Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

KVA ER HØGNORSK?

Av
SERGEJ ALEXANDER MUNKVOLD
Marstrand i Sverike 3. august 2005

Innehald


Eg skal visa nokre av hovudskilnadene millom høgnorsk og bokmål, og millom høgnorsk og nynorsk, so det kjem fram kvifor eg vel høgnorsk framfor nynorsk og bokmål. Det vert ikkje berre eit spursmål um kva som er norskast, vænast, lettast, rettast - det er saklege grunnar til at me skriv høgnorsk.

Nemningi høgnorsk

I høgnorsk legg me ikkje onnor tyding enn landsnorsk eller riksnorsk. Til samanlikning hev me høgtysk - ukjent er ikkje högsvenska og højdansk heller. Etter umgrìpsfestingi i uppslagsverket Norsk Allkunnebok (1948) er det ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson), ei tydingi som vart bruka alt tidleg på 1900-talet. I stykki Ordet høgnorsk og Høgnorsk målreising (Jostein Krokvik) kann ein lesa eit meir utførlegt stykke um emnet.

Men nemningi høgnorsk er nytta tidlegare i ei liknande tyding. Skotten Derwent Conways, ein ferdabokskrivar – han skreiv ferdaminne frå mange stader i Europa - gav ut ei bok i 1835 etter ei ferd sud og aust i Noreg - heilt upp til Telemark. Han skriv at han sette um folkevisor til engelsk frå målet han sjølv kalla High Norse. Wergeland las dette i eit skotskt blad og sette um visone til dansk (frå engelsk); Wergeland umset High Norse med Høinorskt, «hvormed han [altso Conway] ventelig mener vort Almumaal.». Dette nemnt som eit kuriosum, men ein artig parallell er at Torleiv Hannaas, ein av dei mest ihuga ideologane for høgnorsknamnet på 20-talet, la stor vekt på arven frå folkevisemålet.

Då landsmålet skulde få nytt namn i 1929, stod valet millom nynorsk eller berre norsk. Framlegget norsk tapte med éi røyst i Stortinget, og sidan hev me havt nemningi norsk saman med bokmålet (norskdansken). Kvifor høgnorsk då og ikkje beint fram nynorsk? Nynorsk er ovkorrekt - det er ikkje ofte me høyrer um nysvensk, nyengelsk, nyspansk - det fær ein til å tenkja at det er noko nytt eller påfunne, gjerne attåt bokmål, endå bokmål er yngre enn nynorsk. Nemningi nynorsk høyrer heime i ein språkhistorisk samanheng med gamalnorsk og millomnorsk, der han er ei nemning på eit målsteg i målsoga.

Rettskriving og brigde

Den fyrste som fastsette rettskrivingi for norsk, var Ivar Aasen, og stundom vert det sagt at høgnorsken er lik Aasen-normalen, men i sumt skil han seg. Eg skal no jamføra høgnorskrettskrivingi med dei ulike historiske rettskrivingane - ho er ikkje prikk lik nokon av deim. 1917-normalen vert ofte nemnd, avdi ein kunde skriva burtimot høgnorsk fram til brigdet i 1938. Fyre dette var det tvo rettskrivingsbrigde, eit i 1901, eit i 1910.

1901 og 1910

Ingi av brigdi i 1901 eller 1910 kann ein segja skìpla grunnmynsteret i norsken eller gjorde skade. Eit samandrag av dei viktugaste punktane er at t- og d-endemedljodi vart strokne (1901): Kastade, funnet, annat, kvat, opet, litet, saud (ikkje dimed sagt at dei skal uttalast slik) → kasta, funne, anna, kva, ope, lite, sau; ending på -e i lint hokyn eintal ei vise attmed ei visa og r-lause mangtalsendingar kvinnone, karane attmed kvinnorne, kararne (1910).

I svensk fall fortidendingane av kasta-klassa (-ade) burt alt på 1500-talet, men skriftmålstradisjonen førde deim inn i talemålet att. T.d. lydde stockholmsmålet på 1700-talet taji for tagit. Eg meiner at ein slik talemålsvokster som dette er ein gode. Det bind språklege ætteleder saman.

1917

Næste rettskrivingsbrigde kom i 1917. Denne rettskrivingi stengde ute nokre gamle skrivemåtar, t.d. rædd (no: redd), andlit (no: andlet), andsvar (no: ansvar). Men serkjennet for 1917-rettskrivingi var ikkje utestengjing, men at so mange nye former vart inntekne og jamstelte. 1917-rettskrivingi opna for større fridom enn nynorsken nokon gong hev havt, både fyrr og seinare. Håvard Tangen gjev eit døme på kva som kunde vera tillate - ein kunde skriva både: «Nå trur je at noe må gjøres før det blir opstyr om saka.», og: «No trur eg at noko må gjerast fyrr det vert uppstyr um saki.» For nynorsken vart heile 1917-brigdet eit langt steg mot bokmål. Bokmål fekk ein brote valfrie former inn; sers mange krinsar innførde deim, men dei vart snøgt utkasta att.

1938

1938-brigdet er der nynorsk og høgnorsk skil lag. Avdi mange av dei valfrie formene frå 1917 ikkje vart nytta, vart dei no påbodne. Sume hev kalla det ikkje berre eit brigde i rettskrivingi, men beint fram eit målbrigde. Denne rettskrivingsnormalen av 1938 var ei ulukka for norskt skriftmål. Mange norske skrivemåtar vart strokne: um, upp, gjenom, millom, undan (-tak), hev (av hava), greid, leid, breid, nittan, tjuge - og ei rad andre former. Høgnorske former som skil seg frå bokmålet, er oftast med ”klammeformstatus” eller er strokne. i-målet skulde takast ut, saman med mangtalendingi -or. Fleirtalet i nemndi tala for å gjeva deim sideformstatus, eit mindretal (m.a. Halvdan Koht) vilde strjuka formene heilt.

Høgnorsken er ein skriftleg praksis fyre dette brigdet, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok 1920-39 (frå 1930)) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge.

Samanbrotet i det norske skriftmålet i 1938-normalen kjem avdi samnorsktanken no slo gjenom for fullt. Den grunnleggjande tanken i samnorsken vart fyrst utmeisla i 1913 i mandatet til rettskrivingsnemndi: «Den størst mulige tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge. (...) komiteen maa altid ha for øie at den skal aapne for en utvikling frem imot national samling paa grundlag av folkets virkelige talesprog.»

Ein kann slå fast at det er lite som er “sundt” og “naturlig” med 1938-brigdet, so stort eit inngrìp det var i offisiell rettskriving. Samnorsktanken og 1938-brigdet var ikkje Ivar Aasen ein gong – det vil segja ei skriftfesting av eit mål utan eige skriftmål – men ei samanstøyping av tvo ulike skriftmål, tyfte på ulike tradisjonar. Ei slik samanstøyping hadde aldri vore gjort fyrr, men like vel skulde ein her på teknokratiskt vis gjera det umogelege - taka ”det store spranget framyver”. Bokmål hadde sterkast rettskrivingstradisjon. Bokmål stod sterkt sosioøkonomiskt - det hadde prestisje, statsstyringi og flestalle utdaningsinstitusjonane låg i bokmålsumråde. Nynorsk stod mykje veikare. Det førde då heilt naturleg til at bokmålet, som var sterkast av måli, fekk auka tilsluttnaden.

Eg skal sistpå gjeva eit døme på dei skiftande formene og vaklingi til dei ulike rettskrivingsnormeringane. Skal det heita ei visa eller ei vise?

  • Aasen valde -a (ei visa)
  • 1910: -e inn (ei vise & ei visa)
  • 1938: -a ut og -e einaste form (ei vise)
  • 1983: -a kom inn att, denne gongen i klombrer (ei vise & ei [visa])
  • 2002: -a ut att (ei vise) - men framlegget til ny nynorskrettskriving vart ikkje godkjent av departementet.

Den høgnorske uppbygnaden

Den nynorsken me hev, vart aldri vart nokon samnorsk slik tanken var, men eit konglomerat av språklege kompromiss. Høgnorsken er meir språkleg konsekvent enn nynorsken, han er meir medviten um etymologi og uppbygnaden i målføri. For å syna uppbygnaden i høgnorsk skal eg fara gjenom formverket og stavnaden (ortografien).

Formverket

Eit kjent og ytre merke på høgnorsken er i-målet, eg skal difor gjeva yversyn yver formverket i høgnorsk, og visa samanhengen med grannemåli og norrønt. Namnordi hev tri kyn - hankyn, hokyn, inkjekyn. Desse hev anten linn eller sterk bøygjing, som viser seg i bøygjingi.

Bøygjing av namnordi i norrønt, høgnorsk og svensk:

Norrønt:

eintal mangtal
ubundi bundi ubundi bundi
dagr dagr-inn dagar dagar-nir
hani hani-nn hanar hanar-nir
tíð tíð-in tíðir tíðir-nar
vika vika-n vikur vikur-nar
ár ár-it ár ár-in
auga auga-t augu augu-n

Høgnorsk:

eintal mangtal
ubundi bundi ubundi bundi
dag dag-en dagar daga-ne
hane hane-n hanar hana-ne
tid tid-i tider tide-ne
vìka vìka vìkor vìko-ne
år år-et år år-i
auga auga(-t) augo augo
norr. /-nn/ > høgn. /-n/; norr. /-n/ > høgn. /-∅/; jf elles eldre høgn. hester-ne, tider-na

Svensk:

eintal mangtal
ubundi bundi ubundi bundi
dag dag-en dagar dagar-na
hane hane-n hanar hanar-na
tid tid-en tider tider-na
vecka vecka-n veckor veckor-na
år år-et år år-en
öga öga-t ögon ögon-en
jf bøygjingi av varaordi (pronomen) og tilleggsformene (partisippi) av gjerningsordi (verbi): min, mi, mitt; hin, hi, hitt; din, di, ditt; sin, si, sitt; eigen, eigi, eige[t]; komen, komi, kome[t] Uppsumering: -inn > -en i høgnorsk, svensk og dansk; -it > -et i høgnorsk, svensk og dansk; -in > -i i høgnorsk, -en i svensk og dansk; -an > -a i høgnorsk, -an i svensk, -en i dansk einn > ein; enn (i Wasa-bibelen), en (svenskt (og norskt) målføre); ein > ei; en (i Wasa-bibelen), e (svenskt (og norskt) målføre)

Det som flokar til for norsken, er at upphavleg gamalnorsk -in ymsar mykje, som i målføri hev mange avbrigde: i, e, ei, æ, a (med platalisering). Men her er det uppbygnaden som er viktug. Ikkje eingong der folk hev i-målet ljodgrant i talemålet nyttar dei formi, so mykje for talemålnærleiken.

Stavnad

Med ljodskrift kann me lesa upp kva mål som helst utan å kunna det, det gjev oss uttala utan å kunna uttalereglane. I ei skriftnorm derimot, vil ein burtimot ljodrett stavnad hava so mange variablar at det vert for innfløkt og upraktiskt, han viser ikkje so nøgje uppbygnaden i målet. I eit skriftmål må måluppbygnaden syna seg:

Soleîs kann godt og gått vera tvo ting – godt av god, og gått fortid av ; låkt og lågt av låk eller låg; de og det - alle de som er her og det var eingong; å og og, endå det oftast er lik i tala.

Samanheng og reglar som er fylgjestrenge og greide, hev mykje meir verde enn tilfellelege ljodrette skrivemåtar. Korleîs ein lempar til stavnaden i ulike mål må tilmåtast etter desse kvar for seg. Men ei grunnsetning gjeng ofte att i skriftmålsnormering, det må vera samanheng og konsekvens.

Døme på konsekvens: Ein og same upphavlege vokal hev kløyvt seg i målføri - det som kann vera i og e einstad på Vestlandet kann vera tilsvarande e og æ i Trøndelag. Jf. trøndsk: ligg (notid av liggja) > legg og legg (notid av leggja) > lægg. Dette gjeng etter eit fast mynster. Ein vel ikkje stavingi av sume ord etter uttala ein stad i landet, og stavingi av andre ord etter uttala ein heilt annan stad i landet, det hadde laga kaos. Altso ikkje æple med æ og elg med e. Dette fylgjer høgnorsken fullt ut:

Staving av upphavleg e fyre r:

Høgnorsk Norrøn Bokmål Nynorsk
vera vera være vera
skjer sker skjær skjer
her (~ og no) hér her her
her (~tenesta) herr hær hær
lêr leðr lær lêr
vêr veðrr vær vêr
ser (~emne) sér sær sær/[ser]

Her er altso høgnorsken fylgjestreng, medan nynorsk hev teke upp tilfelleleg frå systemet i bokmål. I gjeldande rettskriving er stavingane ikkje tilmåta norsk måluppbygnad, utan her og der frå dansk og bokmål.

Favoritten min her er stavingi av tel (norr. þel), som hev seks ulike grunntydingar i Nynorskordlista. For tyding éin derimot – ”viljestyrke” - hev ein laga ei eigi attåtstaving tæl. Kvifor? Avdi det er den einaste tydingi som er teki inn i bokmål, der stavingi er tæl. Det einaste konsekvente er tel yver heile ”fjøla”. Ein hev ofra all tanke um indre samanheng. Lista kann gjerast mykje lengre:

ø-y: Her hev målføri ein distribusjon der ordi anten er uttala med y eller ø. Høgnorsk hev skriftteiknet y i desse dømi: bygd, bytta, fylgja, hytta. Jf. Trøndsk uttala.

Tvifeld medljod: Høgnorsk koma, gamal, saman skal i norsk språktradisjon skrivast med ein m, medan nynorsk rettskriving er kaotisk her: komma/koma, gammal/[gamal], saman.

So hev me d (norrøn ð) i utljod (tid) og millom tvo vokalar (spade). Høgnorsken fylgjer same grunnsetningi her som ovan. d-en er ikkje stum alle stader i landet; der d vert uttala i tid og med, vert han òg uttala i lid og saud. Skriv ein tid med d, må ein òg skriva lid med d. d-en held seg dessutan i jamvektsord, som i trøndsk: tuddur (tidur), spåddå (spade). Og oftast lyd han att fyre -ig (blod, blodig). I det sidste dømet er nynorsken inkonsekvent: stø utan d (høgnorsk: stød), men: stødig med d.

Staving av upphavleg d millom vokalar og i utljod:

Høgnorsk Bokmål Nynorsk Dansk
breid bred/brei brei bred
greid grei grei -
heid (jf heiden) hei hei hed
leid lei lei led*
lid (av lida) li li -
med med med med
raud rød raud rød
saud sau sau -
seid sei sei -
tid tid tid tid
tidur tiur tiur -
Ord som ikkje finst i dansk eller som hev sernorsk form - t.d. med tviljod - fær stavnaden sin etter bokmålsuttala (vikværsk) i gjeldande rettskriving.

Døme på konsekvens i høgnorsk bøygjing jamte nynorsk:

bøygja (bøya), bøygjer (bøyer), bøygde, hev bøygt
segja (seia), segjer (seier), sa(gde), hev sagt
pløgja (pløya), pløgjer (pløyer), pløgde, hev pløgt
bægja (=hindra), bægjer, bægde, hev bægt
Der gjeldande rettskriving i nynorsk skil seg, er formi sat i parentes og kursiv.

Ein kann på ingen måte sjå korleîs ein skal bøygja ordet ut ifrå grunnformi etter gjeldande rettskriving. At -gj- skal uttalast j er ein greid og kjend regel. Skal ein normera gjeva slik: jeva, jev, gav, hev jeve?

Det kjem ikkje lenger klårt fram at nynorsken er eit anna språk enn bokmål, med eigne reglar som er tilmåta språket sjølv. Regelbrot og uppsamla rot frå eit anna mål - bokmålet - gjer at det vert ei rad avstikkande ord i staden for ein systemskilnad - det vert alle einskildordi som skil seg frå bokmål ein hengjer seg upp i, i staden for at språksystemet i norsk skil seg frå språksystemet i bokmål. Ein kann segja at bokmål vert mælestaven for kva som er moderne og normalt. Nynorsken vil aldri verta moderne eller nokon gong få fred på eit slikt grunnlag.

Ei liti historia: Då eg skulde senda inn eit lesarbrev um sidemål i Adresseavisen, fekk eg merknader av lesarbrev-andsvarleg i Adressa på flestalle ordi eg skreiv som var ulike bokmål. Ikkje måtte eg skriva so, men ; ikkje skyna med y, men ø; ikkje læt (notid av låta) med æ, det måtte vera med e. Men det gjekk no greidt til slutt då eg nemnde at læt var einaste lovlege form i nynorsk. Ho var elles veldig for sidemål, og hadde ei mor frå nynorskland.

Ein god del nynorskfolk ber på ei vond kjensla av nederlag. Ein må liksom godtaka tidi og stoda me er i: Gjort er gjort, gjeldande rettskriving må me berre liva med. Ein gong var rettskrivingsbrigde noko målfolk skulde vinna målstriden med, i dag er det noko me ikkje skal tapa målstriden med.

Det er tvo ting som gjer ei rettskriving vandskeleg – inkonsekvens og for mange stavingar av eit og same ordet. Bokmålet hev kannhenda likso mange valformer som nynorsk, men hev ein fastare tradisjon – endå skott er sideform, skriv alle skudd. Høgnorsken fylgjer reglar som er strenge og greide, og det hev mykje meir verde enn tilfellelege talemålsnære skrivemåtar. Høgnorsken er difor reint språkleg lettare å læra seg enn både nynorsk og bokmål, og lettare å skriva når ein er van med honom. Men eg er ikkje so fundamentalistisk at eg trur at ei konsekvent rettskriving vil løysa alle tileigningproblem. Tileigningi er eit problem mange mindretalsmål slit med, t.d. gjer katalanskskrivande meir skrivemistak enn kastiljanskskrivande (riksspansken) på grunn av den sterke påverknaden frå kastiljansk.

Det er sameleîs uråd å få folk til å skyna sjølve idealet og grunnlaget åt nynorsken, at han skal vera ein samnemnar for målføri, soleîs at stavingar t.d. på -er kann uttalast både /er/ og /ær/ i samsvar med målføri, eller at y kann uttalast både y og ø. Det er alle undantaki og bokmålsnedfallet som hev gjort det umogeleg. Nynorsk dreg altso inn stavingar av sume ord frå dansk og bokmål. Det løyser upp systemet, og dei fylgjerette norske stavingane som skil seg, fær stempelen gamaldags. Nynorsk tek altfor mykje umsyn til ”her & no-målet”, og ikkje minst bokmål. Døme: I den nyaste framlegget til bibelumsetjing heiter det ”Gud driv ikkje forskjellsbehandling”. Ein banaliserar for at det skal vera talemålsnært. Aasen vilde byggja på det gjævaste i talemålet, og ei betre umsetjing er det einfelte: ”Gud gjer ikkje skil på folk”. Det var samnorsken som upphavleg dreiv fram dette forfallet. Og målbrigdi i (1917 og) 1938 kappa band til norsk språktradisjon. Eller sterkare. Nynorsk – etter gjeldande rettskriving – er den øydeleggjande verknaden av samnorsken. Difor skilde høgnorsken og nynorsken lag. Ein undervurdera styrken i skriftnormi til bokmålet, og det kviler ei myrk sky av tapskjensla yver nynorsken i dag. Samnorsken hev ført nynorsken inn i ei saks, der samnorsktanken segjer at nynorsken både skal vera lik bokmålet og lik målføri. Me høgnorskfolk vel å bita av foten, og koma ut av saksi gjenom å leggja avgjerande vekt på uppbygnaden og tradisjonen i det norske målet.

Målføre og høgnorsk

Ivar Aasen fastsette ei norm for det norske målet, det historiske grunnlaget var dei nedervde målføri. Dessutan såg han til gamalnorsk og millomnorsk, og til grannemåli – allvisst svensk.

Sylfest Lomheim spådde at innan 100 år vil engelsk taka yver for norsk i Noreg. Det er ei sanning i dette – dersom me ingen ting gjer, kann spådomen verta sanning.

Det er ei vel so stor synd å berre segja at me trur ikkje på ein slik spådom, på lagnaden og samstundes ikkje gjer noko for å hindra dette eller held på i same faret – ein må hava ein plan og ein grunn. Ein kann ikkje berre tru at folk ein dag vil vakna og ha eit anna syn på språk. Det er faktiskt berre eit fåtal som bryr seg um språk – fleirtalet driv berre med straumen. Difor må dei målmedvitne og ihuga gjera målpolitiske val som kann påverka andre.

For 200 år sidan var det islendske talemålet i Røykjavik sterkt påverka av dansk (det same i Torshamn), det var eit mål på veg mot undergang, og ein spådde at islendsk vilde døy ut innan ei viss tid. I staden vart talemålet utpå bygdene gjort til idealet i tala og skrift, og no er det danske trengt ut or tala. Utan talemålsgrunnlaget hadde islendsk døydt ut. Endå dei historiske umstendi er onnorleîs i dag, viser det at ein må ha ein ambisiøs vilje, plan og mål. Noko liknande må me gjera her i Noreg, skal ikkje norsken tapa for dansken.

Å lita på at målføri skal berga det norske kann vera naïvt. På Island vert faktiskt fråværet av målføre framheva som ein styrke ved målet. Sjølvsagt skal ein halda på dialekten, men ikkje i alle høve og for kvar ein pris. Høgnorsken ser ikkje på mangfaldet i den ljodlege uttala som nokon djupare språkleg rikdom. Språket vert ikkje rikare - eller fatigare - etter kor mange måtar me kann segja eg, ikkje, mjølk eller elleve på. Det rører ikkje ved den sams uppbygnaden i målføri, som Ivar Aasen bygde på.

Bokmålet femner vidare enn målføri – t.d. i sermål som jurdiskt, akademiskt, politiskt, religiøst mål. Her vil dialektbrukaren gjerne henta ord og vendingar frå det etablera, autoritære bokmålet. Desse sermåli hev liten eller ingen heimel i nokon dialekt. Dei fleste vil segja ”De ti bud”, ikkje ”Dei ti bod(ordi)”. Bokmålet vert integrera i målføri på denne måten utan å vera meir dialektnær enn dei høgnorske motstykki. Ein nynorskbrukar sa at han ikkje kunde nytta ordet ”orskurd” av di han ikkje hadde ordet i dialekten sin, han hadde nog heller ordet ”kjennelse”. Han kjende berre det danske ordet. Dialektbrukarane hentar meir og meir av ordtilfanget sitt frå dei ulike sermåli. Slagordet ”skriv nynorsk, snakk dialekt” kann soleîs gjeva livd til dansknorske ord i målføri og nynorsken. Å berre halda seg til dialekten sin kann soleîs verta målpolitisk sløvskap i denne samanhengen. Og me veit at i takt med at språket hev vorte meir og meir skriftbasera (serleg sidan slutten av 1800-talet), er dialektane vortne meir og meir like bokmål. Dette vil berre halda fram dersom ein ikkje gjer noko målpolitiskt aktivt.

For høgnorsken er t.d. anbehetelse fy-fy både i tala og i skrift, me normerar soleîs so mykje som råd dialekten der han hentar tilfang frå norskdansk – ideelt sét. Me segjer Noreg heller enn Norge, storleik i staden for størrelse, kjensla for følelse, fridom for friheit, åtak for angrep, røynsla for erfaring osb. Her vil det ymsa kor langt kvar høgnorsking vil ganga.

Slik målstoda no eingong er, verkar bokmålet som autoritært kulturmål, som gjev frå seg tilfang der spårkbrukaren vantar dialektord. Ein kunde ynskja at høgnorsken kunde koma i staden for bokmålet her, det finst ikkje nokor millomstoda. Dialektane kunde supplerast og korrigerast av norsk språkemne og me kunde kjempa med dei same midlane som bokmålet hev fenge.

Ordfang

Me hev nemnt den islendske målreisingi som eit fyredøme for målreising. So kann me nemna eit døme på det motsette, ei målreising på brestande grunnlag. I dansken bruka Holberg og hans samtidingar mange ord av franskt og latinskt upphav – tidleg 1700-tal. Fransk var det autoritære prestisjemålet, men tyskane hadde òg drive ei målreising der dei nytta røter og former som fanst i det tyske målet, og når dei skulde laga nye ord for umgrìp i ny kultur, vitskap og daning, nytta dei avleidingar og samansetjingar med rot i tysk språktradisjon.

Det var nett det danske bokmenn kring 1760 og utetter vilde gjera med sitt mål. Men dei evla ikkje å byggja på danskt målemne, dei tok som oftast det tyske ordet og gav deim ei modifisera staving so dei skulde lyda dansk.

Døme:

modestie - BescheidenheitBeskedenhed; passion - LeidenschaftLidenskap; applaus - BeifallBifald; public - öffentlichoffentlig; regulair - regelmäszigregelmæssig.

Det er ikkje vant å finna høgnorske motstykke. Beskjedenhedsmålæte/smålåtenskap; lidenskapglød, ofse (alt etter som); erklærekunngjera.

Døme på upphavet til andre kjerneord i det norskdanske riksmålet:

continuere fortsetzen fortsætte
contribuere beitragen bidrage
celebrere feiern feire
favorisere begünstigen begunstige
attaqvere angreifen angribe
contribuere beitragen bidrage
provocere herausfordern udfordre
conqverere erobern erobre

Me kjenner att dømi som kjerneord i riksmålet. Dei renn naturlegvis ikkje frå norsk målkjelda, ikkje eingong frå dansk, men altso frå tysk språktradisjon. Målreisingi åt danskane er bygd på danske stavingar av tyske ord, i riksmålet hev desse ordi fenge ein meir norsklydande skrivemåte. Dei glid so lett inn språket med ein heimleg dåm, det er dette som gjer deim so fårlege. Fyremålet var å laga heimlege ord for nye umgrìp i daning og kultur, men det vart gjort på eit so kleint grunnlag at Aasen skildra det slik:

”Fuskar-Tanken, at naar berre all Ting kann hava eit Namn, so er det stødt det same, kvat Namn det er. Paa den Maaten er det ingen Vande i «at fylgja med Kulturen»; paa den Maaten er det lett at gjera eit «Kultur-Maal» av det armaste og klenaste Bygdarmaal, som finnast kann; for det trengst inkje annat en berre at taka alle dei Ord, som ein kann minnast av utanlands Bøker, og slengja deim inn i Maalet, utan at velja elder vanda; og dermed er Kulturmaalet ferdigt. Slikt kann ein segja, er at «gjera eit Maal» og at gjera det med Magt (Ivar Aasen, Skrifter i samling Trykt og utrykt III; Minningar fraa Maalstriden um Hausten 1858, s. 146) ”

At slike ord er kjerneord i eit mål som vil kalla seg norsk, gjer alltid nynorsken/høgnorsken og målstriden legitim og naudsynt. Finn Erik Vinje segjer at det berre finst éin norsk, det er berre det at me hev tvo variantar av honom. Um me no skal tala um tvo variantar av norsk, so må det vera nynorsk og høgnorsk. Det som skil det svenske og det danske riksmålet frå bokmål, er at det svenske er svensk, det danske dansk (trass alt), medan riksmålet og avleggjaren bokmål er tillempingar av språket koloniherren nytta i kolonien.

Berre heilt sjeldan viser Bokmålsordboka det danske upphavet åt eit bokmålsord, elles freistar ein å løyna det danske upphavet til ei mengd bokmålsord, men det gjer ein ikkje med lånord frå andre mål. Eg skal nemna nokre døme millom mange:

Uppslag frå Bokmålsordboka:

skåne v1 el. v2 (lty schonen 'behandle på en fin måte') spare for noe hardt, ubehagelig s- en for noe / bevare mot skade s- klærne sine

IV skåre el. I score m1 (utt skåre; eng. score 'hakk, innsnitt; poeng') 1 konkurranseresultat; poengstilling laget vant med en s- på 3—2 / en god, dårlig s- 2 […]

bud n1 (norr boð, besl med II *by) 1 beskjed, varsel få b- om noe / sende b- etter noen / bære b- om varsle 2 […]

II tro f1 el. m1 el. I tru f1 [m1] (norr trú f, besl med trygg, trøst) 1 mening, forestilling, overbevisning det er min faste t- at det er slik / leve, sveve i den t- at alt er i orden / la en bli i den troen / handle i god t- 2 […]

skudd el. III skott n1 (norr skot) 1 det å skyte, avfyre skytevåpen skyte s- på s- / kanons-, geværs- / smell når en fyrer av et skytevåpen høre et s- / posisjon som gjør det mulig å skyte få s- på noe 2 […]

I de pers pron, obj-form dem, gen.form deres (utt di; opph av II de) 1 fl av han, hun, den, det / de kom i går / det var deres egen skyld / det fins de som mener at ... 2 […]

II de påpekende pron, obj-form dem, gen.-form deres (norr þeir, dat þeim, gen. þeirra, jf I den, I det) fl av den, det / var det de bildene du snakket om? / dem kan du ta, så tar jeg disse

velge valgte, valgt (norr velja, besl med *II ville) 1 av egen vilje bestemme seg for (noe); slå inn på, satse på; preferere v- å bli fagarbeider, lærer / v- et uheldig tidspunkt / jeg valgte å ikke si noe / v- med omhu / v- og vrake / ha mye å v- i, imellom / v- feil, rett / ta, peke v- ut det beste / jeg v-r å tro at... jeg tolker (et utsagn, et avstemningsresultat) som at... / v- bort la være å velge noe, velge noe annet enn 2 […]

selge solgte, solgt (norr selja) overdra mot betaling, avhende ha noe å s- / s- garden sin / varen s-r godt, dårlig det blir solgt mye, lite av den / s- ut kvitte seg med / oppdager de meg, er jeg solgt ferdig, fortapt / gi avkall på sin overbevisning, sine idealer mot materielle fordeler s- sin politiske overbevisning / refl: s- seg selv / s- seg til fienden gå i hans tjeneste mot betaling / s- seg, sitt liv dyrt gjøre tapper motstand

gress el. gras -et (norr gras) 1 også koll.: plante(r) av art(er) i gressfamilien el. lignende blomsterløse vekster grønt g- / ligge i g-et / ete g- / gå på g- gå på beite; overf: ha det godt (til så lenge) / mens g-et gror, dør kua hvis redningsaksjonen planlegges for lenge, dør offeret; hvis forberedelsene tar for lang tid, blir det hele for sent el. uaktuelt / tjene penger som g-

II glemme glemte, glemt el. II glømme glømte, glømt (norr gleyma, av glaumr 'overstadig glede', eg 'være overstadig lystig (og derfor forsømme)') 1 ikke huske, tape av minne jeg har glemt hva han heter / g- tid og sted / g- morsmålet sitt / jeg g-r det aldri / har du glemt meg? / det skal jeg aldri g- deg for

Etter rettleidingi i ordboki skal dei norrøne uppføringane visa ordsoga åt ordi. Men ordi kjem alle frå dansk. Uppføringane som viser til norrønt, løyner dette og gjev ei rang ordsoga. Ingi av desse hev norskt upphav.

Det aller viktugaste skiljet millom dansk og norsk er, etter Gustav Indrebø, at alle endingvokalane i dansk er vortne avlita til e. Nokre representative døme: Haner, en skriver, sommer, han svarer, snarere, snarest, visen han kastet, springende, deres, gammel (me finn dei alle att i bokmålet), medan norsk hev: hanar, ein skrivar, sumar, han svarar, snarare, snarast, visa, kasta, hev kasta, deira, springande, gamal.

Me nemnde ordi av tyskt upphav. Kva med framandord av latinskt, græskt eller franskt upphav? Gjeld det same her, som for tysk, dansk eller engelsk? Ikkje heilt. Me er ikkje einsynte puristar. Ein kann kalla deim ålmenne kulturord, som me hev sams med mange andre mål, og me vil ikkje stengja oss ute frå denne umgrìpsskatten. Dei skil seg frå dei tyske eller danske ordi av di dei ikkje er av germansk rot og difor ikkje glid so lett inn og ikkje fær nokon tokke av å høyra heime i det upphavlegt norske. Me freistar like vel å finna avløysarord som er laga av norskt målemne, men me bør ikkje samla mest mogleg ”eksotisk-norske” avløysarord berre for at det skal vera norskt. Me godtek difor nokre framandord av ulike grunnar – stil, tradisjon, klårleik osb.

Ord til sist

Den beste styrken høgnorsken hev er konsekvensen og den indre samanhengen i høve til norsk språkarv. Det er difor eit paradoks at me ikkje hev knesett ei norm og enno ikkje hev ei moderne høgnorsk ordbok, men me hev arven frå Ivar Aasen og eit grunnleggjande prinsipp som gjer målføringi fast – å nytta det norske i staden for det norskdanske. Dessutan lærer høgnorskfolk av kvarandre – hentar ord og vendingar, nytta av andre, som ein tykkjer er gode.

Men um måluppbygnaden må kvila på prinsipp og konsekvens, so vil godtakingi av målbruk gjerne kvila på vane. Det kann føra til at når høgnorskfolk nyttar norske ord, kann dei verka framande for den jamne bokmålspåverka språkbrukaren. Det er når ein nyttar desse sernorske ordi i skrift og serleg i tala at folk stussar og bit seg merke i det norske. Ein markerar noko, noko som er merkjande og personleg. Ein driv målstrid i det daglege. Nett det uvanlege ved det i dag, er det positive, det stridande.

Sylfest Lomheim spådde at um hundrad år vil engelsk taka yver for norsk. Men eg er yvertydd um at ein sjølv kann gjera noko for å vinna sigrar i målstriden - utan hjelp frå bokmålsfolk eller departementsvedtak. Ein må taka dei norske ordi i bruk i skrift og i tala i det daglege.

Eg òg vil sistpå koma med ein spådom, meir vågal enn Lomheims vil mange segja, mindre vågal meiner eg, at um eit hundrad år vil det framleîs vera nokon som skriv og talar høgnorsk – avdi høgnorsken ikkje so lett bøygjer seg for talemålsnære former, men knyter seg so tett og konsekvent til norsk språktradisjon.

Teksti byggjer på ei innleiding på sumarlægeret åt Norsk Målungdom på Marstrand i Sverike 3. august 2005

.