MÅLSAKI FRÅ SOCIAL SYNSSTAD
Heimatt til far og heimatt til mor
og heimatt til fedraland!
Heim til dei gamle, myndige ord
som hyser vår fedra-ånd!
Desse ordi, som Anders Hovden hev sett til motto yver ein
bolk i den siste boki si «Attersyn», peikar på det momentet i
målsaki som alle fyrst legg merke til: det nasjonale.
Når eg skal tala um det sociale ved målsaki, vil eg fyrst gå
ved, at for meg personleg er det den nasjonale sida som hev mest
å segja. — På den eine sida vinna att historia vår, og kjenna
seg i samband med alle dei federne som hev gjenge fyre ein;
på hi sida kunna syna fram for all verdi eit mål som me fritt
torer kalla norsk, og som me ikkje tarv ottast at dei skal neisa
oss for og segja: De kallar det norsk, men de fer med fals, det
er ikkje norsk; — dette er den nasjonale vinning målreisingi
gjev; og eg gjeng ved at eg tykkjer dette er stort.
Men det lyt vera berrsynt for alle at målsaki hev ei sers viktug
samfunds-side òg, ei social side i streng tyding. I røyndi
hev det sociale moment, objektivt sét, fullt so mykje å segja som
hitt. For dersom målreisingi var utan samfunds-verd og demokratisk
verd, skulde det mykje til at ho i sanning kunde ha noko
nasjonalt verd òg. Livet heng saman, det eine kann ikkje
løysast frå hitt.
Når me skal greida ut målsaki og det sociale, målsaki og samfundslivet,
so lyt me fyrst gjeva ei yversyn yver dei faktiske
måltilhøvi som me hev her i landet.
Dei faktiske måltilhøvi er soleis at me hev tvo skriftmål og
officielle mål.
Me hev eitt skriftmal og officielt mål av heimleg rot; dei kallar
det jamnast landsmål. Til skilnad frå det gamle norske skriftmålet
kann ein praktisk kalla det nynorsk.
Og me hev eitt skriftmål og officielt mål av framand rot. Det
byggjer på dansk grunnlag: dansk skrift fyrst og fremst, og
dansk tale. I det seinare hev det vorte uppblanda ymist, hjå
sume ikkje so lite, med norske mål-element. Men det er framleides
ei grein av det danske måltreet. Når ein vil skilja det frå
klassisk dansk, kann ein kalla det norsk-dansk — siste lekken
i namnet er då hovudordet.
Det siste av dei tvo måli er mektigast. Det er mest brukt til
litteraturmål, både i dikt-litteraturen, i vitskaplege skrifter og
fagskrifter, i lærebøker for skulane, og i pressa. Det hev radt
til det aller siste rådt so godt som åleine i alt skriftiegt i forretningslivet
og i administrasjonen og dei folkevalde styri. — Det
nynorske skrift-målet hev i samanlikning med dette heller liti
kvantitativ makt slik som det stend i dag.
So hev ein tvo talemål her i landet, — eg meiner daglegtalemål.
Eigenleg hev ein mangfaldige talemål sjølvsagt; for kvar
dialekt er eit talemål for seg. Men like vel kann ein samla folket
etter tala deira i tvo hovudflokkar: det er dei som segjer
høna, kasta, ei eller e øy og soknar til nynorsken. Og det er dei
som segjer hønen, kastet, en ø, og soknar til norsk-dansken eller
bokmålet. Talemålsgrunnlaget åt desse siste er i regelen noko
norskare enn skrifti, men det er like vel i fundamentale punkt
dansk, og dei soknar verkeleg til bokmålet.
Talemål som soknar til nynorsk (landsmål), norsk talemål
altso, finn ein fyrst og fremst i alle bygdene. Millom bønder og
fiskarar er mest ikkje noko anna å høyra, til dagleg då. I regelen
er det norske målet reinast på bygdene. Men norsk tale finn
ein dessutan hjå dei lægre klassone i byane, og eit godt stykke
upp i millomklassa. Det kann vera eit meir og mindre uppblanda
mål der, bymålet kann ha mindre reisning enn målet åt
bonden. Det er mykje rett i det som Garborg skriv: «Det [bymålet]
har ingen fasthed, ingen klassicitet». Men i hovudsak er
like vel folkemåli i byane nynorske (landsmål). Eg vil segja at
i røyndi er det beint fram forunderlegt å sjå kor norske dei hev
halde seg. Di meir bymåli vert vitskapleg granska, di tydelegare
og meir slåande kjem dette fram. Det hev t. d. nyleg kome ut
eit stort verk um Stavanger bymål. Det er mest utrulegt kor
greidt norsk folkemålet i Stavanger hev halde seg.
Talemål som soknar til bokmålet finn ein fyrst og fremst hjå
yverklassa i byane og villastrok ikring, og i noko av millomklassa;
dinæst for det aller meste hjå den høgre og mykje hjå
den millomste og lægre tenestmannsklassa utyver heile landet;
endeleg hjå ein lut av forretningsstandet.
Norsk-dansk er soleis talemålet for dei velhjelpte klassone og
intellingensen i byane, dinæst langt ned gjenom tenestmannsklassa,
og so for den mektigaste luten av forretningsstandet.
Nynorsk er talemålet for det store folket.
Styrke-tilhøvet millom dei tvo måli når ein tel i procent, kann
kanskje vera soleis at ein 90 % talar nynorsk og ein 10 % talar
bokmål til dagleg. 10 % for bokmålet er kanskje noko sterkt
i-teke. Moltke Moe meinte at millom 94 og 95 % tala eit norskt
bygde- eller by-mål. På bokmålet vart det då etter hans rekning
att millom 5 og 6 %.
Når det gjeld tala, er det soleis heilt annleis enn med skrift.
Der er ei veldug yvermakt for dei norsk-talande. Bokmålet er
eit reint mindretalsmål. —
Endå eg kann føra fram ein so god autoritet som Moltke Moe,
so vil visst mange gjera motmæle mot den yversyni eg hev gjeve
her yver det faktiske måltilstandet. Dei segjer: Dette kann ikkje
vera rett; det strider imot røynslone våre. Me møter norsk-dansk
mest alle vegner. Norsk-dansken må då vera fleirtalsmålet. Det
var just noko slikt han meinte, ein talar i Studentsamfundet for
eit bil sidan. Han stod og sagde at arbeidarane skynar ikkje
landsmålet ein gong. Eg vil tru han meinte det same, at då
talar dei ikkje nokon landsmålsdialekt heller.
Hjå dei fleste som segjer slikt, kjem det endefram av tjukk
fåkunne og ein fordom som gjer blind. So der bit ikkje grunnar
på.
Men eg skal gå ved at stundom kann det òg røynleg sjå ut
som det resultatet eg set fram her, er urimelegt. Det kann koma
til å sjå soleis ut for sume som ein stor lut av nasjonen tala
norsk-dansk, ja endå til som norsk-dansk var det ålmenne talemålet
her i landet. Like vel er ikkje dette so. Det er ei synkverving.
Når det kann taka seg ut soleis, er det i røyndi heller lett å
forklåra.
For det fyrste kjem det av at bokmålet er so ålment brukt i
skrift. Kvar so ferdamannen vender augo, fær han lesa det.
Han møter det på uppslagi i jarnvegsvognene og på stasjonane,
— me skal vel ikkje rekna på dei fatige uppslagi på nynorsk
som me hev fenge på Dovrebana og Bergensbana —, på billetten
han gjev konduktøren, i ruteboki han ser i, avisone han les;
han møter det på gateskilti og forretningsskilti i gatone, og på
hotellet han tek inn i. Den tokken han fær av alt dette skrivne,
kann lett vildra noko meiningi hans um talemålet òg.
For det andre kjem det av at den som reiser, og som difor
tykkjest ha røynsle, han kjem nettupp saman med slike som talar
bokmålet. For dei som tener trafikk og samferdsle, og som
ferdamannen fær med å gjera, er nettupp millom deim som brukar
norsk-dansk, i minsto i tenesta. Difor høyrer den reisande
verkeleg norsk-dansk hjå konduktøren, hjå stasjonsfolki; på hotelli.
Og han høyrer det i jarnvegsvogni hjå deim han reiser
saman med; for kven er det vel som hev høve til å fara lange
vegar med jarnvegen? Det er folk or dei velståande standi, or
intelligensen og forretningsstandet, og dette er òg nettupp av
deim som brukar bokmålet; — jamne bønder og fiskarar og arbeidarar,
det store folket, reiser då ikkje. Og skulde den reisande
like vel råka nokon or desse standi på turen sin, og han
ser litt velklædd ut, so er det ikkje so visst um ikkje mannen
av folket freistar gjera honom til lags med å snu litt på sitt
daglege mål, og kjem med eit slag bokmål han òg. Det er ingi
kunst å reisa med jarnvegen frå Oslo til Bjørgvin og ikkje høyra
anna norsk-dansk. — Det dansk-lita Noreg syner seg på toppen
og på utsida i samfundet, kvar du snur deg. Eg hev nemnt jarnvegen.
Det er berre eit døme. Det er nett likeins andre stader.
Det norske Noreg er «det skjulte Norge», det ordet er ikkje
berre ei bilætleg sanning; det er ei bokstavleg sanning. — Men
difor er like fullt det norske Noreg til. Det er det største og
centrale i nasjonen dess meir. Å neitta det vilde vera som å
neitta at eplet er anna enn skal, for di ein ikkje ser anna skal
utanpå.
Eg må difor taka upp att:
Det faktum som me hev å gå ut ifrå, er at det store fleirtalet
av nasjonen talar nynorsk, i heile landet; eit lite mindretal talar
norsk-dansk. — Og like vel — det er hovudpunktet for oss her —
like vel er det norsk-dansk, yverklasse- og mindretalsmålet, som
er det vanlege skriftmålet og det vanlege i all offentleg ferd.
Meinigmannen òg, han som talar nynorsk, kastar seg oftast yver
i bokmålet når han skal skriva og når han skal stiga fram offentleg;
eller han freistar i minsto gjera det.
— Det er freistande å sjå dette fyrst under nasjonal synsvinkel
og spyrja: Er slikt sømelegt for eit sjølvstyrt folk med historie?
Men me skal sjå det her ut ifrå samfundssynsstad, under ein
social synsvinkel.
Då spør me:
Korleis verkar desse måltilhøvi for fleirtalet i samfundet?
For det store, strævande folket?
Er dei til gagn for dei breide folkelagi i striden deira mot
samfundsuretten, og i arbeidet deira for å berga seg og for å
vinna seg betre kår økonomisk, kulturelt og åndeleg?
Eller verkar dei hindrande? —
Eg meiner desse måltilhøvi verkar til skade.
Eg skal peika på nokre fylgjor som dei hev.
For det fyrste seinkar det kunnskapstileigningi for den meinige
mannen, at han ikkje fær upplæringi på sitt eige mål. Mest
vil dette vera soleis i barneskulen. Og for den meinige mannen
er nettupp i regelen barneskulen, folkeskulen den einaste skulen
som han fær gå.
Det er gamal kjent hjå kunnige folk dette, at måltilhøvi no er
til meins for folke-upplysningi og folkedaningi. Ein folkeleg og
skynsam mann som M. B. Landstad skreiv i fyreordet til folkevise-utgåva
si i 1853: «Hvor dette [ɔ: folkemålet] er moders-målet
i fædrehjemmet, der må barnet, når det begynder at læse
vore bøger, sågodtsom lære et nyt tungemål, en omstændighed,
der har en mere hemmende indflydelse på undervisningen i
vore skoler, end man i almindelighed er tilbøielig til at tro».
Kunnskap og utdaning, det skulde vera eit hovudvåpen for
dei breide folkelagi i arbeidet deira for å få det ljosare. Dette
våpnet hjelper måltilhøvi no til med å døyva for mesteluten av
folket. —
Men dinæst er måltilhøvi no til skade for meinigmann på ein
annan, ikkje mindre ålvorleg måte.
Dei gjer at ein mann av folket er ufri i tala si straks han kjem
utanfor sitt vanlege miljø, — utanfor bygdi, i samtale med yvermann
i samfundet, på talarstolen. Me kjenner alle saman til
dette. Han hev eit mål som han brukar til dagleg; men til høgre
bruk vert ikkje det halde godt nok, då skal han retta seg etter
eit anna målmynster; og so vert han ufri. Me veit korleis det
gjeng. Tala hans vert stiv, og ho vert ustød, me fær det som
me kallar knot. Og den som knotar, han fær anten låtten eller
medynken yver seg. Han fær kanskje ikkje sagt so grant, og
slett ikkje so godt, nett det han vilde segja heller.
Me hev havt fullt av og hev enno den dag i dag altfor mange
slike knotande, låttelege, hjelpelause språklege kryplingar.
Eg tarv berre nemna dei gamle skulehaldarane, — skulehaldardansk
hev vorte eit ordtak. Det torer vel henda at når skulehaldarane
hev vore so iduge til å beda skulen fri for bokmålet som
dei i røyndi hev, so er det ikkje borni dei hev tenkt på. Dei
kann vel ha tenkt på ei frigjering for seg sjølve òg. — Og ein
kann nemna underofficerane, når dei skal instruera på moen;
det er leidt å høyra på.
Korleis bokmål legg band på tala åt den vanlege mannen, fær
ein i det heile svært god lærdom um på moen. Eg hugsar frå mi
eigi soldattid. Eg var rekrut på ein eksisplass på Vestlandet, og
der i minsto var det soleis at me fekk instruksjon um å tala til
officerane på bokmål når det galdt tenesta. Men det var reint
løglegt å høyra på bondegutane og fiskarane. Dei stamma og
tok upp att og snåva i ordi; og ikkje fekk dei sagt det dei skulde
jamt like vel. Eg hugsar grant serskilt ein gong. Det kom ein
kar med ei melding. Han skulde segja henne fort, for etter «fyresetnadene»
som det heiter i militærmålet, hasta det. Karen vart
ståande og stamma og vasa. Til slutt fall han radt ut or det og
gav ein god dag i formlane, og sagde alt saman med sine eigne
ord; då gjekk det både lett og greidt. Men det er visst, at hadde
det vore krig, so hadde fienden teke heile stødet og skote både
officeren og soldaten medan mannen stod der og stauka, lenge
fyrr han kom på å bruka dei ordi som ikkje hindra honom.
Eg hugsar dette so skilleg; for me var fleire som lagde merke
til det; og der var ein som sagde då med det same: «Der kann
de sjå skilnaden!»
Men å vera slik språkleg krypling, det er ikkje berre låttelegt,
det er ei ålvorleg sak for ein mann; i ser dersom han er soleis
stelt at det syner seg ofte. Det fører med seg praktiske vanskar.
Og det fører med seg åndeleg liding, og tek modet ifrå ein mann.
Det gjer mang ein til mindre mann enn han turvte vera.
Dette er sers ålvorlegt for den meinige mannen. For det er
jamt alt av naturi større vanskar for meinigmann med å hævda
seg utanfor sitt vanlege miliø og i offentleg ferd, enn for folk
av dei høgre klassone. Han er ustød i fakter og åtferd. Han generar
seg for dei store, og for mengdi. Han hev vandt for å ha
med seg den stødleik og sinnsro, den personlege vyrdnad som
han treng. Når attåt desse naturlege vanskane kjem ein ekstra
vanske med målet, vert det endå verre. Og er denne vansken
uturvande, so vert måltilhøvi i et land som hev det soleis, ei
samfunds-ulukke. Det er nettupp soleis det er her i landet. Målvanskar
vil meinigmann i nokon mun ha i alle land; for det vil
alltid vera skilnad på folkedialektar og so kulturmålet. Men her
er vanskane større enn dei tarv vera. For dei kjem ikkje berre
av den naturlege skilnaden millom dialekt og høgre mål. Dei
kjem av at det vanlege officielle målet — eg skal her bruka professorane
Hægstads og Falks ord — det vanlege officielle målet
«står på en række fundamentale punkter i strid med alle landets
dialekter (praktisk talt)».
Altso: Måltilhøvi soleis som dei er no gjer det på alle kantar
vandare enn det skulde vera for meinigmannen i vårt land å
hævda seg utanfor sitt vanlege miljø og i all offentleg teneste
og offentleg ferd.
Dette er unaturlegt.
Og det er urettferdigt.
Det er urettferdigt å soleis leggja ei ekstra byrd på deim som
alt fyrr hev det vandast; og som ikkje sjølve er skuld i at tilhøvi
hev vorte rangstelte. Her hev ei yverklasse i si tid gjort seg til
ein framand provins og stelt det soleis at me hev fenge tvo mål
i landet. No etterpå skal meinigmann, som hev halde på det
gamle nasjonale, han skal bera kostnaden; han hev minst høve
til å spilla tid på det, men han skal ha byrdi med å læra tvo mål.
Hine skal sleppa med berre eitt og haustar ingi ulempor. Slikt
er i godt samsvar med den aller mest trongsynte, me fær kalla
det yverklasse-politikk. Men det er ikkje socialt gagnlegt.
Godt folk!
Ut ifrå ein rettferds- og samfundssynsstad sét, er måltilhøvi
no her i landet upprørande!
Denne samfundsretten ved måltilhøvi er det målsaki etter sitt
principp vil bøta på.
Korleis ho vil bøta på det, gjeng fram alt av det eg hev sagt
um dei negative fylgjone av tilhøvi no. Men eg skal peika på
det positivt òg.
For det store folket vil landsmålet vera til gagn hovudsakleg
på tvo måtar.
For det fyrste vil det fremda folkeupplysningi. Det er det beste
skulemålet for alle landsbygder. Og det er det beste skulemålet
for fleirtali i byane.
For det andre vil landsmålet gjera det lettare for den vanlege
mannen å hævda seg utanfor sitt eige miliø og i offentleg ferd.
Dersom han fær upplæring i landsmålet, so vil han læra seg
til å akta målføret sitt. Han vil verta før til å byggja på det med
stødleik både i skrift og tale. Resultatet vert at han både skriv
betre og talar betre fyre seg. Eg meiner ikkje at han då fær høve
til å nytta målføret sitt heilt ut, utan noko tillempingar. Det fær
han ikkje under landsmålet heller, for soleis kann det aldri verta;
han lyt slipa av det uvanlegaste, og normalisera so målet hans
fær eit meir ålment drag. Men grunnlaget i alt sitt målbruk kann
han i tilfelle søkja i den trygge grunnen som barnemålet hans
gjev honom. Dette er den viktugaste skilnaden for den vanlege
mannen på å taka mynster etter bokmål og etter landsmål. I
det eine tilfellet lyt det for fleirtalet av folket ei heil målumleggjing
til på fundamentale punkt. I det andre tilfellet kann dei
byggja på fast og kjend grunn som dei alt fyrr stend på med
båe føtene; dei fær røra seg i ei målform som dei er herre yver,
i staden for i ei som dei sjølve kjenner som herre.
Det segjer seg sjølv, meiner eg, at dette gjer ein stor skilnad.
Det kjem til å gå lettare for den vanlege mannen på denne måten.
Han vil verta naturlegare, og rolla hans vil ikkje so lett
taka makti yver honom so han vert stiv og keivsleg og misser
sinnsroi. Kjensla av å fara med sitt eige og byggja på sitt eige
og vera heilt seg sjølv, vil gjeva honom meir byrgskap i si ferd,
og meir tryggleik på seg sjølv. Han vil få meir av det me kallar
naturleg daning.
Eg kann ikkje lata vera å herma her noko som ein målmann
burte i Drammen sagde til meg no nyleg. Han er innfødd drammensar,
og talar sjølv Drammens-mål; det er ein eldre mann;
han er i ei yversett stilling i ei verksemd, og han hev mykje med
arbeidarar å gjera:
«Det vilde hjelpa arbeidarane mykje», sagde han, «um dei
gjekk yver til landsmålet».
Eg meiner som han. Det som eg no hev nemnt, vilde hjelpa til
å lyfta heile det store folket åndeleg og kulturelt. Og då vilde det
med tidi hjelpa til å lyfta deim økonomisk òg. For den åndelege
og kulturelle styrken er ein av fyresetnadene for at eit samfundslag
skal kunna vinna seg upp til større økonomisk styrke ogso.
— Dette er ljost måla, vil sume segja. Og ein og annan vil
spyrja: Fylgjer der ikkje ulempor òg med å gå yver til landsmålet?
Jau, det gjer der. Det hev enno aldri hendt at ein fær nokon
fyremun for ingen ting. Og det vilde inkje gagna å måla det upp
som det fylgde berre fyremuner med å gå yver til landsmålet.
I minsto enno fylgjer det òg verkelege praktiske ulempor med.
Og det skal segjast ope, at dei er slett ikkje so lette å koma gjenom
jamt. Arne Garborg åtvarar ein stad halvt på skjemt motmennene
sine mot å gå yver til landsmålet fyrr dei hev tenkt
seg vel um. Det vilde falla so tungt for deim, skreiv han, at dei
kunde koma til å missa modet. Garborg skreiv dette i boki «Den
nynorske sprog- og nationalitetsbevægelse», og han set det på
egg liksom alt anna i den boki. Dessutan er tilhøvi mykje betre
no enn då Garborg skreiv i 1877. Like vel er det mykje sant enno
i det han segjer, serskilt dersom nokon vil gå yver til landsmålet
i vaksen alder, etter han er komen framum alle skulane; — for
deim som fær upplæring i norsk alt frå barneskulen, vert det
mykje annarleis.
Bokmålet hev enno sume verkelege fyremuner å bjoda framfor
norsken. Det hev den ålmenne fyremunen at det er det tilvande
i offentlegt bruk, med autoriteten yver seg, medan landsmålet
er det nye, med fordomen imot seg. Og bokmålet er enno
stødare i skrift enn hitt målet. Og so hev det eit fastare utforma
normaltalemål. Dette er sers viktuge ting, som me ikkje kan mismæta.
Serskilt for den vanlege, ulærde mannen hev det mykje
å segja at han hev eit fast mynster å gå etter, ei fast form å
leggja seg til rettes i; for han hev korkje hug eller høve til å
gjera seg til fag-filolog og sitja og vega på grammatiske former.
Mot landsmålet kann det segjast at det ymist er noko fljotande
enno. Skriftnormen er noko ustød, altfor mykje til at det kan
vera pædagogisk gagnlegt. Her hev form-pirkarane millom
målfolket sjølv eit stort andsvar. Eg meiner desse som ikkje nokor
stund kann lata den fastslegne normen ha fred, men stødt
putlar med nye former og rettskrivingar, og hjelper til med å
halda ustøda kunstigt uppe. Dessutan vantar landsmålet altfor
mykje eit fastforma mynster-talemål. Det valdar vanskar for
mange når dei skal til å slipa av dialekten sin slikt som dei ikkje
kann taka med utum bygdi. Tek dei då bokmålet til mynster, so
hev dei meir ei sjølvsagd form å setja i staden. Vil dei stydja seg
til landsmålet, er det ikkje jamt so sjølvsagt å vita kva dei skal
segja, for landsmålet hev godkjent so mange sideformer. Resultatet
til dessar veit de hev vore at av deim som hev vorte nøydde
til å veksa seg ut yver målføret sitt, er det fåe som hev gjenge
yver til landsmålet, men dei er mange, som hev gjenge til
bokmålet. Dei hev late seg skræma av dei fyrste vanskane med
landsmålet.
Men tråss i desse vanskane, serleg for vaksne som vil gå yver,
og for ny-byrjarane, so trur eg det skal stå fast, at målsaki vil
gjeva fleirtalet i folket ei stor hjelp, og det alt i fyrste umgang;
endå meir vil ho gjera det seinare. Ho vil hjelpa deim til å eigna
lettare til seg kunnskap og daning, og hjelpa deim til å få meir
reisning på alle måtar. Dei vanskane som fylgjer med landsmålet,
fær ein so heller for det fyrste freista å koma utanum med at
kvar mann, ogso i offentleg ferd, brukar eit mål som er meir
dialekt-farga enn det er vanlegt i granneland og i det heile i
kulturland; i minsto fær ein tola det når han talar, — i skrift
er det mykje lettare å nå fram til einskap. Serlege historiske tilhøve
gjer at me lyt unna oss i det ekstraordinære her hjå oss
i so måte eit bil frametter.
Tråss i alt er det inkje tvilsmål um, at landsmålsrørsla i sanning
er ei ekte demokratisk rørsle.
Men difor er, eller burde, òg målsaki vera ei av dei store uppgåvone
i demokratisk politikk.
Av demokratiske politiske parti hev vinstrepartiet, som i lang
tid var det einaste demokratiske partiet me hadde, i nokon mun
synt seg skynsamt mot målreisingi. Det hev i nokon mun gjort
folket si sak her til si.
Det nye politiske partiet bondepartiet, som etter det vanlege
skjemaet stend til høgre for vinstre, hev vore svært vinglande.
Der hev vore eit sterkt tvidrag innan partiet millom tvo syn; på
ei side den demokratiske syni som gjer sams sak med folket, og
på hi sida det me kann kalla funksjonærsyni: slike som hev lært
å bruka norskdansk talemål og fagmål på jordbruksskular og
andre skular, hev vorte bundne innvertes til norskdansken, og
dessutan vil dei ikkje ha havt strævet med upplæringi si for
inkje. Desse siste hev havt mykje å segja for leidi åt partiet til
denne tid, men partiet er so ungt enno, at det er ikkje godt å
vita kvar det vil styra. Eg tykkjer det må verta ei bra sjølvmotsegjing,
dersom ein politisk samskipnad på ei og same tid skal
arbeida for den økonomiske reisingi åt bondestandet, og mot den
språklege frigjeringi. Og nokor ålmenn lyftestong for bonden
skynar eg ikkje at ein samskipnad kann verta, dersom han tek
det på den måten.¹
Dei nye demokratiske partii som stend til vinstre for vinstre,
arbeidarpartii, hev til denne tid i det heile vore likesæle for målreisingi.
Dette er både unaturlegt og underlegt. Det skulde sjå
ut som ei naturleg uppgåve for deim òg å hjelpa meinigmann,
so meinigmanns mål kom i vyrdnad og under dyrking. Eg kann
ikkje skyna anna enn at det er u-demokratisk og ein logisk inkonsekvens
soleis som dei hev stelt seg.
Eg veit ikkje kva forklåring dei sjølve gjev. Men eg kjem i
hug noko som eg hev lese i historie-verk um germanane, då dei
trengde seg inn i dei romerske provinsane. Dei var harde og
djerve, og dei kua snart romarane, og gjorde deim til sine undermenn
militært og politisk. Men desse same germanene, som
fekk all ytre makt, dei kjende seg brydde når dei kom inn i dei
fine husi åt romarane. Dei kunde ikkje stå seg for dei fine salane,
den fine umgangstonen og alle stasklædi. Dermed so gav
dei seg til å herma etter dei yvervunne, miste den kulturelle
trui på seg sjølv, og deira eigen kultur smuldra burt innanfrå.
Eg trur det er noko av det same me hev vore vitne til hjå
arbeidarane. Arbeidarane hev styrmt fram yver einemerki åt
«yverklassone». Dei hev vunne seg ei ageleg politisk makt. Men
på same tid hev dei — førarane deira òg — genera seg for «yverklassa».
Dei hev havt sine løynlege ideal hjå deim som dei for
med store ord imot. Dei hev i grunnen skjemst yver sitt eige,
fyrst og fremst yver sitt eige mål, og ikkje havt tru eller vilje
til å hævda seg kulturelt. Og so skulde dei auka vyrdnaden sin med
å skapa seg etter dei ulastelege mynstri på hi sida. — Det
er noko vesalt i denne måten å ha det på. Men arbeidarane lyt
lata det sitja på seg, at soleis hev dei havt det. Bøndene hev havt
det nett på same måten i lange tider, ikkje minst i den tidi då dei
slo seg fram til politisk makt. No er det kanskje noko betre hjå
deim, endå det sanneleg ikkje stend vel til. Men hjå arbeidarane
hev dei det framleides mykje godt som dei gamle sterke, men
brydde germanane i dei fine romarstovone.
Det hev mykje å segja, trur eg, at ikkje berre demokratiske
borgarparti, men òg arbeidarpartii veks germanar-åndi av seg,
og tek målsaki upp for ålvor. Knot og småsnobbing og sjølvuppgjevande
etterlikning gagnar ikkje nokon. Det er gledelegt å
sjå at i det aller siste hev det vore nokre veike teikn til nyorientering
hjå arbeidarpartii i dette stykket.² Men dei lyt taka
spursmålet mykje ålvorlegare, skal det vera mun i det. Det gjeld
um so dyre interessor for meinigmann, at det duger ikkje med
å kokettera med målsaki. Dei av førarane for arbeidarpartii som
er av anna stand og hev det unorske til naturleg fyresetnad,
pliktar her å taka umsyn til deim som dei vil taka seg av. Her
kann vera ein prøvestein på kor djupt interessa deira gjeng.
Men eg vil leggja til, at dersom målsaki skal gagna folket fullt
ut, so gjeld det um at dei som vil taka henne upp, held henne i
sanning demokratisk i breidaste meining. Det gjeld um at dei let
landsmålet tufta seg på eit so breidt folkelegt grunnlag som mogelegt;
då fyrst vert vinningi for folket so stor som ho kann
verta. Og det er ikkje fritt at det ligg ein fåre her for demokratiske
parti som er politiske.
Stridsførande lærer av kvarandre, veit me, og dei demokratiske
partii tek lære i sin taktikk av storborgarpartii. No veit
me at det politiske princippet for storborgar-partii er å hjelpa
deim som ropar høgst, — dei rike og mektige, dei som sit med
trådane, dirigerar avisone, kann skriva og tala og rasa fyre seg.
Demokratiske parti vil gjerne taka etter og føra dette princippet
yver på sine tilhøve; det vil segja dei vil helst hjelpa deim av
sine som kann hua høgst i kor.
Når me fører dette yver på målspursmålet, so vil denne tendensen
syna seg i at dei tek umsyn til måli berre i dei tettbygde
stroki og i byane. For der kann folk ropa høgst i kor. Eg trur
eg torer segja at me hev sét sume tendensar til slikt. Um me
ikkje hev sét det so sterk innan sjølve dei politiske organisasjonane,
so hev me i minsto sét det hjå ymse som kallar seg «radikale»
og «demokratiske» i målvegen.
I Trøndelag t. d. hev dei i radikalismen sitt namn laga seg ein
serskild trøndernormal, som då sjølvsagt tek einsideleg umsyn
til dei etter måten tettbygde stroki rundt Trondheimsfjorden.
Ein kan ikkje tru trøndene hev tenkt å skilja seg ut or Noreg og
skipa eit serskilt kongerike. Tanken må då vera at trøndernormalen
med tidi skal verta landsnormal. Dette er storveges tenkt,
og trøndene hev store tradisjonar frå gamletidi i målvegen. I
millomalderen var deira mål landsens mål. Ein kann segja um
trøndene som Gustav Vasa sagde um svenskane: «Det är ett styfsint
och för storverk fallet folk». Men demokratisk er det ikkje
å vilja arbeida fram eit landsmål med so trongt grunnlag som
trøndemåli åleine.
Her på Austlandet hev ein stundom høyrt tale um ein Austlandsnormal.
Og ordet «folkemål» brukar dei ikkje so sjeldan
soleis at ein må tru dei meiner einast målføri på Austlandet og
i Oslo, eller ein kann næmare segja, Oslo og ein liten ring rundt
um der. Det er sant at det er samla mykje folk på desse kantar.
Men det er like vel ikkje demokratisk å byggja samlingsmålet
for heile nasjonen einsideleg på målføri der.
Her gjeld det um, meiner eg, for den verkelege samfundssyni
å akta vel på. Skal målsaki halda seg i sanning demokratisk
og få sitt rette sociale verd, so lyt landsmålet byggja på alt norsk
mål. Det sit fiskarar langs heile vår strand. Det sit småbønder
inni fjordane og uppi fjellbygdene. Dei er ikkje unyttigare enn
hine, um dei nok kann ha det vandare. Målet dei talar er ikkje
ringare enn andre sitt; det er tvert imot gjerne rikare både på
ord og råmande ordelag, og det er vænt å høyra. Dei er til saman
ikkje færre enn hine. Men dei hev den ulukka at dei bur spreidt;
dei kann ikkje hua høgt i kor. Like vel er det ikkje rett å taka
mindre umsyn til deira mål for det. Eit norsk mål som vil heita
demokratisk, og som skal reisast til gagn for folket, må byggja
på norske målføre, ikkje berre i dei centrale strok, men òg i utkantane
som ein ikkje høyrer ropi ifrå. Det bør ikkje her òg
gå etter den store lovi i denne verdi, at den som hev lite, skal
missa det han hev.
Nettupp her syner Ivar Aasen seg stor. I hans måltanke er det
ein høgreist demokratisk djervskap. Han våga å taka umsyn ogso
til deim som bur avsides og spreidt. I dette ligg forklåringsgrunnen
til at dei hev teke imot landsmålet med slik godhug just
i fjellbygder og fjordbygder, og heng ved det. Dei hev ikkje
vore forvande med der at nokon tok umsyn til deim òg. — Ivar
Aasen freista å byggja på breid folkeleg grunn i ei tid som var
endå meir full av fordomar i slike spursmål enn vår. Det var det
demokratiske instinktet hans som hjelpte honom her. Det hev
vore skrive um Ivar Aasen i eit studentblad nyleg, at for honom
var målreisingi ei rein klassesak. Eg vil ikkje skriva under på
det; ein fær ikkje heile Ivar Aasen utan ein tek med den brennande
fedrelands-hugen hans. Men det er heilt sant, at samkjensla
hans med hans eige stand og med alle som høyrde til dei
same samfundslag, rakk radt ned på botnen hjå han, og ho
dreiv han fram. Difor freista han leggja ein so ålmenn karakter
som mogelegt yver landsmålet, so mykje det kunde høva so mykje
vidare; og for ingen hev i røyndi det demokratiske lukkast
so godt som for honom. Folk må ikkje her lata seg villa av nokre
arkaismar som han tok med — t. d. kastade for kasta — , og som
er avskala seinare. Ein bør halda seg til hovudsaki. Og då er
det slik at kvar ein av oss framleides kann gå i lære hjå Ivar
Aasen når me vil læra kva demokratisk norsk mål er.
Eg hev freista her å kasta litt ljos yver korleis dei faktiske
måltilhøvi hjå oss er, og korleis dei verkar for fleirtalet. Og eg
hev freista gjera klårt det som er mi yvertyding, at måltilhøvi
no, og bokmålet som råder, er til skade for dei fleste, og at landsmålet
vilde verta ei lyftestong for det store arbeidande norske
folk um dei tok det i bruk. Eg hev mest freista å bera fram klokskapsgrunnar
som skulde tala for at dei meinige stand slo ring
um landsmålet.
Men eg vil segja til slutt, at dersom de vil røkja etter, skal
de finna at alle klokskaps-grunnar gjeng attende til ein. Og det
er ein som ikkje hev berre med kaldt vit å gjera, det vil eg strika
under, men med kjenslor og stemningar òg: — landsmålet eller
dialektar under det er modermålet for det store norske folk.
Den samfunds-uppgåva som måltilhøvi i vårt land sét for oss,
det er beint fram å få sett det store folket i eit naturlegt tilhøve
att til modermålet.
Og difor inneheld dei ordi eg hermde fyrst, i røyndi samfunds-programmet
òg for målfolket:
Heimatt til far og heimatt til mor
og heimatt til fedraland!
Heim til dei gamle, myndige ord
som hyser vår fedra-ånd!
Dei peikar ikkje berre på det nasjonale i trongare tyding. For
det å auka vyrdnaden — soleis som målsaki vil — for den stad
ein er komen frå og den heim ein er gjengen ut or, det gjev ikkje
berre nasjonal styrke. Slik vyrdnad er ei kraftkjelde og eit framgangsgrunnlag
for den einskilde mannen òg, og for kvart stand
innan eit samfund. Det er ikkje berre ei nasjonal og ei etisk sanning,
det er ei djup social sanning òg, som all trivnad i eit samfund
byggjer på, den gamle, einfaldige læra:
Heidra far din og mor di, at det kann gå deg vel, og du må
liva lenge i landet!
¹ Det riksstyret av bondepartiet som no — hausten 1932 — hev sete i um
lag halvtanna år, hev ved fleire høve synt vilje til å styra norsk veg, og solels
gjera partiet til talsmann for interessone åt bonden og folket i målspurmålet.
² Nokre einskildmenn — ikkje mange — av dei partii hev endå til vore
kraftige talsmenn for målreisingi.