Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

BISMAK UTAN HONNING

Av
HÅVARD TANGEN

Det er mykje som spyrst på kva for augo som ser. Eit glas kann vera halvtomt eller halvfullt, med like mykje væska uppi. Den same tingen kann høgvyrdast eller vanvyrdast, alt etter som kva syn åskodaren hev frå fyrstonne. Soleis er det i målvegen òg. På vitskapleg grunn er me so kløkkjande samde, men når me tek til å setja ord på ovringane me hev gått åt, skil me lag og hamnar på kvart vårt hald. Me verdset ulikt og hugmåli våre peikar kvar sin veg alt i utgangsstødet, so då nyttar det ikkje at dei nakne åtgåingane våre er like.

Ei liti, landsens målform?

Bruken av lågtyske og danske lånord i nynorsken vidar seg meir og meir ut, og sume ser ser denne tilstemna som ei frukt av at målet veks ut or landbrukssamfundet. Det moderne livet treng dei tilførslone som bokmålsk bymål kann bjoda på. Hine ser det som eit teikn på kor usjølvstendig og vaklande nynorsken enno er - ein «barnesjukdom» hjå det heller unge skriftmålet. Tydelege karakterdrag fær ikkje festa seg fyrr nye brotsjøar skyl inn yver oss og slettar ut kvart spor av vegval som fyrr er gjort. Det er her den negative bindingi til norsk-dansken syner seg allra tidast. So lenge nynorsken aldri vert dyrka upp medvite, og kunnskapen spreidd med vaken og venleg vilje, kjem norsk-dansken jamt til å standa brikjande attmed oss - med form og fastleik som ingen tek i miss. Me må våga lyfta syni vår høgre enn til å vera ei smålåti «målform», ei syn skreddarsydd for å sjå sitt eige mål gløypt av eit sams framtidsmål som blenkjer i synsrandi.

Frå bistand til hjelp åt fagna folk

Sume av dei innlånte fyrefesti i norsk er ikkje so ofte framme i ljoset. Eitt av deim er bi-, som er ei dansk form for tysk bei-. Fyrr var det gjerne tala um ein «bistandsminister» i riksstyret - til ein «menneskerettsminister» gjorde meir nytta for seg. På bokmål heiter det å «stå noen bi», men det er ingi rotnorsk vending. Me bør segja og skriva hjelpa nokon eller gjera nokon ei beina. Ei beina og å vera beinsam er fulldekkjande ordlag for den hjelpi me gjev eller tek imot i kvardagslaget. Talar me um meir offisielt arbeid, høver det best med «hjelp», t.d. u-hjelpsminister. Fyrr heitte det at musikaren fekk «bifall», no heiter det gjerne «applaus». Me skulde heller leita upp det norske ordet fagning. Når nokon vert vald med «akklamasjon», er ho eller han vald med fagning. Det meir tinglause umgripet fagnad stend for gleda eller lukka, og fagna folk er sømelege og gode. Her er det ein heil ordkrins som er åt å kverva. Desse ordi heng òg i hop med lagord (adjektiv) som fjåg og fegen (glad). Ei «bisetning» er no avløyst av «leddsetning». På nynorsk bør det heita undersetning. Ordet «bismak» melder seg ikkje når me hev honning på tunga, men svarar heller til det me kann kalla vond smak (i kjeften), usmak, avsmak eller ettersmak.

På skothald

«Bli med i skytterlaget. Treff nye venner!» Tvibotna ord hev sine morosame sidor. Lånordet «treffa» kann både tyda møta og råma nokon, sameleis som det norskeråka. Vil me vera meir noggranne i ordbruken, bør me difor nytta råma (ei skjoteskiva) og møta (ein ven). Det tyske «zu treffen» hev venteleg same roti som det norske «å drepa». Høgtysken hev fenge ein ljodvokster som hev skubba honom lenger undan dei norderlendske måli, og her finn me eit døme på nett det. Takk vere ljodskuvingar heiter det no «pfeifen» i tysk der det i norderlensk lyder «pipa» eller «pibe», og sameleis hev d gjenge yver til t i ord som «Tochter» (norderlensk: «dotter» eller «datter»). På den vis ser me korleis ord som i roti er like, brigdar seg og skyt greiner til kvar sin kant. Innanfor norderlensk hev me fenge nye skiljelinor, tak t.d. ordet «røyk» (norsk), «røk» (svensk) og «røg» (dansk).

Medbrakt

Tysk «schaffen» jamsides norsk skapa syner vel same stemneleidi som med «treffen». Norsk hev lang sjølvljod (vokal), medan tysk hev stutt. Sidan hev norsken teke inn dei tyske ordformene med ei ny tyding. «Å skaffa» tyder ikkje laga eller skapa, men få tak i eller henta. Jamnast fell det laglegast å velja norske ordformer framum tyske. Eit anna tyskt lånord som er sleppt inn i nynorske ordlistor, er å «bringa». Bøygningi skal i nynorsk vera som i kaste-klassa (a-gjerningsord), men den umlydde bøygjemåten «brakte - brakt» slær lett gjenom her, etter påverknad frå norsk-dansk og lenger attende dansk og tysk. Dette gjerningsordet er sjeldsynt i nynorsk, og fortid-formene gjer det dessutan avstikkande. I daglegtala segjer me helst slikt som hava med seg eller taka med seg. På sume av stovone i utmarki finn me skilt der det stend «forbudt å nyte medbrakt mat», so vertskapet skal få selt varone sine. Her kunde me tenkt oss ei norsk tekst soleis: «Det er ikkje lov å eta nista (nistepakka) her.» Nista er eit heimlegt ord som bør dragast fram fyrr gløymsla gøymer det i sitt famntak. Fyrr me legg i veg ut i skog og mark, nistar me oss ut.

Å lukkast med «å lukke»

Sistpå denne gongen skal me stana eit bil ved ei ny ovring som hev spreidt seg i talemålet og sidan i skrift med. Det ser ut til at visse gjerningsord byter um på subjekt og objekt, so daude ting mest som livnar til og ter seg som menneskje. «Døra stengjer» og «butikken stengjer» høyrer me, vel vitande um at nokon stengjer deim, dei er ute av stand til å lyfta finger sjølve. Fyrr heitte det i bokmål «døren stenges» og «butikken stenges». Slike passiv-samband er lite utbreidde i nynorsk. Me bør heller ordleggja oss med ei umskriving, t.d. med verta og ein partisipp, «døri vert stengd» og «butikken vert stengd», dersom då ikkje den som set gjerningi ut i livet, skal nemnast: «No stengjer eg butikken.» Eit anna ord som me tidt kann sjå i aktiv der det helst skal standa passivt, er å «lukke», «biblioteket lukker». Dette ordet høyrer i grunnen ikkje med til den nynorske ordskatten, men hev kann henda vorte tilmåta med innverknad frå namnet lòk (jfr. eit lòk - å «lòka», ein kork - å korka). Der dei på norsk-dansk «åpner og lukker døren», kann me på norsk lata upp og lata att døri. Ein sumar me ferdast i Telemark, fekk me sjå ei tavla med påskrifti «Lat att grindi», og det er på denne visi slike gjerningar hev vore ordlagde i nynorsk. «Lukkede øyne» svarar då til attlatne augo i nynorsk, og det bjodande skiltet «Porten lukkes når museet stenger!» kann me då setja um til «Lat att grindi (porten) når museet vert stengt!» På tunnelbana i hovudstaden høyrer me stødt «dørene lukkes» (på jamnen uttala «drne lks»). På nynorsk kunde me ha sagt «dørene vert stengde» (ei staving meir enn den norsk-danske utgåva) eller kann henda «dørene let seg att». For vognførarar som ikkje ræddast rampeljoset og trivst som midpunkt for ferdafolket, kunde me ha freista med «No stengjer eg dørene». Hadde det ikkje vore for at dørstengjingi slett ikkje alltid fører til at vogni flytter seg eit hanefet nærare næste stasjon, kunde me ha nemnt «toget går (gjeng)», men det er nok å venta for mykje i den tjukkaste storbyjungelen i tigerstaden.

.