GOD NORSK
INNLEGG I MÅLBRIGDESAKI
INNEHALD
Dette innlegget i målbrigdesaki formar seg som ei rad med meir
frittståande utgreidingar. Sumt er svar på innlegg som hev stade
i bladi. Alt saman er liksom det eg hev skrive fyrr um desse
spursmål motmæle mot det målbrigdeframlegget som ligg fyre,
og mot den måten saki hev vorte uppteki på. Det er eit innlegg for
ei betre sak-fyrebuing, når målbrigdesaki eingong er reist.
Eg vil fyrst få strika under:
Målbrigdesaki er eit viktugt spursmål.
Ikkje so sjeldan i det ordskiftet som hev vore siste året, hev
målbrigdemenn bore fram det argumentet at heile målbrigdesaki
hev ovende lite å segja; det er i grunnen ikkje noko å ordskiftast
stort um. Det er endefram skam at her hev vorte strid! Helst unge
menn, trur eg, skriv soleis, men gamle òg.
Ein lyt undra seg yver å lesa og høyra slikt.
Skriftmålet: lære-emne og eit hovudfag i skulane; åndsens
reidskap for heile folket; grunnlaget for høgre kultur; dertil det
fremste nasjonal-minne og -merke for eit folk; ei djuptgripande
umskiping av det skulde ikkje ha stort å segja! Det er ei ikkje liti
sjølvmotsegjing når målbrigdemenn talar soleis. Kvifor er dei då
med og reiser stor strid um saki? Løgje er det òg: I utlandi
strævar nystavarane av all makt med å visa kor viktugt stavingsspursmålet
er pædagogisk, økonomisk og sosialt. Her talar
og skriv mange nystavarar um kor lite eit spursmål det er.
Det røynlege er, at ein velskipa og konsekvent ortografi for
det ålmenne skriftmålet er ein av dei største kulturelle og pædagogiske
godar for eit folk. Ein vanskipa og inkonsekvent
ortografi er eitt av dei verste strafferis. Hjå oss er det dessutan
ikkje spursmål berre um ortografi, men um målformi òg, dermed
stend endå større nasjonale interessor på spel.
Det røynlege er dessutan, at er fyrst eit brigde ortografisk
eller språklegt vedteke og sett i verk, so er skriftmålet noko
av det tungvintaste som finst å reformera um att. Misstig som
vert gjorde, kann sers vanskeleg bøtast (jamvel um det nasjonale
ein gong skulde koma på mode her i Noreg, som det venteleg
gjer).
Difor gjer me alle rett i å lata det stå klårt, at den målbrigdesaki
som er uppe, er eit ov-viktugt emne nasjonalt, kulturelt og
pædagogisk. Det er ikkje teikn på nokor frigjord syn å låst som
ho ikkje var det. Det er likesælt eller tilgjort.
Kva er hovudskilnaden millom norsk og dansk?
Fyremålet med den nynorske målreisingi hev vore å få løyst
mål-unionen med Danmark, og få reist eit sjølvstendigt norsk
nasjonal-skriftmål. Det som mange no er rædde for, er at det
målbrigde som rettskrivingsnemndi gjer framlegg um, skal
skada den norske serhåtten i «nynorsken»; at framlegget i seg
sjølv skal vera ei utgliding frå den nasjonale lina, og at det skal
leggja vegen open for meir utgliding seinare. Andre hævdar
likso ihuga at dette er ikkje soleis.
Det kann då vera nyttigt å freista gjera klårt fyre seg kva
som er hovudskilmerke millom norsk og dansk, og kva
nemndtilrådingi gjer med desse skilmerki.
Mange vil halda dei harde medljodane (p, t, k) for hovudskilmerket.
Dei er eit viktugt merke. Men hovudskilmerket kann
dei no ikkje kallast, for «han smaga(r)» høyrest norsk trass i
g'en og «han smaker» er halvdansk trass i k'en. Dei harde konsonantane i nynorsk kjem ikkje nemndi inn på, let deim altso stå.
Dei fleste vil dertil nemna tviljodane (au, øy, ei, og ogso ju,
jo). Og dei gamle «ekte» tviljodane er eit sers viktugt skilmerke
andsynes dansk, som berre hev nyare, «uekte» tviljodar. Eit
norsk skriftmål som vil understrika den norske serhåtten, lyt
verna um deim. Nemndi gjer tviljoden obligatorisk att i nynorsk
i ordi aust, draum, haust, saum, straum. Det er eit framstig.
På hi sida forbyd ho tviljoden i ei rad med ord (løk, handelsvara,
røst, søle, trøst o. fl.), fører inn nye sideformer som
østre, dem, deres, og held uppe slike sideformer som drømme,
strømme, flomme, høre o. fl. Den umsynslause veidingi ho driv
på ljodane ju, jo tener òg til å veikja tviljod-serdraget i nynorsken.
I det heile hev nemndi gjort ein god mun meir til å bægja
for tvilj odane i nynorsk enn til å hjelpa deim fram.[1]
For fleirtalet av folket kjennest dei linne ljodane kj, gj framfyre
ljodlette vokalar som eit viktugt skilmerke, mot k, g i
dansk (tenkja, byggja, tenkjer, byggjer tænke(r), bygge(r).
I stor mun er slik kj, gj eit sosialt målskil òg i Noreg; for svært
mange nordmenn er det noko av det mest frigjerande ved nynorsken,
at han godtek og lyfter upp dei linne kj- og gj-ljodane.
(I Sudaust-Noreg er dette onnorleis. Like vel der òg typane bylgje,
syrgjer, og ordet bikkje). Nemndi arbeider imot desse
ljodane, og strævar etter at skriftbilætet her skal verta so likt dansk
(norskdansk) som råd er.
Eit anna sermerke er at norsk hev meir av i-ljodbrigde («lint
ljodbrigde») enn dansk. Nemndi let i fleire høve ikkje denne
grunnfeste norske ljodlovi gjelda.
På fleire punkt veikjer soleis nemndi den nasjonale serhåtten
i skriftnorsk. I same leid dreg det at ho reint ortografisk ofte
skipar nynorsk til etter dansk (ved skrivemåtar som skjær
her og mangt anna). Ein ortografisk skipnad som ikkje er tilmåta
etter norsk målbygnad, veikjer den nasjonale serhåtten
ikkje berre beinveges, men umveges òg. Han gjer det vanskelegt
eller umogelegt for mange gode norske folkemålsord å
hævda seg i skriftmålet. Og han avlar fordom mot sernorske
ord og sernorsk ordleggjing; det fær stempelen «gamaldags» på
seg, og unorske ord og vendingar vert i folks tankar det «moderne».
Det hjelper ikkje um dei former nemndi gjer framlegg um
finst i sumt talemål innanfor dei norske grensone òg. Um ei
form finst på del og dei stadene i Noreg, er det ikkje dermed
visst at ho høver i eit normalmål som skal ha nasjonal karakter
og nasjonal samanheng. Um drømme er rotekte nok t. d. på
Romerike, høver det like vel ikkje i normalmålet, likso lite
som sten, som er rotnorsk t. d. i Øysterdalen, og tab, mad, som
er rotnorsk t. d. på Jæren. Former som dette veikjer den nasjonale
karakteren og samanhengen åt normalmålet, dersom dei
vert upptekne.
Sjølve det aller viktugaste skilmerket millom norsk og dansk
hev me like vel ikkje nemnt enno. Det er: I dansk hev alle endingsvokalar
vorte avlita til e, i norsk tale hev full-ljodande endingsvokalar
halde seg. Dansk: haner, en skriver, sommer, han
svarer, snarere, snarest, visen, han kastede, har kastet, springende,
deres, kjørrel, gammel; viser; en ilden pige; norsk: hanar,
ein skrivar, sumar, han svarar, snarare, snarast, visa, kasta, hev kasta,
deira, springande, kjerald, gamal; visor, vikor, solung,
Øyungen, Hurrungane, jøkul; soli (sola), opi (opa) dør, gjenta
er utvaksi. Dei fulle endingsvokalane hev ikkje halde seg like
godt i alle norske målføre, men dei finst i større eller mindre
mun alle stader i bygd og by (so nær som i Bergen). a hev halde
seg best. Men i-endingar og o- (u-, å-)endingar òg hev halde
seg i rik mun: i t. d. i soli, husi nokre stader (annstad solé, husé
med trong e, eller solæ, husæ); hustrin vida; kaldvøli, har biti
seg i rik mun: i t. d. i soli, husi nokre stader (annstad solé, husé
vestlandet o. fl. st.; skålinn(e) på Nordvestlandet, i Trøndelag
o. fl. st.; grisi(r) i sume fjellmål og trøndemål; osb. Mest i er
det i sume egdemål, og i nordvestlandske og trøndske mål.
Austlands-mål òg hev bra med i. o (u, å) hev ein t. d. i
typen viso(r) frå indre Agder og nordetter, stort sét langs
midlina av landet til og med Helgeland;[2] i typen vikur
dertil på Austlandet; i typen viku (eintal) på Austlandet og i
Trøndelag; i viso, viså (bundi form) på Sudvestlandet, i Møre
og Romsdal o. fl. st.; i dativ hesto(m) frå Mjøsa, Voss, Ytre Sogn
nordetter til og med Helgeland; osb. Triklangen a u (o) i, eller
a o e eller båe, finst i ei eller onnor form i det aller
meste av norsk talemål. Desse full-ljodande endingsvokalane
skapar det viktugaste sosiale målskilet òg, etter som norskdansken,
yverklassemålet her i landet, hev halde strengt på den danske
e-målsharmonien. Det kann ikkje heita båtar, vikor, «har
biti» i «det dannede talesprog», og ordet gæli (i-endingi saman
med æ-en) merkjer sosialt den kjende militærpersonen «nummer 47»
(»det er gæli alt jeg gjør»).
Denne ulike måten som norsk og dansk hev fare fram på med
endingsvokalane, heng saman med sjølve måten å segja ordi
på, tale-framburden eller aksenten. I dansk legg dei slik tyngd
på rotstavingi at ord-enden vert radt avlita og vokalen meir eller
mindre upp-eten. I norsk legg me nok òg i regelen hovudtyngdi
på rotstavingi. Men me jamnar ljodtyngdi meir ut, so
det vert meir ljodkraft att til endingane. Dermed hev endingsvokalane
halde seg full-ljodande so mykje her hjå oss. Dansk
stend med umsyn til dette målmerket saman med dei sentrale
sudlege german-måli: tysk, hollendsk, engelsk. Norsk stend saman
med dei andre germanske utkant-måli mot nord: svensk,
islendsk, færøysk (målføret på Bornholm, i ytste utkanten av det
danske målvaldet burtimot svensk, fylgjer dei nordlege mål i
nokon mun). Både dansk og norsk stend soleis inni ein stor samanheng,
kvar på sin kant. Målgranskarane hev i seinare tid
fest seg meir enn fyrr ved denne aksent-skilnaden millom nord
og sud i germansk.[3]
For di del full-ljodande endingane og vokal-triklangen heng
saman med eit slikt djupt serlag i taleframburden, er del eit
grunnleggjande merke, og me lyt sjå alt i éin samanheng.[4] Og
normalmålet for dei norske målføri lyt ha dei full-ljodande endingane,
og vokal-triklangen i ei eller onnor form, dersom det skal
få ein rett nasjonal karakter. Dette hev ikkje vore klårt for alle
målfolk.
Her er då det mest avgjerande punktet når det spyrst um
nemndtilrådingi veikjer den nasjonale serhåtten i nynorsken eller
ei. Korleis steller tilrådingi seg her?
Tilrådingi forbyd o-endingi i fleirtal visor, vikor, og endingi
ung i ordet fjordung (skal tridjung, åttung, solung òg gå ut?),
og o-endingi i nokor; tek dertil upp augene, ø(y)rene til «normalformer»
i staden for augo, øyro, og gjer noe til sideform for
noko. o-, u-endingane vert mesta ut-rudde or normalmålet. Praktisk
tala berre endingane ut, ug i adjektiv som flekkut, vitug
stend att.[5]
Likeins forbyd ho i-endingi i sterkt hokyn eintal og sterkt inkjekyn
fleirtal (soli, husi), og i hokyn av adjektiv og partisip
(opi, sliti). Alle i-endingar som hev vore i bruk i normalmålet
til no, vert utrudde heilt, praktisk tala, og noko anna er ikkje
sett i staden.[6]
a-endingi veikjer ho med å forbjoda notid-endingi ar i verb
på -era og «i verb som» baka, smaka, med å tillata er i svarer og
resten av a-verb med éin konsonant etter rotvokalen, og med å
draga fram fortid-endingi te (de) og partisip-endingi t på kostnad
av a i dei same slag a-verb. Dertil forbyd ho ordformene
trettan, fjortan, gjer auge, ø(y)re til «normalformer» i staden
for auga, øyra, tek upp sideformi Deres til Dykkar.[7]
Med dette veikjer tilrådingi den nasjonale serhåtten i det nynorske
normalmålet mykje, meir enn med noko anna. Den
samla klangstyrken vert mindre, endings-triklangen kjem burt.
Dei skjer ut or normalmålet eit hovuddrag som høyrer folkemålsgrunnlaget
til. For samklangen millom ljodane um han
ikkje kjem fram ved kombinasjon av nett dei same endingar
jamt er eit språklegt faktum likso vel som den einskilde ljoden
eller bøygjingsendingi. Kjem samklangen, samhøvet millom
ljodane burt, byggjer dei ikkje normalmålet på norsk talemål
lenger, men lempar det etter e-målsmynstret sunnanfor den
store målgrensa.
I avis-innlegg gjenom mange år hev ein rett nok kunna lesa
at bøygjingsendlngane hev ikkje stort å segja for den nasjonale
karakteren åt eit mål. Sume hev halde fram dette no i ordskiftet
um målbrigdeframlegget òg. Dei som skriv soleis hev ikkje
kjennskap til det dei skriv um. Eller so skriv dei tendensiøst,
til å verja e-målshåtten i norskdansken og dekkja yver den
unasjonale karakteren åt det målet.
Andre løysingar.
På dette punktet lyt ein finna andre løysingar enn nemndi,
dersom ein vil taka umsyn til nasjonale krav (som godt kann
vera praktiske). Eg hev skrive sumt ved tidlegare høve um løysingar
som kann tenkjast. Eg skal få taka litt upp att her.
Det rette, alt det me vil verja den nasjonale serhåtten i nynorsk,
er å stydja og verna um dei full-ljodande endingane, og
halda uppe vokaltriklangen. Me treng ikkje ottast at denne triklangen
skal kverva or talemålet i nokor framtid som me kann
rekna med, so sant me ikkje med vald og med dei maktråder
som ei statsmakt eig i dag, sjølve tyner honom ned. Han hev sitt
faste grunnlag i den ålmenne norske aksenten eller taleframburden.
Endingi ar bør verta verande obligatorisk framleides både i
bakar, smakar, svarar og i alle verb av den gruppa. Det er nærepå
uskynande korleis nemndi kunde finna på å føra inn er her.
Endingi ar gjeng ein god mun vidare i målføri i verb av denne
typen enn t. d. i langstava verb som kastar eller i fleirtalsformi
hestar, der ar fær stå. I dei ord der endingi ar hev stødast grunnlag
i tala, gjeng nemndi til åtak på henne!
Regelen um fortid av verb som baka lyt formast um. Jfr. merknader
frå rettskrivingsnemndi åt Noregs Mållag, s. 45.
Fleirtalsbøygjingi visor, vikor bør verta ståande. Me lyt ha
o-endingar i normalmålet. Og denne fleirtalsbøygjingi er då
den laglegaste til å ha med o. Typen visor gjeng ikkje lite vidt
i talemålet, og typen vikor (stutt rotstaving) er vel fleirtalsform.
I dei aller fleste bygdemål der ikkje nokon av typane visor, vikor
nettupp råder no, hev me greidt merke etter fleirtalsendingi or.
Desse bygdemåli skil strengt millom fleirtalsformer som vike(r),
tvoge(r), med hard k, g, og sakje(r), sagje(r) med linn kj, gj;
det er bøygjingi vikor, tvogor, mot saker, sager, som liver i desse
bygdemåli på denne måten.
Vil dei ha tilnærming, kann dei taka upp dei stuttstava formene
vikor, sogor, hosor, svipor m. fl. (eller vikur osb.) i bokmålet,
fyrebils til sideformer. Det må kunna gå likso vel som
furu, gutu, skyru, turu, boso, roko, som alt er upptekne (no med
fleirtal furuer osb.). Det er sers gledelegt å sjå at bokmålet hev
byrja taka upp dei norske endingane i ord som furu, gutu, skyru.
Det gjer både grammatikken og klangen i bokmålet norskare.
Denne gledelege norske voksteren i bokmålet skal ein ikkje
setja stengje for med eit trehendt og uvyrde forbod mot o-endingi
i nynorsk. Vikor, sogor osb. opnar vegen so dei langstava
ordi, visor (visur) osb., kann koma etter sidan.
I-endingane må ikkje landlysast or det nynorske normalmålet.
Soli, husi og sola, husa må stå jamstelte som no. Som tilhøvi
er, kann der ikkje gjerast noko brigde i det stykket. Derimot
må ein no kunna gjera i-endingi obligatorisk både for «a-mål»
og «i-mål» i hokyn av adjektiv og partisip («døra er opi» og
«døri er opi», «ei vaksi gjente»). Desse adjektiv- og partisipformene
møter ikkje motvilje på Austlandet, det hev me mange
vitnemål um. I Trøndelag segjer dei mangestad soleis, og på
Vestlandet, Agder, i Telemark og fjellbygdene skriv dei soleis
(forutan at dei mange stader der hev denne typen i talemålet).
Ein bør tenkja yver um ikkje òg supinum av sterke verb (d. e.
formi etter hjelpeverbet hev) kann få ending på i: hev (har) biti.
Det er ei austlandsk-trøndsk form. Tykkjer austlendingar og
trønder mun i å få henne inn i skriftmålet, so greider egder, vestlendingar
og nordlendingar å bruka henne rett. Men ho må i tilfelle
koma som obligatorisk form. På dette punktet er det ingi
kvasse motsetningar eller andre umstende som gjev grunn til å
setja upp sideformer. Gjer me i-ending obligatorisk i hokyn av
adjektiv og partisip og i supinum, vert «a-målet» mjukare og
vinn storveges musikalsk. Og ein fær lyft upp sosialt i-endingane,
som ikkje minst på Austlandet er so sermerkande for
talemålet åt den jamne mannen, men som hev ein sterk sosial
fordom imot seg der. Endeleg er det god von til at ein med ein
sovoren skipnad kunde få bort irritasjonen millom «i-mål» og
«a-mål». Og kjem berre denne ulukkelege irritasjonen burt, so
kann soli sola godt liva jamsides i normalmålet kor lenge
det skal vera. Noko sideformer toler eit skriftmål godt. Eg
tykkjer det må vera betre å freista ei løysing slik med lempe
og med godo, i staden for å gå fram etter dei velkjende standrettprinsippi
frå diktaturlandi og freista drepa det eine med
makt. Det er ein treneva politikk, forutan at me hev vant oss
til her i landet å rekna honom for ufjelg.
[1] Dette gjeld det endelege framlegget òg, endå det skyt ut dem og ø fyre m.
[2] På ein måte lyt me rekna med her fleirtal visa, som ikkje kann gå inn
under typen viser. Flt. visa finst mange stader i Trøndelag og Nord-Noreg.
[3] Jfr. A. Meillet, Caractères généraux des langues germaniques. 3. utg.
s. 73 fotnote og s. 77 nedst (motsett 1. og 2. utg.). Arnold Nordling, De första
germanerna (Finskt Museum 1929, s. 82).
[4] Ei einskild fylgje av denne store mållovi som heile endingssystemet i
vårt mål byggjer på, er hokynsbøygjingi i norsk. Det sermerkte andsynes
dansk og andre sudlege mål er ikkje at me hev, hokyn i norsk det hev dei
både i dei fleste danske målføre og i tysk , men at hokynsordi hev fullvokalisk
bøygjingsending.
[5] Det endelege framlegget gjeng lenger og gjer flekket til sideform, eller
rettare hovudform (lærebokform).
[6] Endingane ig, ing, som stend att (trottig, lesing), kjennest lite sermerkte.
[7] Alt dette stend i det endelege framlegget òg, berre det at -ar vert sideform
(men ikkje lærebokform) «i verb som» baka.
Fonetisk skrivemåte.
I ordskiftet som hev vore, hev ikkje sjeldan målbrigdemenn
kravt med ofse ein fonetisk (ljodrett) skrivemåte for nynorsk.
Det skal vera so moderne, og alt anna umoderne og mindre tenlegt.
Ein innsendar t. d. i «Norsk Tidend» 29. mai 1936 talar um
«den historisk-etymologiske skrivemåten», at han er ei hindring
for all framgang; medan det fonetiske prinsippet derimot skal
gjeva nynorsk «ei heilt moderne rettskriving».
Det er mykje uklårt i dette kravet um reindyrka fonetisk
skrivemåte. Det kann vera grunn til å tala noko nøgnare um
det.
Då er det for det fyrste å segja: Det er på ingen måte slik
semje millom fagmenn no som målbrigdemenn vanleg synest
tru, um at ein langt-driven fonetisk skrivemåte er ideell for eit
kulturmål. Det skal me koma attende til seinare.
For det andre lyt me leggja vel merke til: Um ein reindyrka
fonetisk skrivemåte hadde vore aldri so ideell for andre skriftmål
i vår næmaste kulturkrins, so er han umogeleg til einaste
prinsipp for nynorsk, so sant nynorsken skal halda fast på
det grunnlaget han hev bygt på til dessar. Krev me ein reindyrka
fonetisk skrivemåte, forneittar me idealet og den serlege
karakteren åt nynorsken.
Nynorsken vil byggja på a l l e røynleg norske målføre, vil
vera ein samnemnar for alle dialektar innan det nasjonale målvaldet.
Han stend i ei serstode her andsynes riksmåli i grannelandi,
dei knyter seg upphavleg serskilt til serlege målføre
(dansk til Sjællands-mål, svensk til Upplands-mål osb.).
Med eit slikt ideal for skriftmålet er det berre mogelegt å
skriva ljodrett i visse serlege tilfelle. Det er når alle målføre
fylgjest åt, anten so at alle i lag hev halde på gamle drag, eller
so at alle i lag hev brigda seg på nett same måten. I sovorne tilfelle
hev òg nynorsken ein sers ljodrett skrivemåte. Han hev
ikkje ein einaste stum vokal. Han hev kasta stum t[1] og n[2] i
ljodlett staving, og den stumme fortid-endingi de.[3] Nokre fleire
slike brigde var det nok mogelegt å gjera (t. d. huse, de for huset,
det; jelm for hjelm; jera, sjilja, sjera, for gjera, skilja, skjera).
Men det er ikkje so mange. Og desse brigdi ser det ut til at
dei som talar um fonetisk skrivemåte, i regelen ikkje tenkjer på.
(Me skal ikkje dryfta her kor praktisk kvart av deim kunde
vera).
Utanfor sovorne tilfelle er det ikkje råd til å tala med logisk
meining um fonetisk skrivemåte i nynorsken, anten det so gjeld
bøygjingsformer, ord eller ljodar.
Når «hest» i fleirtal heiter hestar, hesta, hester, heste i dialektane
(ingi form hev absolut fleirtal);
når fleirtal av «vise» heiter visor, visur, visår, viso, visu, viså,
visa, viser, vise, vis (ingi form hev vel fleirtal);
når ordet «millom» lyder: millom, myllom, myljo, mylja, milla,
mellom, mella osb;
når rotvokalen i ordet «hole» er uttala på minst fire måtar:
hole, holo (trong o), håle, høle,
so er det greidt at det eksisterar ikkje nokon «ljodrett» skriftmåls-repræsentant
for kvart av desse ordi. Eit skriftmål kann ikkje
gjeva eit ljodrett bilæte av fleire ulike segjemåtar samstundes.
Det som nynorsken, når han skal halda på sitt ideal å vera
generalnemnar, kann og lyt gjera, er å finna typeformer. Typeformer
som so mange målføreformer som mogelegt, og helst
alle, naturleg og organisk kann gå upp i. Som mest mogelegt let
det fylgjast åt i skriftmålet som fylgjest i målføri, og let det
vera skilt på eikor vis som er skilt i målføri. Ein lyt finna former
som er nokolunde lette og greidføre for mange eller alle,
um dei so stundom ikkje vert heilt rette anna berre for nokre
få. Ofte lyt ein då ty til noko gamalvorne former, grunnformene.
Det syner seg at dei gjerne er romslegast og kann
semja saman flest nyare avbrigde (soleis t. d. hestar, og ogso
visor (visur), millom osb.). Når Aasens normalmål røynleg hev
ymse gamalvorne former, er det ei logisk og naudsynleg fylgje
av det fyremål han sette seg: å skapa eit skriftmål som var
generalnemnar; og som opna organisk veg beint ifrå alle dei
ymsande målføre upp til normalmålet. Vil ein ha det eine her,
lyt ein taka med det andre.
Fonetisk skrivemåte for eit mål utanum dei høve då alle
dialektar fylgjest åt, kann det berre verta tale um, dersom ein
legg eit einskilt målføre til grunn. Og di strengare ein vil skriva
fonetisk, di trongare lyt ein draga grensone for det målføret ein
vil byggja på. Av den grunn strikar òg dei fonetiske nystavarane
i utlandet sterkt under, at skriftmålet må berre taka umsyn
til uttala i riksmålet, det er til dialekten åt dei mest velhjelpte,
dei tonegjevande og dei boklærde. Dei svenske nystavarhovdingane
A. Noreen og J. A. Lundell t. d. hev halde fram
dette, Lundell sist i skrifti si «Svensk rättstavning» (1934). O. C.
Lendle segjer i den store rettskrivingsboki si, «Die Schreibung
der germanischen Sprachen und ihre Standardisierung» (1935):
«Grunnlag for ljodmerkjingi og for skrivemåten av ordi lyt den
uttala i dei einskilde mål vera som ålment er rekna for mynstergild,
normal riksmålsuttale». Vil me skriva fonetisk i nynorsk
når dialektane ikkje fylgjest, lyt då me åg sleppa grunnsetningi
um at normalmålet skal vera ein generalnenmar som brukar
typeformer. Me lyt gå yver til å byggja på ei einskild målgrein,
meir avgrensa di strengare fonetisk me vil ha det. Kva for
ei målgrein som då vert lagd til grunn, er det etter umstendi
og makt-høvi i landet ikkje tvil um. Det vert talemålet i den
folketettaste landsluten, sudausthyrna av Noreg (som like vel
ikkje hev meir enn 28 pst. av det samla folketalet i riket). Eit
talemål som i ymse ting gjeng ein annan veg enn resten av landet,
og som i bystrok og villastrok, serskilt millom yverklassa
og millomklassa, er sterkt uppblanda med dansk.
Ikkje alle som krev «fonetisk» nystaving i nynorsk, ser ut til
å ha skyna dette. Men fagkunnige skynar det. Professor D. A.
Seip t. d., som vil ha nynorsken meir «ljodrett»,[4] krev samstundes
sterkt at ei målgrein, den vikske, skal leggjast til grunn.
Det er då radt naturlegt at det hev gjenge som det hev med den
departementale rettskrivingsnemndi, når ho freistar ustødt
og slumpesamt å reformera nynorsk noko i «fonetisk» leid.
Brigdi ho gjer, tek fyrst og fremst umsyn til sudausthyrna av
landet. Jfr. professor Seips ord: «Mye av det som blir brukt på
Sør-Østlandet, får nå en bedre stilling i begge målformer». «Komiteen
har nærmet sig til den språkform som har sitt ophav på Sør-Østlandet».
Sjølvsagt stend det fritt fyre for deim som vil å reisa kravet
um eit reindyrka fonetisk skriftmål, og dermed det faktiske
kravet um eit viksk dialektmål (med tilvik til å opna seg mot
dansk). Dei må berre ikkje segja at dette er etter Ivar Aasens
ånd, eller i samsvar med den nynorske målreisings-ideen. Det
me fær vert korkje Ivar Aasens form eller etter Ivar Aasens ånd.
«Breidt folkemåls grunnlag». Sume hev meint at det kann
vera ein tridje utveg, ein millomveg millom Ivar Aasens riksnorsk
og so (dansk-lita) lokal sudaustnorsk: Ein kann i kvart
høve velja den form som hev fleirtalet attum seg, det same
kvar i landet fleirtalet for kvart einskilt høve finst. So fær me
«fleirtalsnorsk». Bokstaveleg på den måten hev visst mange
teke ordi um «breidt folkemålsgrunnlag» i mandatet åt rettskrivingsnemndi.
Deilvis var vel ordi meinte soleis.
Men her lyt me leggja merkje til:
Fyrst: I svært mange, viktuge høve hev ingi einskild dialektform
absolut fleirtal. Målføri kløyver seg upp ikkje berre på
tvo, men på tri, fire, ja ei heil rad med sideformer, som kvar
for seg er i mindretal alle i hop. Bøygjings-avbrigdi hestar, hesta,
hester, heste (fleirtal av hankynsord) er soleis mindretalsformer
alle saman. Likeins avbrigdi visor, visur, visår, viso, visu,
viså, visa, viser, vise, vis (fleirtal av lint hokyn). Osb. I sovorne
tilfelle, då det er so mange sideformer å velja millom, vil den
formi som hev dei folketettaste stroki ikring hovudstaden med
seg, svært ofte ha von um å verta den relativt folkesterkaste.
Og er fleire sideformer nokolunde jamsterke, vil òg i praksis
den ikring hovudstaden få fyremunen. Prinsippet: den talemålsformi
i kvart høve som hev (relativt) fleirtal, fører soleis i røyndi
åg til eit heller sudaustlandsk farga, lokalt mål. Det vert
helst ikkje slike former ein fær som kann segjast vera gode
typeformer, og som best kann semja saman alle avbrigde og
vera nokolunde laglege for heile landet.
Di næst: Det vert eit rotut, stygt mål, dersom ein i kvart høve
skal plukka mekanisk upp den relativt folkesterkaste dialektformi
kvar ein so finn henne. Eit mål utan harmonisk samanheng
og uppbygnad, og dermed eit vanskelegt mål å læra. Til
å få bøtt på dette, vert den som ikkje godtek Ivar Aasens prinsipp
um riksnorske typeformer, nøydd til å stydja seg til ei serskild
målgrein framfor andre. Og då vert det atter sudaustnorsken
som kjem fram, og som prinsippet um «det breide folkemålsgrunnlaget»
hamnar i.
Kravet um sudaustlandsk grunnlag ligg òg i røyndi ofte gøymt
i det ropet um «folkemål» rett og slett, som ein høyrer rett som
det er. Namnet folkemål hev talemålet på alle kantar av
landet rett på, og det er likso mange folkemål som det er målføre.
Landsmålet er samlingsform for deim. Men sume set «folkemål»
i motsetning til Ivar Aasens landsmål, og det er gjerne
vikske målavbrigde dei då vil ha fram under den etiketten. Det
er meir populært å bruka eit slikt umskrivande ord i staden for
det rette ordet beint fram. Men det rette ordet vilde klårleggja
saki meir.
[1] Anna, noko, ope, slite osb. Undantak: huset; det.
[2] Visa. I nordan(-frå) er n ikkje ålment stum.
[3] Ogso r i bunde fleirtal (hestane) er kasta. Her liver sume merke etter
ljoden att i tala.
[4] Utan at han sjølv skriv eller talar nynorsk.
Er reint fonetisk skrivemåte ideell eller «moderne»?
Nynorsken kann ikkje etter si serlege natur ha ein reindyrka
fonetisk skrivemåte, so sant han vil halda uppe idealet sitt.
Skriftmål av vanleg type, som frå fyrstonne knytte seg til serskilde
målføre, og no knyter seg til nokolunde fast-forma rikstalemål,
kann det. Me vil no koma attende til det spursmålet: Er
det u-imotsagt i vår tid at den reint fonetiske skrivemåten er
ideell for slike skriftmål?
Ikkje fåe som hev vore med i avis-ordskifte her hjå oss det
siste året, synest vera visse på det. I den departementale rettskrivingsnemndi
synest i minsto nemndemennene Bojer og Natvig
Pedersen ha den trygge meining at det er so. Desse tvo talar
utan atterhald um at «vår tids krav» er «mest mulig lydrett
rettskrivning» (d. v. s. ljodrett etter det talemålet som desse
mennene sjølve brukar).
Men det er langt ifrå semje millom dei mållærde i dag um
at ei reindyrka fonetisk rettskriving er ideell for eit kulturmål.
For ein 50, ja berre 30 år sidan var der kann henda heller stor
semje, i sume land; men ikkje no lenger. Problemi hev vorte
upptekne til ny dryfting, og mange målgranskarar meiner no
at det strengt fonetiske skriftprinsippet ikkje er noko fullkome
prinsipp. Ikkje etter som vilkåri no ein gong er for eit skriftmål.
Granskarane legg meir vekt no enn fyrr på andre prinsipp:
samanhengslovi, umsynet til tradisjonen, til fastleik i skriftmålet,
til tydlegskap. Og dei peikar på at skriftmålet alle dagar
hev havt ein regulerande innverknad på talemålet, og i dag
meir enn nokosinne. So ein skal ikkje vera for brå til å retta.
Sume legg dertil vekt på at dei germanske folki ikkje meir enn
turvande må skipla den likskap som etter skrivemåten no er
millom dei ymse germanske mål. Ein skal ikkje leggja hindringar
i vegen for kultursamkvæmet med å gjera det vanskelegare
for folki å læra måli åt kvarandre.
Eg hev peika på i annan samanheng,[1] at dei svenske granskarar
professorane Bengt Hesselman og Herman Geijer og rektorane
Hilding Celander og Gideon Danell hev sagt seg imot dei
gamle einsidugt fonetiske nystavar-prinsippi. Dei fleste svenske
målgranskarar no luter nok til liknande synsmåtar som desse
fire, meir eller mindre. Ikkje fåe av desse granskarane var fyrr
truande fonetiske nystavarar av Adolf Noreens skule.
Her vil eg nemna, at jamvel slike som hyller den fonetiske
grunnsyni, og er ihuga for nystaving, no gjer ymse atterhald,
både i Sverike og andre stader.
I Sverike gjorde alt den ihuga nystavaren professor Esaias
Tegnér (1843-1928) eit sers viktugt atterhald andsynes det fonetiske
prinsippet. Han formulera den grunnsetningi som han kalla
samanhengslovi («samhörighetslagen») til utfylling og avgrensing.
I skrifti «Natur och onatur i fråga om svensk rättskrivning»
(1886) formulera han denne «lovi» soleis: «Sekundära
bildningar behålla primärelementets stavning, där detta kan
ske utan att förleda den läsande till et felaktigt uttal». Det vil
segja: Ei fyremålstenleg rettskriving lyt taka umsyn til ordrøtene;
ordroti bør jamt koma att i ubrigda form i bøygjing, avleiding
og samansetning, so sant det ikkje forvildrar lesingi. Dette
er ei ovviktug avgrensing av den fonetiske grunnsetningi.
Jamvel Adolf Noreen godtok samanhengslovi i ein viss mun.
Det same gjer J. A. Lundell. Noreen (1854-1925) segjer i skrifti
«Rättskrivningens grunder» (2. utg. 1920): «I ett bestämt fall
både kan och bör, för at icke säga måste, samhörighetsgrundsatsen
tillämpas». «Så är företrädesvis förhållandet med s. k.
böjda och sammansatta ord .... av hänsyn till, att stavningen
måste vara så lätt som möjligt» (s. 41 f.). I visse høve vil Noreen
lata ordskilnadsgrunnsetningi òg gjelda. J. A. Lundell åtvarer i
1906 i skrifti «Fonetik och sunt förnuft i rättskrivning» mot eit
framlegg um å skriva styft, refs med f etter uttala, når styv, rev
vert skrivne med v. Me «strida en fruktlös strid mot tydliga utvecklingstendenser,
om vi söka skärpa den fonetiska känsligheten
och pressa tillbaka den rent psykiska (för betydelsesammanhang)».
«Det lider intet tvivel, att under språkutvecklingens
gång en bestämd tendens viser sig att låta psykiska moment överväga
rent fysiska. Utvecklingen går även på detta område från
materialism mot idealism. Betydelsesammanhang väger tyngre
än ljudlagar». I 1934 peikar han på at etter den kunnskap me
no hev, kann me ikkje stella upp det fonetiske kravet sameleis
som fyrr. «För 50 eller 100 år sedan kunde man som skriftens
ändamål uppställa att återgiva uttalet». No veit me at dette er
praktisk umogelegt dersom me set kravet strengt. Dessutan strikar
han under, at «riksspråkets skrift skall i regel återgiva det
högtidliga föredragets ordformer». Når dei t. d. i svensk riksmål
til dagleg segjer ä, va, ja, dä, sa, la, morron, men i høgtidleg
upplesing segjer är, var, jag, det, sade, lade, morgon, so skal ein
skriva dei siste formene («Svensk rättstavning» 1934). Det ligg
ikkje so lite reservasjon i dette.
O. C. Lendle, som i boki «Die Schreibung der germanischen
Sprachen und ihre Standardisierung» (Kjøbenhavn 1935) tek til
ords for fonetiske umbøter i alle germanske mål, strikar gong på
gong under at der er andre umsyn òg å taka enn dei fonetiske.
Han legg sers mykje vekt på samanhengslovi òg, for ho gjer
målet lettare å skriva. Dessutan vil han taka noko umsyn til
ordskilnadsgrunnsetningi. Og han legg mykje vekt på at det
einskilde folket skal sjå ut-um sine eigne landskil, so ikkje nye,
reint ortografiske brigde uturvande lagar nye ulikskapar millom
landi og hindrar kultursamkvæmet. Heller bør brigdi verta til
lette for samkvæmet.
Den tyske nystavaren, språkmannen dr. Theodor Steche gav
ut eit ihuga innlegg for skriftmåls-umbøter for nokre få år sidan:
«Die deutsche Rechtschreibung. Stillstand oder Verbesserung»
(Breslau 1932. 144 sidor). Han òg strikar på det sterkaste under
at ei einsynt fonetisk umbot duger ikkje. Attåt den fonetiske
grunnsetningi lyt ein setja «der Grundsatz der Stammgleichheit»,
det vil segja nett det same som Tegnér og dei svenske
granskarane kallar «samhörighetslagen» og me samanhengslovi.
Samanhengslovi lyt avgrensa det fonetiske prinsippet.
For: Grunnsetningi um å lata stomnen koma att jamt i ei og
same skriftform, «er til uvanleg stor lette når ein skal lesa det
tyske målet. Det tyske målet hev mange bøygjingsformer, mange
avleidde og samansette ord som vert uttala eins, men høyrer
til ulike ordstomnar (Wergstoff Werkstoff, radschlagen
ratschlagen osb.). Dei ulike skriftbilæte gjer det tydelegt for lesaren
med ein gong, kva for ordstomnar og kva for tydingar
som er meint. Dersom ein skal lesa sovorne ord med ljodrett staving,
lyt ein fyrst tenkja seg til slikt ut av samanhengen». Tysk
hev mykje meir med ord som utljodar på konsonant og mykje
meir med samansette ord enn romanske mål. Difor lyt samanhengslovi
gjelda for tysk ortografi, segjer Steche, endå um ho
ikkje hev slikt verde for romanske mål. Rettskrivingsgrunnsetningane
lyt lempa seg etter serhåtten åt kvart mål. Steche beint
fram polemiserar mot reformatorar som vil ha det ljodrette prinsippet
til einaste prinsipp: Slikt er «ei grunnleggjande villfaring.
Det skader heile nystavarrørsla ovleg mykje» (s. 30-32). Det
er vel å merka ein ihuga og sers kunnig nystavar som skriv soleis,
ein med kjennskap til rettskrivingsproblemi i ymse land.
Dei norderlendske mål hev same grunnhåtten som tysk i det
stykket at dei hev mykje med ord som utljodar på konsonant
og mykje med samansette ord.
Ein annan ihuga tysk nystavar, Theodor Hüpgens, hev òg nyleg
halde fram at det fonetiske prinsippet bør avgrensast av samanhengslovi
(»Ändert die Rechtschreibung». Leipzig 1933, s.
40).
Den danske målgranskaren Otto Jespersen, som hyller den fonetiske
grunnsyni, hævdar at i det praktiske liv lyt ein ikkje
dess minder taka umsyn til tradisjonen òg, til bruket. I artikkelen
«Retskrivning og dannelse»[2] 1920 skriv han: «Det er eens
pligt ikke at sprede opmærksomheden ved altfor mange afvigelser
fra den tilvante retskrivning».
Det er soleis dugeleg misvisande når dei tvo nemndemennene
Bojer og Natvig Pedersen skriv nett som det skulde vera eit
samstelt krav frå «vår tid» å få «mest mulig lydrett rettskrivning».
Med å skriva soleis gjev dei ikkje Kyrkjedepartementet
nokor rettleiding um korleis problemet røynleg stend. Alt prinsipielt
ordskifte um desse ting den siste mannsalderen, synest
vera framandt land for deim. Dette ordskiftet hev elles ikkje sett
noko merke på arbeidet åt resten av nemndi heller. Dessutan
hev korkje dei tvo eller resten av nemndi late det koma fram
at reindyrka fonetisk skrivemåte i det heile ikkje let seg semja
med serhåtten åt nynorsk.
Fastleik i skriftmålet, greide og konsekvente reglar, samanheng
og system, hev mange gonger meir verde enn nokre ljodrette
umbøter. Og serskilt hev det meir verde enn klatte-bøter,
som berre rotar til. «Stadgar man ändring av stavning i ett visst
antal ord, som icke sammanhålles av någon klar och lätt regel,
och som därför måste särskilt uppräknas och som en läxa inläras;
eller ändrar man enligt en regel, som man belämrat med undantag,
vilka på samma sätt måste läxvis innötas; så fäster man vid
reformen en black så tung, att åtminstone ingen, som redan tillägnat
sig en viss användbar stavning, vill frivilligt bära den....
För att icke tala om, att man ej heller på nämnvärt sätt lindrar
lärjungens och lärarens möda. Hellre sålunda ingen reform än
en dylik ändamålsvidrig» (A. Noreen, «Rättskrivningens grunder»,
2. utg. s. 53 f.).
Ein skule av filologar i fyrre hundradåret rekna dei «upphavlege»
målformene, det vil segja deim som me finn i den eldste
klassiske litterære utformning av vedkomande mål, for det fullkomnaste.
Dette kallast for romantikk. Romantikk her i tydingi:
draum um å vekkja upp att ei framfari tid. So kom ein ny
skule, som uppedaga talemålet. Dei kravde at skriftmålet i alle
ting skulde retta seg etter tala (d. v. s. tala åt dei tonegjevande
på dei mektigaste sentrumsstadene). I so måte skulde det vera
nett som då folk aller fyrst tok til å skriva. Den nye skulen
vilde på sin måte vekkja upp att tilhøve frå ei endå eldre
tid enn den gamle, tilhøvi frå yvergangsbolken millom skriftløyse
og skrift-tid. Det må vel og kallast romantikk.
Men denne filosofiske ny-romantikken er ikkje so god å setja
i verk. Vilkåri for mål-livet vart mykje umskifte ved at skrift
og skriftmål kom upp. Når me i nyare tid hev fenge ålmenn
folkeupplysning, so alle no les og skriv, er det eit nytt, djupt-gripande
umskifte, for heile mål-livet. Det er ikkje lett å regulera
utan å taka umsyn til desse umskapte mål-vilkåri. Ikkje er
det visst, at tilhøvi i den primitive yvergangsbolken frå skriftløyse
til skrift-tid, er det mest ideelle heller under dei nye faktiske
vilkåri. Den gamle filolog-romantikken var einsidug. Den
nye er det ikkje mindre. Det trengst ei romslegare verdsetjing
enn hjå båe.
Den grunnsyni at skrifti hev til einaste fyremål å gjeva att
ljodane i tala, er i røyndi radt falsk. Me segjer istykke, iskåp,
grastrå, kjøtrog, kraf(f)tak, krikskatt (krikkskatt). Men det er i
samsvar med uppgåva åt eit godt skriftmål når me trass i uttala
skriv: isstykke, isskåp, grasstrå, kjøttrog, krafttak, krigsskatt,
for då kjenner folk att ordi betre. Det er vanskelegt å få præsisera
i ein formel det tilhøve som bør vera millom tala og eit
fyremålstenlegt skriftmål. I minsto betre enn formelen: «so ljodrett
som mogelegt», er ein formel som denne: Skrifti skal vera
soleis at ho let oss kjenna att m e i n i n g i med tala so lett som
råd er. For det høgste fyremålet for skrifti er å vera tanke-midlar.
So mange som mogelegt innan målsamfundet kvar dei so
bur skal kjenna att meiningi med tala si, og skilnader og likskapar
innan tala si, lettast mogelegt. Dette set radt andre krav
til ein god folkeleg skriftnormal enn berre det at han i alle
ting skal gjeva att ljodrett tala på sentrumsstadene.
Difor er det òg verdt å leggja merke til at den fonetiske rørsla
er ikkje etter si natur so demokratisk som mange trur. I tidlegare
tider var der ikkje einslaga riks-talemål. Den intellektuelle
og økonomiske yverklassa på sentrumsstadene i kvart land hev
skapt dette produktet i heller sein tid, og kravet i vår tid um
«fonetisk» skrivemåte knyter seg no til dette talemålet. Sermerki
i tala åt dei økonomiske og åndelege makthavarane på
sentrumsstadene skal i alt styra skrifti òg, til lette for ungdomen
deira (trur dei). Um det vert til lette for resten av folket
det store fleirtalet med dialekttalande utanfor sentrumsstadene
er dermed ikkje sagt.
Me stend ikkje viljelause andsynes målframvoksteren. Er ikkje
gjevne ein mektig lagnad av naturlover i vald soleis at me
lett ingen ting kann gjera sjølve. Der er visse tendensar i målframvoksteren.
Dei er ubundne av vår vilje på den måten at
dei er til anten me vil eller ei, og anten me veit um deim eller
ikkje. Der er fleire tendensar. Ein av deim er tilhugen til å lata
talemålet åt dei mektigaste på sentrumsstadene styra skrifti i
alt. Men han er ikkje den einaste, ikkje åleine um å repræsentera
«livet». Andre tendensar er t. d. kravet um samanheng i
skriftmålet, um tradisjon og stødleik, um å hævda nasjonale sermerke,
um at «provinsen» òg skal ha eit ord med i laget. Det
stend i vår makt å gripa inn i samspelet millom desse tendensar.
Å lata den eine eller den andre få serlege vilkår til å verka. På
den måten ligg målframvoksteren mykje under vår vilje. Difor
skulde me gjera oss mykje fyre òg med å styra framvoksteren
inn i ei god leid.
[1] Um målbrigdet, s. 35-37. Rettskrivingsstræv i utlandet og her, s. 13-16
[her s. 165-681].
[2] Uppatt-prenta i «Tanker og studier» 1932.
Nynorsken moderne eller ei?
Dei som no vil ha nynorsken heilt umskipa, brukar mykje det
slagordet at han er umoderne.
«Norsk Tidend» 11. desember 1936: Norsken «har vorte dregen
inn i kvardagslivet på alle umkverve, han har korne inn under
ein sterkare påverknad av dei krav det praktiske livet set til eit
moderne mål, han har med andre ord gått over frå å vera eit
mål i seg sjølv til eit sosialt middel i dagleg, praktisk samfundsliv.
Det er greidt at det set sine merke og sine krav til det
ytre formverket. Det er desse krava til modernisering (utmerkt
her), til popularisering i den beste meining av ordet, som det nye
rettskrivingsframlegget vil stetta».
Professor Bergsgård: «Me lyt syta for at målforma held fylgje
med den levande målvoksteren, at ungdomen ikkje skal
kjenna målet vårt gamaldags, men ungt, voksterført, moderne»
(«Norsk Tidend» 5. november 1936).
Det er dei norskdanske som fyrr ideleg hev tala um at nynorsken
er so umoderne. P. A. Munch tok til. Folket laut flytja
400 år attende i tidi, til «det l5de Aarhundredes Kulturtrin»,
skreiv han, dersom «det norske Folkesprog» skulde høva. Norsk
var «uskikket som Middel til Menings-Udvexling for de dannede
Klasser», duglaust i moderne kultur- og samfundsliv.[1] Sidan hev
dei norskdanske brukt trottigt den visa heile tidi, at treskomålet
åt målfolket ikkje dugde til berar for moderne liv og
kultur. Det var berre eit spel for nokre filologar, romantikarar
og fanatikarar. Då var norskdansk noko anna. «Det smidige»
var i sanning «eit sosialt middel i dagleg praktisk sarnfundsliv»,
«ungt, voksterført og moderne». Nettupp skapt for den framskridne
og upplyste tid som nordmenn av i dag hev nått fram
til. Det er ikkje lite forvitnelegt å leggja merke til at no i
desse dagar er det dei samnorske målbrigdemennene som serskilt
hev teke denne tonen, og stendigt talar um kor umoderne
og etterliggjande landsmålet er.
Det er forvitnelegt å sjå boterådi òg, som dei hev: Den departementale
nemndi fekk til uppgåve å nærma måli til kvarandre.
Ho hev teke den uppgåva soleis at ho fyrst og fremst hev nærma
nynorsk burtimot norskdansk, endå um det skulde
gå på kostnad av norske sermerke. Ved dette, skriv no samnorskmennene,
hev nemndi modernisera nynorsken.
Gjera nynorsk meir lik norskdansk, er det som skal til for
at han kann verta moderne.
Frå samnorskmennene sin synsstad er det god samanheng i
dette. Når dei fører same klagemåli imot nynorsken som dei
norskdanske hev ført, er det rimelegt at dei brukar same rådboti
òg som dei norskdanske hev tilrådt alle dagar.
Me vil sjå på nynorsken utan at me hentar verdemælaren frå
norskdansk tale og skrift. Og freista røkja etter um han er so
reint umoderne, slik som han er.
Då lyt me taka sjølve målformi for seg, og ortografien for
seg.[2]
Um sjølve målformi ljod- og bøygjingsverk er å segja
at ho er røynleg i ymist noko gamalvori. Det fylgjer som me
fyrr hev sagt av sjølve serhåtten åt nynorsk, av den uppgåva
han hev sett seg: å vera generalnemnar.
Men det er ei mistyding at målformi treng vera umoderne for
det, at «gamalt» og «umoderne» her er eitt og det same. Ei ordform
kann godt vera fullt moderne for di um ho hev tradisjon
og gamal rot. Og ho kann vera fullt moderne for di um ho er
ulik norskdansk. Prøvesteinen fær vera: Er ordformene i rimelegt
livande bruk? Og er dei gode samlingsformer, generalnemnarar
for alle eller flest-alle talemåls-avbrigde? (Ei god samlingsform
treng ikkje vera nokor fleirtalsform fonetisk sét). Dersom
dei det er, so er eldre ordformer nett like moderne som nyare
umlagingar. Dei eldre typane hestar, visor, hev slite (sliti), stein,
aust, mat t. d. er nett like moderne i Noreg som heste(r), viser,
slitt, sten, øst, mad. For desse eldre typane er i friskt bruk. Og
dei er gode ålmenne samlingsformer for dei ymsande dialektavbrigde,
endå um dei ikkje alle er fleirtalsformer strengt fonetisk.
Under den fyresetnad at skriftmålet skal vera eit nokolunde
laglegt middel for a l l e norsktalande, torer me kalla
deim gode samlingsformer. Det gjer ikkje sume av deim objektivt
umoderne at mange nordmenn hev fordom eller mothug mot deim.
Det er serskilt typeformi visor, vikor som vreiden no skal gå
utyver, er det likt til. Men dei skulde ikkje freista med det argumentet,
at ho ikkje duger å koma nær det moderne kulturelle
og tekniske livet. Dei skriv visor, veckor i Sverike, og mange
meiner at moderne kulturliv og teknikk er like langt framme
der som her.
Det vantar elles ikkje på at nynorsk hev nye ordformer òg,
nyare enn både dansk og svensk, i høve der slike former
høver meir til norske generalnemnarar (t. d. norsk soli (sola)
d. og sv. solen; n. skålene d. skaalerne, sv. skålarna; n. kasta
d. kastede, sv. kastade. Osb.). Soli, som mange er sjuke etter
å kverka, er ikkje gamaldags, men ei etter måten ung form.
Korleis er det so med den nynorske ortografien, mælt på dei
krav som fagmenn andre stader set til god rettskriving?
Det reindyrka fonetiske kravet kann ikkje kallast moderne.
Men alle meiner vel at visse fonetiske umsyn bør takast. Nynorsk
gjeng langt i fonetisk leid der som han etter sin serhått
kann nytta fonetisk skrivemåte, det er der som alle (eller nærsagt
alle) dialektar fylgjest åt.
Kravet um konsekvent ljodmerkjing torer me trygt segja er
eit moderne krav til god rettskriving. Det er eit hovudkrav millom
reformvener,[3] gamalstavarar klagar yver regelløysa kvar
i sitt mål, og tek med so mykje konsekvens som teoriane deira
elles gjev høve til. Nynorsken hev ei reint uvanleg konsekvent
ljodmerkjing. Det hev jamt vore rekna for ei av dei
største dygdene hans. Nynorsk stend etter O. C. Lendle fremst
millom germanske mål i denne leidi, jamsides med sudafrikansk,
som òg er eit ungt skriftmål. Norskdansk, dansk og
svensk er derimot mykje meir «godtyckliga». Det er tilrådingi
frå den departementale nemndi som her er umoderne, ja beint
fram reaksjonær. Nynorsk repræsenterar rasjonaliseringi.
Grammatikken òg er uvanleg konsekvent i nynorsk.
Ei onnor grunnsetning som både gamalstavarar og kunnige
nystavarar legg vekt på, er samanhengslovi. Sjå her framanfyre
side 21 ff. [her s. 133 ff.]. Denne grunnsetningi hev sjeldsynt
sterk tilslutning millom fagfolk i vår tid, um so ikkje alle vil
lata henne gjelda like langt. Samanhengslovi er ei viktug
grunnsetning i Ivar Aasens ortografiske system.
Ordskilnads-grunnsetningi, som Aasen tek noko umsyn til,
fær òg medhald ute i verdi både millom gamalstavarar og kunnige
nystavarar. Det torer vera bra ålmenn meining at ho hev
ein viss avgrensa rett fyre seg.[4]
Den som vil setja seg inn i moderne rettskrivingslitteratur ifrå
utlandet og der finst mykje av det slaget, og sumt verdfullt
kann i det heile ikkje lata vera å verta slegen av korleis
Ivar Aasens skriftmål i grunnleggjande ting nettupp stettar dei
krav som framifrå rettskrivings-forfattarar no sterkast set til
eit velskipa skriftmål.
Konsekvensen i ljodmerkjing og grammatikk og den skynsame
gjenomføring av samanhengslovi, gjev nynorsken reisning.
Og det gjer honom lett å læra. «Man kan si hvad man vil, landsmålet
er et konsekvent sprog», sagde ein offentleg tenestemann
i Bergen for tvo-tri år sidan, han skulde læra nynorsk. Han tykte
nynorsken var so greid å få tak i. Agitasjonen no hev stundom
stempla jamvel denne greidskapen og konsekvensen for eit lyte.
Moderne syn målber dei no ikkje då. Björn Collinder segjer i
skrifti «Språkstrid och nationalitetskamp i Finland» (Stockholm
1935) um det finske målet: «Språkläran är trots sin formrikdom
ganska lätt, ty den är synnerligen klar och regelbunden» (utmerkt
her). Desse ordi viser moderne syn på kva greidskap og
fylgjerett grammatikk og ljodmerkjing hev å segja. Berre her i
landet lærer nokon at det er til lette å føra regellaust, uppsamla
rot frå eitt skriftmål (norskdansk) yver i eit anna.
[1] Fortsatte Sprogbemerkninger. I Samlede Afhandlinger 3 bd., s. 301-319.
[2] Det er berre desse tvo ting det er tale um i «rettskrivings-striden»,
ikkje um ordavleiding og syntaks. Men vert det utgliding i ljod- og formverk
og i ortografi, vil norsk ordavleiding lida, og det vil lettare verta utgliding
i ordfellingi òg.
[3] Jfr. t. d. A. Noreen: Rättskrivningens grunder. 2. utg. Stockholm 1920.
J. A. Lundell: Svensk rättstavning 1934. Stockholm. O. C. Lendle: Die Schreibung
der germanischen Sprachen etc. Kjøbenhavn 1935. Theodor Steche: Die
deutsche Rechtschreibung. Breslau 1932. Theodor Hüpgens: Ändert die Rechtschreibung.
Leipzig 1933. Jfr. òg tilvisingar i skrifti mi: Rettskrivingsstræv
i utlandet og her, s. 11 f. 21 f. [her s. 163 f., 173 f.].
[4] Jfr. t. d. A. Noreen: Rättskrivningens grunder. Otto Jespersen: Retskrivning
og dannelse (Tanker og studier 1932). Bengt Hesselman: Ortografiska
reformer i språkhistorisk belysning. 1919. Herman Geijer: Skriftspråksnormer
och talspråksnormer. 1934.
Dei sosiale tilhøvi.
Eit hovud-argument frå talsmenn for nemndframlegget er
dette: Dei sosiale tilhøvi hev brigda seg sidan Ivar Aasens tid.
Byane hev vakse, me hev fenge ei mengd med stasjons-, strand-
og fabrikkstader, som halvveges er by. Det hev vorte meir industri
og eit større arbeidarstand. Denne sosiale umleggjingi
krev at nynorsken vert umskipa, og då etter norskdansk,
den vegen lyt brigdi gå, det gamle grunnlaget hev vorte
foraldra.
Dette ræsonnementet synest ha mykje fyre seg med det same.
Men ser ein nøgnare etter, er der brester i tankegangen.
Sjølve syni på talemålet åt industri-arbeidarane er noko skeiv.
Talemålet på fabrikkstader og andre sentrumsstader er nok oftast
ikkje so reint og sterkt norsk som ute på bygdene; det er
radt sant. Når eit målblad for ei tid sidan (»Norsk Tidend» 3.
november 1936) skreiv at målet åt arbeidarane i fabrikkstrok
«er ikkje mindre norsk i si rot og i sitt innhald enn dei verkelege
bondemålføra», er difor det rangt. Og bladet hadde ikkje
rett etter slik uklår tale til å venda seg i same rennet mot ein
professor ved Universitetet og lasta honom for «sofisme og tåketale».
Men like vel stend då folkemålet på slike stader i hovudsak
saman med bondemålet i det viktugaste, i grunndrag og
uppbygnad. Dei målvitskaplege arbeid som hev kome um ei rad
med bymål dei siste 30 år, syner det.[1] Ein ser då òg at fabrikkstrok
og bondebygd i dei ymse landsluter mykje fylgjest åt i
målsaki. På Vestlandet hev ei lang rad med fabrikk- og strandstader
teke nynorsk,[2] og teke honom i den same normalform som
bygdene ikring, og dei hev ikkje gjort krav på å få nokon ny
nynorsk. På Austlandet hev for det meste bondebygdi likso vel
som fabrikkstroki halde nynorsk ute. (Jamvel ei bygd med so
normal-nynorsk eit talemål som Hallingdal).
Men då er det ein feil å byggja teori og politikk på den fyresetnad
at det er nokon grunnskilnad millom talemål på bondebygd
og i fabrikkstrok; og at skilnaden millom bonde- og arbeidarmål
er det som serleg hev bægt nynorsk ute frå fabrikkstroki
på Austlandet (og nordanfjells).
Hovudorsaki til at arbeidarane austanfjells (og andre stader)
hev havt imot nynorsk til no er den likesæle som dei fleste politiske
og faglege arbeidarførarar og dermed òg arbeidarpressa
hev synt. Noko hev agitasjonen åt den konservative pressa gjort,
som er so mektug på Austlandet. (Den sterke konservative
Drammens-pressa synest soleis vera ei hovud-orsak til dei forunderleg
rang-snudde måltilhøvi i Hallingdal).
Skal me få snutt fabrikkstroki i målspursmålet, er difor vilkåret:
Me lyt få dei førande innan den politiske og faglege arbeidarsamskipnaden,
og pressa deira, til å stella seg onnorleis
til den nasjonale målreisingsideen. Kultursyn og kulturvilje hjå
deim lyt verta onnorleis, då vil ei onnor syn siga ned til mannen
i rekkjone òg. Her ligg problemet, og her lyt me gå beint på.
I staden freistar dei no å koma utanum med å lappa på nynorsken.
Det kallar dei å sjå realitetane i augo. Me liver ikkje for
ingenting i Peer Gynt sitt fedreland.
Korkje sentralstyret, førarane elles eller pressa åt arbeidarane
kjem til å taka nynorsk i bruk for denne kvaksalvarrådi skuld.
Og ikkje tek dei til å agitera for nynorsk. Då snur ikkje synsmåtane
hjå arbeidarane seg heller. Resultatet i fabrikkstroki på
Austlandet (og andre stader) vert i regelen einast: Folk der
vert harme på «målet»; dei let harmen sin gå utyver det, for
di det samstundes vert rettskrivings- og lærebokbyte i bokmålsskulane
òg.
«Folket» er godt å ha å skulda på. «Folket» hev ikkje vore
vake nok, hev det låte fyrr. No skal arbeidarane ha skuldi.
Visst hev folket vore for lite vake. Men det er no det som til
denne tid sjølv, med spreidd og fåment hjelp ifrå sume boklærde,
hev stridt norsk mål fram. «Intelligensen» hev svikta. Han
hev skuldi for at nynorsk ikkje hev vunne lenger fram. Skuldi
i dag òg skal leggjast der ho høyrer heime, når dei no vil slå
ned den nynorsk me hev havt til dessar, og når dei dermed i
røyndi gjer det fårlegaste side-åtaket som hev vore gjort imot
nynorsken. Det er «intelligens»-folk som hev gjenge saman um
dette; akademikarar ved Universitetet og i dei høgre skulane,
bladmenn og politikarar, anten dei no kallar seg målfolk eller
bokmålsfolk. Det er ikkje verdt å skulda på arbeidarane og talemålet
deira.
[1] Bergen skil seg ikkje so lite ut.
[2] Høyanger, Odda, Sauda (parallelklassor med nynorsk. Nynorsk salmebok
å dei tvo fyrste stadene); Ytre Arna og Salhus nær Bergen, Ørstavik
og Volda på Sunnmøre, osb.
Arbeidar-intelligensen kann vinnast.
Eg trur ikkje det er umogelegt å vinna arbeidar-intelligensen
for målsaki med tidi. «Det er det same anten det heiter gryten
eller gryta, berre me hev noko å ha i gryta» (Torgeir Vraa).
Dette hev nok i stor mun vore standpunktet åt arbeidarførarane
(ikkje åt alle). Men dette er eit ufullnøgjande standpunkt for
eit kulturelt so høgtståande parti som det norske arbeidarparti.
Dette standpunktet kann ikkje verta varigt. Det norske arbeidarpartiet
kann ikkje på lengdi, meir enn t. d. arbeidarpartii i
Danmark og Sverike, umbera den styrkjing og rikdom som eit
nasjonalt feste og ei positiv nasjonal-kulturell innstilling gjev
(«nasjonal» her teke i byggjande, human tyding, ikkje i tydingi
«nasjonalistisk», «sjåvinistisk»). Den dagen kjensla av dette vert
meir ålmenn millom dei førande innan arbeidarparti og arbeidarpresse,
fær dei meir samhug for nynorsken òg. Og held me
radikal-norsken uppe til den dagen, kjem i minsto mangearbeidarar
då til å heller vilja ha ei heil målreising enn ei «samnorsk».
Ikkje laga motstraum mot det norske!
Målbrigdemennene tek etter mi meining ikkje rett umsyn til
endå eit moment i «mål-situasjonen», når dei vil slå ned den
tradisjonelle nynorsken. Det er, at i det norskdanske skriftmålet
hev det serleg i det siste gjenge fyre seg ei uppnorsking.
Rett nok er ikkje denne uppnorskingi so storveges som sume
ropar til. Men der er ein norsk straum i gang, det kann me sjå
når me t. d. les rettskrivingstilrådingi for norskdansk frå 1898,
og ser kva dei då rekna for «dannet tale».
Det rette og naturlege under slike tilhøve skulde no vel vera:
lata den norske straumen få so fritt laup som råd er, so langt
som han berre vil.
Men i staden held målbrigdemennene no på og vil laga ein
motstraum. Dei flytter nynorsk næmare burt imot norskdansk,
set stengje og segjer: So langt kann bokmålet få koma, men
norskare må det ikkje verta. «Han bager» kann få verta til baker,
men aldri bakar! «Uger» kann få verta «uker» og kann
henda «veker»; men ikkje «vikor»! Ein lyt få segja at det er
bakvendt å byggja eit lovsett, kunstigt stengje soleis, samstundes
som ein freistar opna ein grand for den norske straumen
med ymse brigde i sjølve bokmålet. Det må vera rettare å lata
det norske idealet stå skirt og sterkt, so det fær draga norskdansken
so langt i norsk leid som mogelegt.
Venteleg er det trui som vantar når dei soleis lagar motstraum
og stengje midveges. Dei trur ikkje at norskdansken kann koma
lenger på ymse punkt enn han er i dag, og aldri kann gjera
stiget frå t. d. «han baker» til «han bakar». Men då er dei nett
som motstandsmennene for 50 år sidan, som trudde at norskdansken
ikkje kunde koma lenger enn han då var (bager). Dei
viser seg som ektefødde born av dei gamle filistarar.
Ungdomen.
Stundom vert målbrigdestriden gjord til ein strid millom gamal
og ung, og det departementale nemndframlegget skal då
vera ungdomen og serskilt dei unge studentane si sak. Ein medlem
i den departementale nemndi uppedaga at ein mann i målnemndi
åt Noregs Mållag (mot framlegget) og ein i nemndi åt
Studentmållaget (for framlegget) bar same ættenamnet. Han
lyfte seg beint fram til flog: «Her har vi heile målstoda i eit
einaste klårt bilete. Det er to ættlekker som møtest her, ungdomen
som vil fram, gamalkarane som vil flytta seg minst råd
er. At Rettskrivingsnemnda har råka so godt dei synsmåtane vi
.... møter hjå den målkunnige ungdomen, gjev oss god stadfesting
på det vi alltid har trutt, at her ligg framtida» («Norsk
Tidend» 8. juni 1936).
Det er godt at dette med den «målkunnige ungdomen» hev
vorte nemnt. For det bør umtalast noko nøgnare.
Samanhengen her er: Millom lærarane ved det historisk-filosofiske
fakultet på Universitetet hev det i den siste halve mannsalderen
vorte ein sterk reaksjon i det nasjonale målspursmålet.
Den generasjonen som Moltke Moe, Alf Torp og Hjalmar Falk
høyrde til, hev vorte avløyst av ein ny generasjon, og fleire av
dei nye sers dugande og energiske menn stend hardt imot
den nynorske målreisingi. Denne reaksjonen hev sett merke på
studentane, læresveinar hævdar seg no ein gong ikkje andsynes
dugande lærarar. Ei kritisk-negativ syn på nynorsken og eit avbleikt
standpunkt hev breidt seg millom dei filologiske studerande,
og frå deim i nokon mun til nynorske studentar ved andre
fakultet. Og same syni hev fylgt dei unge mennene ut til dei
høgre skulane rundt um. I dette hev me forklåringi på at tilrådingi
frå den departementale nemndi hev fenge so vidt mykje
medhelde hjå «den målkunnige ungdomen». Tilrådingi kjem reaksjonen
ved det historisk-filosofiske fakultet til møtes, og fær
fagning då hjå deim som beinveges eller umveges hev fenge
synsmåtane sine farga derifrå. For tilrådingi hadde det vore eit
betre merke um denne reaksjonen ikkje hadde vore so nøgd.
Sjølvsagt er det ei ulovleg generalisering å segja at ungdomen
ålment er med på nemndi sin veg, for di ein slump akademisk
ungdom som hev soge visdom og synmåtar frå det
historisk-filosofiske fakultet, er med. Fleire yngre filologar hev
mælt imot å slå inn på den vegen. Fleire av dei friskaste innlegg
imot nemndframlegget hev kome frå yngre studerande som ikkje
er filologar. Og den ungdomen som ikkje hev sudera, hev
for det aller meste sagt seg imot framlegget, når han hev sagt
noko.
Striden stend ikkje millom gamal og ung. Men millom eit
samband av unionsvenlege samnorskmenn og måtehaldne bokmålsmenn
på ei side, og fleirtalet av dei nynorske på hi. Gamle
og unge er det på båe sidor. Dei fullhuga bokmålsfolki hev
ikkje blanda seg burt-i enno. Dei tykkjer full som so, at kann
dei få gjort det varpet å slå sund nynorsken, lyt dei tola so
fjerre som rettskrivingsnemndi hev ætla deim i tilrådingi si.
Målbrigdet fører ikkje til noko stort nytt framstig for nynorsk
i skulen.
Sume vonar og hev sagt: Fær me dette «rettskrivings»-brigdet
no, skal nynorsk av det slaget som vert gjera eit nytt stort
framstig i skulen. Det skal gå som etter 1907 og 1917.
Det er ikkje nokon reell grunn for denne voni. Tilhøvi no og i
1907 og 1917 er radt ulike.
I 1907 var det berre norskdansken som vart brigda. Resolusjonen
frå 19. februar 1907 rørde ikkje ved nynorsk. Det store
argumentet for målfolket etter 1907 var då: Bokmålet lyt igjenom
brigde på brigde, der vert det aldri ro. Dei skular derimot
som gjeng yver til nynorsk, kjem på trygg målgrunn. Og so
gjekk meir enn 400 krinsar yver i 1908.
I 1917 var det òg i hovudsak norskdansken som fekk obligatoriske
brigde, og bokmålsskulane laut atter ha lærebokbyte.
Dei obligatoriske brigdi i nynorsken var ikkje so store at dei
kravde skulebok-byte. Dei «valfrie» brigdi, som nynorsk fekk
mest av, tenkte ikkje folk yver straks, og ulempone med deim
synte seg ikkje fyrr seinare. Dermed kom folk flest i fyrste umgangen
til å sjå på resolusjonen frå 21. desember 1917 serleg
som eit brigde i det norskdanske bokmålet. Og so kunde målfolket
bruka same argumentasjonen som etter 1907. Høyr her
«Den 17. Mai» 27. desember 1917 få dagar etter resolusjonen
(redaksjonelt):
Norskdansken lyt i støypeskeidi um 10 år att. «Dei borni som
skal taka til med denne nye dansken i skulen, vil ikkje vera
skikkeleg vaksne fyrr han alt er gamaldags, so dei må læra um
att». Nynorsken derimot «er ferdig; han treng ingi støypeskeid.
Det beste provet er det, at rettskrivingsnemndi, der dei fremste
talsmennerne for målsamrøringstanken hev vore med, ikkje hev
kunna fyreslå andre umskifte enn det vesle grandet me hev
nemnt [at nokre d'ar var strokne, og litt til]. Dei borni som fær
læra den på skulen, tarv ikkje ottast at dei skal læra umatt. Som
norsken er i dag, vil han i det heile og store vera um 50 og 100
år».
Og so gjekk atter nokre hundrad krinsar yver i 1919-20,
då det hadde vorte avgjort at resolusjonen vart ståande.
Men ved det brigdet dei emnar på denne venda vert det ikkje
råd til å bruka slik argumentasjon. Etter framlegget frå den departementale
nemndi er det nynorsken som skal mest i støypeskeidi
no. Han vert utryggast. Det skynar og ser folk. Då er det
ikkje råd å lita på at historia frå 1907 og 1917 med masseyvergang
skal taka seg upp att. Det er best me hev dette klårt på
fyrehand. Eit blaff vert det fulla, på grunn av uroi som kjem,
men meir veit me ikkje.
Og er nokon trygg på at det ikkje denne venda samstundes
skal blaffa den motsette vegen, med yvergang frå norsk til
norskdansk? Dei som hev stridt nynorsk fram i sine bygder, hev
gjenom lange tider møtt likesæle og rangvilje hjå styringsverket
for sine rettkomne krav, og målet deira hev offisielt vorte
medfare som eit andre klasses, tolt mål. No vert dei svikta på
denne måten òg, jamvel lovnaden um at i nynorsk skulde vera
trygg målgrunn, løyser seg upp i tome ord. Kann nokon undrast,
um sume då i modløyse eller harm søkjer attende til norskdansk,
som både hev fyrerangen hjå riksmaktene, og trass i alt
syner seg bjoda tryggare kår? Den samanhangande nynorske
fronten som er skapt yver Telemark, Agder og Vestlandet, kann
dei no kanskje få gjort det meisterstykket med, å få honom til
å rakna.
Når målbrigdemennene ikkje synest rekna med denne eventualiteten,
kjem det av at sume av deim kjenner tilhøvi for lite.
Og di næst av denne tenkjemåten: Dei som hev teke nynorsk,
lyt finna seg i det som vert bode deim!
Dei «valfrie» formene.
Mange synest meina, at dei «valfrie» formene i nynorsk hadde
so ovleg mykje å segja for framskuven etter 1917. Den framgangen
som i det heile hev vore etter det årstalet, skal i fleire
landsluter (serskilt på Austlandet og nordanfjells) beint fram
koma av desse formene. Og difor skal det òg vera so lovnadsrikt
når målbrigde-tilrådingi no gjer det valfrie frå 1917 obligatorisk,
samstundes som ho fører inn ei mengd nytt «valfritt»,
endå meir likt norskdansk.
Dei «valfrie» formene frå 1917 hev ikkje hjelpt nynorsk fram
so som dei meiner. Det ser me når me studerar målstatistikken
i det einskilde. Etter offisielle uppgåvor var prosenten av nynorske
skulekrinsar i dei einskilde fylke soleis i åri 1915 og 1930
|
1915 |
1930 |
Trums |
0,75 % |
3,9 % |
Nordland |
7,9 » |
7,3 » |
Nord-Trøndelag |
27,6 » |
32,4 » |
Sør-Trøndelag |
0,3 » |
10,7 » |
Møre og Romsdal |
45,9 » |
66,5 » |
Sogn og Fjordane |
61,9 » |
92,2 » |
Hordaland |
55,7 » |
74,5 » |
Rogaland |
34,2 » |
64,3 » |
Vest-Agder |
22,5 » |
38,4 » |
Aust-Agder |
46,9 » |
42,1 » |
Telemark |
54,2 » |
57,2 » |
Uppland |
9,9 » |
20,1 » |
Heidmark |
2,0 » |
3,9 » |
Buskerud |
0,0 » |
3,0 » |
Tali her syner, at i den luten av landet der skulane hev bala
minst med valfrie former: fylki Sogn og Fjordane, Hordaland,
Rogaland, der hev framgangen jamtyver vore størst. I del tilgrensande
fylki, Møre og Romsdal og Vest-Agder, som visst båe
stend i ei millomstode når det gjeld obligatorisk-valfritt, hev
òg framgangen vore god.[1] På Austlandet hev det vore nemnande
framgang i Uppland fylke (i dalane Gudbrandsdal-Valdres),
det vil segja nett i bygder som hev gjeve seg minst um
valfrie former. I dalane Hallingdal og Numedal av Buskerud
(berre eller mest «obligatorisk») hev det vorte ei byrjing. I
Heidmark derimot (visst valfritt) hev det stade næmast stillt.
Nordanfjells, der dei visst for det aller meste hev gjenge meir
eller mindre yver til valfritt, hev framgangen vore ør-liten jamførd
med framgangen i dei «obligatoriske» vestnorske bygdene.
(Sør-Trøndelag er i nokon mun eit undantak).
Det bilætet som statistikken gjev vert sterkare når me ser
endå ein grand nøgnare etter. Det syner seg av dei offisielle tali
for 1915, 1920, 1925 og 1930, at der som dei heldt seg nokolunde
til den obligatoriske, klassiske nynorsken, der hev det vore framgang
heile tidi, eit sterkt hopp i 1919-20, og sidan eit sig heile
ti-året til 1930, og etter 1930 òg. I Sogn og Fjordane var talet
på nynorske skulekrinsar i 1936 kome upp i 95 %. I Hordaland
steig prosent-talet frå 74,5 % i 1930 til 87,3 % i 1936. I den nordre
luten av Rogaland, der målfolket hev arbeidt på Aasens
grunn og samnorsk-agitasjonen hev havt mindre makt, hev det
òg gjenge fram; framgangen der hev lyft prosent-talet for heile
fylket frå 64,3 % i 1930 til 69,8 % i 1934. Lenger sud i fylket,
der samnorsk-agitasjonen åt «Stavanger Aftenblad» (Klaus Sleten)
etterhand ser ut til å ha fenge meir makt, hev det stogga
reint upp i skulen i dei siste åri, trass i det gjæve strævet åt
Rogaland Mållag. Uppland fylke hev bra jamn framgang i tidi
1920-30 òg. I Trums, Nordland og Nord-Trøndelag hev det derimot
stade stillt etter 1920 og heller gjenge ein grand attende
prosentvis (i Sør-Trøndelag hev det stade nærepå stilt). I Møre
og Romsdal fylke var nok Sunnmøre nokolunde ferdigt med
yvergangen til nynorsk i skulen 1920. I Romsdal og på Nordmøre,
der mykje stod att, gjekk dei visst heller ålment yver til
meir eller mindre «valfritt». Etter 1920 hev det stade so stillt i
desse tvo landslutene, at prosentvis vert det ein liten attergang
for heile fylket i ti-året 1920-30 (1920: 67,6 %. 1930: 66,5 %).
Dei nakne tali gjev til resultat, at på dei fleste stader vart det
ein framskuv i åri 1919-20, men størst der som dei heldt seg til
den «obligatoriske» Aasen-nynorsken. Der som dei heldt fast på
denne nynorsken, hev stort sét framgangen halde ved sidan òg,
um so i seinare tempo. Der som dei gjekk yver til det «valfrie»,
hev det for det meste ikkje rikka seg nemnande sidan.
Det er vèl trulegt at dei valfrie formene frå 1917 spela ei rolle
reint lokalt her og der til å draga sume krinsar yver. Men sét
under eitt, hev dei ikkje gjeve nynorsken ekspansjonskraft.
Læra um at det er med dei valfrie formene nynorsken hev vunne
det rom i skulen på Austlandet som han hev, er rein myte.
Rotet som fylgde med det «valfrie» veikte. Agitasjonen for
å draga fram alt som liktest på norskdansk, i staden for å leggja
vekti på sjølvstendig reising, ser ut til å ha soge krafti or
sjølve målreisingstanken.
Dei valfrie nynorsk-formene frå 1917 hev dessutan gjort uhorveleg
skade for nynorsk i den høgre skulen. Lektorane der bruka
valfridomen til å undangrava og smuldra upp nynorsken innanfrå
(jfr. Knut Liestøl, «Rettskrivingsframlegget». 1936, s. 8-9).
Den stride motmannen mot nynorsk, professor Joh. Storm, skreiv
i 1896, at vilde dei føra nynorsk inn i den høgre skulen for heile
landet, kunde det berre ha eitt resultat: Kaos. «I samme Stund,
som Landsmaalet vil tvinge sig ind i Almenskolen, i samme Øieblik
har det lagt Spiren til sin egen Opløsning» («Norsk Sprog»,
s. 114). Lærarar i mange høgre skular hev etter vedtaket i 1917
gjort det dei kunde so Joh. Storm skulde verta sannspådd. I livd
av valfridomen hev sume høgre skular visse landsgymnas
med teke upp att den gamle visi: å læra elevane til å sjå ned
på det «gamaldagse» talemålet i heimbygdene, og finna åt det
som folk segjer og skriv der.
Dei valfrie formene frå 1917 i bokmålet òg hev vorte til skade
for nynorsken. Etter vitnemål frå ymse kantar hadde bokmålet
fleire stader utyver bygdene på Austlandet mist den nasjonale
prestisjen sin fyre 1917, og slike bygder hadde ikkje so fælt langt
att til nynorsk. Etter 1917 gjekk ei mengd Austlandsbygder i
staden yver til valfritt bokmål. Gjenom det «valfrie» vann bokmålet
prestisjen att. Sidan gjekk bygdene attende til «obligatorisk»
bokmål, og førde den nye vyrdnaden yver på det. Stiget
yver til nynorsk hadde vorte lengre enn fyrr for desse bygdene.
Det er snaudt tvil um at ein god mun fleire Austlands-skular
vilde havt nynorsk i dag, dersom ikkje påfynstret med valfritt
bokmål hadde kome imillom i ei kritisk tid. Det heldt folk ifrå
å gå heilt yver til nynorsk, og førde i staden den norske straumen
på Austlandet inn i eit sidefar, som vart til ei bakevje og
til slutt førde burt ifrå nynorsk. Ikkje noko politisk tiltak i den
siste mannsalderen hev vel vore til meir stogg og hefte for nynorsken
på Austlandet enn «dei valfrie formene», i båe mål.[2]
Det er berre ein vedhaldande agitasjon som hev gjeve mange
tokken av noko anna.
Ein kann ikkje venta at dei rette federne til eksperimentet frå
1917 skal gå ved kor i botn og grunn mislukka eksperimentet
hev vore. Og dei krev då no ei ny innsprøyting med «valfritt».
Må tru um riksmaktene vil vera med på den leiken ein gong
til?
Målfolket turvte i minsto ha lært. Dei turvte ikkje trenga um
ei sur røynsle til.
Både målet, skulen og folket hev bruk for anna no enn ny eksperimentering.
Nynorsken må konsoliderast, og det lyt i stor
mun gjerast med å kasta ut att uhepne valfrie former frå 1917.
Valfridomen lyt ned til eit rimelegt minstemål. I bokmålet òg
bør valfridomen avgrensast, endå um han vel bør vera noko
større der. Uppnorskingi lyt i hovudsak vera obligatorisk, og der
som bokmålet ikkje kann taka obligatorisk umbot, bør ein oftast
venta med å gjera umbøter. Me må få tvo greide mål att. Ikkje
lenger tre-fire, med eit utal av millomformer.
[1] Eg talar ikkje her um jamstellingi millom a- og i-formi i nynorsk. Tvo
slike sideformer tolest, og er etter umstendi beste utvegen. Eit visst minimum
av sideformer elles òg lyt til. Eg talar um den tilsikta uppløysingi.
[2] For Aust-Agder svingar tali merkeleg: 1915 46,9 %. 1930 42,1 %. I 1934
att: 54 %. Dei ser ikkje radt pålitande ut.