken i båe høve kjem av det norske gjerningsordet skira (reinsa). I 1959 vart dei danske formene hovudformer, og dei er det framleis.
Til ettertanke tek me med at landsnamnet som frå 1917 i vårt mål kunde heita Norig eller Noreg, jamstelt, frå 1938 fekk Noreg til eineform. Det vart gjort, skriv Nikolaus Gjelsvik i «Von og veg», «i den visse von at bokmålsfolket då skulde taka Noreg i sitt mål og, so landsnamnet vart eitt og det same i båe måli». Gjelsvik meinte at Norig vart den gildaste og mest klangfulle formi; og at formi er mest klangfull er det vel ingen tvil um. Aasen bruka Norig, men både Noreg og Norig hadde grunnlag i gamalnorsk, og vanleg meining no er vel at Noreg-formi etymologisk er rettast. Men tidi hev synt at Gjelsvik dømde rett når han kalla «den visse voni» um Noreg i bokmål for ein barnsleg tanke.
Tviljodar (diftongar): Frå 1938 vart nokre tviljodsord eineformer, som i 1917 fekk monoftongord attmed seg: draum, flaum, haust, saum, straum, drøyma, gløyma, gøyma, røyst, strøyma, aust. Sideformer i 1938 vart høra, kjøra, trett, trøst. Nye monoftongformer kom inn att i 1959, men ikkje monoftongordi høst, øst. Burtkast av d: Skrivemåte med d vart kasta i mange ord som hadde stungen d frå gamalt. Millom andre fekk no dei ordi amputert skrivemåte som Liestøl greidde ut um i 1917: breid, breida, greid, greida, keid, leid, reida. I praksis hev den amputerte skrivemåten ført til at mange vanlege avleidningar ikkje vert nytta lenger: breidna, breidsle, greidsle, greidnad, leidnad, leidsle, leidleg, lidarende osb. I mange høve hev fråstandet til bokmål auka med di bokmålet held på danske monoftongformer med d: lede (leia), rede (reia), brede (breia), kjede (keia), spreder (spreiar) osb. Norske d-frie tviljodsord hev ikkje vunne seg inn i bokmålet, slik tanken var, frårekna nokre fåtalde ord, som grei, hei, snau.
Fylgjebrot i skrivemåte grin alle i møte som skal bruka 1938 målet: li men tid; støe men stoda; sva men stad; snau men aud, troe men trøde osv. Eit ikkje uvanleg ord som ledmus (små muskelrykk) hev figurert i ordlistor sidan 1938 med eineformi lemus, truleg fullkomeleg uskynleg for dei aller fleste nynorskbrukarar.
Nokon konsekvens i skrivemåtane her fær nynorsk skulemål aldri fyrr d kjem inn att i dei aller fleste slike ord, idet minste som valfri hovudform. Konsekvent d-fri skrivemåte er utenkjeleg sidan d korkje kann kastast i alle slike ord eller er påtenkt kasta.
Sundrivne gjerningsord: Det kom forbod mot å bruka dei historiske rette formene i nemneform (infinitiv) og notid, påkravde for halde uppe språkleg samanheng, for desse gjerningsordi; bøygja, smøygja, tøygja, nøgja, pløgja, slegja, segja, tegja. Ordi skulde no skrivast: bøya, smøya, tøya, nøya, pløya, iløya, seia, teia. Aasen hadde med dei fleste av desse formene i ordboki, dei var og er sume stader uttaleformer, og det hadde knapt gjort nemnande skade um dei vart tillatne i skulen. Men forbodet mot dei rette formene braut for det fyrste bøygningssamanhengen, for den g-en som var utkasta i nemneform og notid, laut inn att i fortid og fortids partisipp; og for det andre braut dette forbodet samanhengen med ei mengd ord som bygde på same rot: bøyg, smøygd, tøyg, tøygsla, nøgd, (ei) nøgd, plog, slog, segn, togn.
Forbodne verbalformer: Dei tradisjonelle bøygningsformene hev, havt, gjeng, gjenge, stend, stade vart forbodne; dei hadde so langt vore jamstelte. (Standa, stend, stade og ganga, gjeng, gjenge var rett nok tillatne i «poetisk stil», kor mykje trong det no måtte vera for slik stil i skulen og på offentlege kontor!)
Avstytte verbalformer: Dei avstytte gjerningsordi vart litt styrkte med målbrigdet i 1938. Sume tillatne former frå 1917 vart no jamstelte - som be(da), dra(ga). Um dei avstytte formene er det kanskje ymse meiningar, men dei er knapt ei avnorsking.
Vilja, skulla, kunna: Av gåtefulle grunnar fekk vilja, skulla, kunna ny fortidsending med 1938-målet. Endingi braut med all verbalbøygning i norsk, for den vanlege de-endingi i fortid vart no forbodi. No skulde det i fortid heita ville, skulle, kunne, men ikkje ei sjel hadde sett fram ynskje um den nye endingi, ikkje ei sjel hadde havt vanskar med den gamle.
I Danmark førde dei inn same ending i dansk skriftmål i 1948, men då på eit rimelegare og meir sakleg grunnlag. For i dansk høyrest ingen d i talemålet, og former utan d hev havt eit lag til å syna seg i dansk skriftbruk. I norske målføre er d derimot stundom svært tydeieg den dag i dag, serleg i skulde og vilde (når skulde ikkje då vert avstytt til sku).
Rettskrivarane i 1938 fastsette kan til einform (notid av kunna). Frå 1917 hadde det vore valfritt kan/kann, men upphavleg heitte det berre kann som var det mållogisk rette. Nemneformi hev dobbel n (kunna), og notidsformi fylgjer nemneformi i andre tilsvarande ord, som finna, spinna, vinna, renna osb. I tillegg hev ordet kan stutt vokal og lengd kvantitet på konsonanten, og i samsvar med den «utvikling» som samnorskarar elles gjerne hev påkalla, skulde det i eit slikt høve vera dobbel grunn til dobbel konsonant!
Skrivemåten kann, vilde, skulde, kunde høyrer kanskje ikkje inn under dei store sakene, men dei er påofra litt umfram plass her av di dei er symptomatiske. 1938-rettskrivarane, som av Didrik A. Seip umveges fekk den attesten at dei var dilettantar, strauk elles d og skreiv h og nn i ei rad slumpesame ord: fell, snelle, snill, brann, funn, grann. (Andre ord av liknande slag fekk derimot ha sin tilvande skrivemåte; som land, rand, lund, stund, eld, velde, mild). Notidsformi fær (av få) vart forbodi, og nokre serskilde ord, mykje nytta og som difor synte mykje att, fekk ny og einerådande skrivemåte: so, fatig, gjenom, millom, næter (fleirtal av natt, tidlegare jamstelt med netter) vart til så, fattig, gjennom, mellom, netter. Det same galdt for mange andre ord som ikkje vert medtekne her.
Rådi frå Gustav Indrebø
Mange hev vore usamde i meiningane til Didrik A. Seip men knapt nokon hev drege i tvil den faglege sakkunna hans. Som me hev nemnt, kom Seip med ein hard dom yver arbeidet til rettskrivarane, som han umveges kalla dilettantisk. Domen til Seip fall serleg yver dei nynorske nemndmennene, for han tala um hæve historikarar og utifrå folkeminnegranskarar, og desse fagfolki fanst i den nynorske nemndgreini.
I den tidlegare umtala utgreidingi til Gustav Indrebø på årsmøtet i Noregs Mållag den 13. februar 1938, kom Indrebø inn på framtidi. Han sa um det nye skulemålet: «I det praktiske vil eg nemna tvo ting, som eg meiner me bør gjera for å få lagt eit noko anna grunnlag enn det som no er lagt. For det fyrste: I dei høve då ein stend fritt, bør alle som ynskjer ein meir sermerkt norsk og ein tenlegare skrivemåte enn den vedtekne offisielle normalen, halda fram med å skriva som dei hev gjort. Dette er ikkje illojalt. Det hev ikkje vore rekna for illojalt til dessar i dei krinsar som no brukar ordi illojalitet og sabotasje, å vika av frå den offisielle normalen burtimot norskdansk, og det til og med i offentlege dokument. Det fær vera like lovlegt her i landet å skriva meir sernorsk enn det offisielle, som å vika av burtimot norskdansk. Og det er ikkje fåfengt.»
Fram på hausten same året, den 25. september 1938, gjorde Gustav Indrebø, upptak til at det vart skipa ein Aasen-ring. Lagsmennene i ringen lova at når dei var nøydde til å bruka skulemålet, skulde dei skriva so nær upp til Aasen-målet som det var offisielt høve til. Når dei stod fritt, vilde dei skriva like norsk som dei gjorde fyrr rettskrivingi 1938 kom, eller norskare. I munnleg tale offentleg vilde dei bera fram det norske målet i ei vyrdeleg form. Ringen dreiv ikkje vanleg lagsarbeid, men fekk med kvart mange hundrad medlemer. Millom dei som vart med er kjende namn som Gustav Indrebø, Lars og Severin Eskeland, sokneprest Alfr. Andersson-Rysst, skuledirektør Olav Vevle, Eirik Hirth, Andreas Barsnes, Rolf R. Skre, Gerh. Garatun Tjeldstø, Olav Hoptekstad, Søren Ve, Anders Thuen Seim, Agnar Skeidsvoll, A. Skásheim, Konrad Nerheim, Ludvig Jerdal, Per Thorsen, Jarle Bondevik, Olaug Titlestad, Eigil Lehmann, Oddvar Nes.
So romsleg og demokratisk tilstilt som Gustav Indrebø var, hadde han venteleg ikkje tenkt at det skulde vera serleg vanskeleg å få ut hjelpetilfang og lærebøker med i-former og fleirtalsformer som visor. Men dei som no snart skulde råda det språklege romet, var korkje so romslege eller demokratiske i målvegen som dei gav seg ut for. Meir enn femti år etter 1938 er det framleis ikkje vunne gjenomslag for lærebøker på tradisjonelt norsk skriftmål.
Derimot skulde Aasen-ringen verta i verksemd lenge, og mange hev fylgt rådi frå Gustav Indrebo um å blåsa i det offentlege skriftmålet og skriva so norsk som dei evnar. Um me atter ser på tidi femti år etter 1938, so er det tradisjonelle målet i vokster, og det hev ikkje vore fåfengt å gjera rådi frå Indrebø til rettesnor.