Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Eigehøve og den nylatinske ordharangen

Av
HÅVARD TANGEN


Radt frå den fyrste groren i målrørsla spirde fram, hev viljen til å reinsa lånord or målet vore heller sterk. Målreising og målreinsing hev livt jamsides som tvillingar – i alle høve til ut i 1970-åri då slik purisma vart uthengd som ei for sein hemn yver soga og sjølve bøygen mot den målslege frigjeringi av folket. Etter kvart som tiltrui til frigjeringstenkjingi hev tært burt, kann me no blada attende og læra av den glupe innsyni og den gløgge ordskapingsevna som dei fyrste ættledene av målfolk odla fram. Det trengst mot nylatiniseringi som velt inn yver oss – fyrst og fremst takk vere millommannsmålet engelsk. Fyrr me gjev oss i kast med dei nylatinske uppkomlingane, skal me sjå nærare på eigehøve, òg kalla genitiv.

Kva kjem fyrst - eigaren eller det han eig?

Dansk, medrekna den norske utgreiningi norsk-dansk bokmål, hev fyresett eigehøve: Husets tak, sakens art, årets prisvinner. Eigaren, eller den tingen eller det slaget som noko er knytt til eller skipa inn under, kjem fremst i ordlaget. Liknar med denna stoda i hop med hine mål, ser me greidt at denna rekkjefylgdi er eit sersyn. I tysk og engelsk heng eigehøvet etter: The roof of the house, the nature of the case, das Dach des Hauses, die Art der Sache, m.m. Her kann nynorsken fylgja på i same rennet: »Taket på huset». I sume høve er det likast å skriva um, og den andre vendingi kann segjast soleis: »Saki er av det slaget at…» Sameleis løyser me upp det tridje dømet: »Prisvinnaren i år». Ein stigande tilhug i nynorsken gjeng mot å nytta garpe-genitiv (med sin, si, sitt og sine), eller likefram lata eigehøvet frå bokmål standa ubrigda. Ingen evast um at dét er minste motstands veg i den stundi du sit og skriv, men du hamnar med det i eit uføre av slarkut stil og lettvinte og grunne løysingar. Nikolaus Gjelsvik, han som hev sysla mest med det nynorske rettsmålet – og gjort eit makelaust nyrydjingsarbeid på det fagumkvervet, stakk upp og synte fram lange rader av døme på å ganga utanum eigehøvet med »s» eller »sin». Han peika på at eigehøve med til eller åt, som austlandsmåli og jamvel det upphavlege oslomålet held uppe, er berebjelken i nynorsk umskriving, gjerne utvida med hine styreord (preposisjonar) når det høver. Me ter her fram nokre døme som er valde på slump:

Norsk-dansk: Norsk:
mellomkrigstidens stridsspørsmål stridsspursmålet i millomkrigstidi
regjeringssjefens sak

ei sak for regjeringssjefen (riksstyresjefen, fyrsteriksråden)
regjeringens sammensetning samansetnaden av riksstyret
Hjemmefrontens ledelse styret (leidingi) i Heimefronten
arbeiderbevegelsens strategimøter strategimøti til arbeidarrørsla

Nynorsk hev i stor mun skilt av seg dei fire kasusane som prydde målet i gamalnorsk tid. Akkusativ og nominativ hev flote i hop til eitt, dativ er berga i bundi form av namnord i store vidder av landet, elles er han skurd og skanta burt, medan genitiv ser ut til å ha sokke i havet flestalle stader. Leivder av eigehøve finn me i faste ordlag som »til sjøs», »til fots» og »landsens kyst» og »husens folk» o. di. Me kann like vel trøysta oss med at rikdomen av småord og styrelekkar bøter på dei verste veilone i målet som tapet av genitiv hev skapa. Ser me bortanum dei sju blånane, finn me grannemålet vårt finsk, som er stint av kasus, men som mykje godt vantar styreord. Kvart av måli hev styrke og lyte. Det eitt skortar på eine kanten, tek det att på hin. Soleides gjeng det mest upp i upp.

Den nylatinske bylgja

I andre helvti av 1800-talet gjekk det hardsette ordskifte um upplæringi i latin i den norske millomskulen. Motmannen til Aasen, yverlærar Knud Knudsen, var ihuga med i flokken av deim som vilde strjuka latinfaget or timeplanen. Me kann trygt segja han hadde meir lukka i den bardagen enn i målstriden – i minsto i si eigi livetid. No smyg dei latinrøtte ordi seg inn yver oss å nyo – denna gongen på vengjene til den angloamerikanske ørni som sviv yver vatni og reknar all heimen for sitt rike. I høgtidsam røda, på møte og i store samningar av folk er det mange som tykkjer mun i å spjåka tala si med »faktorar», »sektorar», »dimensjonar», »relasjonar», »nivå» m.m. Visst er ikkje dessa fine, lånte fjørene nykomlingar som hev skote i veret or inkje berre i den siste tidi, men det må vera lov å sleppa fram ein tvikande ettertanke lell. Er det ikkje so at dessa anglolatinske ordi og vendingane lagar seg til i eit mynster som fremdar fleire segjemåtar av same slaget? Den fyrste »glosa» dreg gjerne den andre med seg, og norske ordlagingsstomnar kjem til å møta motburd og skilja seg ut når umgivnaden er gjenomsyra av »nylatin». Når det fyrst er breidt gjenomslag for »risiko» og »risikabel», er det fåe eller ingen som vil leita upp avløysarane vågnad og vågeleg. Kven kjem til å sakna frævleik og grøderikdom når »fertilitet» og »fruktbarheit» råder høgt og lågt? Målet vert einsretta og utarma under dekkje av angloamerikansk upprikjing. Me sel undan ervesylvet og fær ein neve billeg glitter og stas frå landet vest for blåmyri. Då er det likare å fylgja rådi til Per spelmann, som trega på handelen sin og fekk att fela si for den kui han fyrst hadde bytt til seg. No er det ingen tvil um at me ikkje kann greida oss utan latinske ord i målføringi vår, men det er mykje långods som hev brøytt seg rom hjå oss som me ikkje tarv. Dei byråkratiske mylnone mel sundt mangt eit norskt gullkorn, og av den grunn hev me her funne fram ei lista med ord som sveiper innpå vanleg sakfyrehaving:

Anglolatinsk norsk: Norsk:
datert dagsett
distribuera senda ut, spreida
stadium stig, bil, leite
komite nemnd, utval
relevant sakleg, meiningsfull
ratifisera godkjenna
promotera gjera kjent, kunngjera
konsekvens fylgja, verknad
kriterium vilkår, skilord
balanse jamvegt
totalt i alt
maksimum i høgdi
konkurs buslit
generell ålmenn

Med vit og måt kann me nå langt med sovori uppnorsking, å setja norske i staden for langhenta framandord, – og det utan å brigda éi einaste form. Kann henda renn oss eit høvelegare, norskt ord i hugen næste gongen me er på nippen til å leggja ei »anglolatinsk glosa» på tunga? Det er aldri for seint å snu!

.