RETTSKRIVINGSSTRÆV I UTLANDET OG HER
Av
Gustav Indrebø
Litt um rettskrivingsspursmålet i Sverike.
I.
I Sverike hev dei gong på gong i dei siste 50-60 år havt rettskrivings-ordskifte.
Etter det norderlendske rettskrivingsmøtet i
Stockholm 1869 gav A. I. Hazelius ut ei skrift i 1870/71 «Om
svensk rättstafning». Sidan var det ordskifte i 1870-80 åri. I
1886 gav «Nystavningssällskapet» ut eit heller uferdigt, hardhendt
framlegg til ny rettskriving. Framlegget vart siege reint
ned ved kritikken frå språkmannen E. H. W. Tegner, som elles
sjølv var nystavar. Som eit resultat av ordskifti og agitasjonen
gjenom fleire ti-år kom det offisielle rettskrivingsbrigdet i 1906.
Ekklesiastik-ministeren i Staaffs ministerium, den kjende skulemannen
og politikaren Fridtjuv Berg, fekk fram dette brigdet.
Ved vedtaket i 1906 brigda dei skrivemåtar som lif, lefva til liv,
leva; hv til v so at t. d. hvar, hvad, hvit vart var, vad, vit; dt til
t(t) i adjektiv og verb med d i stomnen, so det vart gott, brett,
ont, fött, vänt (av god, bred, ond, föda, vända); dt til t i partisipium
av linne verb, so partisipium vart likt supinum. Fyrr hadde
dei skilt millom partisipium («bordet er måladt») og supinum
(«han har målat bordet»). Desse brigdi hadde studnad den gongen
hjå nærsagt alle svenske filologar. Like fullt vart det store
debattar ikring denne rettskrivings-resolusjonen.
Nystavarane tenkte seg at den Fridtjuv Berg'ske resolusjonen
skulde vera berre eit stig i eit stort reformprogram. I det siste
hev røynleg røyster lyft seg frå sume kantar for nye rettskrivings-brigde,
og der hev vore ymist prinsipielt ordskifte att um
rettskriving og um det teoretiske og praktiske grunnlaget for
brigde.
Måltilhøvi i Sverike og her er ulike, og målproblemi òg vert
difor ulike. Like vel kann ordskifti i grannelandet vårt, og i det
heile det som gjeng fyre seg i rettskrivingssaki der, ha ikkje so
lite å læra oss. Dei beste innleggi som hev kome der byggjer på
stor sakkunne og mykje prinsipiell tenkjing, kva side dei so kjem
ifrå. Ein er t. d. fri der all samanroting av «rättstavnings»-brigde
(etter vårt målbruk «rettskrivings»-brigde) og so brigde i sjølve
målet; ei samanroting som endefram hev vore det vanlege i målordskiftet
her til lands dette siste året, og som jamvel medlemer
av den departementale rettskrivingsnemndi gjer seg skuldig i.
Ein merkar dessutan i innlegg frå båe sidor ei sterk nasjonal samkjensle,
lyt me kalla det, i denne saki. Ei greid vedgåing av at
riksmålet er heile folket si eige, og at difor alle hev rettkomi interesse
i det, og rett til å få sagt si meining og til å ha innverknad
på avgjerdene. «Man bör vid reformerandet av språket gå fram
med en viss forsiktighet ... av hänsyn till frågans invecklade natur
och oenigheten bland reformvännerna om en radikal reforms
läggning». «lcke endast språkmannen och läraren med sitt intresse
av konsekvens må ha sitt ord med i laget utan även det
praktiska livets folk, även om de måste bli en bromsande makt
med sina ekonomiska och andra legitima synpunkter» (nystavaren
Ture Nerman i den svenske Riksdagen, april 1931). Både nystavarar
og gamalstavarar er samde um at fyrr det vert teke avgjerder,
skal kvart punkt vera teoretisk klårt, - vel gjenomtenkt og gjenomgranska.
Vedtak i blinde eller på uklåre og ringt
gjenomarbeidde præmissor vil ingen ha.
Me hev ikkje høve her til å gjeva noko rettelegt upprit frå
ordskiftet um rettskrivingssaki i Sverike dei siste åri. Det fremste
innlegget frå nystavarsida er kome frå den yver 80 år gamle
nystavarkjempa professor J. A. Lundell. Frå hi sida er kome viktuge
innlegg frå mål-professorane Bengt Hesselman (alt i 1919.
Ei språkhistorisk umdøming um brigdi i 1906) og Herman Geijer,
og frå dei kjende skule- og språkmennene Hilding Celander og
Gideon Danell. ¹
Men me skal fortelja litt um det viktugaste utforma framlegget
som er kome, eit framlegg i 1934 frå ei nemnd tilsett av lærarsamskipnadene
for folkeskulen. Nemndi kallast «Folkskollärarkårens
Skriftspråkskommitté». Samstundes vil me gjera nokre
jamføringar med det framlegg som kom i januar 1936 her hjå
oss frå den departementale rettskrivingsnemndi.
¹ J. A. Lundell: Svensk rättskrivning. Principutredning. 1934. Bengt Hesselman:
Ortografiska reformer i språkhistorisk belysning. (Språk och Stil
1919). Herman Geijer: Skriftspråksnormer och talspråksnormer. 1934. Helding
Celander: Reform av stavningen - eller av stavningsundervisningen.
1934. Gideon Danell: Till frågan om en skriftspråksreform. 1935. - Av andre
skrifter frå dei siste 10-15 åri kann nemnast: Helge Haage: Ortografiens
psykologiska och pedagogiska problem (doktoravhandling). 1920. N. Lundborg:
Reformerad stavning. 1926. Carita Hassler-Göransson: Det primära ordfårrådet
och rättstavningsundervisningen. 1930.
II.
Framlegget frå Folkskollärarkårens Skriftspråkskommitté i
1934 er ikkje det fyrste som hev kome. Riksdagsmannen Hage
sette fram motionar i riksdagen i 1919, 1920 og 1926 um at riksdagen
skulde få riksstyret til å arbeida ut «ett enhetligt förslag
till en reformerad praktisk och lättlärd stavning». Men han fekk
mindre medhelde for kvar gong. I 1919 fekk han fleirtal i andre
kammer, medan saki fall i fyrste kammer; i 1920 fekk han berre
vedkomande riksdagsnemnd med seg, men ikkje noko av kamri;
i 1926 kom nemndi med ei umhugsam utgreiding, og då gjekk
jamvel ho imot framlegget. I fyrevegen hadde ho heimta inn umsegner
frå Det Svenske Akademiet, frå «skolöverstyrelsen» og
professorane i norderlendske mål og svensk mål i Uppsala, Lund
og Göteborg. Alle desse rådde ifrå sterke inngrip i stavingi.
Riksdagsmannen Ture Nerman kom med ein rettskrivings-interpellasjon
i april 1931, då dei hadde «kvartsekelminne» um stavingsresolusjonen
til Fridtjuv Berg. Nerman vilde ha stroke dei
stumme bokstavane d, g, h i sambandi dj, gj, hj. Men ekklesiastik-ministeren
då, statsråd Stadener, svara heller avvisande. M.
a. peika han på at dei målvitskaplege fagmennene ikkje lenger
ålment såg like eins på spursmålet som i 1906. «Kring 1906 års
reform slöt språkforskarna upp med en ganska enhetlig front.
Man kan icke med någon som hälst säkerhet förvänta en motsvarande
anslutning nu från deras sida. Språkmännen ha blivit
betänksamma». Nokre lærarar i den høgre skulen sende inn til
ekklesiastik-ministeren ein søknad um rettskrivingsbrigde våren
1933. Ikkje den søknaden heller synest ha vorte serleg åtgådd.
Fyrsta ved framlegget frå målsmenn for folkeskulen i mars
1934 er det at rettskrivingssaki røynleg hev vorte «aktualiserad».
Det framlegget sette i gang ordskifte i bladi og kalla fram ei rad
med innlegg frå målgranskarar. Ein lyt fulla rekna framlegget
for eit fyrebils utkast, som er tenkt til diskusjonsgrunnlag.
Skriftspråkskommittén skreiv sjølv at han ynskte det fyrst skulde
dryftast av dei lærarsamskipnader som var repræsentera i
kommittéen, - styret for Sveriges allmänna folkskollärarförening
sende det ut til krinsane sine til umsegn alt i april 1934. Og
so skulde kommittéen få det att og søkja samarbeid - og fulla
samråd - med «andra för frågan intresserade», det vil segja med
«andra lärarorganisationer, språkvetenskapsmän, författare, tidningsmän»
m. fl. Det kann då vel henda at det framlegget som
til slutt vert sendt inn til ekklesiastik-ministeren kjem til å sjå
ein god mun onnorleis ut enn det som no er framlagt. Men fyrebils
er det denne utgreidingi frå 1934 som ein lyt halda seg til.
III.
Framlegget frå Skriftspråkskommittéen gjeng ut på dette:
Det må verta tillate å bruka eintalsformer av verbet i staden
for fleirtal («vi fick» i staden for «vi fingo»), og å nytta talemålsformene
la, sa, ska, säja; mej, dej, sej i staden for skriftmålsformene
lade, sade, skall, säga; mig, dig, sig.
Det må verta påbode at dei «obehövliga» teikni c, x, z skal gå
ut, og likeins stum d, g, h, l (jup, jort, jälpa, juga for djup, gjort,
hjälpa, ljuga); at j-joden jamt skal skrivast med j (t. d. jöra,
jök, varj for göra, gök, varg), sj-ljoden jamt med sj (t. d. sjuta,
männisjor for skjuta, människor) og ng-ljoden jamt med ng so
nær som fyre k (t. d. angn, dyngn, rengna, vangn for agn, dygn,
regna, vagn). Dessutan skal serskilt skrivemåten for å- og ä-ljod
og for dubbelkonsonant regulerast noko so ein kann få burt «befintliga
oegentligheter och inkonsekvenser». Og det skal verta
«en fortsatt försvenskning av stavningen i låneord».
I fleire leider er det ulikskap millom det svenske nystavarframlegget
og so framlegget som den norske departementale
nemndi hev gjeve um brigde i nynorsken (norskdansken skal
me ikkje tala um her). Ulikskap som ikkje kjem av at det er tvo
mål her hjå oss og berre eitt i Sverike; men av ulik tenkjemåte
og arbeidsmåte hjå dei tvo nemndene.
For det fyrste kann me merka oss at den svenske nemndi, som
vanleg i svenske innlegg, skil sers klårt og greidt millom stavingsbrigde
(etter vårt målbruk rettskrivingsbrigde) og so brigde
i sjølve målet, — brigde i ordformer og bøygjingsformer. Det
gjer ho både i grunngjevingi og i konklusjonen. Framlegget
gjeld i det aller meste stavingsbrigde. Av målbrigde tek nemndi
med berre dei tvo punkti at eintalsform av verbet skal kunna
koma i staden for fleirtalsform, og talemålsformi av 7 einskilde
ord i staden for dei gamle skriftmålsformene. Nemndi gjer her
den viktuge prinsipielle skilnaden, at medan ho krev so strenge
påbod som råd er um stavingi, ynskjer ho at dei nye ord- og bøygjingsformene
berre skal vera tillatne. Dei gamle ord- og bøygjingsformer
skal ikkje vera forbodne. Det er mykje um å gjera
for nemndi å få fram dette, so ho strikar under det gong på gong.
Ho skriv: «Under den senaste diskussionen har framförts även
frågan om begagnande i skrift av det nutida talspråkets (rikstalspråkets)
ordformer. Givetvis kan det beträffande dessas användning
i skriftligt bruk i skolorna endast bli fråga om et medgivande,
inte om ett åläggande, såsom när det gäller stavingen»
(nemndi hev gjort understrikingane). Ein annan stad: «Ingen
forcering! Ingen förföljelse av äldre former! Inget konsekvensmakeri!»
Og atter ein tridje stad: «Något åläggande [um å nytta
skreiv å-ljoden med å alle stader (so nær som i nokre serlege
ord). Osb. Og ikkje berre det. Ved kvart einaste ord i alle desse
listone er det sett til kor ofte det kjem att i dei gjenomgjengne
dei nye formene] bör däremot naturligtvis inte ifrågakomma,
enär sådant skulle betyda förföljelse mot äldre språkformer».
Me lyt merka oss, at dei gamle formene som nemndi vil fara
so fint fram imot, er former som no hev gjenge radt ut or bruk i
den daglege tala i svensk riksmål. ¹ I daglegtala gjeld berre dei
nye formene. Når nystavarane like vel syner slik pietet og varsemd
andsynes dei eldre skriftformene, kjem det sjølvsagt noko
av taktiske umsyn: utan ei sovori varsemd vilde det ingi von vera
um å få noko igjenom. Men det taktiske umsynet er ikkje alt, det
ser me av at når det gjeld reine stavingsbrigde, krev nenmdi
strenge påbod. Ein hovudgrunn for nystavarane attåt det taktiske
er at dei òg i Sverike hev ein sans for det tradisjonelle; ei
sterk kjensle av at det sams riksmålet er elt upparbeidt kulturgode;
eller som Ture Nerman sagde i interpellasjonen sin: «Riksspråket
är ett stort kulturellt historiskt förvärv». Difor skal ein
fara fram med vyrdnad og varsemd når det gjeld sjølve uppbygnaden
åt dette målet.
Framlegget um nynorsken frå den norske departementsnemndi
held, i motsetning til den svenske nernndi, ikkje stavingsbrigde
og målbrigde greidt i ser. Tvertimot rotar ho fælt mykje saman.
Der er den skilnaden òg at den norske nemndi krev sers mange
målbrigde, - brigde i ord- og bøygjingsformer. Fleire av desse
brigdi gjeld hovudformer i målet. Den norske nemndi skil seg
dertil frå den svenske i det at ho vil ha dei nye ord- og bøygjingsformene
påbodne, og soleis vil ha forbod mot dei tradisjonelle
skriftformer (t. d. mot i-formi, fleirtalsbøygjingi visor, vikor, hokynsbøygjing
i adjektiv, notidformene slær, bakar, smakar,
osb.). Dette forbodet, eller etter svensk målbruk: denne «förföljelse»
mot eldre målformer er ei hovudsak for det norske framlegget.
Skilnaden i tenkjemåte hjå den norske og den svenske
nemndi kjem endå greidare fram når me hugsar på at dei målformene
som skal forbjodast her hjå oss, dei er slett ikkje gjengne
ut or det daglege talemålet, liksom t. d. fleirtalsformene av
verb i Sverike. Alle dei ord- og bøygjingsformer som den norske
nemndi vil «förfölja», liver framleides i det talemål som er
grunnlag for nynorsk skriftmål, det er i norske bygde- og bymål.
Dei fleste av formene hev etter sin type eit bra breidt grunnlag
i dette talemålet, sume er nok fleirtalsformer.
Det er tydelegt at for den norske nemndi hev ikkje taktiske
umsyn spela inn når det galdt nynorsken. Ho hev lite på at alliansen
millom dei samnorske og gruppor av bokmålsfolket vilde
vera sterk nok til å slå ned mogeleg opposisjon frå nynorsk side.
Den norske nemndi hev ikkje heller havt den sans som den svenske
for at det tradisjonelle hev sin rett i eit skriftmål. Ho hev i
minsto ikkje havt den sansen når det gjeld nynorsk; av den
grunn hev ho jamvel kome i strid med mandatet sitt. Når det
gjeld norskdansken er det noko onnorleis. Og ho hev ikkje havt
syn for, at for nynorsken, eit stridande mål, er det tvifelt um
å gjera å taka vare på den prestisje han hev vunne; og difor
må ein ikkje skipla i utrengsmål den målformi som folk eingong
hev fenge age for, av di dei tykkjer ho er vyrdeleg og vakker,
og greid å bruka.
¹ Det svenske skriftmålet tek berre umsyn til riksmålstala, ikkje til
bygdemåli.
IV.
Ein annan ting som me legg merke til ved det svenske framlegget
er kor fyre seg gjort det er, etter det me er vane til. Den svenske
nemndi hev teke seg fyre å gå igjenom tekster på til saman
100.000 ord, or 10 bøker, til å få ei statistisk yversyn yver kva
fylgjor kvart einskilt brigde vil få. Nemndi hev notera upp kvart
einaste ord frå desse tekstene som det vert brigde i, og hev sett
upp listor yver deim. Soleis hev ho ei liste yver 267 ord som vert
brigda når stumme teikn (d, g, h, l) vert strokne; ei liste på 364
ord som fær ny skrivemåte når g vert retta til j; ei på 364 ord
som vert onnorleis når dei skifter ut dei «obehövliga» teikni c, x,
z, og ch i och; ei på 479 ord som vert råka når sj-ljoden jamt vert
skriven sj; ei på 1260 ord som vilde få annan skrivemåte um dei
skreiv å-ljoden med å alle stader (so nær som i nokre serlege
ord). Osb. Og ikkje berre det. Ved kvart einaste ord i alle desse
listone er det sett til kor ofte det kjem att i dei gjenomgjengne
tekstene, so mykje ein skal få dess betre greide på kor stor verknaden
på det samla skriftbilætet vert. Og det er sett upp for kvar
liste kor mange nye homografar (eins-skrivne ord) ein fær, kor
mange ord pr. 1000 som brigdet råkar, og kor mange fleire eller
færre bokstavar ein kjem til å bruka på 1000 ord. Forutan dette
hev nemndi sjølvsagt gjort seg kjend meir ålment med skrivebruket
i litteraturen og pressa, og hev underhand diskutera
spursmåli med «språkmän och andra intresserade personer». Og
ho hev freista få yversyn yver «frågans aktuella läge i olika länder».
Nystavarane i Sverike er, som me hev nemnt, heilt med
på at inkje brigde skal gjerast i blinde eller på ringt klårlagde
præmissor.
Eit par av dei målgranskarar som hev skrive um framlegget,
hev lasta nemndi for at ho like vel hev teke det for lettvint. Statistikken
hennar måtte ha bygt på eit større og meir allsidugt
tekstmateriale, dersom han skulde ha gjeve fullgod rettleiding,
segjer dei. Dette er visst rett. Men like fullt, um me jamfører
med den svenske tilrådingi som ho er, lyt me segja at tilrådingi
frå den norske departementsnemndi ryk, reint hjelpelaust. Den
norske tilrådingi tek seg i mykje ut som eit uferdigt utkast, ein
kladd, jamførd med det svenske framlegget. Ho hev ikkje nokre
tilsvarande ordlistor. Det er uråd å få yversyn av henne yver
verknaden av framleggi. Nemndi sjølv hev ikkje havt slik yversyn.
Nemndi hev sett upp nye reglar på grunnlag av nokre ord
som ho hev kome på meir på slump, og som er sams for nynorsk
og norskdansk. Og so hev ho kravt i blinde at reglar uppsette på
eit slikt grunnlag skal gjelda for alle ord innan kategorien. Dette
kravet set ho fram i kvass form aller fyrst i tilrådingi: «Vi må avgjort
kreve at i de nye ordlistene som skal utarbeides, må ord som
hører til samme kategori som de vi har gjort vedtak om, slå følge
med typeordene». Det er i sanning eit langt stig her frå den
svenske til den norske tilrådingi. Fylgja av arbeidsmåten som
den norske nemndi hev bruka for nynorsken, er at fleire vedtak
som ho hev gjort — blind-vedtak — vil føra til store vanskar når
dei skal setjast i verk, stundom til meiningsløysor. Sume reglar
er det umogelegt å setja i verk soleis som nemndi krev. Her fær
då ordlistemakarar som stig fram, ei mark der dei kann, og lyt,
putla med det nynorske skriftmålet etter som dei hev hjarta til.
Anten ein so ynskjer målbrigde eller ei, må ein tykkja leidt um
at den norske nemndi ikkje hev valt ein arbeidsmåte som liktest
noko attpå den traustare svenske måten. Då vilde folk her no
ha visst betre kva dei ordskiftest um.
V.
Attåt dei statistiske etterrøkjingane um verknaden som dei tilrådde
brigdi vil ha på skriftbilætet, hev ein av medlemene i
Skriftspråkskommittéen gjort serlege granskingar um kva for
nokre ord som i det heile er vanlegast i svensk skriftmål. «Under
sysslandet med rättstavningsproblemet blev det snart klart för
förf., at det var av största vikt att utreda denne fråga», skriv
denne medlemen, fil. lic. Carita Hassler-Göransson. Ho hev fyrst
gjenge igjenom tekststykke med til saman 10.000 laupande ord,
or 4 ulike bøker, og hev skipa alle ord som fanst i desse tekststykki
alfabetisk, og notera etter kvart einaste kor mange gonger
det fanst. Deretter hev ho gjenge igjenom på same måten eit
større materiale på til 100.000 laupande ord (124 privatbrev og
127 stilar frå 151 læresveinar ved lærarskulen i Skara). På grunnlag
av desse tvo statistikkane hev ho so sett upp tri listor: ei med
92 ord — dei som er aller mest tidgjengde, ei med dei 573 ordi
som kjem deretter, og ei med dei 335 deretter att, — til saman
1000 glosor. Av desse listone fær me ei framifrå yversyn yver
kva for nokre ord rettskrivings-upplæringi i dei svenske skulane
fyrst og fremst fær å gjera med. Det er greidt at dette er godt
å vita for den som tenkjer på å regulera anten rettskrivingi eller
målet. Det er reint utrulegt kor stor rolle ein etter måten liten
krins med ord spelar. Dei 100 mest tidgjengde glosone kjem att
so ofte at dei til saman utgjer ikring helvti av den laupande ordmengdi.
Dei 1000 mest tidgjengde utgjer burtimot tri fjordepartar
(72.515 av 100.000 laupande ord). Utgreidingi åt Carita Hassler-Göransson
er ikkje innteki i «utredningen» frå sjølve Skriftspråkskommittéen.
Men ho er utgjevi serskilt. ¹
Ingen av medlemene i den norske nemndi hev sysla med sovore.
Det lyt no so vera. Men dersom nemndi hadde gjort nokre
slike granskingar, eller ho berre hadde gjort seg kjend med dei
svenske resultati, vilde ho t. d. ha lagt merke til at det ovleg
veikt grunngjevne brigdet: kunde, skulde, vilde — kunne, skulle,
ville, er eit sers viktugt inngrip i skriftmålet. Fortidformene
kunde og skulde høyrer båe med millom dei 92 ordi som er aller
mest bruka, og fortidformi vilde kjem langt upp millom dei næste
100. Kann henda vilde nemndi då ha gjort nokre røynlege
etterrøkjingar um desse tri ordi både i målføri og i bokheimen,
og granska dei vokster-tendensar i målet som ordet kunde gjev
so godt døme på. Og kann henda ho då hadde late vera å freista
reformera. Det so mykje meir som denne «reformen» strider
beint imot mandatet åt nemndi. (Ho skulde ikkje gjera brigde der
som det alt var einskap millom måli, jfr. riksråd Liestøls ord
i Stortinget 29. mai 1934. Stort. tid. 1934, s. 1823).
¹ Carita Hassler Göransson: Det primära ordförrådet och rättstavningsundervisningen.
Linköping 1932.
VI.
Ei grunnsetning i framlegget frå den svenske lærar-nemndi
er at umbøtene skal gjera den «godtyckliga» ortografien som er
no i svensk meir konsekvent, og dermed meir lettlærd. Dette
understrikar nemndi både i præmissone og i konklusjonen.
Den norske nemndi gjeng her òg ein annan veg. Den nynorske
ortografien er mykje meir velskipa og fylgjestreng enn rettskrivingi
i andre norderlendske mål og gamle skriftmål i det heile.
For den nynorske rettskrivingi er frå fyrste stund uppsett etter
ein plan, av ein mann med suveræn sakkunnskap, medan rettskrivingi
i dei gamle skriftmål hev laga seg meir på slump noko
med kvart. Den departementale nemndi hjå oss skifter på mange
punkt ut konsekvens med inkonsekvens i nynorsk (t. d. når
det gjeld skrivemåten av vokalane i, e, æ, o, å, y, ø, skrivemåten
av rd m. m.). Ho ræsonnerar som so, at fullkomeleg fylgjestreng
er ikkje nynorsken heller, og då er der ikkje noko «prinsipielt» i
vegen for å auka talet på inkonsekvensar (etter mynster frå
norskdansk). Nemndi er her sterkt i strid med grunnsetningane
for moderne rettskrivingsstræv i grannelandet vårt mot aust. Ho
hev oftast ikkje nytta det høvet som desse grunnsetningane vilde
ha bode til å få bøtt ein grand på den syrgjeleg vanskipa norskdanske
ortografien, med å lata bokmålet retta seg etter fylgjerett
nynorsk skrivemåte. Med dette kjem ho i strid òg med det
punktet i mandatet som segjer at der skal byggjast på breidt
folkemålsgrunnlag.
VII.
Ein detalj er skrivemåten av framandord. Den svenske lærar-nemndi
hev sovore framlegg: «Kommittén förordar en fortsatt
försvenskning av stavningen i låneord, som beträffande uttal och
böjning blivit helt försvenskade».
Her med gjeng den norske nemndi deilvis den motsette vegen,
med di ho t. d. brigdar sentimeter, sentral, sigar i nynorsk til
centimeter, central, cigar. Den grunnsetning som dei fyrr offisielt
hev freista setja meir og meir i verk i nynorsk, er derimot i samsvar
med det moderne svenske reformstrævet. Det er ikkje godt
å vita kva som er det rettaste. Men eg trur at her måtte røynleg
vera eit punkt der me naturleg og med framgang kunde freista
på norderlendsk samarbeid. Det skulde vera uturvande at dei
einskilde Norderlandi driv og fiktar i kvar si leid i so reint praktisk
ei sak som skrivemåten av framande ord. Sakkunnige frå dei
ymse land måtte kunna rådslå, um det var råd å einast um sams
hovudlinor for desse ordi. Til dess det hev vorte utrøynt um dette
let seg gjera, torde det vel vera best å ikkje gå til nokor storregulering
i noko av landi. Det kunde leggja vanskar i vegen
for semje seinare. Slett ikkje bør ein, trur eg, i vanlege ord taka
stig attende frå nasjonale til mindre nasjonale skrivemåtar, for
det synest vera imot det ålmenne straumdraget; jfr. det svenske
framlegget, jfr. òg dansken O. Jespersens ord: «Der er meget der
taler for standpunktet: «jo danskere des bedre))» (Tanker og studier.
1932, s. 100). Og ikkje skal ein fara med tatl og brigda skrivemåtar
fram og attende, som i nynorsk: centimeter — sentimeter
um — no etter nemndframlegget atter centimeter — um ei tid
venteleg etter det ålmenne straumdraget på nytt sentimeter!
Den svenske nemndi meiner at når stavings-umboti skal setjast
i verk, bør det vera ei yvergangstid. Det bør gå tvo år frå
stavingsvedtaket vert gjort, til det tek til å gjelda. So bør nystavingi
førast inn i fyrsteklassa av skulane og fylgja ungdomen
uppetter gjenom 13 år (einskapsskulen). Og deretter, 15 år etter
vedtaket er gjort, bør nystavingi innførast i det offentlege styringsverket.
Med at ein gjeng fram so lempeleg og stig-vis —
meiner nemndi — «torde övergångens ofrånkomliga svårigheter
ha mildrats». Hjå oss er nystavarane ein god mun bråare. Um
eit målbrigde vart vedteke yver nyår 1937, skulde vedtaket etter
det som hev vore nemnt, setjast i verk i skular og styringsverk
vel eit år seinare (frå skuleåret 1938 av); det vil segja, so snart
som det er teknisk mogelegt å få laga til og prenta dei turvelegaste
ordlistor og skulebøker i den nye målformi.
VIII.
Grunngjevingi som Skriftspråkskommittéen brukar, er at ein
må få ei so ljodrett rettskriving (etter riksmålstala) som mogelegt.
Ei sovori fonetisk skriftmåls-umbot vil vera til det største
gagn for skulen, segjer nemndi. Umboti vil vera ei demokratisk
vinning, ho vil hjelpa til å få burt eit sosialt skil-strik millom
«dana» som kann skriva ortografisk, og «udana» som ikkje kann.
Og ho vil verta ei økonomisk vinning. Di meir fonetisk skrifti
vert i alle måtar, di fullkomnare vert ho, for skriftmålet er einast
eit sekundært mål, einast eit teikn for tala, som er «det verkliga
språket», — meiner nemndi.
Grunngjevingi er i si hovudleid mykje lik grunngjevingane
åt den norske departementsnemndi, — når ein ser burt ifrå at
den norske nemndi er so inkonsekvent og ustød, og at ho dessutan
skal arbeida for å slå isaman tvo mål.
Forvitnelegt er det då å leggja merke til, at nettupp den prinsipielle
grunngjevingi åt Skriftspråkskommittéen hev møtt serskilt
hard motburd frå dei sakkunnige. Den eine svenske språkmannen
etter den andre hev hævda at nemndi ligg etter si tid
med argumentasjonen sin. Med den auka innsyn me no hev, skriv
dei, i livsvilkåri for både talemål og skriftmål, og i tilhøvet millom
deim, kann ikkje dei gamle nystavarteoriane frå 1880—90-åri
haldast uppe.
Professor Bengt Hesselman hadde alt tidlegare, i skrifti si
1919 um rettskrivingsbrigdet frå 1906, brote skarpt med den einsidugt
fonetiske synsmåten. Det fonetiske dogmet hadde vore til
hinder i 1906 for å få klårlagt spursmåli sakleg, skreiv han. Og
brigdet då hadde ført med seg nye, uventa kategoriar av skrivefeilar,
so den pædagogiske vinningi ikkje vart so stor som voni
hadde vore. Det hadde ført med seg samanfall i skrift jamvel av
ord som i røyndi er skilde i tala. Brigdet godt, ondt, födt til gott,
ont, fött førde inn i endeframt bakstræv. Det stod i strid med ein
av dei sterkaste tendensar alt frå fyrste tid både i svensk og i
nærskylde skriftsystem: «att låta ett ords stamform städse återvända
i samma skriftform, oavsett vilken ställning den intar».
Hesselman vona at dette «missgreppet», «framgånget ur överdrivet
fonetiskt nit och i grunden reaktionärt till hela sin natur,
snart måtte tilhöra det förgångna».
Likso skarpt vender no professor Herman Geijer seg mot den
hardkoka fonetiske synsmaten i den kritikk som han skreiv 1934
imot framlegget frå Skriftspråkskommittéen. Kommittéen grunngjev
reformkravet sitt, segjer han, med at det er so vanskelegt no
for skulane. Like vel vågar ikkje nemndi seg når det ber til
stykket retteleg laus på dei røynleg vanskelege punkti: å-ljoden,
ä-ljoden, skrivemåten for dubbelkonsonant. Ho nøgjer seg med
andre brigde, som det slett ikkje kann gjevast so sterk pædagogisk
motivering for. Det vil segja: I røyndi er det av teoretiske og
ikkje av praktiske grunnar ho vil reformera. Men teorien hennar
er både gamaldags og rang. Notidi veit meir um den historiske
framvokstren åt både skrifttradisjon og talemålstradisjon enn dei
gamle nystavarane. Og ho veit meir um det psykologiske ved
lesing, skriving, høyring og tale. Røynsla syner at skriftmålet i
stigande mun fær innverknad på talemålet. Skriftmålet hev i
røyndi gjenom lengre tid vore den sterkaste faktoren i språklivet.
Då er dette skriftmålet ein realitet i seg sjølv, og det er ikkje som
dei gamle nystavarane og nemndi lærer berre eit sekundært mål,
og talemålet er ikkje det einaste «verkliga språket». Skriftmålet
bør vyrdslast etter sine eigne lover, og då lyt ein koma i hug at
det etter si natur strævar etter fastleik. Me lyt òg leggja merke
til at notidlesarar som er komne yver det fyrste nybyrjar-stiget,
les heile ordbilætet under eitt, og fester seg ikkje serskilt ved dei
einskilde bokstavane. Skrifti nærmar seg til ordskrift for oss. Då
er det um å gjera at ordbilæti er faste, for med det vert dei lettare
å kjenna att, og jamvel stumme teikn kann då gjera sers
god nytte. Ordskilnadsgrunnsetningi lyt òg ha sin rett.
Ein må dessutan ikkje tenkja seg at skilnaden millom slike
som kann skriva og slike som ikkje kann, kverv for di um ein
reformerar stavemåten etter ein ny teori.
Rektor Hilding Celander skriv på liknande vis (1934): «Denna
teori, att skriftens normerande uppgift är att återge det bildade
uttalets ijud, var tämligen allmänt härskande bland språkforskarna
på 1880—90-talet. Men numera är den långt ifrån obestridd,
när det gäller ett gammalt kulturspråks skriftdräkt. I
stället för att för 30—40 år sedan de fonetiska synspunkterna dominerade
inom språkforskningen, har man nu mer och mer vänt
sin uppmärksamhet mot de psykologiska faktorer, som är verksamma
inom språklivet, i dess nutidsliv som i dess historiska utveckling».
«Ordbildernas fasthet är ... den viktigaste förutsättningen,
för att skriften skall kunna fylla sin praktiska uppgift.
Detta språkpsykologiska betraktelsesätt raserar själva grunden
för de ortografiska reformkrav, som dogmatiskt bygger på ijudenlighetsprincipen».
I staden for å reformera stavingi, skal dei
reformera den gamaldagse og skeive stavingsupplæringi, segjer
Celander. Rektor Celander er ein framståande reformpædagog.
Same grunnsyn held rektor Gideon Danell fram i 1935. Han
peikar dessutan på at ein lyt taka umsyn til dei ymse slag stil, og
då duger det ikkje å gå fram med ny-tillaga, stive tvangsreglar.
Studnad hev nok Skriftspråkskommittéen kunna henta frå professor
Lundelis «Principutredning», som kom ut same året som
framlegget frå nemndi. Men ikkje boki hans heller er berre til
studnad. I dei konkrete framleggi sine gjeng han på fleire punkt
imot nemndi. Han held t. d. på d i djup, for di d'en enno liver i
svensk riksmålstale i Finnland. Og han set upp eit strengt krav
til alle rettskrivingsbrigde: «Inga andra ändringar få göras än
sådana, om vilkas karaktär av slut giltig lösning intet tvivel kan
råda». Förändringar i stavsättet äro en så pass ömtålig sak, att
i et land och bland ett folk, där alla kunna läsa och skriva, vi
icke ha rätt att underkasta lojala medborgare det obehag, som
ändringar i stavsättet i alle händelser vålla, genom upprepade
förändringar i fråga om enstaka ljudbeteckningar». Slik tvil som
den Lundell nemner, kann lett reisast mot fleire av framleggi frå
nemndi. Lundell segjer òg: «Det svenska stavsättet får i alla
händelser ej bestämmas ensamt av skolan. Det angår hela folket».
Lundell stend dessutan heller isolera millom svenske filologar
no, ein einsam attlivande repræsentant for sin ættled og for
dei synsmåtar som den granskar-ættleden var uppglødd for.
Fleirtalet millom svenske målgranskarar i dag luter nok meir
eller mindre til dei same synsmåtar som Hesselman, Geijer, Celander
og Danell hev målbore. Dei ser ikkje so som granskarane
for 30 år sidan på uppgåva åt skriftmålet og tilhøvet millom tale
og skrift.
Her hjå oss kallar denne umsvingen i syn innan so vide granskarkrinsar
til ettertanke og varsemd, serskilt når det gjeld nynorsk.
Når det gjeld norskdansk, kjem det serlege umsynet til
at dette målet er unasjonalt — noko som rektor Celander òg
peikar på —; brigde i det kann då forsvarast langt av nasjonale
grunnar, jamvel um andre umsyn kunde tala heller sterkt imot.
Men målsans og sakleg verdsetjing krevst i alle høve, so det
ikkje vert knot.
— For ein som stend utanfor er det vanskelegt å døma um
vonene for det svenske framlegget. Men det er fulla uvisst um
det vert nokor ny rettskriving av i Sverike fyrebils. I alle høve
torer ein rekna med, at so langt som framlegget frå Skriftspråkskomrnittéen
gjeng, kjem ikkje eit mogelegt nytt rettskrivingsvedtak
til å gå. Til det synest motstandet frå dei sakkunnige vera
for sterkt, og meiningsskilnaden millom nystavarane sjølve for
stor. Nystavarane i Sverike strider no helst på vikande front.
Rettskrivingsstræv i utlandet og her.
O. C. Lendle: Die Schreibung der germanischen
Sprachen und ihre Standardisierung. Levin &
Munksgaard. Kopenhagen 1935. 166 sidor.
I.
«Rettskriving» er eit emne som grannane våre i Danmark òg
hev ein grand høve til å verta kjende med i våre dagar.
Danskane med hev havt litt ordskifte um stavingi i seinare tid.
Um større brigde hev det likevel ikkje for ålvor vore tale der.
Ein «Dansk Retskrivningsforening» vart rett nok skipa i 1917.
Men det meste dei hev kunna driva det til, er eit ordskifte um
store og småe fyrebokstavar i substantivi. For eit par år sidan
sagde den radikale, sosialdemokratiske kyrkjeministeren, at kann
henda fekk danskane gå yver til småe bokstavar ein gong men
han vilde no tenkja på saki ei stund til. Seinare er ministeren
avliden. Truleg yverliver dei store fyrebokstavane fleire danske
kyrkjeministrar. Dei fleste danskar hev tydeleg ikkje nokor interesse
av å fingra med skriftmålet sitt. Derimot er dei dugande til å skriva det.
Spursmålet um store og småe bokstavar er no òg ei reint
uviktig sak, språkleg sét. Det er lite å laga ståk um, anten for
eller imot. Difor var det òg so radt misvisande når sume norske
blad i 1934 jamførde dette vetle danske kivs-emnet med den målbrigdesaki
som vart reist her i landet det året.
II.
I fjor gav språkmannen O. C. Lendle ut i Kjøbenhavn ei heil
stor bok (på tysk) um rettskrivingsspursmålet: «Rettskrivingi i
dei germanske mål og standardiseringi av henne». Etter som boki
er utgjevi i Danmark, hev vel bokskrivaren ynskt å gjera rettskrivingssaki
aktuell for ålvor der nede. Det fyremålet når han
snaudt. Men denne boki hev interesse like vel, ogso utanfor del
danske grensone, — noko bokskrivaren òg hev ynskt at ho skulde ha.
Ho hev ei serskild interesse her hjå oss. For ho gjev eit framifrå
høve til å jamføra det målbrigdeframlegget som er framkome
hjå oss med moderne nystavarstræv andre stader.
Ei sovori jamføring kann vera nyttig. For boki til O. C. Lendle
er eit kunnigt og ålvorlegt arbeid, og eit verk med vid synsring.
Lendle tek upp til breid prinsipiell dryfting dei mange spursmål
som knyter seg til normering og brigde av eit skriftmål, og han
tek under dette umsyn ikkje berre til dansk, men til alle del 8
germanske måli som han tykkjer er viktugast (engelsk, tysk, nederlandsk,
sudafrikansk, svensk, dansk, «norsk riksmal», og
«norsk landsmål»). Dinæst greider han ut um den ortografiske
stoda i alle desse måli, og um ymse brigde som han meiner
trengst i kvart av deim. Skal ein fyrst reformera, bør ein sjå
litt etter kva andre folk òg gjer, meiner han, og freista få meir
innbyrdes einskap i det ortografiske millom del germanske måli.
Difor tek han emnet so vidt.
Boki hans er eit viktugt tilskot til det prinsipielle ordskiftet
um rettskrivingsspursmålet. Ho kjem nok til å verta nemnd ofte
i fleire land under ordskifte um ortografi i åri frametter.
Me vil draga fram her nokre av synspunkti i boki, og gjera
jamføringar med framlegget frå den norske nemndi.
III.
Dei ålmenne grunnsetningar som O. C. Lendle meiner at god
ortografi bør byggja på, er desse:
1. Grunnsetningi um ljodrett skrivemåte: ein skal skriva so
nøgje som råd er etter uttala, d. v. s. uttala i riksmålet. (Målføri
skyt dei som vil skriva ljodrett til sides). — Denne grunnsetningi
hev den norske departementsnemndi tydeleg ynskt å taka
umsyn til i nynorsk (serskilt når det høyde med talemålet i Sudaust-Noreg
plus bokmåls-uttala). Men nemndi gjeng fram so regellaust
og slumpesamt, at ho nyttar ikkje det fonetiske prinsipp
slik som Lendle meiner.
2. «Ordstomn-grunnsetningi». Det vil segja grunnsetningi um
at stomnen i eit ord jamt skal koma att i same skriftform, både i
bøygiing, avleiding og samansetning, — jamvel um det strider
imot uttala. Døme: Når ein skriv nord, skal ein skriva nordre òg
(ikkje «nore»); når ein skriv god, skal ein òg skriva godt; skriv
ein: «hev drope» og droplut, bør det vera: «ein drope» (ikkje
«dråpe»); skriv ein skilja, skilnad, skilsmål, bør det heita: eit skil
(ikkje «skjel»); og skriv ein bøygde, bør det òg vera bøygt, bøygja
(ikkje «bøykt», «bøya»). Dette er same grunnsetningi som kallast
«samhörighetslagen» i svensk rettskrivingslitteratur. Me kunde
kalla det «samanhengslovi», for det er samanhengen i målet som
kjem fram ved sovoren skrivemåte, og «samanhengslovi» er i
røyndi ikkje noko anna enn ein lut av det etymologiske prinsipp
(ikkje heile det prinsippet). Det er greidt, at denne grunnsetningi
avgrensar det ålmenne kravet um ljodrett skrivemåte (grunnsetning 1)
sterkt, — vel å merka etter ein logisk og lettskynleg regel,
ikkje sjølvtykkjeleg. So mykje meir forvitnelegt er det å sjå
at både gamalstavarar og framståande nystavarar er samde um å
leggja mykje vekt på dette prinsippet. Professor Bengt Hesselman
i Uppsala, som er streng gamalstavar, skriv at strævet etter
«samhörighet» millom dei ulike bøygjingsformer og samansetningsformer
av same ord er «en av de röda trådarna i vårt skriftsystems
historia allt ifrån dess primitiva begynnelser». Andre
svenske gamalstavarar som professor Herman Gejer og rektorane
Hilding Celander og Gideon Danell hev sett fram liknande
meiningar. O. C. Lendle, som er so stor nysttavar, segjer at samanhengslovi
hev eit hovud-verde for ortografien i alle mål («ist von
wesentlicher Bedeutung»). Det er ei viktug grunnsetning for ein
praktisk skrivemåte, segjer han ein annan stad. For: «Dei breide
folkemassane, som fyrst og fremst skal ha lette av ein reform,
dei er i dag likso ustøde i uttalereglane for morsmålet sitt [med
det meiner Lendle riksmålet] som i ortografien. Fører ein no inn
strengt ljodrett skrivemåte i alle bøygjingsformer, dreg det etter
seg at eit ord lyt skrivast snart med hard, snart med linn konsonant
i stomnen [her er tenkt serskilt på tysk], og det vert for
mange ei æveleg feilkjelde. Dersom ein vil skapa ein røynleg
lette, er det ikkje nok berre med grunnsetningi um ljodrett skriving.
Skal Noreens ¹ prinsipp verta til røyndom: Skriv med minst
mogeleg umak for deg sjølv, soleis at lesaren skynar det med
minst mogeleg umak, — so lyt skrivereglane vera so eintydige,
lettskynlege og undantakslause som råd er, men det som vert
skrive, lyt dertil kunna lesast so snøgt og utvitydigt som råd er.
Til dette høyrer attåt prinsippet um ljodrett skriving og grunnsetningi
um ubrigdeleg skrivemåte for ordstomnen. For det er
lettare å skriva eit ord med dei same bokstavar jamt i alle sine
former, enn å gjenomføra ein fullkomeleg ljodrett skrivemåte
med stendigt skiftande bokstavar» (utmerkt her). Jamvel ein nystavar
av den gamle skulen som professor J. A. Lundell i Sverike
vil gjeva samanhengslovi eit visst rom: «Betydelsesammanhang
väger tyngre än ijudlagar», skreiv han alt i 1906. — Samanhengslovi
er ei hovudgrunnsetning i Ivar Asens ortografiske system
òg, veit me. Den norske departementsnemndi derimot hev svært
ofte ikkje teke umsyn til dette prinsippet, som fagmenn med so
ulike målsyn godkjenner. Ho gjer framlegg um å resolusjonsfesta
slike nye motsetningar som nord, men nore; droplut, men
«ein dråpe»; vigde, vigt, men via, vier; sløgde, sløgt, men sløya,
sløyer; kyrkja, bikkja (valfritt), men kyrke, bikke og kyrker,
bikker, — og mangt og mykje anna, som er beint imot samanhengslovi,
og som både gamalstavarar og kunnige nystavarar i
andre land styggjest ved. Der kallar dei slikt for reaksjon.
3. Den tridje grunnsetningi som Lendle vil lata gjelda, er ordskilnads-grunnsetningi:
ein skal skilja i skrift ord med ulik tyding,
jamvel um dei lyder eins. Denne grunnsetningi vil bokskrivaren
lata gjelda i nokon mun. Det er tilrådelegt, skriv han, å
bruka ulik skrivemåte i dei tilfelle då det elles røynleg kann verta
mistyding, eller jamvel um berre lesaren kann snåva i ordi.
Dette synest vera ei rimeleg og praktisk avgrensing av ordskiinads-grunnsetningi.
Ogso med denne avgrensingi fører grunnsetningi
med seg at ein helst bør skilja tvo ord i skrift når det
eine elles stend i fåre for å døy ut or skriftmålet. — Den norske
departementsnemndi hev i regelen ikkje brytt seg um dette
prinsippet heller. Tvertimot hev ho gong på gong slege saman
under éin skrivemåte jamvel ord som vanleg på eikor vis lyder
ulikt i tala. T. d. skil n. og skjel f. under skrivemåten skjel (dette
er ein arv frå 1917; skrivemåten er «valfri» i tydingi skil), og
partisipii set (av sjå) og sett (av setja) under skrivemåten sett.
Nemndi gjev her skrifti i nynorsk lyte som talemålet ikkje hev.
¹ Adolf Noreen († 1925), namngjeten svensk målgranskar og nystavar.
IV.
Etter dei generelle utgreidingane i fyrste luten av boki
kjem som nemnt serskilde bolkar um kvart av måli engelsk, tysk, nederlandsk,
sudafrikansk, svensk, dansk og «norsk» (dette ordet
brukt til samnemne um «norsk riksmål» og «norsk landsmål»).
Bokskrivaren vil ha heller store reformar i dei fleste av desse
måli, og han set fram mangt som hev interesse i denne seinare
luten av boki òg. Men her òg peikar mykje i ei onnor leid enn
framlegget frå den norske departementsnemndi.
Lendle heldt t. d. sterkt fast på den regelen under umtala av
dei einskilde mål, at so lenge målbruket enno er ymsande, skal
der ikkje reformerast. Av den grunn bør dei t. d. ikkje for det
fyrste taka nokor regulering i dansk av e- og æ-ljoden, segjer han.
Denne regelen hev professor J. A. Lundell òg hævda med stor
kraft. Og det er eit sunt prinsipp. For held ein seg til denne
regelen er ein (som Lundell segjer) trygg på at ein slepp plåga
folk med å gjera brigde um att. — Den norske departementsnemndi
hev krenkt denne regelen i sers stor mun, ut yver rimelege
grensor. Difor er det òg bra visst, at dersom framlegget
hennar vart vedteke, laut mykje av det gjerast um att. Um riksstyret
t. d. fylgde nemndi og forbaud dei norske skrivemåtane
sylv, syttan, sytti, laut nok desse skrivemåtane takast inn att seinare.
Dei hev so sterk styd, ikkje berre i skrifttradisjonen, men
vida i det talemålet som ligg til grunn for nynorsken, at dei let
seg ikkje halda ute på lengdi.
Eit anna krav hjå Lendle — eit krav som gjeng gjenom heile
boki — er at dei brigde som vert vedtekne skal skapa so mykje
konsekvens i skriftmålet som mogelegt. Her òg er han i samsvar
med svenske nystavarar; dei arbeider ihuga for å få avskipa
«godtyckliga» skrivemåtar. — Men i dette stykket òg stend den
norske departementsnemndi i kvass motsetnad til moderne reformstræv
i andre land. Nynorsk hadde alt frå det fekk si fyrste
formfesting ei rasjonalisera rettskriving. Nynorsk (og sudafrikansk)
stend med umsyn til rasjonell ljodmerkjing høgst millom
dei germanske måli, noko som Lendle hev peika på. Det kjem av
at nynorsk (liksom sudafrikansk) er eit ungt skriftmål, og av at
ein genial og framifrå kunnig målgranskar sette upp ortografien
for det etter ein røynleg plan. Norskdansk stend mykje lægre
med si ljodmerkjing (etter statistikken åt Lendle millom nederlandsk
og tysk). For i norskdansk, liksom i dansk og svensk og
andre eldre skriftmål, hev ortografien fest seg på slump nedigjenom
tidene, og ljodverket hev dermed vorte ovleg rotut. Skulde
nemndi no ha retta seg etter det moderne kravet åt Lendle og
andre nystavarar um meir konsekvens, måtte ho i regelen ha reformera
ljodverket i norskdansk etter nynorsk; og i dei høve
der dette enno ikkje let seg gjera, hadde det oftast vore best å
lata vera å reformera. Men i staden for å gjera eit framstigsverk
soleis og rasjonalisera norskdansken, hev nemndi ført ei mengd
inkonsekvensar ifrå norskdansk yver i nynorsken òg! Flåte —
fole; okse — bukse; om — dum; skjær — her osb., endå vokalen
i desse ord-pari vanleg fylgjest åt i talemålet. Slike sjølvmotsegjingar
som reform-venene i andre land freistar av all makt å
få rudt undan deim fører den norske departementsnemndi inn
i haugetal frå nytt av i nynorsk. Dersom styremaktene godtek
slikt, so kann dei lata vera å tala um rasjonalisering og modernisering
av måli. Det er det skire bakstræv, ikkje berre etter domen
åt målfolk i Noreg, men òg dømt etter det som gjeld for
gode nystavar-prinsipp i andre land. Den store danske målgranskaren
O. Jespersen som òg er nystavar (måtehalden), segjer i
ei bok frå 1922 um den danske rettskrivingi: Danskane «må lære
tusinder av ords stavemåder, undtagelser og undtagelsers undtagelser.
Disse er for en stor del kun gamle værdiløse påhit av
skriverkarle, bogtrykkersvende eller skolemestre uden sproglig
dannelse eller begreb, grundløse vilkårligheder, der nu slæbes
videre fra slægt til slægt ene og alene av den grund, at de nu tilfældigvis
har vundet hævd» (Modermålets fonetik. 2. utg., s. 12.
Liknande utsegner hev Jespersen i artiklen «Retskrivning og
dannelse» frå 1920, uppattprenta i boki «Tanker og studier» 1932).
Ein haug med slike heimløysor som denne danske granskaren og
nystavaren feller so hard dom yver, er det den norske rettskrivingsnemndi
ikkje berre vil ha stadfest i norskdansken, men vil
ha ført ifrå norskdansk yver i nynorsk skriftmål òg! Etter mi
meining er der god grunn til å sjå på eit sovore framlegg ein
gong til. Eg trur ikkje riksmaktene våre so ilt at dei vil gå med
på sovore, dersom dei fær saki fullt utgreidd.
Eit tridje krav som Lendle set upp og legg sers mykje vekt
på, er: Ved ortografiske reformar skal ein akta på at bokstavane
i alfabetet so mykje som råd er fær eins ljodverde i dei ymse mål.
På den måten vert det lettare for folki å læra måli åt kvarandre.
Einskilde mål skal ikkje skilja seg uturvande ut med å gjeva ein
eller fleire bokstavar eit anna ljodverde enn dei vanleg hev internasjonalt.
Lendle ynskjer serskilt etter at den rettskrivingsnemndi
som er i arbeid i Noreg, må vera vidsynt og tenkja på
dette, ho òg, «for det ålmenne kulturframstiget skuld» (s. 153).
Det internasjonale ljodverdet t. d. for bokstaven u er det som me
finn i tysk jung, um og i norsk ung, um. Då meiner han at ein bør
skriva u i desse ordi både i norsk og i tysk (og likeins i norsk
upp; — den norske nemndi vil ha om, opp). Norsk bør ikkje
skilja seg ut med å føra inn bokstaven o, som ute i Europa hev
same ljodverket som me finn i norsk drope, flote. Lendle vil
jamvel at dei norderlendske måli skal føra inn u i ord som bok,
for di vokalen i slike ord etter uttala svarar til europæisk u. Det
kann no ikkje kallast praktisk politikk. Og i det heile bør no
reformar i eit mål fyrst og fremst taka umsyn til målet sjølv.
Men me bør ikkje reint gløyma dei internasjonale synspunkt
heller. (Dei fell ofte ikkje saman med norskdanske synspunkt).
Sjølvsagt må Lendle halda på det europæiske teiknet o for den
ljoden me hev i drope, flote ¹ osb. (den norske departementsnemndi
brigdar til dråpe, flåte). Professor Lundell i Sverike held
òg sterkt på at me her i Norderlandi skal lata o ha same ljodverde
som han hev ute i Europa, det vil segja: me skal bruka
skriftteiknet o jamt for open o og jamvel for å, derimot ikkje
for trong o.
Me vil nemna ein ting til som boki åt Lendle lærer oss. Det
er at i utlandi er det alle stader lærarane i barneskulen som
stend i brodden for kravet um skriftmålsumbøter. I Holland hev
lærarsamskipnadene gjenge med i rettskrivingslaget dei hev der
(laget er frå 1893). I Sambandsstatane hev lærarsamskipnaden
«National Education Association» studt nystavarstrævet sidan
1898. I England hev eit landsmøte av pædagogar kravt rettskrivingsbrigde
for lengre tid sidan. I Tyskland er det lærarane serskilt
i Leipzig som hev kravt umbøter; i 1931 sende Leipzig-lærarane
ut eit detaljera reformframlegg. I Sverike sette Folkskollärarkårens
Skriftspråkskommitté fram det framlegget som hev
gjort stavingsspursmålet aktuelt der. Lærarar hev studt dei reformkrav
som hev vore uppe i Danmark og Sveits. — Her hjå
oss hev nettupp ei mengd folkeskulelærarar i nynorske landsluter
vore millom dei fremste til å mæla imot det brigdingsframlegget
som ligg fyre for nynorsken. Og det både einskildmenn
og samskipnader. Dette er verdt å leggja merke til. Det kallar
på ettertanke med umsyn til det norske framlegget.
Der kann vera ymist å segja på boki til Lendle, — burtsét frå
prinsipielle meiningsskilnader. Polemikken hans mot annleistenkjande
er ikkje jamt heilt rettvis, med di bokskrivaren ikkje tek
nok umsyn til fyresetnadene som motmennene hev skrive under.
Og stundom merkar ein at bokskrivaren hev fenge ein grand
uhell og skeiv informasjon frå Noreg um serlege norske tilhøve.
Men alt i alt er boki sers forvitneleg å lesa for nordmenn i denne
tid. Ho gjev oss greide på korleis rettskrivingsspursmålet tek seg
ut frå nystavarsida for ein som ser saki i vidare samanheng. Og
dei som les, vil få ei livande kjensle av at rettskrivingsproblemet
hev vore fælt lite dryft reint prinsipielt her hjå oss. Dei vil òg få
ei kjensle av at framlegget frå den norske departementsnemndi
er langt burte frå det som nystavarar andre stader reknar for
rasjonalisering og modernisering. Det er tryggast å dryfta det
nøgnare, fyrr noko vert avgjort.
¹ I store luter av Noreg er det framleides greid skilnad millom denne
ljoden og so ljoden i gå, på, råd. Dette hev ikkje Lendle visst. Det måtte ha
styrkt kravet hans um å halda på teiknet o for ljoden i drope, flote, flotna,
koma osb. Hadde han kjent fullt ut talemålsgrunnlaget for nynorsk, måtte
han ut ifrå sine synsmåtar ha sagt: Haldt på o so mykje som råd er, og bruk
å berre dersom det enno er plent naudsynt. I talemalet vil venteleg etterkvart
fleire og fleire målføre slå saman ljodane i på og drope. I si tid bør då
norsk føra inn teiknet o ålment og teiknet å gå heilt ut, — vilde han ha sagt.
Nystavarar i utlandet — ikkje minst i Sverike — hev i det heile fælt mykje
å segja på teiknet å.