Målmann byter burt stridsøks mot røktargreidor
Av
Ole Jakob Totland
Målfolk og mangslag motmenne hev framgjenom åri øydt upp
mykje tid og krafter på målstrid, me kallar. Det striddest
fyrstundes um skriftmålet i Noreg anten skulde hava dei norske
målføri til grunnlag elder stydja seg åt det målet det
danske koloniveldet lagde etter seg, seinaremeir òg um måli som
desse tvæ grunnsetningane leidde fram til, skulde renna innåt
kvartanna gjenom målmedviti statleg fløyting, og no sidstpå
um det botnarnorske målet framleides skal tryggjast liv ved at det
vert lært i skulen. Det kann vera mangt verdt å segja um kvart
av desse stridsemni, og det er venteleg ikkje so vandt å gissa seg
til kvar eg stend her, men eg totte det snarare kunde vera frumut å
leiva denne målstriden eit tak, og sjå etter um der finst betre
saker for målmenneskje å trøyta tidi med.
Me som uner å kalla oss målfolk, hev vonleg sams med motmenni
våre ein meir ålmenn umsut for mål og målbruk. Det
synest meg vera reint fåfengt å gjeva seg i kast med
målstrid, minder ein meiner målet sjølvt er viktugt. Då
kunde ein like godt berre gapa upp og lata tunga krulla seg etter eige
tykkje, utan at ein hyggjer kva det vert til. Men ei sovordi
medvitsløysa kring mål og mæle er det helst fåe som
nøgjer seg med, med di der er eitt elder anna med målet
som gjerer det verdfullt å bala med. Sume segjer det so at det er
målet som serar menneski ut frå hine kvikjendi. Eg vil gjerne
peika på ei onnor sida, og sidan gruppa Black Debbath alt hev kvede
det so råkande, tarv ikkje eg ordleggja meg onnorleides:
«Språket er tankens trompet».
Målet er det tólet me menneskje hev til å skipa tankane
våre med, og skal me tru honom Sokrates, er det einast gjenom
målet det er råd å nå fram til sammenneskjelege
sannkjenningar um livet, tilvera og alt som bid og ber. Når so
målet er ei slik ageleg greida, burde det vera kunt og klårt at
det lyt gjevast stor gaum og stellast med umhugsamt og med mykje
medvit. Like vel er fyreseggjort målbruk sjeldsynt, jamvel millom
dei som styrer med målstrid.
So, det held ikkje at folk veit kva dei meiner um målstoda og
sovorde? Nei, det gjerer i grunnen ikkje det, for so snøgt nokon
fær sett seg i skallen at eine målet er svært og gildt og
hitt berre er fælslegt, misser dei tidom gongesyni og greider ikkje
skilja godt mål frå vondt. Då er og vert alt som kann
kallast nynorsk anten svært og gildt elder berre fælslegt, og
all norskdansk berre fælsleg elder heilt vanleg, alt etter kva for
ei sida dei held med i den store målstriden. Det er helder ikkje so
at folk som likar å strida um mål, er like forvitne etter å
stulla og stella med mål for di. Mange, i ser på nynorsksida,
hev det med å sjå på målsak som ei underdeild av ei og
onnor andre saki, og segjer som so at målsaki er uløyseleg knytt
til desse hine sakene. Det som ligg i botnen for dette, mun vel vera
eit ynskje um å setja målsaki i samanheng med større
spursmål som ein kann henda reknar for viktugare, radt som ein vil
orsaka at ein tek seg tid til å driva med denne fillesaki, elder
òg at sume verkeleg er vortne målmenner for skuld synene sine
på andre saker, for alt det eg veit. Saker målsaki ofte vert
sett i samanheng med på den visi, er spursmål um by og bygd,
bondestand mot embætsstand, arbeidarar mot utbytarar, dei folkelege
mot dei snobbute, og sidst men ikkje minst allslag strid um nasjonalt
sjølvstende og framandvelde verdi rundt. Eg segjer ikkje at ingi av
desse spursmåli kann vera sætande i høve målstriden, men
dei er alle ulempelege å draga inn når der er tala um mål
og målbruk ser um lag. Det er di at målet då vert halde for
ei merkjesak for éi meinings- og fyrestellingsverd med ei mesta
allfemnande vidd, og det er ikkje lenger so forvitneleg korvorde
mål ein fører, so lengje det ber namnet nynorsk. Det
forvitnelege er helder kvaslag meiningar ein hev slege fast at
målet skal syna til og mæla for. Men eit mål kann ikkje
mæla for nokre serlege meiningar. Målet skal duga til å
leggja fram synsmåtar av alle kynder, tilmed toskute og nautne, og
då er det til stor skade for skifterikdomen i målvegen å
stengja ute alle som munde tenkja litlo onnorleides. Annameir er
tankerekkjor, meinings- og fyrestellingsverder makelause for kvar den
som djervast til å grunda i eigne banor, fritt og ubunde, so dimed
kann flest alle tenkjande menneskje koma i fåre for å verta
tjora i bås med meiningar dei ikkje hev, berre for skuld
målformi dei støyper tankane sine i.
Di er det altso at eg fyrebìls ynskjer å leggja målstriden
lite til sides. Ein altfor sterk stridshuge er nemleg meir til stelp en
til hjelp, er me ute etter eit so godt og rikt mål og målbruk
som råd er her i landet. Og det er nettupp dét eg vil hava. I
staden for målstrid, skulde eg, og alle andre målhuga
nordmenner med, trøyta tidi med målrøkt. Me skulde taka fat i
alt målbruk, både munnlegt og skriftlegt og i alle utgåvor
av mål som bid grendemillom, anten dei so høyrer til den
nynorske elder norskdanske skrivegjerdi, elder ikkje er knytte til
nokor serskild gjerd allfares. Det munde nog verka vanskeleg, men dette
her krev at me ser burt frå det sogelege baktæpet åt
målstoda vår for nett dette fyremålet, og helder ser på
skriftmåli som ulike måtar å freista gjeva att
notidsnorsken på. Det ber kanskje til dersom me semjast um dét at
det hovudsakleg er form- og ljodlæra som er fastslegi i dei
skilde måli, og at ordfang og ordfelling er ope for kvar einstaka
skrivar å nøyta som han tykkjer. Med det som utgangsstøde
munde målfolk og motmenne saman onna på og dyrka norskt mål
i ålmenn tyding.
Orsaki til at eg vil råma alt mål med målrøkti, er at det
allra meste eg støyter på av lester, er ført i pennen på
nokoslag norskdansk. Me kjem difor syrgjeleg stutt, um me berre bryr
oss um nynorsken. Tidsskrifter, blad og bokavl, vevsidor,
fjerrsjåteksting, tekst-tv-teigar og kunngjeringar på
stræte og torg - det er ikkje mykje som er på nynorsk, og
mindre er det som er ordlagt på ein spræk og livall måte
der skrivaren hev våga nytta ut rikdomen ordskatten vår hev
tilgjengeleg. Det er snålt det der, alle dei som jøyar seg yver
kor fåtøkt norskt mål visstnog skal vera; det er i røyndi
deira eige målbruk dei mismæter. For det er mykje rett i det
dei segjer, dei lærde, at det er uråd å telja ordi i eit
mål, og soso avgjera um det eine målet er rikare en hitt. Men
det som gjeng, er å einast nøyta eit minstemål av ordi
målet eig, og attpå til nøyta framandord so sant det lèt
seg gjera. Då fær me eit målbruk som i sanningi er
fåtøkt, og erso at dét er den einaste leidi folk nøyter eit
mål etter, vert ogso målet sjølvt med kvart fåtøkt,
alt medan rikdomen dess tryt og gløymest av. Det er langsmed den
vegen me vavrar med norsken vår no, og det er den kosen eg meir en
gjerne vil venda.
Kor skal me so få til dette, må tru? Jau, målrøkti lyt
leggja vinn på å sveipa ei stemning um alt landet, ei stemning,
elder eit huglynde um de vil, som gjerer at folket finn at det er
ærefullt å føra eit rikt og vidsveimt mål. Eit mål
der me hævdar ord og segjemåtar som skapande bokskrivarar og
andre ordhage karar og kvende hev gjeve oss gjenom tidene -
allusjonar, fyndord og slikt noko. Dessutan òg ikkje minst eit
mål der alle målføreord og hoggrame segjemåtar me
kjenner frå fjell til fjøra, frå utøyar, dalar og flyer,
flatbygder og tjukke skogar og like til dei stille vågane og dei
masne kaupstadene, sjeldspurde som tidhøyrde, kjem til heiders og
fær sine rettkomne rom i det verksame ordfanget. For der lìver
mykje hævt målto i den daglege drøsen rundt umkring, som
ikkje finn vegen til bokstavar og prentesverta. Etter mine heimlege
strender finst der til dømes mangt og mykje som er
«løgje», men med det same det skal
skrivast um, vert det brådt anten
«rart» elder
«môrosamt». Sameleides er det med ordi
«gut» og
«gjenta». Dei råder so å segja
grunnen åleine i skrift, medan talemåli hev eit mangfald av ord
som tekkjer for kynsnemningi på born, um sume vel dregst med nokre
sidetydingar og konnotasjonar ein bør vera var. Attåt gut hev me
med anna glunt, gorre, gosse,
knikt, pjokk, pøyk, plytt,
dreng, strik og svein, og attåt gjenta
hev me vækja, kei, dròk,
drós, fesja, fyrkja, møy,
taus og tytta med mange fleire.
So hev me då dei ordi og ordelagi som gjeng mykje att når me
skriv, og som mi sann skulde trenga til avløysing. Eit slikt ordelag
er «av og til» som allvisst er eit
umsetjingslån frå tysk «ab und
zu». Dét vert nøytt til yvermål, og fær
mest berre avløysing av «stundom»,
som tidt vert kòse når skrivaren skal freista vera liteso nynorsk
av seg. Men ogso ordet «stundom» vert
ofsa, tykkjer eg. Norskt mål hev då so uhorveleg mange
brukføre ord og ordelag som tyder nett dette, so det skulde no vera
rakleg å få skift «av og til» og
«stundom» med andre samtydingar ibland.
éin flokk er fulla ein mun bruka, med ordelagi «til
tider», «innimillom»,
«frå tid til onnor» og
«no og då». Dei hine ser me knapt
snurten av. Men kva er gale med sumtid, takomtil,
ridomtil, bìlomtil, tak um tak,
tak og anna, gong og annan, ender og då,
ender og gong, då og då, i ny og
nedar, attimillom, bìlemillom,
annarsimillom, millomåt og mange, mange dilike?
Dei er då nogsame ord, dei med, og skulde brukast mykje oftare og i
di rika målføringi vår.
Soleides kunde eg halde fram ord for ord, saksryfte for saksryfte, og
det er dét eg meiner må vera uppgåva åt målrøkti
- å gjera kjende og kveikja livsgneisten åt dei gode norske
ordi og ordelagi som no for tidi ligg som i sljoe dvala, i alle fall
når det gjeld skriftmåli, og det på grunn av slurv og
målsleg likesæla millom skrivande folk her til lands. Alle
målrørslor skulde hava sovordi målrøkt som si fremste
fyreloga, på båe sidor av målstridsskilet, og alt skrivande
folk skulde skyna at eit skifterikt, vidsveimt målbruk er til det
beste for tekstene dei skriv og for sjølve modermålet. Då
hadde me nått fram til ein smule av den stemningi, det huglyndet eg
trur trengst for vokster og uppsving for det kjære målet
vårt.
No det er gjenge eit tak, er eg stygt rædd eg ikkje lenger evler
stiltra meg heilt undan målstriden lel, etter di eg meiner desse
spursmåli um godt norskt mål sting rake inn i mergen åt
målet. Det her handlar um meir en nokre småe krusingar på
yta, og då er det ikkje so endetil å sjå burt frå
reisverket dei norske ordi og ordelagi skal festa seg åt.
Meinhøvet i dette stykkjet er at det norske ordfanget ikkje høver
so vél i hop med dåmen i norskdansken. Sernorske ord og ordelag
hev det med å verta som lånord i norskdansken og det vert
snåpt til stilbrot når ein tvingar heimlege ord og
segjemåtar inn i den tame form- og ljodlæra åt det
målet. Dertil hev norskdansken eit leidt lag med å triva til
norske målføreord når han skal syna at stilen ligg på ei
helder låg skòra, og dét er so visst ikkje det eg er ute etter.
Eg vil til eit målbruk der me nyttar ut det norske ordfanget i sin
fulle og heile stordom, og dega kjem me oss ikkje nårsom at me
svinebind dei heimlege ordi til lågstilen. Det norske ordfanget hev
livt med sitt folk gjenom både sykn og helg, sorg og høgtid, i
armod som i velstand i tusund på tusund av år, og hev difor
nøgdi å bjoda på av høgstil og lågstil likso vél
som ein meir måteleg utgreidingsstil. Dersom det er so at
norskdansken berre hev opning for sernorske ord og ordskap når han
skal merkja lågstil, er han ikkje mykje verd dragsa på. So med
umsyn til slike leidende hjå norskdansken, lyt eg samvitsfullt
sanna at eg meiner norskt mål best kjem til sin rett innanfyre den
råma Ivaren sette upp. Men det var kanskje ikkje nokor skakande
tidend?