Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

Fortid, notid og framtid:

Kva er rolla åt studentmållagi?

Av
Sergej Alexander Munkvold

Målreisingi er ein strid for norskt mål, nynorsken, slik at han kann vara lenge i landet. Rolla åt studentmållagi er å vera surdeigen i denne målreisingi. Eg skal ikkje halda ei festtala, men ei innleiding med von um ordskifte. Det vert millom anna difor mest um notidi og framtidi, og mindre um fortidi.

Eigne røynslor

Fyrste gongen eg møtte Målungdomen, var i 2000 på studentmållagsamling i Nidaros. Det var gildt å møta andre med same hugmål. Studentmållaget er ein møtestad og eit innfangingsnet for aktivistar - ei rolla studentmållagi skal ha, men dei skil seg ikkje frå andre mållag her.

Eg kom med i stjorni åt Studentmållaget i Nidaros frå årsmøtet 2001 og hev vore skrivar dei tvo siste åri. Nokre røynslor derfrå: Laget var stort, men få dreiv laget. Me hadde jamn aktivitet, men arbeidet var noko rutineprega; me møtte upp på styremøte og gjorde vedtak etter saklista. Det var norskskeid for lærarstudentar og nordistar, og forfattarkveldar saman Nidaros Mållag. - «Samarbeidet med vaksenlaget hev vore godt», stod stødt i årsmeldingi. Me arbeidde med gode tiltak som ordlistor og terminologiarbeid. Det målpolitiske ordskiftet strekte seg til sidemål, eksamen på nynorsk og ei sannkjenning av at det var for lite nynorsk på lærestaden. Det var lite anna målpolitiskt, me hamna liksom på etterskot og vart liggjande i forsvar.

I fyrstningi syg ein alt til seg, er veldig ihuga, men so stilnar ein etter kvart. Laget verkar mykje som ei møtemaskin. Ein vert altfor tidleg ein som heng kring miljøet utan å vera serleg verksam.

Kva serkjenner studentmållagi?

Studentmållagi hev mange lagslemer, og viktugare: mange folk er samla og kann møtast ofte. Studentmållaget både kann og må ha eit vedvarande arbeid og halda uppe eit ordskifte. I andre lag i Målungdomen (og Noregs Mållag) held lagslemene til på ulike stader og møtest sjeldnare. Lagi er gjerne små og hev stor gjenomstrøyming. Til samanlikning hev me NMU sentralt, som hev den fyremunen at dei er samla og kann bu seg godt til ei sak, noko landsstyret ikkje kann; det hjelp ikkje berre å lesa møtepapiri fyreåt. Sentralstyret vert soleîs mykje meir styrande enn ein skulde tru.

Studenmållaget er meir teoretiskt orientera enn andre målungdomslag. Me er ferdige med skulegangen og hev byrja på universitet og høgskule. Det gjer at studentmållagi må hava eit mykje meir ambisiøst mål enn berre nynorsk i akademia, akademia i nynorsk og akademia ålment. Me skutlar burt potensialet um me berre skal vera eit yrkesmållag.

Aktivitetane åt studentmållagi – noko um politikken

Verdegrunnlaget åt målrørsla hev vore nasjonal lausriving og sjølvhevding, og sosial frigjering. Mål og Makt hev vore eit ideologiskt talerøyr for målstudentane, fyrst i 1934-35 og sidan frå 1971. Målstudentane hev òg bygt alliansar med byradikale; konstellasjonen bondeungdom – byradikal, som synte seg godt i 1972 og 1994, hev røter attende til millom anna Arne Garborg. Dei hev òg slegest for å betra kåri til bondestudentane, Lånekassa, studentbustader. Distriktshøgskulane i Volda og Bø kann takka målstudentane, dei hadde elles hamna i Molde og Porsgrunn; fyrr fanst berre yrkesutdaning, som ikkje bygde på gymnaset, men på realskule eller yrkesskular. Den store ålmennpolitiske saki som hev sett kveik i målstudentane, var EF- og EU-saki. Ei onnor viktug sak hev heile tidi vore at studiane på universiteti skal vera opne. Studentmållagi må ikkje svikta den opne dørs politikk. Men nog um det.

Studentmållagi skal vera med i ordskifti på universiteti. Endå studentmållagi ikkje skal taka stoda til alt og alle, er det ei viktug rolla å vera møtestad og utviklar av ordskifte og tankar. Men det er her viktugt å skilja rolla som møtestad og ordskifteforum frå eit fråsegnsforum - det vil segja å driva med resolusjonsmakeri. Skal me meina, må det vera med tyngd. Studentmållagi må driva ordskifti både for å læra meir, men òg for å gjeva lagslemene praksis i å møta motstandarar og motargument. Det gjev praktisk upplæring i retorikk. «Livsens skule» er betre og rimelegare enn mange av bøllekursi som vert tilbodne studentane og lagslemene i målrørsla. Gjenom å vera med i ålmennordskifti vert lagsfolket i studentmållagi budde på målstriden på universiteti og i samfundet elles. Me skal få fram personlegdomar. «Personlegdomsvokster», som for meg hev vore noko av det mest nyttige, er noko med gjerne kann blåstra, serleg når SmiO er eit stort studentlag på Blindern.

So til ei noko usæl sak: Det er altfor lite lesarbrev frå studentmållagshald; det burde koma minst eit lesarbrev i vika. Lesarbrevteigen i blad og avisor er noko av det fyrste folk les. Når eit lesarbrev fyrst kjem, er det oftast um sidemål og at det er for lite nynorsk. Det er viktigt å vera vaktbikkja, men me må vera offensive i målordskiftet òg.

Noko um tiltaki

Eit viktugt tiltak var og er Skuleboknemndi åt Studentmålaget i Oslo, skipa i 1902 for å gjeva ut lærebøker på nynorsk. Ein hadde då ingen lovfest rett til skulebøker på eige mål. Jamvel um skulekrinsen hadde nynorsk, so vanta bøker på nynorsk – det var eit stort hol som måtte fyllast. Nemndi sytte elles for umsetjingsarbeid av klassiske bokverk, nye ordbøker (engelsk, fransk, latin millom anna), Bibelen på norsk, juridisk ordlista og andre fagordlistor – eit arbeid som sette krav til høgre utdaning og midlar. Studentmållagi hev vore meir tiltaksame enn andre mållag. SmiO var det næst største mållaget utum BUL i Oslo. SmiO hadde på det meste yver 700 lagsmenn.

I dag er det ingen brestande skort på lærebøker på nynorsk, men det er det på populærlesnad. Me hev høgkulturen - teater, høgprosa, dikt, bokklubb for born, forfattarkveldar og lokalhistoriske spel, som er gode tiltak i seg sjølv, men det vert for snevert. Målrørsla hev vanda denne uppgåva. Det hjelper ikkje kor vid me gjer nynorsknormi når målrørsla er noko trong kulturelt. Me må ha nase for å satsa på nye idear med eit populært preg. Kann me setja oss eit handfast mål um å gjeva ut teikneseriar og populærlesnad på norsk? Me hev folk som kann setja um frå andre mål som engelsk og fransk. Det skulde ikkje meir til enn at ein idug sjæl sette seg ned og tok til med å setja um Ringdrotten. Me fær faktiskt ikkje berre ei, men tvo utgåvor av Ringdrotten snart – ei høgnorsk utgåva kjem på nyåret, upptaket vart gjort for fire år sidan. Nynorsk er fint i teikneseriar og populærlesnad – Donald, Asterix, Harry Potter og Ringdrotten. Harry Potter finst på latin, gamalgræsk og lågtysk. Då er det noko underleg at me ikkje hev boki på norsk. Um studentmållagi sjølve ikkje gjer det, kann me påverka andre mållag.

Konkret um målpolitikk – engelsk og norsk

Noreg er landet av vin og honing, men styresmaktene og me sjølve er åt å skapa oss til språklege fantar - ein gong til. Kvifor fær ei stor verksemd som Telenor lov til å nytta engelsk til styringsmål når den norske staten eig størstedeildi av verksemdi? I akademia hev engelskbruket auka mykje, og engelsk er vorte eit kvalitetsstempel. Grunnen skal vera at ein må nå ut, men det er ikkje uvanleg å skriva engelsk um norske høve heller. Det er altso ikkje berre i norsk popmusikk ein nyttar engelsk.

Det vert sagt at norsk ikkje er so noggrant som engelsk, men so lagar ein ikkje nye fagumgrìp til norsk heller. Ofte er norsk so på etterskot at det vert tungt å skriva på norsk um eit faglegt emne. Difor er striden mot engelsk òg ei praktisk uppgåva, og difor hev arbeidet med fagumgrìp og ordlisteutgjeving vore viktugt – anten samla ord som finst eller laga nye.

Det er ikkje nynorsk eller bokmål det rører seg um, men um norsk og norsk språks framtid, meiner Sylfest Lomheim. Til det vil eg segja at det er nynorsk og bokmål det rører seg um, for det er ikkje talet på brukarar som avgjer dette, men det språklege huglaget i eit samfund. Berre sjå på Frankrike og Færøyane, og samanlikna brukartalet av fransk og færøysk. Når nynorsken er meir motstandsfør mot engelsk, er det det språklege huglaget som er sterkt og ikkje avdi me er so mange folk. Ein slikt huglag kann ein ikkje effektivisera eller institusjonalisera. Ein kann ikkje utlikna nynorsken og taka ut dubbel vinst i bokmålet. Det beste boterådet mot engelsk er nynorsk. Striden mot engelsk er ei stor sak som me kann vinna sympati på, men det må slåast fast at trugsmålet mot nynorsk ikkje er engelsk, men bokmål. Og det bør me målfolk vera upptekne av å leggja meir vinn på no.

Bokmål og norsk

Nynorsk og bokmål kunde ikkje kannibaliserast til eitt språk, samnorsk, avdi nynorsk og bokmål ikkje var tvo stammespråk, men bygde på kvar sin folkelege og litterære tradisjon. Noreg var eit skrifttyft samfund, og kannhenda viktugare, eit storsamfund. Dette skapa heilt nye tilhøve for talemålsvokter. Det er ikkje skriftmålet som var revolusjonen her, for me hev havt skriftmål lenge, men at so godt som alle i Noreg tok skriftmål i bruk og ikkje kunde greida seg utan. Det nye er at talemålet legg seg mykje meir etter skriftmålet enn motsett. Når talemålet glid frå nynorsken, er grunnen bokmål i skrift og tala, og ikkje fri talemålsvokster. Um nokre tiår, vil me òg ha målføre, som i dag, men dei vil sjå tolleg annarleîs ut; kannhenda vil berre eit toneskal standa att til å skilja målføri frå bokmålet slik det er tala i Oslo. Det er ingi vill gissing at det vil halda fram um me ikkje gjer noko målpolitiskt aktivt. For studentmållagi gjeld det då å skyna umverdi - korleîs målvokster gjeng fyre seg i eit skrifttyft storsamfund. Det er vanskeleg å sjå fyre seg at ein kann halda på målføri som vart til under heilt andre tilhøve. Dialektkampanjen var vellukka – for 30-40 år sidan. Me vann fram med at alt talemål var like bra, men til sist miste talemålet eigenverdet sitt – alle kunde tala slik dei vilde og kalla det dialekt. Dialekt vart ikkje noko handfast, men ein laus tanke.

Um det no er so at fleirtalet i studentmållagi meiner noko anna, bør dei hava ein målpolitikk på det òg – det viktuge er at me ikkje set det til nokre få å meina; til dømes dei som segjer at alt språk berre er ei blanding eller regionalisering. Det store dogmet no er at det ikkje er bokmålisering, men regionalisering. Det som er rett, er at regionaliseringi berre er ein lut av bokmåliseringi. Bokmåliseringi, eller rettare – måldauden, verkar på ulike måtar og på ulike stader til ulik tid. Det er påverknad beint på det lokale talemålet og på talemålet i regionssentra, som igjen påverkar det lokale talemålet, men det er like vel bokmålisering, endå ho tek ein umveg. Kva meiner målstudentane? Og kva er argumenti? Det er ein målpolitisk inkonsekvens å hava ein politikk på skriftmål, men ikkje på talemål. For dei som hev vore med ei stund, vert det noko vonlaust å klaga på at ein ikkje fær eksamen på nynorsk når ein vantar ein målpolitikk på talemål. Det held ikkje å berre segja at ein skal gjera noko med haldningane åt folk – endå ein hev ei fullgod haldning til talemålet sitt, er det ikkje dimed sagt at ein ikkje brigder talemålet sitt. Det var ikkje haldningar som kløyvde og skapa målføri frå gamalnorsk og millomnorsk, men topografiske og sosioøkonomiske tilhøve: Sjø, fjell, elvar hev vore avgjerande for kvar målføregrensone gjeng, ferjesamband, bruer og vegar hev skipla dette; sameleîs er det avgjerande kvar ein arbeider, kvar ein gjeng på skule, kvar ein hentar ordtilfanget, som med nye emne og nyvinningar ikkje lenger berre er frå heimstaden. Utan kunnskapsbiten, vert haldningskampanjane demagogi utan innehald. Målpolitikken må tola saumfaring. Ingen burde vera betre enn studentmållagi her, men slik er ikkje stoda no.

Mottiltak

Kvifor greider me ikkje snu målvoksteren til bate for nynorsken? Jau, nynorskfolk er gjenomsyra av rædsla for å markera seg. Kor ofte stansar ein ikkje upp og spør seg um ein kann nytta det og det ordet, um folk vil skyna det; ein hamnar i regelen på bokmål avdi bokmål er trygt. Rædsla er tydlegare i talemålet enn i skriftmålet, ein høyrer so godt som aldri nynorske markørord i talemålet. Når ord strøymer fritt frå bokmål, medan det er totalt stenge for nynorsk, og det som er av nynorskord berre renn ut, skynar me at det ikkje er ein fri talemålsvokster, men ein styrd målvokster. Det er ikkje naturi som lærer oss talemålet, men kulturen. Difor hev ikkje apor talemål. Kannhenda er grunnen modløysa. Denne modløysa vart ei dygd og eit teikn på medvit i målrørsla. Ingen likar å høyra at ein er modlaus. Bokmålsfolk er ikkje mindre modlause enn me nynorskfolk, men den store skilnaden er at me nynorskfolk ikkje hev råd til å vera modlause.

Noko av den viktugaste uppgåva vår er å gjeva folk mod i målvegen. Me må skapa eit grunnlag for at folk skal våga å bruka desse ordi i tala og skrift. Ein svenske i Noreg held på talemålet sitt, det er dit eg vil med nynorsken. Målbyte frå nynorsk til bokmål i skriftmålet er like ille når me fær det same målbyte i talemålet. Men her er det ein stor skilnad: Me nøgjer oss ikkje berre med at folk skal halda på nynorsken, men me vil at folk skal byta frå bokmål til nynorsk. Når det kjem til talemålet, derimot, er me nøgde når folk held på talemålet, men ingen skal byta attende. Det er noko absurd, difor treng me ei talemålsreising.

Kann me skipa uppatt Pønskarlaget i Studenmållaget? Um laget:

«Saltet eller surdeigen i Studentmållaget var særgruppa “Pønskarlaget”, ein merkeleg liten målskipnad. Medlemene var alle filologar, og talet aldri over tjue. Føremålet var å skriva vitskaplege oppgåver på nynorsk, som så vart opplesne og kritiserte på møta. I samværet skulle ein nytta berre nynorsk, og leggja to øre i mulkt dersom ein brukte eit dansk ord.» (47 spørsmaal og svar om sprogstriden, 1909).

Eg hev god tru på at me kann få gamle aktivistar med oss på eit slikt tiltak. Laget vart skipa uppatt eingong på 90-talet, men då var det mest eit øldrikkarlag. Me kann skipa Pønskarlaget noko annarleîs. Attåt vitskaplege emne, kann me dryfta og hava innleidingar um målferd (kva fengar, kva gjer ikkje?), talemålsvokster, rettskriving, engelsk og norsk – leggja inn markante meiningar. Slikt skapar ordskifte. Utanlags ser eg fyre meg tvo bruk: innleidig kann sistpå koma på prent i Mål og Makt og dilikt eller ordskifte med andre.

Håvard Tangen, skrivar i Skuleboknemdi, fortel at når han er i Det Norske Teatret på målpolitiskt råd, er han jamnast den einaste som talar normaltalemål, endå det skulde vera ein møtestad nett for å vyrdsla um dette målet. Dialektbylgja knekte ikkje bokmålet, men det knekte nynorsk normaltalemål. Av personar under 40 år kjem eg ikkje på fleire enn Eldar Heide og Håvard Tangen som nyttar normaltalemål fast. Endå fleire styd det, men brukar det ikkje sjølve. Mange mislikar normaltalemål sterkt i målrørsla, andre hev ikkje nokor serskild meining. Like vel ser dei nytta av normaltalemål sume stader, og då avgrensa til nyhende i radio og fjernsyn og på teateret. Sagt annarleîs: Nynorsk normaltalemål er fint i dikt. Eg meiner at normaltalemål duger i alle høve. Normaltalemålsupplæring var noko Studentmållaget dreiv med fyrr, slik dei gjer det i dag på universiteti i andre land der språket er truga, til dømes i Kviterussland. Nynorsk er eit godt språk, serleg når ein skal fortelja um røyndi på ein stutt og noggrann måte. Kven sa det. Jau, det var tidlegare sjefredaktør Egil Sundar i Aftenposten. Me må taka vare på denne røynsla, me treng denne kunnskapen meir enn nokon gong.

Ord til sist

Mangfald for meg er ikkje berre kor mange uttalevariantar av eit ord ein kann telja upp eller kor kløyvde målføri er, men kor sterk nynorsken som heilskap er andsynes bokmål, og kor breidt nynorsken femner kulturelt – lågt som høgt. Å stogga at folk flyt inn til byane eller stogga at folk vert lågkulturelle kann vera ei god sak, men det er ein lite effektiv måte å driva målstrid på. Me kann ikkje stogga utviklingi, men me kann påverka henne til gagn for oss sjølve og nynorsken. Me må auka sjølve mengdi av nynorsk og prestisjen åt nynorsk, difor nynorsk i tala og skrift, og då serleg i populærlesnad.

I studentmållagi må me ha kampanjar som bit seg fast, trugar bokmålet og hjelper nynorsken fram. Til våren er det landskamp millom Noreg og Bosnia på Ullevål. Kva um me lagar eit stort banner og skriv so alle kann sjå det: Noreg vinn!

Teksti byggjer på ei innleiding som vart haldi på studentsamlingi i Oslo 1. oktober 2006.

.