Einskap i rettskriving
Gustav Indrebø
I. VALFRITT ELLER OBLIGATORISK
I rettskrivingi for norsken er det mykje ustøde. Det ser me
kvar dag. Noko kann dette koma av at nynorsken er eit heller
ungt skriftmål. Men når ustøda er større i dag enn for ein
12-15 år sidan, so kjem det fyrst og fremst av rettskrivingsresolusjonen
frå 1917. Det er alle samde um. Dei fekk ikkje
berre ei ny, litevetta umbøtt, officiell rettskriving då (den «obligatoriske rettskrivingi»), men òg ei mengd med «valfrie» former.
Når dei set desse «valfrie» formene i hop på ulike måtar,
kann dei få ein heil her med «rettskrivingar». Og det høvet
som soleis hev bode seg til at kvar kann få seg si private rettskriving,
hev vorte nytta i største mun. I ser dei yngre skriv
no fælt ujamt.
Fyrstundes var det mange som såg eit stort framstig i at
der vart løyst på dei strenge bandi, so at kvar mann kunde
få skriva på sin måte, og ikkje turvte retta seg etter nokon
fast norm. Det er kanskje ikkje so fåe som tykkjer dette er ein
fyremun enno.
Og fridomen hev sine fyremuner; det skal ingen neitta.
Like vel er det nok fleire no som tek til å verta leide av
all valfridomen og vinglingi. Dei lengtar etter ein fast regel
att, som kann ha autoritet. Dei tykkjer helst det vert brysamt
med dei mange formene å velja millom, med dei ulike skriftbilæte
som skifter frå bokmann til bokmann, frå blad til blad,
og med rettskrivingar som ymsar ifrå herad til herad, ja frå
skulekrins til skulekrins. Kann henda tykkjer dei òg at det er
harmelegt å høyra på det stendige motlegget ifrå motmennene,
at «landsmålet har ingen rettskrivning», so at det er
ubrukande i det praktiske livet av den grunn.
Me hev no halde på so lenge og røynt oss fram, at det visseleg
kann vera på tide at me stoggar og spør oss sjølve um
denne valfridomen i dei siste 10 åri hev gagna oss eller skadt
oss; og det kann vera rett at me tenkjer yver kva veg me heretter
helst bør gå. Bør me halda på med dei valfrie formene og
dei mange slag rettskrivingar framleides? Eller bør me samla
oss att um ein fastare skrivemåte?
Der kann vera grunnar som talar både for det eine og det
andre, som nemnt. Etter mi meining vilde det tvillaust vera ei
vinning um me kunde få avskipa nokre av dei valfrie formene
og koma yver til fastare skrivereglar att.
Rettskrivingsresolusjonen frå 1917 bygde på ein stor tanke.
Det var at dei valfrie formene – både i nynorsk og i norskdansk
– skulde vera ei bru millom dei tvo måli. Dei skulde
gjera vegen lettare yver frå dansk til norsk for deim som
ikkje var god til å stiga heilt yver med ein gong. Bokmålsfolket
skulde samla seg um dei valfrie norskdanske formene, og
derifrå skulde dei marsera i flokk radt yver til norsken med
tidi. So var tanken.
Men hev dette gjenge soleis?
Nei.
Det byrja nok med at ein nokso stor hop, ja ein retteleg stor
flokk av dei norskdanske bygdene gjekk yver til dei valfrie
bokmålsformene. Men byane gjekk ikkje yver. Administrasjonen,
som hadde gjort upptaket til den nye rettskrivingi, Stortinget
som hadde godkjent henne, sjølve rettskrivingshovdingane
for bokmålet, som hadde tenkt henne ut, gjekk ikkje
yver. Dei vart alle som ein ståande i det danskaste bokmålet
som er lovlegt. Departementet, Stortinget, rettskrivingshovdingane,
laga isaman ei byrd for borni i Noreg, men sjølve
rørde dei henne ikkje med ein finger.
Kva hev fylgja vorte? Jau, i fleire år no hev dei bygdene
som hadde teke dei valfrie bokmåls-formene, vore på mars i
flokk, ikkje yver til norsken, men attende til dansken. Det var
ikkje so greidt for deim når dei vart ståande soleis åleine, og
alle sveik deim som skulde ha hjelpt deim. Og attende gjekk
dei, eller held på og gjeng.
Men dette vil atter segja, at fyresetnadene frå 1917 hev
broste. Dei som laga ny rettskriving for bokmålet, og heile
flokken deira, alle hev dei brote fyresetnadene. Dei peika på
ein veg for andre og skipa til ei barne-krossferd av skuleborn;
men dei gjekk ikkje vegen sjølve og vilde ikkje vera førarar
på nokor ferd. Og so hev dei «valfrie» formene i bokmålet
ikkje vorte nokor bru yver til norsken, soleis som dei skulde.
Tvertimot, dei fleste som dagleg skriv bokmål, konsoliderar
seg so meir og meir ikring det danskaste, obligatoriske
bokmålet. Det som var tanken i 1917, vil dei ikkje vera ved. –
Då lyt målfolket spyrja seg: Er det nokon grunn for oss til
å halda på våre «valfrie» former?
Eg kann ikkje tru at der er nokon grunn til det. Det
upphavlege fyremålet – å vera bru – tener ikkje dei heller, når
dei menn som stend i brodden på hi sida ikkje syner vilje i
den leid. Og i seg sjølve gjev dei ikkje målreisingi nokor
styrkjing so at det kunde gjeva deim tilværerett.
Tvertimot.
Dei avlar kjekl millom målfolki. Dei dreg tanken burt ifrå
hovudsaki og lærer folk upp til å festa seg ved alt slag pirk. I
røyndi er dei ikkje til nokon nytte. Både born og vaksne lid
under det at ordbilæti aldri fær festa seg
.
Og so er det den store fåren med denne lausskapen i
målet, at han kann koma til å hemna seg verre sidan. Det er
det ålvorlegaste. For dei «valfrie» formene hev no vorte eit
våpn i hendene på dei kloke millom bokmålsfolki – imot
nynorsken. Umtenksame bokmålsfolk hev beint fram teke til å
spekulera i dei valfrie formene åt nynorsken. Dei freistar med
plan å nytta deim ut til å få smuldra nynorsken upp etterkvart
i mange provinsmål; desse provinsmåli kann kvart for seg
ikkje ha noko større slagkraft. Når so bokmålet på same tid
samlar seg att og sterknar, so kann det hava ei større von.
Soleis er den kjærlege tanken hjå desse kloke folki. Og kven
veit, vert bokmålet sterkt nok, og nynorsken uppsmuldra og
veik nok, kann mangt utenkt henda.
Det kunde t.d. gå soleis, at ein vakker dag
fekk me eit maktbod um at frå no av skal det vera «samnorsk»
her, i alt landet, det vil segja ein «samnorsk» som skulde vera
bokmålet, kanskje med litt uppblanding – av nokre måteleg
norske element i Oslo-målet.
Tankar i denne leid, meir eller mindre klåre og brutale, er
slett ikkje framande for dei ettertenksame hjå
bokmålsfolket.
Den dagen bokmålet, eller ein «samnorsk» bygd på
bokmålet, fekk yverhand att, på denne eller andre måtar, vart
det nok ikkje spursmål um provins-normalar lenger. Då fekk
nok kvar vera so god og skriva det som fyresett var, endå um
det låg mykje lenger burte ifrå målføret enn det
nynorske riksmålet. Um dei «valfrie» formene på
ei vis kann segjast å vera «demokratiske», so er det difor stor
fåre for at dei med tidi kann verta retteleg udemokratiske!
Vingling og valfridom på den norske sida kann umveges
hjelpa eit dansk riksmål til å vinna.
Det er naudsynt at me hev augo uppe for denne fåren – og
at me freistar å møta honom. Den måten me kann møta
honom på, er etter mi meining at me samlar oss
att, meir enn me hev gjort no på ei stund.
Kva skal me samlast um?
Eg trur at samlingi lyt verta ikring Ivar
Aasen. Hans riksform hev til denne tid synt den største
indre krafti, – utan samanlikning.
Det er ikkje tvil um at ho framleides er den som hev
største einingsmakti i seg og som det er lettast for dei fleste å
nærma seg til, kva kant dei so kjem frå.
Aasen-formi – no representera ved den officielle
«obligatoriske» rettskrivingi femner utruleg vidt, mykje
vidare enn nokon annan norm dei hev freista med.
Kann målfolket samlast att i fastare rekkjor um henne, vil
det styrkja målreisingi mykje. Det skulde me visseleg røyna.
Ei samla fylking er jamt sterkare enn ei som er
sundkløyvd.
II. FÆRØYANE
På Færøyane strider dei med dei same mål-problem som
me. Dei hev si målreising, liksom me, og skal reisa att Færøy-målet,
som er ei grein av norsk. Der òg hev dei fenge røyna at
vingl med rettskriving og strid um den er ein pestilens for
framgangsrikt målreisingsarbeid. Dei fekk ei fast
normalrettskriving i 1850-åri. Språkmannen V.U.
Hammershaimb sette upp ein sams norm for Færøy-målet
um lag på same tid som Ivar Aasen skapte ein
landsnorm for dei norske målføre her heime. Fyrstundes
hadde dei berre denne eine rettskrivingi, og målreisingi var
komi godt på veg med henne. Men so i 1889 kom ein annan
språkmann, Jakob Jakobsen, med ei ny
rettskriving. Han tykte Hammershaimb var for gamaldags, og
vilde at dei skulde skriva meir etter daglegtala. Der vart ein
stor strid.
Alle som no talar um den færøyske målrørsla, er samde
um at denne rettskrivingstrætta vart til eit stort hefte. Ho
lamde heile rørsla, sette ilt blod, og drap Føringafelag, det
laget som dei hadde skipa for færøysk målreising og
nasjonalitetsreising.
No hev dei kome seg ut or denne ugreida att. Dei hev
vendt attende til Hammershaimb. Dei hev vraka både
nystavingi åt J. Jakobsen og eit millomframlegg millom
Hammershaimb og Jakobsen, som ei rettskrivingsnemnd
hadde freista arbeida ut.
Etter det hev målsaki havt framgang att på Færøyane.
Einskapen hev gjort sterk. No nyst vedtok Lagtinget eit
framlegg til Danmark um at færøysk skal vera hovudmålet i
alle skular på Færøyane.
Utviklingi på Færøyane er lærerik for oss.
Lærerikt er det òg å sjå korleis dei hev løyst
floken. Dei gjekk attende til det dei hadde byrja med. Dette
endå det er sant som J. Jakobsen sagde, at rettskrivingi åt
Hammershaimb er nokso gamaldags og lærd. Men ho var den
fyrste. Ho hadde arbeidt seg upp ein autoritet og hadde sunge
Færøy-målet inn att i hjarto fyrr noko anna hadde kome til.
Og ho var logisk og klassisk og stortenkt. Difor vart det ho
like vel som det fall lettast å samla seg um.
Det ligg ein sterk lærdom i dette, tykkjer eg, um at me bør
vera vare med å sleppa Ivar Aasen her hjå oss. Han var òg den
fyrste. Hans namn hev den største autoriteten, både millom
målfolk og millom dei andre. I hans form vart norsk mål fyrst
kjært att for nordmenn. Rettskrivingi hans er klassisk, –
greidtenkt, fylgjerett og vyrdeleg. Ho hev i same eller i høgre
mun alt det som hev gjeve Hammershaimb slik merkeleg
samlingsmakt på Færøyane. Og ho hev attåt den store
fyremunen at ho ikkje er so gamaldags og tung som
Hammershaimb si rettskriving: Ho er tvertimot i mykje den
mest tidhøvelege som er til i norderlendske mål, formlett og
lett å læra.
Vrakar dei Ivar Aasen, so kastar dei burt ei større
styrkjingsmakt for den norske målreisingi enn dei fleste veit
um.
III. OR DANSK MÅLSOGA
Dansk hev òg vore eit vanvyrdt mål ein gong.
Det hev lote strida for retten sin imot tysk. Då var dei nett i
same beiti der som me er no, eller dei hadde i minsto mykje
av same møda. Ortografien voks vilt. På Ludvig
Holbergs tid var det ille. Holberg skreiv ei heil
skrift um «den misorden» i rettskrivingi, «hvorover vi af
fremmede saa ofte høre ilde». Det er forvitnelegt å lesa
korleis denne den største reisaren av det danske målet dømer.
Eg vil herma nokre ord:
«Grammatica eller orthographie er bleven et ubekiendt
landskab udi det danske sprog.» «Enhver indtil skriverkarle
har ligesom ved hævd forhværvet sig en fuldkommen
myndighed at vende op og ned paa ordene, og at sætte
bogstavene udi orden, ligesom de finde det for got. Ja den
ringeste copiist hos os er derudi meer souverain end fordum
keiser Tiberius.» –
«Hvad kand være hæsligere end at enhver skriver og
bogstaverer lige som det falder ham ind?»
Holberg ynskte at nokon for ålvor vilde hjelpa til med å få
fastare reglar:
«Om visse autoriserede mænd toge sig for at give
orthographiske regler, vilde jeg være den første at rette mig
derefter, endskiøndt jeg efter mit tyke, kunde give bedre
raison til en og anden ting: Thi, ligesom det er bedre at leve
under harde love end under anarchie, saa er det smukkere at
alle skrive paa een maade, skiøndt mindre beqvemt end at
enhver bokstaverer ligesom han faaer indfald til.»
«Grunden udi vort sprog,» legg Holberg til, «er saa god
som udi noget andet europæisk sprog.» «Det fortiener all det
arbeide man kand anvende derpaa.»
Hadde Holberg livt no, og i heimlandet sitt Noreg, ja so
hadde han tala nett på same måten no òg. Ludvig Holberg var
ein klok mann når det galdt mål og måldyrking. Han betra
sjølv mykje på den danske rettskrivingi.
IV. NOKRE FORMER
Eg vil nemna nokre einskilde punkt der me etter mi
meining no turvte koma burt ifrå sideformer og ustøde og
attende att til ein fast skrivemåte. Det vert berre nokre få
punkt; elles vilde det fylla for mykje teigane i eit blad.
I nokon mun kjem eg til å skriva med serleg tanke på
måltilhøve på Nordvestlandet.
1. Upp, um – op, om. Dette er nokre av dei
skrivemåtane som det hev vore mest vingl med. Me bør skriva
upp, um. Det burde der ikkje vera noko tvilsmål
um.
Upp, um er skrivemåten i gamalnorsk, likso
vel som i islendsk og færøysk i dag; upp hev dei
òg i svensk, og det var ein av dei skrivemåtane som heldt seg
lengst her hjå oss i den tidi då dansk braut inn yver oss. Enno
i jordebøker ei god stund etter reformasjonen skreiv dei
jamleg Up(p)dal og dilikt; – namni og målet elles
i desse bøkene hadde då vorte radt dansk i hovudsak. Kvifor
skal me kasta den skrivemåten no når me skal til å taka upp
att norsk mål? I norske målføre hev det halde seg rein
u i upp og um ikkje so
fåe stader radt til i dag. Og i dei fleste andre målføre høver
skrivemåten med o slett ikkje med ljodverket
elles. For Nordvestlandet t.d. er det ikkje det slag meir rett
eller rimelegt å skriva op, om enn å skriva
Londe, Sonde, hond, tonge når dei meiner
Lunde, Sunde, hund, tunge. For dei segjer nett
den same ljoden i alle desse ordi (i sume bygder segjer dei
endå til hund og tunge med
åo). Når dei skil på den måten at dei skriv
hund, tunge med u, men
op, om med o, er det ikkje norsk
talemål dei fylgjer. Dei fylgjer ein skilnad som finst i
dansk, og som kann ha grunnar fyre seg der (dei
segjer «åpp» i dansk).
Men det var no ikkje tanken, at me skulde
retta norsk etter dansk. Då kunde me greida oss vel med
bokmålet.
Det er ikkje noko som er meir harmelegt å sjå enn at me
ikkje kann få ein fast skrivemåte for slike småord som kjem
so ovende ofte att. Det ser so evnelaust ut. I dette tilfellet
skulde det vera so sjølvsagt kva me skal gjera. Då bør dei
inkonsekvente skrivemåtane op, om kverva heilt
so snart som råd er, og upp, um verta dei einaste
formene alle stader. – Med upp, um bør fylgja
skrivemåten burt.
2. Bera – bere. Millom infinitiv på
a og infinitiv på e hev det òg vore
mykje vingling. Eg trur skrivemåten med a –
bera – er den som det er rettast å samla seg um.
Det heiter bera, kasta i gamalnorsk, islendsk,
færøysk, og svensk. Einast dansk hev «bære», «kaste». I
norske bygdemål hev dei endingi a i alle
gjerningsord i bygdene frå og med Indre Sogn til og med
Manndalen, og dertil vida i Nord-Noreg. I Trøndelag òg hev
gjerningsordi i regelen endingi a eller
å, når dei i det heile hev nokor ending (oftast
bera o.dl. der, men kast, utan nokor
ending). På Austlandet hev nokre gjerningsord fast
a, hine hev e (bera, men
kaste).
Einast Nordvestlandet og austegdemåli, og det
sudaustlengste Austfold, hev e i alle
gjerningsordi. Men dei fleste av desse «e-måli» hev òg att
merke etter a-en; soleis alle målføri frå
Nordvestlandet. Dei segjer berast, kastast der,
aldri «bæres», «kastes».
A-endingi hev soleis eit godt grunnlag i
målføri òg. Ho hev grunnlag i gamall norsk, og ho hev fenge
ein sterk tradisjon i den nynorske litteraturen. Difor er det
rimelegast å halda på henne. Og det er urimelegt at
Nordvestlandet og sume andre bryt ut med ei serform. Ivar
Aasen var sjølv nordvestlending, og hadde lært å segja
bere, kaste. Likevel valde han a-
formi. Landsumsyni og historiske umsyn vog mest for
honom, og han tykte at dei tala mest for a-
formi.
3. Fleirtal visor – viser. Etter mitt skyn bør
skrivemåten visor vera samlingsformi. Ho høver
med gamalnorsk; der heitte det visor og
visur, som kjem ut på eitt. Ho høver òg med
islendsk og færøysk (visur) og med svensk
(visor). Og i norske målføre hev endingi med
o eller u og dil. halde seg godt
gjenom heile midteigen av landet frå og med Indre Vestagder
og Sætesdal til og med Helgeland, – altso um dei skal rekna
det upp: i Indre Vestagder, Sætesdal m.m. av Austagder,
Telemark, Hardanger, Numedal, Hallingdal med Krødsherad
og Sigdal, Valdres, Gudbrandsdalen, dalane i Sør-Trøndelag,
Nordmøre (hev viså, viso, visa i flt.), Romsdal
(visu, viso, viså), det meste av Nord-Trøndelag
(viså, visa), Helgeland (visår).
Dessutan hev dei fleirtal visa, som kjem av
viso, mange stader i Lofoten og nordanfor der. På
Austlandet utanfor dalane hev dei halde på u eller
o i sume ord, – t.d. vikur, hosor.
Likeins i dei bygdene i Trøndelag som ikkje hev
o el.dl. i alle ord.
Skrivemåten visor høver soleis med mange
av dei norske målføre i notidi. Og denne formi gjev målet
mykje meir klang. For Vestlandet kann dei segja at
skrivemåten visor ikkje høver so godt; – der
segjer dei vise i fleirtal, so nær som i Hardanger
og nokre fåe andre bygder. Men eg trur dei bør skriva
visor like vel. «Vise» i fleirtal fær dei ikkje ha so
korso, m.a. for di det er utydelegt i skrift. Og då kann dei
likso godt taka ei klangfull historisk form (visor)
som dei tek viser; viser høyrest
halvveges dansk ut, men er slett ikkje mindre tungt for ein
vestlending enn visor. Det er ikkje o-
en som er hard her for vestlendingane, det er r-en,
og honom lyt dei ha med i alle høve.
Og so må me hugsa, at visor hev vore brukt
av dei aller fleste som hev skrive på nynorsk, alt ifrå Aasens
tid og til no. Det veg ikkje so lite.
4. Soli – sola. Skal me skriva soli
eller sola? Ja, det er eit spursmål. Bøygjingi for
dei sterke hokynsordi er eit av dei aller vandaste spursmåli i
nynorsk. For der er so mange skiftande former i målføri:
soli og sole, solæ, sola, solo og
solå. Mange andre tilhøve òg spelar inn. Det er
difor best at me talar roleg til kvarandre her, og ikkje
ordskiftest med slengord, soleis som det altfor mykje hev vore
gjort.
Formi «sola» hev størst folkestyrke bak seg. Det er eit
argument som veg tungt for å skriva slik.
Like vel trur eg det vert rettast å skriva soli.
Når ein veg alle umsyn som er å taka her, kann i
minsto ikkje eg koma til noko anna.
I-formi hev ikkje noko ringt grunnlag i målet
i dag, ho heller, når ein ser på målet i samanheng. Dersom me
reknar e og æ med (sole,
solæ), og det lyt ein gjera, so vert desse bygdene heilt
ut i-bygder: det indre av Agder, Dalane i
Rogaland, dalane på Austlandet frå og med Telemark til og
med Gudbrandsdalen, Hardanger, Voss, Nordhordland og
Indre Sogn, og Sør-Helgeland. I adjektivi og participi gjeng
i-formi ein god mun vidare. Dei segjer «ei
opi dør» mange stader som dei segjer «døra», og
endå fleire stader segjer dei: «stova er
nedrivi».
Ymse merke etter i-en hev dertil halde seg i
namnordi vidt utyver i sjølve a-bygdene òg. Vida
segjer dei i «i skålinn(e)» um dei so segjer «skåla». Og endå
vidare hev dei ein kj- eller gj-ljod i
ord som sakja, sagja til minne um at der hev vore
i-ending fyrr.
Slik kj og gj hev dei i helvti av
bygdene og meir. På slike stader kjennest det hardt å skriva
saka, saga, for då fær dei ein rang k
og g. Skriv dei derimot saki, sagi,
kann dei lesa med den k og g som dei
er vane med (og hine kann lesa med hard k og
g, dei som det høver for).
Mange stader som dei segjer «sola», hev dertil dei linne
hokynsordi fenge endingi å eller o:
viså, viso. Der skil dei soleis framleides greidt
millom sterke og linne hokynsord, plent som i dei reine
soli-bygdene. Det er slik i Møre fylke og i
storluten av Nordlands fylke. Det er brot på den nedervde
målbygnaden i desse bygdene å slå båe slag ord saman under
éi ending. Skriv dei derimot soli, visa, so fær dei
halde det nedervde systemet i målbygnaden uppe.
Skal ein bruka a-formi i dei sterke
hokynsordi i staden for i-formi, hev det dessutan
so lett for å verta ugreide med rettskrivingi elles. Det vil
gjerne føra med seg at dei skriv e i infinitiv, og so
fær ein til slutt slike fæle, unorske former som bæres,
kastes. Sume «sola»-menn skriv verkeleg alt sovore!
Og det vil gjerne verta ustøde med skrivemåten i ord som
open, brunnen i hokyn. Folk veit ikkje anten dei
skal skriva «ei open, ei opa eller ei
opi dør»; og so skriv den eine det og den andre
hitt, i vilt rot, soleis som me ser dagleg. Korkje «open» eller
«opa» er godt i skrift. Skriv dei soli, fylgjer det av seg sjølv at
det òg skal vera opi, brunni.
Ein kann òg nemna at skrivemåten «sola» er eit brot på
den greide regelen me elles hev for det nynorske skriftmålet,
at alle ord med a-ending skal ha tvostavings
tonelag. Tenk på ord som visa, hestar, ein
fiskar, auga; dei hev tvostavings tonelag alle i
hop. «Sola» skil seg ut. Skal me ha a-ending der,
misser me den rettleiding um uttala og tonelaget som det ligg
i å skriva «soli».
Og so vil eg nemna endå ein ting, som eg tykkjer hev
ovende mykje å segja. Det er at me fær ikkje den fulle
norske tonen i skriftmålet vårt utan endingsvokalen
i òg kjem fram.
For det mest sermerkte ved norskt mål, i sume måtar
viktugare enn både harde konsonantar og tviljod, det er at
norsk mål hev halde uppe so mykje av dei gamle, fargerike
endingane. Det hev halde uppe både a, o (eller
u, å), og i. Og alle desse endingane
må då finnast i skriftmålet òg. Det er den ulukka, at
i-en finst ikkje på dei same stadene i
bøygjingsverket i alle målføri. På Nordvestlandet t.d. finst han
i slike fleirtalsformer som skålinne, veggjinne, i
dativ eintal som «i skålinne» i bunde hankyn som
«hestin». I Oslo bymål segjer dei: «hesten har
biti», og hev i-en der. Andre stader
finst han i andre endingar. Men sumstad i bøygjingsverket
kjem han fram i so godt som alle målføre. Og då må han
koma fram einkvan staden i skriftmålet òg. Elles gjev ikkje
skriftmålet eit sannferdelegt og godt bilæte av klangen i norsk
mål. I-endingi hev i røyndi fenge eit heller snaudt
rom i normal-landsmålet, etter so populær som ho er i
talemålet. Skal dei no strjuka henne ut der som ho finst, so tek
dei ut ein tone som faktisk finst i so godt som alt norsk
talemål. Det bør me ikkje gjera. Det er då ingi meining i å
gjera skriftmålet vårt fatigare i klang enn norsk talemål i
røyndi er.
At i-endingi høyrer til, ser det ut at sume av
deim òg kjenner som skriv «sola». For dei hev teke til å
skriva: «han har gripi» i staden for
gripe. Dei set i-en inn att på ein
annan stad. Men kva skal det vera til å gjera slike uturvande
brigde? Kann me ikkje skriva i der som dei hev
skrive han fyrr, og ikkje liggja og tukla soleis?
Når eg hev skrive so langt um «soli» og «sola», so er det
for di dette spursmålet er mykje uppe, og mange stend uvisse.
Eg vilde at denne gjenomgåingi skulde syna at det er eit
ihopfløkt spursmål; det rører ved so mange ting i
målbygnaden. Ein lyt vera varsam, og me kann ikkje avgjera
det ut ifrå einsidelege umsyn, og ikkje tankelaust kasta det me
hev.
Etter mitt skyn gjer me mest rett imot norsk mål, både
imot målføri tekne under eitt og imot skriftmålet, med å halda
på i-formi «soli». Det er, alt samanrekna, den
beste formi. Um ho kom burt, vilde det verta eit stort tap for
målet; det skulde koma til å sannast.
Denne formi hev òg tradisjonen i seg frå gamalnorsk
(solin), ifrå folkevisone, og ifrå Aasen, Vinje,
Garborg og Blix.
Altso: dette bør vera samlingsformer:
upp, um; bera,
kasta; visor, soli.
Og elles skriv me etter den obligatoriske normalen. Det er
ikkje det grand for tidleg um det no kunde verta ende på
lettlyndt fikling med norsk mål.
So fær heller kvar mann lesa som han tykkjer; det er det
fyrebils ingen skade i.
V. NORSK RIKSMÅL
Me må hugsa, når me balar med målet vårt, at det
nynorske skriftmålet, norsk riksmål, det krev
respekt. Ikkje hev kven som helst lov til å fikla og tukla med
det nett som han tykkjer! Bokmålet hev dei vyrdnad for. Der
er nokon kvar rædd for å skriva slikt som støyter eller ikkje er
rett. Kvifor skal det norske målet vera meir
uheilagt?
Me må òg hugsa, at til nasjonalmålet skal kvar landslut
gjeva tilskot og styrke. Dei skal koma kvar med sine ord og
vendingar og tankar, og auka rikdomen med det. Men for
nasjonalmålet lyt òg kvar landslut ofra. Dei lyt
ofra av sine serformer, og bøygja seg for samlande
riksmynster, og for tradisjonen. Og dei lyt vera viljuge til å
læra av kvarandre. Ikkje pukka kvar på sin bygdenorsk, men
tøygja seg alle saman etter å få den beste riksnorsk. Elles når
ikkje målreisingi fram.
Og me må læra å sjå ut ifrå rein norsk synsstad.
Døma ord og former ut ifrå norske måltilhøve, utan
sideumsyn til framandt mål og framand tradisjon her i landet.
Ein tykkjest ikkje sjeldan merka at folk liksom reknar det for
eit objektivt framstig når dei kann koma næmare godkjend
dansk med ord og former. Agen hjå mindremannen for ein
gamall yvermann sit djupt og lenge. Men det me lyt sjå etter,
er kva som høver med norsk målbruk og tradisjon. Det lyt
vera rettesnor. Det er grunntanken i målreisingi. Og den kann
me ikkje vika ifrå.
1929, Flora (serprent)