Radikal og konservativ i målstriden, - og moderate
Gustav Indrebø
I den fyrre unionsstriden – striden um den politiske unionen
med Sverike – var her tvo parti. Der var eitt konservativt motstandsparti:
høgre. Det vilde ha alt soleis som det var og tråheldt
på unionen. Sume vilde styrkja han.
So var det eitt radikalt parti, rotveltingsparti: vinstre. Det
vilde løysa på unionen so mykje det kunde. Sume drøymde
um å få han radt uppløyst.
Men striden vart lang. Sume vart trøytte, og vart liggjande
etter. Dei tok til å slå av. Det fekk våga seg um me ikkje fekk
alt, sagde dei. Me fekk tinga oss til det som var å få, og verta
ferdige med unionsstriden og koma yver til andre uppgåvor.
«Bare forhandling» var ordet deira fyre valet i 1903. Dei vart
som ein tridje flokk, som nærma seg høgre. Fleire av dei gjævaste,
av deim som hadde stade fremst i fridomsstriden, seig
att-i denne flokken. Bjørnson var millom deim. Eg hugsar vel
eg las artiklane hans i 1903.
Desse «moderate» etterliggjarane og chansesiglarane («samlingsmenn»
kalla dei seg gjerne sjølve) vilde gjerne gjelda for
å vera mætare enn andre menneske: frilyndte, fordomslause,
umframt upplyste; og i ser var dei takksame for di dei
ikkje var som desse tverrsette, einsynte, fanatiske vinstre-radikalarane.
Men sjå! Då 1905 kom, var det vegen åt dei hardstadige
illgjetne radikalarane det bar like vel.
*
I den unionsstriden me no er uppe i – striden um målunionen
med Danmark – er det òg tvo flokkar. Me hev eitt motstandsparti,
som vil berga målunionen og tråheld på bokmål:
so lite brigde burt frå den tilvande dansken som råd er. Det
er dei konservative i denne striden. Ein finn deim serskilt innan
det politiske høgrepartiet, men i andre politiske parti òg,
ikkje minst millom antipodane til høgre, arbeidarpartiet.
Og me hev ein rotveltingsflokk, som vil løysa upp målunionen.
Dei vil setja nynorsk igjenom, utan pruting eller avslag.
Det er dei radikale i målstriden.
Men denne striden òg hev vorte lang. Og so vert sume av
dei radikale trøytte eller modlause her med, og vert liggjande
etter; dei vert moderate og nærmar seg meir eller mindre til
dei konservative. Me fær gjeva noko etter, segjer dei; leita
fram frå kvar landslut det som bryt minst med den tilvande
dansken; nøgja oss med det me kann få. Me lyt verta ferdige
med målsaki, og koma yver til viktugare uppgåvor. Jamvel frå
ungdomsleidarar kann me høyra denne røysti no.
*
Det er ikkje noko merkelegt at det lagar seg flokkar av meir
eller mindre høgre-orientera «moderate» i målsaki òg. Dette
er ei ålmenn ovring, som alle store rørslor fær å stridast med
med når dei hev vore til ei stund. Alle stader gjeng òg i si tid
dei moderate heilt upp i høgre.
Det er ikkje noko merkelegt at mange dregst til denne flokken
her hjå oss nettupp no. Fleire grunnar gjer det naturlegt.
Millom fleirtalet av filologane herjar det reine bakstrevet. Sume
politiske parti er mødde med målsaki, og vil gjerne få kvitta
seg med henne, på kva vis det so skal verta. Dei sosiale og
økonomiske spursmåli sluker interessa i den mun at det lite
vert rom for åndelege og nasjonale hugmål.
Ein kann ikkje vera undren heller yver at dei moderate i
dette høvet òg meiner dei er umframt fordomslause og frigjorde,
og tykkjer at vanlege målfolk trælar under «treghet,
sneverhet og særinteresser». Soleis plar dei «moderate» ha
det alle stader.
Men det nye og løgne er at desse moderate her hjå oss, som
vil nøgja seg med ei «måtehaldande» løysing, dei vil på døy
og drepe kalla seg for radikale! Og dei som vil gå lengst med
å slå spelet å ende og løysa upp målunionen, dei skal heita
konservative.
No er folket vårt so gjenomloge når det gjeld målspursmålet,
at ei usanning eller ein uærlegskap meir eller mindre
kann ikkje gjera stort frå eller til, soleis. Men dei lyt koma i
hug at sjølve faktum brigdar seg ikkje for di um dei misbrukar
ordi. Dei som vil brjota heilast med dansken, representerar
radikalismen i målsaki like fullt; og hine er like godt dei som
nærmar seg høgre. Dei kjem til å siga lenger og lenger den
vegen.
Det er eit ulukkelegt mistak òg, dersom dei trur at dei skal
verta rikare med å slarva målreisingi ifrå seg, at dei skal nå
lenger med dei andre uppgåvone då. Inkje folk vert rikare
med å lata dei åndelege og nasjonale hugmåli fara. Slik uppgjeving
er eit merke på åndeleg fatigdom, attåt den andre
fatigdomen. Ikkje noko meir.
Men kjeldone til uppattnying, pantet på siger, er å finna der
som trui og eldhugen og den uredde viljen er. Det skal syna
seg i denne saki òg.
Den 17de Mai, 15. juni 1933