Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

I BYTTOR OG SPANN

Av
HÅVARD TANGEN

Når regnet høljar ned i stride straumar mest utan ende, er det helst andre emne som renn i hugen enn målreinsing. Endå målet kann vera utvatna, gjeng du helst turrskodd på målvegen, og imot flaumen av lånord er det lettare å finna livd enn når det røynelege vatnet stig til fårefulle høgder. Men lat oss no like vel setja av ei liti øykt til målrøkt i desse regntunge tidene med.

Ho og han vik undan for den

Ein ny tilhug i målet som hev spreidt seg som eld i turt gras, er det å skriva «den» for «ho» eller «han» i nynorsk. Underleg er det av di det helst er «ho» og «han» som best samsvarar med namnord. Når namnordi i norsk kann bytast i tri kyn, høver det som hand i handske å fylla upp med like mange personlege varaord (pronomen). «Kvar er boki? - Ho stend i hylla.» «Eg fann kamben din i går. Han låg på golvet bak sengi.» No skriv fleire og fleire «den»: «Eg har høyrt gjete saka før. Den er svært vanskeleg.» Denne gjerdi å skriva det på minner um bokmålet, og som kjent er det ikkje like endefram å nytta tri kyn der. «Den» tyder på at bokmålet hev ervt samkynet frå modermålet sitt, dansken. Di verre vert jamvel norskt talemål påverka i same leidi no. Det er vanlegt å høyra sovorne utsegner: «Eg gløymde boka i dag, men eg skal ta’ med ‘n i morgon.» På Austlandet vert hokynsformer som «anna», «ei(g)a», «inga» trengde undan for «a’en», «egen» og «ingen», so det er synbert at grammatikalsk hokyn vert tynt. Det same gjeld òg i ein viss mun hokyns-kjenneordet «ei» (som i «ei bygd») og lagordet (adjektivet)«lita». Trikynssystemet er ein berebjelke i det norske målreisverket, so målet toler snaudt at denne bjelken ròtnar upp. Her må alle med sans og medvit rettleida til å nytta innarbeidd segjemåte. Elles må me leggja attåt at «den» kann vera påpeikande varaord, som i: «Den vil eg ha!», men her òg er det like so gjævt å skriva det fullt ut: «Den osten vil eg ha/Den songen vil eg høyra!»

Å vera innehavar av eit namn

Mange samansette gjerningsord skaper lett keivelegt mål i nynorsken. Tak til dømes ei setning som kunde få nakkehåri til å reisa seg på ein stakkar: «Det er mange personar som innehar desse namna». So på lag lydde det, og me tykte det smaka mykje av kræmarmål. For me hev fulla høyrt um «innehavere av butikker», men å «inneha» eit namn, lyder krunglut. Du kann hava eit namn, bera det, eller du heiter eit eller anna. Gjerningsord med fyrefestet «inne-» er sjeldsynte i nynorsk, med god grunn. Dei gjev ikkje so skapleg meining i seg sjølve og vitnar um noko låk arv frå dansk og lågtysk. I staden for «innehavar» kann me tala um ein butikkeigar, eller krambudeigar um me vil, og når ei hending «inneber» eitkvart, kann det høva betre å skriva «dreg med seg/fører med seg (til) m.m. Noko av den same vansken melder seg når me røder um mjølk som «inneheld» eit og anna næringsemne som me tarv, og so granskar «innhaldslista» på mjølkepakka. Her er det audsynt skort på samsvar millom namnord (innhald) og gjerningsord (innehalda), som målfolk tidleg fekk klårt fyre seg. Difor finn me gamle nynorskbøker der det stend «Ihald». Denne nemningi greidde ikkje slå rot, men me kunde sakte tenkt oss ei yverskrift som «Bokyversyn», eller «Yversyn yver bolkane i boki». Når det gjeld gjerningsordet, kunde me alt ut ifrå samansetnaden finna avløysingsord som kunde gjera um lag same nytta. «I mjølki finst desse næringsemni: ...», og um det er ei kunstig vara me hev fyre oss, t.d. mineralvatn, kunde me segja «Brusen er tilsett/er laga av desse tilsetjingsemni: ...». Her spyrst det mest på kor fastlæst skrivaren er i bokmåls-ordlag og um han evlar riva seg laus og gjeva setningane sine ein eigen svip. Ordlaget «bestå av» kann etter det sume tykkjer, vera rådlaust å styra utanum, og dersom noko med gagn i skulde setjast i staden, triv dei til det litt umstendelege «er samansett av». Her lyt me skjera yver dei bandi som klumpar til og lagar klemba for målet. Det fyrste dømet vårt er: Styret har bestått av Gerd, Harald og Turid. Skriv heller: Årsmøtet 1999 valde Gerd, Harald og Turid til styre. Eller: Gerd, Harald og Turid heve sete i styret i arbeidsbolken. Eit anna døme: Bronse består av kopar og tin. Skriv heller: Bronse vert/er laga av kopar og tin. Av smelta kopar og tin lagar dei bronse.

Sjølv og selv

Lenger framme tok me fyre oss bruket av sume varaord i nynorsk. Eit anna varaord som speglar innverknaden frå bokmål i nynorsken, er sjølv. Dette ordet verkar stundom understrekande (eg gjorde det sjølv), og soleis hev me inkje motlegg imot det. Derimot riv det litt i øyro når «sjølv» vert nytta i rein bokmålsk etterapingsstil: «Vatnet var so varmt at sjølv eg som er ei pysa, fekk hug til å lauga meg.» Her er det likast å skriva jamvel eller endåtil; denne gongen er ikkje understrekingi det viktugaste, men at pysa, som til vanleg held seg undan badelivet, vert lokka uti. Eit anna høve der «sjølv» dukkar upp i strid med gamal målhævd, knyter seg til bindeordi, dei som innleider undersetningar. «Sjølv om» er i dag eit sers utbreidt ordlag, ei rak umsetjing frå bokmål «selv om». So einfelt kann me gjera det i nynorsk, men det ber mest bod um hastverk og målunderlag henta frå bokmålet. Me kann heller skriva «endå (um)» eller jamvel um, det er sereigne ord som berre me kann halda uppe. Draghjelp frå norsk-dansken ventar me i dette stykkjet fåfengt på. I same leidi ligg beinveges umsette ord som «sjølvsagt» og «det segjer seg sjølv». Desse vendingane hev òg bunde seg fast til målet. Eldre i målet er visst og visseleg: «Tingar du bladet? - Visst gjer eg det (no ofte: Sjølvsagt gjer eg det.)» Kann henda ikkje rare greidone å hefta seg ved, men me kann godt koma i hug korleis dei målbor slikt fyrr - og fekk fram meiningi si like næmt.

Kva er behagelig?

I gamle dagar, då du jamt kom fram trygt og heilskinna med NSB - og til rett tid, vart me ferdafolket helsa av røysti i høgtalaren som ynskte oss «en behagelig reise». Innimillom hev eg grunda litt på kva dei lagde i «behagelig». Etter dei innførde plastsæte som er nagla fast til golvet i vognene, sit du so hardt at sæti ikkje godt kann kallast mjuke («behagelige»). Mattilbodet dei freistar med når dei svinsar upp og ned midgangen, smakar sjeldan serleg godt («behagelig»), og utsyni frå tog-vindauga, som stort sét er merkt av sundsprengde fjellvegger og rotute steingrefter, er ikkje kveikjande («behagelig»). Um me nokon gong fekk gjenomslag for nynorskt jarnvegsmål, er eg difor ikkje fullviss på um me kunde ha ynskt farande folk «ei triveleg og trygg togferd med NSB», men gjev det var so!

Den store giddeløysa

Sistpå skal me snerta innum eit ord som på sett og vis råkar godt synet mange nordmenner hev på målsaki: «Giddeløyse.» Dette ordet er ei snål samanlapping av det pæredanske «gidde» og det kavnorske «løyse». Um du ikkje «gidder» noko, so er det eitkvart du ikkje idest eller orkar. Roti id kjenner me frå fyrr; ho finn me òg i idtrott eller idrott. Eit døme på korleis me kann draga nytta av det: Han iddest ikkje læra seg nynorsk (av rein giddeløyse lærte han seg ikkje nynorsk).

.