Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

NORSK FORMLÆRA

Av
LARS ESKELAND
Åttande utgåva

INNEHALD

LJOD OG LJODSKIFTE

1. Konsonantane, eller medljodi, er: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Vokalane, eller sjølvljodi, er: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å (á, aa). Diftongane, eller tviljodi, er: au, ei øy.

2. e, i, o, u, y lyder på to måtar, trongt og ope. Den tronge ljoden er namn på sjølvljoden. I lange stavingar finn me oftaste den tronge ljoden, i stutte oftaste den opne. Med den opne ljoden nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y tilø.

Trong: tre, kne, bles, ser; sédd, tédde
fri, tid, lika, slipa; ill, vidd
god, bok, sol, drog; sott, otte
bu, hus, duva, truga; trutt, snudde
by, sky, syn, styra; nytt, bytt
Open: kjenna, bekk, eld; nes, lepe, lesa
mitt, viss, kippa; vika, skin, visen
dott, odd, hogga; skot, mose, koma
turr, upp, grunn; hug, sumar, fura
fyrr, fylgja, syrgja; skyn, lykel

3. Til letting for lesingi skil dei ofte millom trong og open sjølvljod med eit merke, lutande kile (´) yver trong sjølvljod, og attkeik kile (`) yver open, serleg i nokre ord, t. d. lèt, notid av lata, og lét, fyrrtid avlata; fór, fyrrtid av fara; ei fòr.

4. Ljodbrigde („omlyd‟) kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i sta vingi etter.

5. Lint ljodbrigde (i-ljodbrigde) er det når ein hard sjølvljod hev vorte til ein linn:

a til è: fast, festa; lat, lèta; mann, menner
åæ: våt, væta; lås, læsa; kåt, kjæta
oø: bot, bøta; dom, døma; stor, større
òỳ: dott, dytta; sorg, syrgja
uy: sut, syta; hus, hysa; sur, syra
ùỳ: grunn, grynna; ung, yngja
auøy: blaut, bløyta; draum, drøyma; laup, løypa
jo
ju
} y: tjon, tyna; ljos, lysa; mjuk, mykja

6. Hardt ljodbrigde er det når a hev vorte til ò: holva av halv, toka av tak, soga av sag-de; born av barn.

7. Eit anna slag ljodskifte, ljodsprang (avlyd), hev me i kjenneformene av dei sterke gjerningsordi. Sjølvljoden ymsar på fleire måtar: finna, fann, funne; lesa, las, lese. Sjå st. 66-75.

LESEMÅTE

8. Stutt d etter sjølvljod eller millom to sjølvljod er for det aller meste daud, d. v. s. burtfallen i talen: tid, strid, lagnad, kveda, gleda. Sameleis når han står etter r: gard, ord.

9. I nokre ord kastar dei no den daude d'en: Båe to (men: både — og), brå, breia, ei bu, ei glo, grei-a, hei, kei, lei-a, løa, snau, soleis og andre som endar på leis, stø, sva-berg o. fl.

10. I bundi form av inkjekyns-ordi (landet, fjellet, huset) er t'en daud. Like eins i ordet det. I dei linne inkjekynsordi skriv ein bundi og ubundi form sameleis (eit auga, vinstre auga).

11. rn vert oftast til nn (dn) i talen: born, kvern, korn. Men det finst bygdemål som hev rn, so ein kann bruka den lesemåten og, um ein vil. I bundi form av namnordi er r-en burtfallen å kalla. Fyrr skreiv dei gutarne, gjesterne, visorne; ein må lesa gutane, gjestene, visone. No let ein skrifti fylgja talemålet i dette stykket; for r-en gjerer ikkje ordi klårare for auga heller. Sjå st. 21-29.

12. g og k lyder som gj (j) og kj fyre linne sjølvljod (e, i, y, æ, ø, ei, øy): gild, gøyma, kinn, kyrkja. Fyre e, æ og ø skriv ein ogso vanleg j: gjera, gjæv, kjenna, kjøpa. Men fyre e i endestavingar skriv dei han sjeldan: rike, lykel, dregen.

13. Fyre e i samansetning lyder g og k hardt, for di e då står i staden for ein gamall a eller u: bakkebrun, vikeblad.

14. Ordi fær tonetyngd på to måtar, som me kallar tonelag: einstavingsord hev einstavings tonelag: dag′en, bekk′en. Like eins ord som fyrr hev vore einstavings-ord: bøk′er, end′er (av and).

Fleirstavings-ord hev tostavings tonelag: vi‵sa; so‵la seg; dag‵ar. Som ein ser, kann ein syna tonelaget med tonelagsteikn, eller aksentar.

FORMSKIFTE ELLER BØYGJING

15. Sume ord er alltid eins, men dei fleste skifter form, vert bøygde, etter som dei vert brukte til.

NAMNORDI

16. Namnordi er anten hankyn, hokyn eller inkjekyn (kynlause). Alle hankynsord kann ein byta um med han, hokynsord med ho, og inkjekynsord med det. Um ei ku kann ein segja at ho er stor, um ein båt at han flyt lett, um eit fjell at det er høgt.

17. Namnordi hev to talformer, eintal og fleirtal. I kvar av desse formene må ein skilja millom ei ubundi og ei bundi form: dag, dagen; dagar, dagane.

18. I det gamle mål hadde namnordi fire kasus eller høveformer, som synte klårt kva ordet hadde å gjera i setningi: nemneform, motfallsform, sidefallsform og eigeform. Dei to fyrste hev falle saman for lenge sidan, og dei to siste er mykje burtslipte.

Sidefallsformi er det ymist att av i fleire bygdemål, men dei fleste nyttar henne no lite eller inkje i skrift, anna i nokre talemåtar, som: av garde, i make, i fatle, i live, av lage.

Eigeformi er brukt ein grand, serleg i samansetning, dagsror, årstid. Dess-utan hev ein henne att i ymse ord og talemåtar: dagsens, heimsens, mannsens; manna mål, årsens tid, all landsens ulukka, husens folk, himmels høgt, livs levande. Etter styreordet til finn ein ofte eigeformi: til lags åt alle —, til gards, til skogs, til bygdar.

19. Men elles er det so i norsk som i fleire nyare mål, at ein mykje må skriva um eigeformi. Det kann ein gjera: 1) ved styreord: garden åt grannen, rokken til mor, sanden i havet, taket på huset 2) ved vara-ordet sin: grannen sin gard, môr sin rokk. 3) ved hans og hennar fyre folkenamn (sernamn og nokre få samnamn): garden hans Gunnar, målet hennar mor. 4) ved samansetning: grannegarden, skogkanten.

Nemneformi er soleis brukt mest i alle høve.

20. I bøygjingi skil namnordi seg fyrst etter kynet i tri flokkar. For kvart kyn hev me to bøygjemåtar, som me kann kalla den sterke og den linne. Etter den sterke bøygjemåten går alle einstavingsord, og dei fleirstavingsord som endar med medljod. Etter den linne går dei fleirstavingsord som endar med sjølvljod.

HANKYNSORDI

21. Den sterke bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform dag dagen dagar dagane
Eigeform (samansetning) dags dage

Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. ås, arm, båt, by, bø, dom, fugl, gut, heim, kamb, mur, odd, sal, stein, stol. Like eins mange fleirstavingsord som endar med medljod: riking, gamling.

Merk elles: Nokre ord som endar på el og ul vert samandregne i fleirtal: bendelbendlar; høvelhøvlar; spegelspeglar; støvelstøvlar; trygel (lite tnog) — tryglar; jøkuljøklar; ongulonglar; vondulvondlar. Og soleis: jøtunjøtnar. Ordet morgon heiter både morgonar (regelrett) og morgoar eller mornar i fleirtal.

Nokre ord som endar på ar og er vert og samandregne i fleirtal: sumarsumrar; hamarhamrar; vintervintrar.

Men når ar er ei utvidkings-ending, går ordi støtt regelrett: tenar-entenarartenarane; lærar-enlærararlærarane; bakar-enbakararbakarane; borgar-enborgararborgarane; klokkar-enklokkararklokkarane; romar-enromararromarane.

Ein må aldri kasta ei staving liksom dansken gjerer i sovorne høve, so ein t. d. fær bakarne i staden for bakarane, murarne i staden for murarane, fiskarne i staden for fiskarane, og romarne i staden for romarane.

22. a. Nokre ord fær er i fleirtal:

kvist kvisten kvister kvistene

Sameleis: brest, døl, gjest, gong, gris, lem (t. d. lemene påkroppen), let (t. d. raud og kvit let), lut (ein lut av arven), mun. (Det gjorde stor mun. Alle munene dreg), rett (matrett. Det andre ordet rett går som dag: Det stod seg for alle rettar), sau, sed (t. d. skikk og sed), stad, ven, vev, vær (t. d. Lom-vær).

Soleis går alle som endar på nad: månad, verknad o. fl.

Dess-utan nokre folkenamn som alltid står i fleirtal: egderegdene; fyrderfyrdene (t. d. eidfyrdene), kvemmerkvemmene (folk frå Kvam); sygnersygnene (folk frå Sogn); telertelene; trøndertrøndene.

Like eins dei ordi som endar med g og k og hev linn rotvokal.

øyk øyken øyker øykene

Fleire slike ord: bekk, belg, benk, dregg, dreng, drykk, flekk, hegg, klegg, legg, løk (bekk), rygg, rykk, sekk, serk, streng, stylk, styng, vegg, veng.

Samansetningsformer: belgmyrker, kleggbit, leggbein, ryggverk, strengnett, veggmåling, bekkefar, benkefot, drengestova, drykkevisa, heggebær, sekkelereft, veggemot, øykeflokk.

Merk: sko, fl. skorskorne ell. skoskone; ljå, ljårljårne.

23. Nokre ord fær er og lint ljodbrigde: bror, fl. brørbrørne ell. brøderbrøderne; far, fedrarfedrane(ell. feder)— federne); fot, føterføtene; mann, menner (ell. menn) — mennene; nagl, neglerneglene; son, sønersønene; spon, spønerspønene.

Mrk.: ein ting, fl. ting (t. d. ein liten ting), b. f. tingi.

24. Den linne bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform hane hanen hanar hanane
Eigeform (samansetning) hane (hane)

Bolle, granne, hage, kjole, sele, time, og alle andre fleirstavingsord som endar med vokal (e), vert bøygde soleis, so nær som bonde, bonden; bønderbøndene.

HOKYNSORDI

25. Den sterke bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform skål skåli skåler skålene
Eigeform (samansetning) skåle(ar) skåle

Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. bru, bøn, dygd, ferd, grein, høgd, klauv, lei, lyst, nål, rid, røyr, segn, ski, sokn, stund, tid, tuft, urt, ætt.

26. Nokre fær ar i fleirtal:

elv elvi elvar elvane

Soleis: år (til båt), ådr (blod-), erm, flis, geil (veg med gjerde på sidone), grind, gimber, gyger, hei, helg, herd, hind, hit, kleiv, kvern, mjødm, myr, møy, reim, rip (båt-), røyr („lyske‟), røys, sen, sild, spik, svill, sæter, vik, øks, øyr. Like eins alle som endar på ing: ending, føring, kjerring, rekning, sending.

Nokre ord skil seg endå meir ut med det, at dei fær j fyre endingane i flt.: hes, hesjarhesjane. Soleis: egg, eng, fit (eng), klỳv, skjel (sand-).

27. Nokre ord med hard rotvokal fær lint ljodbrigde:

gås gåsi gjæser gjæsene
I samansetn. gåse, t. d. gåsefeitt.

Soleis: andender; bokbøker; botbøter; brokbrøker; handhender; luslyser; musmyser; nattnetter (ell. næter); notnøter (fiske-); randrender; rotrøter; skåkskjæker; strandstrender; tågtæger.

Endar ordet med rotvokalen, er fleirtals-tillegget berre r, og denne r'en står fast i bundi form og:

klo kloi klør klørne

Soleis: flåflær; gloglor; kråkrær, ell. krokrør; kukyr; rær; slåslær; tær; trotrør.

Like eins står r'en fast i alle former, dersom han fyrst er med i eintalet: dotter, fl. døtterdøtterne; mor, mørne (ell. mødermøderne. Skrivemåten mødrarmødrane er og brukt); systersysterne (ell. systrarsystrane).

28. Eit skifte frå o til e (og o til a) i rotvokalen hev me i nokre ord: fonn, fl. fennerfennene; nòs (= nase), nasernasene; not (frukt), neternetene (samansetn. nate-hams, -kjerne); stong, stengerstengene; tong, tengertengene; tonn, tennertennene (samansetn. tann-gard, -verk).

29. Den linne bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform visa (vise) visa visor visone
Eigeform (samansetning) vise
Godkjend sideform fl.: viser, visene.

Gata, gåva, kåpa, klokka, tavla, tunga, og alle andre fleirstavingsord som endar med sjølvljod, vert bøygde soleis.

INKJEKYNSORDI

30. Den sterke bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform år året år åri
Eigeform (samansetning) års åre

Bein, brev, hus, hår, mål, tun, og alle ord med berre ei staving eller med medljod-ending, vert bøygde soleis. Dei fleirstavingsord som endar med e går og etter denne bøygjemåten. Eks.: eple, eplet; eple, epli.

Inkjekynsordi fær soleis ingi ending i fleirtal, anna dei 7-8 som vert bøygde liksom auga (st. 32). Ein må soleis ikkje skriva mange epler, stykker, liksom på dansk, men: mange eple, stykke.

Ende-t'en (året) er daud, og må soleis ikkje lyda med i lesingi.

31. Det harde ljodbrigde (sjå st. 6) er det no lite att av i bøygjingi: barn, born. Elles vert sjølvljoden eins i eint. og fl.: land. fl. land ; vatn — vatn; fat — fat (fyrr fl.: lond, votn, fòt) o. s. fr.

32. Den linne bøygjemåten.

Eintal Fleirtal
Ub. form B. form Ub.form B. form
Nemneform auga auga augo augo
Eigeform (samansetning) auge augne

Soleis går: hjarta, nyra, øyra, okla, nysta, noda (= nysta), hyrna.

KJENNEORDI (ARTIKLANE)

33. I ubundi form heiter kjenneordet ein, og bøygjer seg etter kynet av namnordet det står til:

hank. ein, hok. ei, inkjek. eit.
Det finst ogso ei fleirtaisform, eine: Dei fer som eine gapar. Fyre talord kann det tyda „på lag‟, og heiter då ei: ei ti tolv, ei tjuge tretti stykke.

34. I bundi form hev me to slag kjenneord:

a) ei ending til namnordet: dag-en, skål-i, hus-et (sjå namnords-bøygjingi);

b) eit serskilt ord som vert brukt fyre tilleggsord: den rike mannen, det nye huset.

Det bøygjer seg i kyn og tal etter namnordet det står til: hank. og hok. den, inkjek. det, fl. alle kyn dei.

Ende-kjenneordet er oftaste med då og: den rike mannen.

TILLEGGSORDI (ADJEKTIVI)

35. Tilleggsordi hev ei ubundi og ei bundi form. I ubundi form rettar dei seg etter namnordi dei høyrer til, og vert bøygde i kyn og tal, for det meste soleis:

Eintal Fleirtal
hankyn hokyn inkjekyn alle kyn
stor stor stort store

Eks.: ein stor mann, ei stor kona, eit stort barn; store menner, konor, born.

36. Endar ordet med rotvokalen, fær det tt i inkjekyn: nynytt; blåblått; trutrutt.

37. Ein t-ljod etter vokal vert lang (tt) i inkjekyn, og sjølvljoden vert stutt: flatflatt; kvitkvitt. Men er det ein medljod fyre t'en, fær ordet ingi ending i inkjek.: svartsvart; fastfast.

Merk: jamnjamt, samansetn. jam-stor, -god.

38. Når ordet endar med dubbel medljod, fell den eine burt fyre inkjekynsendingi, utan han kann skilja frå eit anna ord: sannsant; tryggtrygt; men visst av viss, til å skilja det frå vist av vis; fullt av full, men fult av ful.

39. Nokre ord vert samandregne i fleirtal: digerdigre; gamalgamle; magermagre; ymisymse.

40. Tilleggsformi (partisippet) av dei linne gjerningsordi vert bøygd soleis:

dømd, dømd, dømt; dømde
kasta, kasta, kasta; kasta
41. Dei ordi som endar på en vert bøygde soleis:

open, opi, ope; opne

Tilleggsformi av dei sterke gjerningsordi vert bøygd soleis.

42. Den bundne form liknar fleirtalet, og er alltid eins: den store mannen; det opne gapet; dei store, dei opne.

Liten heiter i bundi form litle: den litle guten.

43. Sume tilleggsord vert ikkje bøygde: truande (og andre på ande), einstaka, jamstroka, manglida (mangment); fagna, grepa (gild), gasta, måta o. fl.

44. Samanlikningsformene.

Til grunnformi (positiv) fær tilleggsordi are i høgregrad (komparativ) og aste (ast) i høgstegrad (superlativ):

rik rikare rikaste
tru truare truaste
mager magrare magraste
open opnare opnaste

45. Nokre ord fær re i høgregrad og st i høgstegrad, og lint ljodbrigde:

ung yngre yngst
tung tyngre tyngst
stor større størst
lang lengre lengst

Og like eins: få (færre, færraste), høg (høgre, høgst), låg (lægre, lægst), trong (trengre, trengst), små (smærre, smæst). Desse ordi kann elles få are og aste og: høgare, høgaste; lågare, lågaste o. s. fr.

46. Uregelrette er:

god, betre, best gamal, eldre, eldst mykjen, meire, mest
vond, verre, verst liten, mindre, minst mange, fleire, flest.
Nokre ord finst berre i høgre- og høgstegrad: indreinst; ytreytst; øvreøvst; nedrenedst; fyrrefyrst; fremrefremst; nørdrenørdst; søre (syndre)synst. Øystre, vestre; høgre, vinstre. Einaste.

47. Høgre- og høgstegradformene vert ikkje bøygde, utan høgstegradformene på st (og på ast).

48. Ord som endar på ut hev ikkje samanlikningsformer. Me må då bruka meir og mest: meir flekkut, mest flekkut.

TALORD

49. Mengdetali er: ein, to (tvo), tri (tre), fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, tolv, trettan, fjortan, femtan, sekstan, syttan, attan, nittan, tjuge, ein og tjuge o. s. fr., tretti, fyrti, femti, seksti, sytti, åtti (åtteti), nitti, hundrad, tusen.

50. Rekkjetali er: fyrste, andre, tridje (tredje), fjerde (fjorde), femte, sette (sekste), sjuande, åttande, niande, tiande, ellevte, tolvte, trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande, nittande, tjugande, ein og tjugande o. s. fr., trettiande, fyrtiande, femtiande, sekstiande, syttiande, åttiande, nittiande, (hundrade), tusende.

51. Talordi vert ikkje bøygde so nær som ein:
hnk. ein, hok. ei, inkjek. eitt. Me såg berre eitt hus.

VARA-ORDI (PRONOMENI)

52. Dei personlege:

Eintal

1ste pers. 2dre pers. 3dje pers.
Nemnef. eg du han ho det
Motfallsf.
og sidefallsf.
} meg deg han(honom) henne(ho) det
Eigef. hans hennar —

Flerital

1ste pers. 2dre pers. 3dje pers.
Nemnef. me (ell. vi) de dei
Motfallsf.
og sidefallsf.
} oss dykk(er) dei(m)
Eigef. dykkar deira
Aust og nord i landet brukar del mest vi, med gamal rett.
Det er reint gale å segja: det er meg; me må segja: det er eg, det er du, det er han ell. ho, det er de, det er dei.

53. Det attervisande vara-ord seg vert ikkje bøygt. Like eins dei motsvarande (resiproke) einannan og kvarandre.

54. Eigedoms-vara-ordi vert bøygde i kyn og tal:

Eintal Fleirtal
hnk. hok. inkjek. alle kyn
min mi mitt mine
din di ditt dine
sin si sitt sine
vår vår vårt våre

55. Dei påpeikande.

Eintal Fleirtal
hnk. hok. inkjek. alle kyn
den den det dei
denne denne dette (detta) desse
Hit høyrer: same, slik, sovoren, sjølv.

56. Atterførande (relativt) vara-ord er berre som. Det vert ikkje bøygt.

Til ei stadnemning kann ein visa med der: So kom han upp til garden der broren budde.

57. Spyrjande vara-ord er kven og kva.

Dei vert ikkje bøygde. Kva kann då få ei sidefallsf. kvi = kvifor. I staden for eigef. til kven må ein bruka kven sin.

58. Ubundne.

Eintal Fleirtal
hnk. hok. inkjek. alle kyn
all all alt alle
annan onnor anna andre
annankvar onnorkvar annakvart
einkvar[1] (ell. einkvan) eikor eitkvart
hin hi hitt hine
ingen ingi inkje ingi
korgje[2] korgje korkje
kvar kvar kvart
mang ein mang ei mangt eit mange
nokon nokor noko nokre
sum sum sumt sume

59. Mykje brukt er ein (svarar til det tyske „man‟), og det upersonlege det. Eks.: Ein kann vel vera hag, um ein ikkje er heppen. — Um det regner og snjo'r, um det stormar frå nord —. Dei fær ingi onnor form.

[1] Tyder nokon, og er soleis ikkje det same som d. „enhver‟: Det lyt vel einkvar gjera det. Der hadde vore einkvar, såg eg. Ein kann godt skriva einkvan; då vil ordet verta tydelegare for dei fleste.
[2] Del var her båe; men dei gjorde ingen ting korgje.

GJERNINGSORDI

60. Gjerningsordi vert bøygde i tider og måtar.

I fleire bygdemål vert dei ogso bøygde i tal, serleg i notid. Fl. not. er då likt med grunnformi. Aasen og andre hev skrive soleis; men det er mykje avlagt no.

61. Serskilde former for passiv er lite brukte: det høyrest, det spørst. Det gode gjerest medan det vonde gjeng. — Dei vert mest umskrivne med vera og verta: Det er mangt gjort, og mangt vert gløymt. — Ei refleksivform, som endar på st, er att i sume ord: finnast, ottast o. fl.

62. Formene åt gjerningsordi er anten einskilde (dei som vert til utan hjelpegjerningsord) eller samansette (dei som vert til ved hjelpegjerningsord). Hjelpegjerningsordi er: hava (ha), skula (skal, skulde), vera, verta, vilja.

63. Etter tidformene skil gjerningsordi seg i to bøygjemåtar, den sterke og den linne.

64. Skal ein kunna bruka eit gjerningsord i alle høve, må ein vita kjenneformene: grunnformi, notid, fyrtid og fyrrtidstilleggsform.

65. Roti finn ein når ein tek endevokalen (a) burt i grunnformi: far-a, døm-a.

STERKE GJERNINGSORD

66. Eins for dei sterke gjerningsord er: notid og fyrrtid i forteljemåten er utan ending. I notid fær sjølvljoden lint ljodbrigde, er det råd, og i fyrrtid kjem det jamnaste ein annan sjølvljod (ljodsprang). Fyrrtidstilleggsf. endar på en i hank., og vert bøygd som eit anna tilleggsord med same endingi. Notidstilleggsf. hev endingi ande. I bjodemåten er det snaude roti, i ynskjemåten kjem e til.

Forteljemåte Ynskjemåte
Notid fer fare
Fyrrtid fór
Tilleggsform
Notid farande
Fyrrtid faren (fari; fare; farne)
Bjodemåte Grunnform
far! fara

67. 1ste rekkja (i, e; a; u, o).

Grunnform Notid Fyrrtid Tilleggsform
a) finna finn fann funne
drikka drikk drakk drukke
klinga kling klang klunge
spinna spinn spann spunne
vinna vinn vann vunne
brenna brenn brann brunne
renna renn rann runne
binda bind batt bunde
stinga sting stakk stunge
vinda vind vatt vunde

binda, stinga, vinda heiter i bjodemåten: bitt, stikk, vitt.

b) bresta brest brast broste
detta dett datt dotte
falla fell fall falle
gjelda gjeld galdt golde
gleppa glepp glapp gloppe
gletta glett glatt glotte
gnella (kvina) gnell gnall gnolle
knekka (bresta) knekk knakk knokke
knetta (smella) knett knatt knotte
kvekka kvekk kvakk kvokke
kveppa (kvekka) kvepp kvapp kvoppe
kverva kverv kvarv kvorve
rekka rekk rakk rokke
skjelva skjelv skalv skolve
skrella (braka) skrell skrall skrolle
skvetta skvett skvatt skvotte
sleppa slepp slapp sloppe
smella smell small smolle
smetta smett smatt smotte
svella svell svall svolle
velta velt valt volte
verpa verp varp vorpe
verta vert vart vorte

68. Uregelrette er:

hogga høgg hogg hogge
tyggja tygg togg togge
nyggja (hogga, skrapa) nygg nogg nogge
syngja syng song sunge
søkka søkk sokk sokke
støkka (bresta) støkk stokk stokke
trenga treng trong trunge
slenga sleng slong slunge

69. 2dre rekkja (e; e; a; e, o),

a) kveda kved kvad kvede
lesa les las lese
beda bed bad bede
drepa drep drap drepe
kreka krek krak kreke
leka lek lak leke
reka rek rak reke
gjeva gjev gav gjeve
gjeta gjet gat gjete
sitja sit sat sete
b) bera ber bar bore
skjera skjer skar skore
stela stel stal stole

70. Uregelrette er:

koma kjem kom kome
sova sev (søv) sov sove
eta et åt ete
liggja ligg låg lege
sjå ser såg sét (hnk. og hok. sédd)
vera er var vore

71. 3dje rekkja (i; i; ei; i).

bida (vera, finnast) bid beid bide
bita bit beit bite
driva driv dreiv drive
glida glid gleid glide
glima glim gleim glime
gnida gnid gneid gnide
grina grin grein grine
kika kik keik kike
kliva kliv kleiv klive
knipa knip kneip knipe
kvina kvin kvein kvine
lida lid leid lide
lita lit leit lite
niga (bøygja seg) nig neig nige
risa ris reis rise
riva riv reiv rive
siga sig seig sige
skina skin skein skine
skrida skrid skreid skride
skrika skrik skreik skrike
skriva skriv skreiv skrive
slita slit sleit slite
smita (lura burt) smit smeit smite
stiga stig steig stige
svida svid sveid svide
svika svik sveik svike
sviva sviv sveiv svive
triva triv treiv trive
vika vik veik vike

72. 4de rekkja (jo, ju; y; au; o).

brjota ell. bryta bryt braut brote
fljota „ flyta flyt flaut flote
frjosa „ frysa frys fraus frose
bjoda „ by byd baud bode
ljota lyt laut lote
njosa „ nysa nys naus nose
njota „ nyta nyt naut note
sjoda syd saud sode
skjota „ skyta skyt skaut skote
trjota „ tryta ende tryt traut trote
fljuga „ flyga flyg flaug floge
krjupa „ krypa kryp kraup krope
ljuga „ lyga lyg laug loge
rjuka „ ryka ryk rauk roke
smjuga „ smyga smyg smaug smoge
strjuka „ stryka stryk strauk stroke
skuva (skyva) skyv skauv skove
stupa styp staup stope
gyva gyv gauv gove

73. 5te rekkja (a; e; o; a, e).

a) fara fer fór fare
ala èl ol ale
gala gjel gol gale
grava grev grov grave
mala mel mol male
skava skjev skov skave
vada vèd vod vade
b) aka èk ok eke
skaka skjek skok skjeke
taka tek tok teke
draga dreg drog drege
gnaga gneg gnog gnege
flå (ogso lint) flær flo flege
klå (ogso lint) klær klo klege
slå slær slo slege
två tvær tvo tvege

74. Uregelrette er:

laupa løyp ljop (laupte) laupe (lope)
lær lo lætt
stå. stend ell. står stod stade ell. stått
sverja sver svor svore
treda tred trod trade
vega veg vog vege
veksa veks voks (vaks) vakse
veva vev vov vove

75. 6te rekkja (å; æ; e; å, e).

blåsa blæs bles blåse
fær ell. får fekk fenge ell.fått
gå (ganga) gjeng ell. går gjekk gjenge ell. gått
gråta græt gret gråte
halda held heldt halde
hanga heng hekk hange
lata lèt lét late
låta læt let låte

LINNE GJERNINGSORD

76. Alle linne gjerningsord fær ending i fyrrtid, og dei fleste i notid med. Etter endingane i desse tidene skil ein dei i tri rekkjor. Fyrste rekkja hev ogso vokalskifte.

77. 1ste rekkja (-; de; t).

Grunnform Notid Fyrrtid Tilleggsform
telja tel talde talt

Bjodemåte tel, ynskjemåte telje, notidstilleggsform teljande, fyrrtidstilleggsform talt (hnk. og hok. tald).

a) krevja krev kravde kravt
leggja legg lagde ell. la lagt
semja sem samde samt
temja tem tamde tamt
velja vèl valde valt
verja vèr varde vart
b) dylja dỳl dulde dult
dynja (dundra) dỳn dunde dunt
flytja (flytta) flỳt (flytter) flutte (flytte) flutt (flytt)
grysja (rysja, „gyse‟) grỳs gruste grust
smyrja smỳr smurde smurt
spyrja spør spurde spurt
stydja stỳd studde studt
symja sỳm sumde sumt
yrja („yvrimle‟) ỳr urde urt
c) setja set sette sett
selja sel selde selt
skilja skil skilde skilt
skylja skyl skylde skylt

78. Nokre ord som endar med rotvokalen høyrer og helst til denne rekkja:

bu bur budde butt
gå (verta var) går gådde gått
tru trur trudde trutt

Fleire: fli, fly, gro, nå, ro, sy, så, té (syna), trå.

79. 2dre rekkja (er; de, te; t).

døma dømer dømde dømt

Bjodemåte døm, ynskjemåte døme, notidstilleggsform dømande, fyrrtidstilleggsf. dømt (hnk. og hok. dømd).

fløyma fløymer fløymde fløymt
drøyma drøymer drøymde drøymt
sprengja sprengjer sprengde sprengt
styrkja styrkjer styrkte styrkt
lysa lyser lyste lyst

Soleis: festa, frøsa, hysa, kvessa, missa, røma, strøyma, tøma o. fl.

80. Det er ogso nokre ord av denne rekkja som skifter sjølvljod:

gjera gjerer (gjer) gjorde gjort
tykkja tykkjer totte (tykte) tott (tykt)
rekkja rekkjer rakte rakt
tekkja tekkjer takte takt
vekkja vekkjer vakte (vekte) vakt (vekt)
tegja tegjer tagde tagt
segja segjer sagde ell. sa sagt

81. 3dje rekkja (ar; a; a).

kasta kastar kasta kasta

Bjodemåte kasta, ynskjemåte kaste, notilleggsform kastande, fyrrtidstilleggsform kasta.

rulla rullar rulla rulla
sola solar sola sola
takka takkar takka takka
vitna vitnar vitna vitna
studera studerar studera (studerte) studera (studert)

Soleis går dei fleste gjerningsord.

Merk: bjodemåten er lik nemnemåten i denne rekkja. Det heiter kasta steinen! Elles ogso: kast steinen!

82. Uregelrette gjerningsord.

ausa øys auste aust
eiga eig åtte ått
hava ell. ha hev ell. har hadde havt
kunna kann kunde kunna
skula (sku) skal skulde (skula)
turva tarv turvte turvt
valda veld volde valde (ogso lint)
vilja vil vilde vilja
vita veit visste visst

83. Refleksivformene hev st til dei aktive. Eks.:

a) finnast finst fanst funnest
trivast trivst treivst trivest
dragast dregst drogst dregest
b) spyrjast spørst spurdest spurst
venjast venst vandest vanst
c) blygjast blygjest blygdest blygst
synast synest syntest synst
d) dagast dagast dagast dagast
ottast ottast ottast ottast

84. Heil bøygjemynster.

Aktiv (gjereform).

Notid (ind. præs.) skyt, dømer.
Fyrrtid (imperf.) skaut, dømde.
Ferdig notid (perf.) hev skote, dømt.
Ferdig fyrrtid (pluskvamperf..) hadde skote, dømt.
Framtid (fut. simpl.) vil (skal) skjota, døma.
Ferdig framtid (fut. eksakt.) vil (skal) ha skote, dømt.
Ynskjem. (konj. præs.) skjote, døme[1].
Bjodem. (imperativ) skjot, døm.
Grunnform notid (inf. præs.) skjota, døma.
— ferdig notid (inf. perf.) ha skote, dømt.
— framtid (inf. fut.) vilja (sku) skjota, døma.
Notidstilleggsf. (præs. part.) skjotande, dømande.

Passiv (lideform).

Notid vert skoten (i, e; ne), dømd (t; e).
Fyrrtid vart skoten — dømd —
Ferdig notid er skoten — dømd —
Ferdig fyrrtid var skoten — dømd —
Framtid vil (skal) verta skoten — dømd —
Ferdig framtid vil (skal) vera skoten — dømd —
Ynskjem. verte skoten — dømd —
Grunnform notid verta skoten — dømd —
— ferdig notid vera skoten — dømd —
— framtid vilja (sku)
verta skoten — dømd —
Fyrrtidstilleggsf. skoten
[1] Ynskjemåten er lite brukt.

ADVERBI

85. Mange av adverbi hev samanlikningsformer. Sjå um tilleggsordi st. 44, 45.

Elles vert dei ikkje bøygde.

Dei fleste fær are og aste til ending i høgre- og høgstegrad:

vida vidare vidaste
seint seinare seinaste
makleg maklegare maklegaste

Nokre endar med r (ell. er, ar, re) i høgregrad og st i høgstegrad. Eks.:

lenge
langt
} lenger } lengst
tungt tyngre tyngst
(inn, inne) innar inst (innarst)
(ut, ute) utar ytst

Betre, best; verre, verst; minder, minst; heller, helst; meir, mest; (nørdre), nørdst; (syndre ell. søre), synst; nedre, nedst. Fyrst; fremst; øvst; sist.

.