Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

NYNORSKEN YVER BAKKETOPP OG GJENOM BYLGJEDAL

RETTSKRIVINGI FRÅ AASEN TIL I DAG

Av
HÅVARD TANGEN

Grunnleggjaren

Nynorsken vart grunnlagd av Ivar Aasen gjenom kjennskapen hans til dei norskrøtte målføri og gamalnorsk (norrønt). Aasen nytta lang tid på å finna fram til den rettskrivingi han tykte høvde best, og han laut taka umsyn til ymislege og tidt motstridande krav: a) Eit fylgjestrengt regelverk b) på eit nynorskt målstig, c) men like vel i hopheng med gamalnorsk, d) som femnde um og tok inn i seg det fullnorske frå målføri i alt landet. Ut frå den fyrst pågissa grunntanken at målføri gjenom alt landet hadde røter attende til gamalnorsk og hadde laga seg um etter nokolunde sams lover, lagde Ivar Aasen ut på langferd. Han fór land og strand rundt, bad seg heim til folk han fekk høyra tala målføret å staden godt og ekte - lydde vel og skreiv so blekket spruta. Få utanfyre embetsstandet hadde fare so mykje bygdimillom i Noregs land fyre 1900 som målreisaren Ivar Aasen og lækpredikanten Hans Nielsen Hauge. Båe utløyste folkerørslor gjenom livsgjerningi si. I 1848, for 150 år sidan, gav Aasen ut Det Norske Folkesprogs Grammatik, ei utførleg og grannsam samanskaring av dei grammatiske dragi i målføri. Aasen var enno uviss på utformingi av målet og skreiv i brev til Magnus B. Landstad (1848): «Med Hensyn til den omtalte høiere Sprogform er jeg endnu ikke kommen til nogen Bestemthed;...» Endeleg fastlagt og spikra stod ikkje det norske landsmålet til Aasen, aasen-målet, fyre 1864, med utgåva av Norsk Grammatik. Berre boktitlane ber bod um den stigande djervskapen i måltanken til Aasen. Landsmålet nøgdest ikkje med å vera eit bondemå, landskapsmål eller «Folkesprog», men gjorde fyrst som sist krav på å heita norsk. Aasen skreiv i Om et norsk Skriftsprog (1849): «En Sammenstilling af vore Dialekter under en bestemt Sprogform bliver det eneste Sprog som kan kaldes norsk og nationalt. Det maa andsees som en Forklaring af vore Dialekte, en Samling af alt deres gode Stof og tillige en Forbedring af det mindre gode eller en Rettesnor for Dialekternes fremtidige Udvikling. Kun derved kan vor Nationalitet skildres og Folkets tanke udtales.» Dei fyrste visone Aasen sette på prent, var haldne i eit normalisera sunnmørsk skap, t.d. Gagnløysa. I 1853 stig det norske landsmålet fram i fullt nasjonalt normalisera og velflitt stand. Det året kom «Prøver av landsmålet i Norge» ut. Aasen gjer då sume brigde ut ifrå det han fyrr hev skrive:

Hjartur og Augur → Hjarto og Augo.
Visur og Visune → Visor og Visorna
Visa (lint hokyn, bundiform eintal) → Viso. Etter 1858 atter: Visa.
Guten og Gutarne kjem → Guten kjem - Gutarne koma.
Store Gåvor → Stora Gåvor. Etter 1875 atter: Store Gåvor.

I fyrste helvti av 1850-åri nytta Aasen småordi dat, dar og dan , men desse formene vanda han i 1858 og slo seg til ro med det, der og den. Dette skiftet kann kallast ei tilnærming til austnorsk. Sameleides eva Aasen seg lenge med å slå fast kva nemneformsmerke (infinitivs-) landsmålet skulde hava. Han freista med både te, te aa, at og til at . Sistpå var det aa han valde. Ei form Aasen tidleg fann fram til og jamt heldt på sidan, var i-endingi i sterkt bunde hokyn eintal: Soli , Jordi, Bygdi. Formene vart greidt åtskilde i lettsynlege klassor:

Ein open Port, den opne Porten, n - en - en
Ei opi Grind, den opne Grindi, i - i - i
Eit opet Sår, det opne Såret, t - et - et

Mottevlarar til aasen-målet

Frå fyrste stund steig det folk fram på tilet som mælte imot rettskrivingstankane til Aasen. Ole Vig, folkehøgskulemannen og grundtvigianaren, var kann henda den fyrste til å koma med motkast til i-endingane i hokyn. Like eins slengde òg krinsen kring bladi Svein Urædd og Andvake, med Steinar Schjøtt og Werner Werenskiold i bladstyret, sneidord etter aasen-målet, og talde til meir ljodnær rettskriving. Kritikken frå Olaus Fjørtoft og bladet Fram galdt òg dei påhævda mosegrodde sidone ved normalen til Aasen. Skaparen av skriftmålet tok sjølv kritikken ille, sagde upp Andvake og mismætte målet til Fjørtoft i private brev, eit «ulæseligt Herkemaal». Aasen vart snøgt leid «ymse Galningar som berre riva ned og inkje byggja upp».

Fedraheimen og Hægstadnormalen

Fleire og fleire tok til å skriva landsmålet i 1870- og 80-åri, og målet dei skreiv, liktest mest på aasen-målet, men då i varleg tillempa form. Fedraheimen, flaggskipet til målrørsla frå 1877 til ut i 1890-åri, heldt seg langs ein midveg millom nystavarane og gamalstavarane. Til dømes skreiv Arne Garborg, styraren for bladet, bakad der Aasen hadde bakade. Aasen hadde her valt ei etymologisk grunnform som kunde samla dei fråvikande formene baka og bakte i eitt. Dessutan dugde det best, ut frå jamføring med gamalnorsk og hine nordiske mål, å setja inn endingi -ade. Dei uhøyrande ende-medljodane (konsonantane) vart hoggne av i skrivebruket hjå mange, og med Hægstadnormalen av 1901 vart ei rad slike tekne ut or den offisielle landsmålsnormalen. Det fyrste statlege rettskrivingspåbodet stadfeste då ei umbot av landsmålet som lenge hadde arbeidt seg fram og sistpå slege ålment igjenom. Noko stort krav um at målet på liv og daude måtte fastsetjast og berrleggjast i éi form var det ikkje. Lars Eskeland, framskoten talsmann for målsynet til vestmennene lange tider, lagde imot det statlege inngrepet. Nokre tiår sidan, med det klåre ljoset ettertidi hadde kasta yver stridsemnet, skreiv Eskeland: «Eg meiner at riksstyret like frå då og til no hev blanda seg for mykje upp i spursmålet um rettskriving og målform. Det er ei ulukka for norsk målvokster.» Alt i 1898 hadde V.A. Wexelsen, riksråd og samstundes formann i Det Norske Samlaget, fyreboda den teknokratiske samnorsklina som vart sett ut i livet på 1900-talet: «aa arbeida norsken og norsk-dansken saman so vidt mogleg, eins reglar der det gjekk an.»

Stutt samantrengt vart t- og d-endingar i stor mun strokne med Hægstadnormalen:

Kastade, funnet, annat, kvat, opet, lite t, saud → kasta, funne, anna, kva, ope, lite, sau

Til attåtnormal vart midlandsmålet til Rasmus Flo og Arne Garborg godkjent. Midlandsmålet lagde fjell- og dølemåli austanfjells til grunn for skriftmålet, ikkje minst i formi til folkevisone frå Telemark og Setesdal. Det fylgde jamvektsregelen og hadde difor eit heller innfløkt endingssystem for namnord og segnord. Med rikdomen sin på endingar av i og u hev mange i ettertid halde midlandsmålet for den fagraste formi av nynorskt mål. Målet vart like vel nytta av få, og i 1917 kom det ikkje med i den nye offisielle rettskrivingi. Heller ikkje Garborg fylgde midlandsmålet strengt i det siste han skreiv.

I 1910 vart det tillate nye sideformer i nynorsken, samstundes som dei gamle fekk standa ubrigda. Ending på -e i lint hokyn eintal ei vise attmed ei visa og r-lause fleirtalsendingar kvinnone, karane attmed kvinnorne, kararne er sume serkjenne på denne litle umboti.

Samnorsklina

Fyrst i 1913 vart samnorsktanken klårt og urikkeleg utmeisla i mandatet til den rettskrivingsnemndi som då gjekk i gang med vinna si: «Den størst mulige tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge. (...) komiteen maa altid ha for øie at den skal aapne for en utvikling frem imot national samling paa grundlag av folkets virkelige talesprog.» Halvdan Koht skrøytte sidan av at han var upphavsmannen til den minneverduge passasjen «folkets virkelige talesprog». På same tid gav Didrik Arup Seip ut Ett mål i Norge - Målstriden avgjort denne generasjonen? Med Koht og Seip til ideologiske væpnarar byrja den planlagde samansmeltingi av norsk og norsk-dansk i 1917. Denne umboti grov, kor som er, ikkje so djupe holegangar under reisverket til Aasen som målbrigdi sidan hev gjort. Ho gav ikkje reisepass til so mange former, men jamstelte deim i staden med nye. Soleides fekk «soli» og «sola» og «visor» og «viser» same retten. E-nemneform vart tillati attmed a-nemneform, vokalen ø attmed y «fyrr» og «før», «skyn» og «skjønn», tviljodlause ord jamsides tvilydde «flaum» og «flom», «fløyma» og «flømme», tvifelte medljodar jamsides einfelte «ven» og «venn», «brot» og «brott». I alle desse høvi opna 1917-rettskrivingi for større fridom enn nynorsken hev havt, både fyrr og seinare. På sume punkt stengde ho òg ute gamle skrivemåtar, t.d. rædd (no: redd), stræva (no: streva), andlit (no: andlet), andsvar (no: ansvar), mynster (no: mønster), myk (no møk/møkk). Med alle valfrie former var 1917-reformi eit langt stig mot bokmålet for nynorsken. Denne tillaga setningi hev former som alle var tillatne: «Nå trur je at noe må gjøres før det blir opstyr om saka.» Samstundes var det fullt lovlegt å skriva: «No trur eg at noko må gjerast fyrr det vert uppstyr um saki.» Laget Østlandsk Reisning dreiv agitasjon for dei valfrie formene i norskdansken etter 1917, men dei vann lite fram med dette arbeidet. I sume strok tok dei i bruk dei valfrie formene av nynorsken, t.d. i drjugt helvti av skulekrinsane på Sunnmøre, men elles heldt det mest tradisjonelle nynorske målet, høgnorsken, seg jamt yver godt til målbrigdet i 1938 vart innført.

«Ett mål i Norge»

Den nye rettskrivingsnemndi som tok til i 1934, hadde til mål både å skjera ned på valfridomen og formmylderet i båe skriftmåli og dessutan tilnærma måli «på folkemåls grunn». Målet var å riva ned so mange gjerde millom norskdansken og nynorsken at måli samla seg til eitt på fåe år. I 1936 lagde nemndi fram den fyrste tilrådingi si, og dette framlegget frå nemndi skapa storm og uro i målrørsla. Ei rådande meining hadde lenge vore at det var norskdansken (etter 1929 kalla bokmålet) som måtte gjeva slepp på flest serdrag for å koma nynorsken til møtes. No synte det seg at mangt i det nynorske formverket òg stod for fall. Rettskrivingsnemndi tok til ords for å avskipa den fastrøtte i-endingi i sterkt hokyn eintal (bygdi) og inkjekyn fleirtal (husi) og dessutan taka burt den sereigne fleirtalsendinga av lint hokyn (visor - visone). Fleirtalet i nemndi tala for å gjeva deim sideformstatus, eit mindretal (m.a. Halvdan Koht) vilde strjuka formene fullstendig. I røyndi gjekk båe framleggi ut på at formene ikkje lenger skulde koma på prent i lærebøker, skriv og brevskifte i riksstyringi (staten), dvs. slutt på upplæring i klassisk høgnorsk. Namngjetne målmenn (Gustav Indrebø, Lars Eskeland, Leiv Heggstad og Sigurd Kolsrud) kom med kvasse motlegg mot statsdiktatet i rettskrivingi, og hundradtals av mållag sende inn protestbrev. Det var til liti nytta mot samnorskarane som sat med makti. Sume krinsar i målrørsla òg gjekk langt i å krevja bokmålske former inn i nynorsken. Studentmållaget i Oslo vilde t.d. hava jamstelling millom dei personlege varaordi (pronomeni) eg og jeg i nynorsk og norskdansk. Frå SmiO heitte det at ei slik jamstelling var det einaste «rasjonelle og fordomsfrie». Både nemndi og departementet hadde det same synet, men revisjonsnemndi sytte for å få stroke jeg frå det endelege vedtaket. Likevel sette målbrigdet, som det vart kalla av mange av di det greip so mykje djupare enn rettskrivingsbrigdi fyrr, forbod mot ein haug med fasttimbra former i nynorsken: Um, upp, burt, yver, millom, gjenom, undan (-tak), fyre (meg), fyrr (og ikkje no), fyrre (gongen), hev (av å hava), leid og keid, greid, breid, (ein) mun, spursmål, å dryfta, myrk, brudlaup, ein fåre, fårleg, vilde, kunde, skulde, hundrad, tusund, tvo (2), nittan, tjuge, studnad, ålvor, kann (av å kunna), snild (gut), (ein) grand, (ei) vike, o.s.b. Med 1938 slitna mange band millom måltradisjonen frå Aasen og den offisielle nynorsken.

Etter ufredsåri og fram til 1998

I 1951 byrja arbeidet i Norsk språknemnd med å maksla til ein læreboknormal. I røyndi må læreboknormalen av 1959 kallast endå eit djupt-pløgjande brigde av nynorsken. Her vart tilhøvet millom i-e (vit-vett), y-ø (fylgja-følgje), e-æ (ser-sær) mykje meir skipla og tåkelagt enn nokon gong. Tvo nynorske målsmenner i språknemndi drog seg ut i protest mot fleirtalstilrådingi, Sigurd Kolsrud og Per Thorson.

Sidan 1959 er det berre gjort småe utskiftingar i nynorsken. Fyrst og fremst er det kome fleire tillempingar i same leid som i 1959, t.d. valfri samsvarsbøygning, løyve til å nytta reine danske former som viss, verken, (ein) lege, (eit) spyd, å gidde i nynorsk, og i 1996 vedtok eit fleirtal i Norsk språkråd å gjera sideformi Norge tillate attmed Noreg. Kulturdepartementet hev ikkje godkjent dette siste vedtaket. På hi sida er òg sume tradisjonelle former, med målførefeste i nynorsk-skrivande strok, komne inn att, t.d. [ei visa] i klomber attmed ei vise, [so] attmed så. Dessutan er me utsloppen av klombene og stend jamsides vi.

Den dagljose samnorskpolitikken er no burtlagd, men ein alt veksande flokk i målrørsla meiner å sjå at tilnærmingslina vert haldi fram, no i ny klæde, underbygt med argument um «dialektutvikling», «naturleg talemål», «folkemål» eller dilikt. Fram mot 2000 fyrebur Norsk språkråd å vedtaka ny rettesnor for nynorskrettskrivingi. Det kjem evlaust til å standa strid um kvar språkrådet og målrørsla skal ganga i rettskriving på hi sida av hundradårsskiftet.

.