LOVMÅL TARV IKKJE VERA LÅGMÅL
Av
HÅVARD TANGEN
Det er fårlegt å spenna bogen for høgt. Då stend du der brådt, med brosten streng, til lått og løgje for folk og fe. Denna gongen hentar me fram ordrag og utskurdar frå mål som hev med lov og rett å gjera, men me gjer ikkje krav på at frambodet vårt er det som stend seg best til alle tider. Er me hepne, uppdagar lesarane at nynorsk lovmål ikkje er noko lågmål.
Mållovi er nok snaudt det lovbrevet som er sterkast underbygt her til lands, men i denna samanhengen er det like mykje anna lovtilfang me gaumar etter. ”Med lov skal land byggjast, og ikkje med ulov øydast,” heitte det i Frostatingslovi. Det er òg so at målet hev sine innebygde, uskrivne lover, og det gjeld um å gjera desse fyresegnene til sine, so me veit å skilja millom skit og kanel. I desse målteigane strøyer me ut krydder av ymse slag, utan at me pukkar på å setja noko høgtideleg namn på det.
Lukkeleg nok hev det vore fyregangsmenner, brøyteplogar som hev moka til sides dei djupe fennene av unorskt mål som bokmålsveldet let lava ned yver oss. Gjelsvik hev vore halden fram her fyrr, og me gjeng gjerne ved at me hev lånt eitt og hitt frå honom denna venda òg.
Lagalder
Attan år er mest som eit skiljemerkje i livet, det er då du vert myndig, som det heiter. Her råkar me so på eit lånord frå tysk det er vandt å vrida seg undan, og til sitt avgrensa bruk lyt det fulla duga. Derimot når norsk-dansken fer i veg med vendingar som ”myndighetsalder”, er det som det mest skrik i oss etter å finna rømingsvegar ut or lånordsknipa. Det greide, norske ordet for denna ovringi er rett og slett lagalder. På norsk-dansk slit dei med den mistydingi at ”lavalder” på eikor vis heng i hop med eigenskapsordet (adjektivet) ”lav” (norsk: låg). Stavemåten kjem av ein dansk målvokster, som me òg finn far av i ord som ”have” (norsk: hage) og ”mave” (norsk: mage). Lag i lagalder skriv seg soleides frå det gamalnorske lag, sidan log, som er det same som ”lov”. Den kriminelle og seksuelle lagalderen er i alle høve lægre enn den ålmenne lagalderen på 18 år. Elles er det ålkjent at styremakter svarar til ”myndigheter”. Mange mistek seg litt og skriv ”styresmakter” med ein ”s” som bindelekk imillom. Han kann likso godt lukast ut so lenge me meiner maktene som styrer og ikkje nokon eigne ”makter” som styret råder med. Maktbytingsprinsippet åt Montesquieu kann me leggja fram med umgripi lovgjevingsmakti (”den lovgivende myndighet”), domsmakti (”den dømmende myndighet”) og fullføringsmakti (”den utøvende myndighet”). Det er riksstyret som set i verk og fullfører vedtaki, og ordet ”øva” hev i norsk meir av den sertydingi ”træna, freista”. Difor er fullføringsmakt sett fram til mogeleg avløysar. Andre framlegg som òg hev vore påymta, er verksetjingsmakt og fullgjeringsmakt (Aasmund O. Vinje).
Skuld og sak
Ordet lag finn me òg att i samansetnaden lagretta, som er det norske ordet for ”jury”. På same vis som odelsting, lagting og storting stend i staden for framandord som senat, representanthus og parlament/nasjonalforsamling, kann me friska upp arven frå gamalnorsk tidi med nemningi lagretta, som no er sjeldhøyrd. Det er òg verdt å merka seg nemningane i ein rettsprosess: Skuldgjeven (”siktet”), sakgjeven (”tiltalt”), saksøkt (”saksøkt”), innstemnd (”innklaget”) og dømd eller domfeld (”domfelt”). Ordi ”sikta” og ”tala til” hev soleides andre tydingar i norsk og vert haldne utanfyre detta umkvervet. Dei nynorske nemningane er meir visshøve og presise, skil millom skuld (skuldgjeving = ”siktelse”) og sak, etter påtalevedtak (= ”tiltalebeslutning”). ”Tilregnelig”, som det sumtid kann vera tvil um at sakgjevne kann ha vore, heiter då skuldfør. Samanhengen millom umgripi skin igjenom frå eine enden til hin. Ordi er varleg måta til kvarandre, det er fyremunen eit nyreist norskt rettsmål hev framum norsk-dansk.
Når domen er sagd
Straff høyrer evlaust til dei lånordi som er komne for å vera for godt. Visseleg kann ordi refsa og bøta gjera tenesta i sume stykkje, ”Kongen refsa honom fælt”, og ”Det skal du få bøta for!”. Er det tala um ”en straffbar handling”, kann me nytta ordlaget ei strafflagd gjerning på nynorsk. Strafflagd er rimeleg innarbeidt som avløysing for ”straffbar”, og etterfestet ”-bar” er noko keivelegt i norsk, jfr. brukande for ”brukbar”.
Overlegg
Ordbygnaden i norsk-dansk er takumtil so sauma og skoren etter lågtysk leist at det let seg ikkje dylja. Ordkrinsen ”overlegge, overlegg, overlegning” er beinveges umsette frå tysk ”überlegen”. Her lyt norsk sjå seg um etter anna ordtilfang som gjeng meir rakt og rett på sak. Å gjera noko ”med overlegg” kann då målberast i ordlaget med velrådd hug. Når det er noko som er huglagt, ettertenkt og som du so hev rådt deg til (”bestemt deg for”), ligg me nært innpå den tydingi som er nedfeld i ”med overlegg”. Er me fyrst komne so langt, kann me truleg ganga med på at ”overlagt drap” er dråp med velrådd hug i nynorsk umsetjing. I det heile er samansetnader med hug ikkje nåme nær fullt utnytta i norsk. Ender og då er det difor kjærkome å minna seg sjølv på mogelege umskrivingar som hugteken (”forelska”), hugtakande (”bedårende”), hugnad (”fornøyelse”), hugleiksdikting (”skjønnlitteratur”, etter Einar Breidsvoll), m.m. – Elles er det viselegt å ikkje stella seg so at ”tanke-”tyding i ”overlegg” skyggjer for det styrkjande medordet (adverbet) overlag, med skyldingane ovleg og ovende, t.d. ”Det var ei overlag hugnadsam soga du fortalde i går”.
-eri, berre til bry(deri)?
Lånord hev aldri stade serleg høgt i kurs hjå måldyrkarane, men det innlånte ordfestet som Ivar Aasen kann henda hyste minst godhug for, var -eri (lureri, narreri, bakeri). Det er fulla eit etterfeste flestalle hev slege seg til tols med i dag. Rett nok kann me sjå fyre oss avløysarar som luring, lurskap, narreskap, narrestrikar, bakarhus eller bakarbud, men etterfestet -eri hev ikkje vore so innpåslite og påtrengjande at me hev måtta føra strid mot det med so ovleg sterk eldhug. Derimot kostar det oss ikkje so mykje å halda i hævd ordet stuld for ”tyveri”. Namnordet stuld byggjer bru til segnordet å stela, og jamvel um lovbrjotaren som hev stole eitkvart, tidast vert kalla tjuv (som ikkje er til mink for norskdomen i målet), kann òg stelar nyttast i sume samband, jfr. ordtamet ”helaren er ikkje betre enn stelaren”.
Ulydnad
I målspursmålet spyrst det fyrst og fremst um å lyda dei lovene du gjev deg sjølv. Soleides hev det jamt vore når nybrotsarbeidet for det norske målet hev kome i gang. Dei fyrste skulekrinsane tok i bruk nynorsken – uløyves. Det er i hugen til folk me hev von um å vinna framgang, ikkje gjenom lovboki. Og sume tider kjem me ikkje utanum sivil ulydnad andsynes ein stat som enno held seg med ei grunnlov skrivi på dansk.